Roadtrip dag 2: Kennedy Space Center

Mandag og dag 2 av roadtripen vår starta litt seint og rolig med ein bedre frokost på dineren “IHop”. Planen for dagen var Kennedy Space Center, området der NASA skyter opp romfartøya sine i fra USA til månen, og snart Mars.😊  Dette var vel den første ikkje heilt planlagte delen av turen vår til New York, men siden Vegard er veldig interessert i alt som har med verdensrommet og romfartøy å gjere, så var det virkelig verdt ein tur nedom her.  “Ein tur nedom her”, er forresten 4-5 timar ekstra kjøring. Det er tydeligvis ingenting lenger etter strekningane vi har kjørt her i USA dette året.. 😅

Området var ikkje så alt for stort, men totalt brukte vi vel 4 timar der inne. Då hadde vi ikkje gått grundig gjennom alt, men vi sa oss godt fornøyde. Ein kunne jo sikkert ha gått der i fleire dagar om ein hadde hatt lyst og tid. 

Med ein gang vi kom inn så kom vi til fleire rakettar/missil i ein hage. Ingen av desse er brukte då, men sjå kor store dei er! Vegard er å skimte nederst på bildet, det gir eit ganske godt bilde på størrelsen på dei. Og det som er rart å tenke på er at desse egentlig ikkje er store i forhold til fleire av rakettane som blir sendt opp. 

Raketten heilt til venstre er det samme missilet som vi var på besøk på i Tucon, Arizona. Her er innlegget i fra den turen. 😊

Ut i fra dette bildet er det nok litt lettare å få eit inntrykk av kor stor denne eine raketten var. Denne er 68 meter lang! Eg blei ikkje så veldig stor ved siden av den nei 🙈

Etter at vi hadde sett på rakettane som stod utstilt så såg vi at været begynte å mørkne til. Av tidligare erfaring med Florida så visste vi at det kom til å bli høljeregn om ikkje så lenge. På vei til bussturen som skulle ta oss ut til oppskytningsrampane, var vi innom Mars-utstillinga. Her var det utstilt ein bil, eller ein Mars Rover, som etter planen skal brukast av mennesker når vi kjeme oss opp til Mars. Kult eller? 

Etter vi var ferdige inne på Marsområdet sprang vi i regnet bort til bussane. Som tidligare indikert så var det blitt regn, og då store mengder av det. Egentlig heilt perfekt at vi skulle på busstur då. Bussturen gjekk 10 min utover mot sjøen, og på veien ut der såg vi fleire alligatorar som låg i elva ved siden av. “Check” på alligatorar i det fri i Florida! 😎

Her er “Assembley Hall”, bygget dei setter sammen rakettane inni. Bygget er det største einetasjesbygget i verden, og ein får plass til 3(!) Frihetsgudinner ved siden av kvarandre på eine sida. Det er med andre ord svært! Bare sjå kor små bilane er ved siden av det.

På bussturen fekk vi blandt anna og sett oppskytningsrampe 39, den dei bruker til å sende opp alle mulige rakettar.  På veien ut her fekk vi og sett ein vill Coyote! Den var faktisk mykje større enn eg hadde sett for meg. Så eg er virkelig glad for at eg ikkje møtte på nåken av dei når eg gjekk på tur i Phoenixområda!

På slutten av bussturen blei vi geleida inn i eit svært bygg som låg ute ved tribunane der ein kan sjå på oppskytningane. Her fekk vi sjå nåken kortfilmar om Apollo-oppskytningane og sett Saturn V. Den var såååå svær! Her fekk vi og sett alle stega som skjer under ein oppskytning. Det er fasinerande å sjå kor liten kapsel som er igjen på slutten altså. 

Her er Apollo 14, eller bare kapselen då. Den landa i sjøen etter ein ferd på månen. 

Det kjekkaste der inne må ha vært denne vetle steinen. Dei påstår den er i fra månen, så då velge eg å tru på det! Wee, eg har tatt på månen! 😎

Siste stopp før vi måtte hive oss i bilen var Atlantis Spaceshuttle. 

Til tross for overvekt i bagasjen så måtte vi og innom giftshopen. Litt merch var visst ikkje til å unngå på ein slik plass som dette. Det blei litt vel masse bilder i dette innlegget, men for spesielt interesserte så er vel det bare gøy..? 😅  Eg kan virkelig anbefale turen om ein er i Orlando området, det er kun ein liten kjøretur unna! 

#kennedyspacecenter #nasa #iviusa #reise #usa #florida #reise #sommer #reisemagasinet #reisebloggen
 

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg