Til denne søte bamsen har eg henta inspirasjon fra ein lokal barnebutikk her i Kristiansand. Eg har ikkje fulgt nåken oppskrift, men har no funne ut at eit liknande mønster er mulig å kjøpe på nett. For min del er det unødvendig, då bamsen egentlig er så enkel at ein kan lage mønster sjølv. 🙂
For å lage ein enda enklare versjon, uten øyrer kan du bare tegne eit mønster, klippe ut, sy rundt, fyll med vatt og voila!
Dette treng du:
- Bakepapir
- To forskjellige stoff
- Symaskin
- Fyllvatt
- Bommullstråd
- Nål
- Saks
Slik gjer du:
- Start med å tegne opp figuren du vil lage. Tegn den litt større en du vil ha den, då den virker større på papir enn når den blir fylt.
- Klipp ut delane som under. Dette er fordi du skal feste øyra mellom hovudet og kroppen.
- Tegn mønsteret over på stoffet. Pass på at det blir riktig i forhold til rette og vrange. Du treng to delar av kvar kroppsdel og fire delar av øyrene.
- Klipp ut delane i stoffet. Husk godt med søm-monn!
- Sy øyredelane sammen og fyll med vatt.
- Fest øyret i passelig høgde på bakdelen, og legg hovudet over, slik som på bildet. Pass på at det blir rett når hovudet blir retta fram igjen.
- Sy langs den rette linja mellom hovud og kropp.
- Husk å gjer dette på begge sidene.
- No skal du bestemme uttrykket til bamsen. Augene skal på. Sy dei der du vil ha dei, lurt å plassere dei nåke lunde likt på kvar side. Synes du dette er vanskelig så kan du sy på augene når bamsen er ferdig.
- Sy ei lita flat “pølse” til hale. Eg valgte å knyte den da den blei litt lang, men dette blei jo egentlig bare kult!
- Legg halen litt på skrått inn mot kroppen. Legg den ferdigsydde kroppen med rette mot rette og sy nesten heilt rundt. Prøv å få så god flyt i det så mulig, slik at dei runde kantane ikkje blir hakkete.
- Vreng bamsen i åpningen og fyll godt med vatt. Så er det bare å sy igjen siste stykke for hand.
#elefant #elefantbamse #bamse #kosedyr #diy #gjørdetselv #hjemmelaga #håndarbeid
5 kommentarer
Stilig <3 Flinke du er <3
haha så kreativt! Så fin den ble <:) Titt gjerne innom meg når du får tid<3 Ha en strålende dag :*
Så søt 😀
åå så utrolig morsomt 😀
Jannike Nilsen: Takk for det 🙂 det skal eg!