DIY: telysholder av ein pepsiboks

God langfredag heime i Norge! Håpar påskeværet står til alle forventningar dette året og😃  Dette blir nok 3. og siste påske-DIY for i år. Vi er jo ikkje heime i leiligheten vår no, så det blir litt vanskelig å finne på nåke når alt utstyret ligg der oppe. Uansett, denne her telysholderen treng ikkje være knytta til påske, men eg valgte å bruke gul spray for å få litt påskefølelse inn. Konseptet er veldig enkelt, og nåke alle kan få til. Kostbart var det heller ikkje 😊  Så nyt påskehelga, lag gjerne ein telysholder og to til påskebordet. 🐣 🐣

SAMSUNG CSC

Du trenge kun 5 ting for å lage denne; saks, brusboks, skeier, limpistol og ein sprayboks.

SAMSUNG CSC

Klipp boksen i to og klipp hakk nedover som på bilde nr to. Der du klipper boksen i to, avhenger av kor djup/høg telysholderen skal bli.

Brett ned. Prøv å få det så jevnt som mulig. Til nestegang: Kutt mellom P og E, og ha mindre kutt i fra toppen. Då blir den nok sjåande litt bedre ut. 

Knekk eller klipp skeiene i to. Eg kunne knekke dei, då det er eit skjøte i enden av skaftet. Totalt så har eg vel brukt 18 skeier trur eg.

Lim deretter 6 skeier jevnt rundt boksen, og lim deretter 6 skeier i mellom dei første. Lim dei hakket meir opp, og gjenta på den tredje runden. Pass på å skrå skeiene slik at det blir fint. Dei siste skeiene er nesten heilt inntil boksen.

Slik skal det sjå ut ovanfrå. 

Spray deretter telysholderen i ein ønska farge. Her blei det gult, då påsken er rett rundt hjørnet! Husk å dekk til der du skal spraye, ingen blir glad for gul terasse, innkjørsel osv osv..

SAMSUNG CSC

Tadaa!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

18 kommentarer

Siste innlegg