Ein liten time på sørlandssenteret og eg var eit par nydelige vårsko rikare. Eg har jammen meg ein snill samboer som spanderte desse på meg idag 🙂 Var dei ikkje nydelige? Lyse og delikate. Perfekt til været eg har bestillt framøve 😉
Endelig har vi fått litt orden på badet. Det samlar seg så utrulig mykje ting og produkt etterkvart, at det rett og slett må være orden for at det skal være mulig å finne fram nåke. Under her kan du sjå kaoset som var… K-R-I-S-E
Denne benken/ kommoden er tilpassa i størrelsen, så den passar perfekt inn mellom vaskemaskinen og veggen. Korgene er fra IKEA, og du finn dei HER. Oppskrift på korleis ein kan lage denne kjem på bloggen snart 🙂
Dette brettet er og i fra IKEA. Når eg først fekk orden, ville eg ikkje lenger at det skulle stå så mykje framme og forstyrre. Alt av ting har eg lagt i korgene eller kasta. Duftpinnane er fra kremmerhuset, duftlyset er fra Voluspa, parfmen er fra Zara og håndklet og teppet er fra Missoni.
Eg er veldig fornøyd med resultatet! Den har ei litt ru overflate, så det kan være eg skal lakke den med matt lakk om ei stund. Slik som eg har gjort med DETTE bordet 🙂