Ida Røssland

Fiskeferie på Kalve

  • Skrevet 22.08.2017 klokka 18:14
  • Kategori: Kvardag

Velkommen til paradis!

Altså, kor fint er det ikkje her då? Eg var så heldig å få muligheten til å besøke Kalve på Austevoll i sommar. Onkel og tante har hytte der ute, og når mamma og Harald allerede hadde kjørt ut med båten så var eg ikkje vond å be. Klokka 5 sto eg opp, og var klar på Sunde båtkai rundt klokka 06:00. Om eg var trøtt når eg kom fram til frokosten? Ja, men til denne utsikten så var det ikkje nåke problem å halde seg våken 😊

På Austevoll fiskar dei jo mykje, så det var absolutt obligatorisk når vi var der. Det var dårlig med fisk å få p stang, så vi satt eit garn så vi fekk fleire fine fiskar i. 😊

Wiii, sjå kor stor då! 😃

I djup konsentrasjon ved fileteringa..🐟

Vi fekk oss og ein liten tur ut til Skansen. Her fekk vi god utsikt mot Marstein fyr som ligg i havgapet. 😊

Denne dagen var det heldigvis fint vær, men til vanlig og når stormen står på som verst her så kan ein ikkje være her utpå. Då er det rett og slett livsfarlig for både store og små! 🌊 🌊 🌊

Eg og Simen tok oss og ein tur med kajakkane. Her padla vi i rundt 2 timar rundt og ut mot havet. 

Heit uti havet der ligg England! Vi padla ikkje så langt då 😅

Idylliske Kalve!

Takk for nåken fine dagar i paradis! 😊

#summer #sommer #ferie #reise #travel #reisebloggen #reisemagasinet #norge #bilder #natur #fisk #fiske #fisking #kalve #hordaland #utno #yrno #storm #tv2vaeret #tv2 #sol #kalve

livetmitt93

22.08.2017 kl. 18:42
så fine bilder:)

Ida

25.08.2017 kl. 11:34
livetmitt93: Takk skal du ha :)
Ida

Ida, 25 år, gift med Vegard. Deler små ting fra kvardagen min, mat, reiser, DIY og interiør. :)


KONTAKT
ida_r92@hotmail.com
INSTAGRAM - @ida.rossland

Search

Bloggdesign

hits