Dag 6: Museumsdag i Washington

Hei ja! Eg henger nok litt på etterskudd med oppdatering i frå USA, men det er så deilig å være heime igjen at alt som heiter blogg og pc ikkje har blitt prioritert 😊  Her kjem i alle fall siste innlegg i fra Washington.


 

Fredagen, og siste dag i Washington, hadde vi satt av til museum og slikt. Ettersom vi hadde blitt så godt kjent med syklane dagen før, så valgte vi å bruke dei denne dagen og. Altså, for eit genialt system! Og i alle fall i denne varmen som var her desse dagane. Gradestokken pusha 30 grader, og å då gå rundt i ein by, nei det hadde blitt litt for varmt.. Det var varmt nok å sykle rolig rundt!😅

National Archives:

Vi kom oss av gårde ned til første stopp for dagen, National Archives. Det er her inne “The Declaration Of Independence” ligg, altås USA´s uavhengighetsærklæring.. Det ligg kun til utstilling her, men blei skriven under i Philadelphia. Her var det ikkje lov å ta bilde inne og det forstår eg veldig godt, bare tenkt den køen som hadde blitt om alle skulle tatt bilde av den då! Her var det nemlig nesten ikkje kø, nåke som var utrulig deilig. 😊


 

National History Museum:

Vidare over gata fant vi Nasjonalhistorisk museum. For alle som har sett filmen “Natt på museet”, er dette museet eit lite must. Egentlig var det veldig fasinerande  ting i heile museet, men det var ein heil del mindre enn kva eg hadde sett for meg. Spennande å ha fått med seg, og vi fekk sjå mange forskjellige artar. 

Museet gjekk gjennom dyreverden, oldtiden, mennesket, bergarter, mumier og egentlig det meste på jorda. Her er det og ein frivillig som arbeider med fossil som er funne av arkeologane som er ansatt ved museet. 

Norsk rotte klarer seg tydelig veldig bra og er ikkje på lista av utryddningstrua dyr…😅

Air and Space Museum:

Etter at vi var ferdige på historisk museum så mååååtte vi bare ein liten siste gang innom eit fly- og romfartsmuseum.😅  Heh, Vegard blir visst ikkje lei han! Uansett så var det eit bra museum, og kanskje litt meir tilrettelagt for barn enn Kennedy Space Center. Men absolutt verdt eit besøk om ein er i her! Alle museuma er jo gratis, så ein kan ikkje akkurat tape nåke på det 😎  Det som var litt kult her var at drakta som Buzz Aldrin brukte på månelandingen sto utstilt der! Den er på bildet under. 


 

Iwo Jima Memorial:

Etter vel mange timar inne på museum tok vi sykkelen fatt igjen og sykla tvers gjennom byen og bort til Arlington området igjen. Her låg eit stort monument til minne om slaget om Iwo Jima. Iwo Jima var ein viktig kamp, på ei øy i Stillehavet, som Amerikanerane vant over mot Japanerane i andre verdenskrig. Statuen under er laga basert på eit bilde som blei tatt når amerikanarane vant og fekk reist flagget sitt på øya. 😊


 

Georgetown Waterfront:

Etter sykkelturen bort til Iwo Jima begynte det å bli kveld, så vi sykla til eit område som ligg litt vest for sentrum av Washington. Vi hadde fått eit tips om at dette var ein plass vi burde få med oss og ete middag ein kveld. Det var vel litt som Washington´s Aker Brygge.😅 

Ein nydelig siste dag i Washington. Og ikkje minst, denne byen er virkelig verdt eit besøk! Vi fekk vel med oss det meste og viktigaste, men vi kunne gjerne reist tilbake her igjen. 

#washingtondc #dc #usa #reise #reisemagasinet #reisebloggen #ferie #sommer #iviusa #politikk #minne 

6 kommentarer

Siste innlegg