Fullmåne-yoga på strando!

Ein gang i månaden blir det arrangert fullmåne-yoga på stranda her vi bur. I august for denne dagen forbi oss, så eg er gla vi blei med no i september. Altså, sjekk dette her då! Dette var virkelig ein magisk opplevelse, og kan virkelig anbefalast om ein har muligheten.

Her kjeme fullmånen opp i aust og på bildet under går sola ned i vest 🙂

Altså, sjekk dette!! Har du nåken gang sett nåke så magisk?! Dette gav virkelig ro i sjela og ei svært god natt søvn! 💛

Til slutt blei det heilt mørkt og sola var gått ned bak horisonten. Sjekk kunsten då! Bildet under er faktisk ikkje redigert heller, kun tatt med IPhone6!

Yoga har virkelig vokst på meg desse vekene eg har budd i Usa. Det er mange forskjelliga variantar av yoga, og om ein virkelig konsentrerer seg og tar i så er det ekstremt god trening. Neste veke er det tilbake til Hot yogaen vi går på fast! Kem skulle trudd det om meg? 🙈

5 kommentarer

Siste innlegg