DIY: Hekle ein kjøkkenklut med rutemønster.

Om eg har lite å finne på her? Nei, det er ikkje det. Kreativiteten blomstrar visst uansett kor eg er i verden.. Tråden kjøpte eg med meg heime i frå, og eg har med meg heklekrokar i alle størrelsar i tilfelle eg skulle få lyst å lage noko. Kjøkkenklut er jo enkelt å ta med seg rundtom, og fort gjort, så då blei det det. Vegard lurte på om vi ikkje bare kunne kjøpa kjøkkenkluta på Walmart, men han fekk klart eit “nei” tilbake. Litt heimekoselig må vi jo kunne ha det! 😉 Her kjem i alle fall oppskrifta på, det eg vil kalle, ein gammal kjøkkenklut. Den har slikt rutmønster som “gamle” kjøkkenhåndkle har. Eg fulgte bare ein video for oppskrift, den finn dåke nederst i innlegget. Lykke til! 🙂

SAMSUNG CSC

  • Eg brukte: Bomullsgarn og heklekrok nr 3,5. 
  • Eg la opp 51 luftmasker, så kluten ikkje blir så stor. Hekle deretter tre luftmasker til for å snu med. Desse maskene fungerer som den første staven. 
  • Hekle deretter slik ut omgangen:  2 stavar, ei luftmaske med hopp over neste maske, stavmaske i neste maske, ei luftmaske med hopp over neste maske og deretter 5 stavar. Gjer dette i tre omgangar og bytt til ny farge. Sjå gjerne på videoen under for bedre forklaring 🙂

SAMSUNG CSC

Som du ser så har eg bytta tråd ein del ganger, noko som vil gje deg ekstremt med lause trådar å feste når ein er ferdig med kluten.. Men då igjen, så blir den jo veldig fin 🙂 

SAMSUNG CSC

Her er videoen eg brukte til å hekle denne kluten 🙂

HER er link til enda ein kjøkkenklut med oppskrift 🙂

 

#diy #hekle #crochet #byidarossland #hobby #gjørdetselv #hjemmelaget 

8 kommentarer

Siste innlegg