Oppskrift: Frisk spinat- og eplesmoothie

På slike varme dagar som det er fortida er det ikkje akkurat noko anna som fristar enn ein frisk smoothie i solveggen. Det er jo heller ikkje noko som er gale med at den er frisk og sunn i tillegg, eller ka? 🙂 Eg har laga smoothiar i mange forskjelliga variantar, og det er egentlig kun fantastien som setter ein stopper for kva du kan ha i den. Test deg fram! Her kjem i alle fall oppskrifta på denne med spinat og eple i:

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 3 håndfull spinatblad
  • 1 grønt eple
  • Saft fra ei halv sitron
  • 1dl eplejus
  • 3 ss yoghurt eller kesam

 

Bland alle ingrediensane godt sammen i ein blender eller med stavmikser.  Det blir ca 5 dl ferdig smoothie. 

Konsistensen blir som finraspa eple. Smoothien blir altså ikkje heilt fløyelsmjuk, men med litt mat i. 

SAMSUNG CSC

Eit lite tips er å legge ei skive med sitron eller appelsin som lokk. På denne måten slepp ein at insekt kan komme nedi.

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fant eg på godt.no.

SAMSUNG CSC
 

#smoothie #spinat #godtno #matprat #jus #juice #sunnmat #sunnhet #oppskrift #frokost

Oppskrift: Nydelig glutenfri foccacia

På forrige var vi som sagt på bakgårdsparty på butikken til Kristin, og i den forbindelse fekk eg i oppdrag å bake ein glutenfri foccacia. Eg har gjort det ein gang før, men den var ikkje heilt vellykka synst eg. Denne der i mot, den skal eg definitivt lage fleire ganger. Den var både saftig og god på smak, virkelig ein suksess! 🙂

Nam! Den blei heldigvis godt tatt i mot av alle 🙂

Du treng:

  • 290 gram glutenfritt mjøl
  • 3 dl lunka vatn
  • 1 pose tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 2 ss olivenolje
  • Rosmarin, oliven, fetaost, soltørka tomater, olje og salt til topping. 

 

Slik gjer du:

  • Bland saman det tørre.
  • Tilsett vatnet, det er viktig at det holder ca 37 grader.
  • Bland godt i kjøkkenmaskin.
  • La deigen heve i 30 minutt under plast. Eg hadde skrudd ovnen på 50 grader før eg starta å bake, og skrudde ovnen av før eg satte inn deigen for heving. Lunt og godt 🙂 
  • Kle ei lita langpanne (24×30 cm) med bakepapir og smør det med olje. Hell deigen oppi og trykk de litt utover. Deigen vil ikkje dekke heile panna, men det gjer ikkje noko.
  • Lag “fingerhull” i deigen og hell over litt olivenolje og valgfri topping.
  • Steik ved 220 grader i 20-30 minutt.
Her har eg trykt deigen litt utover langpanna. Ein kan sjå at den ikkje dekker heile panna.

Oppskrifta fant eg hos DetLilleHuset.blogspot.no
 

#oppskrift #glutenfritt #glutenfri #matformagen #lavformap #smartmat

Sydentendenser på Bystranda!

Åhh, for ein strålande dag! Eg hadde vekkerklokka på halv 9 idag og gjorde meg klar til ein deilig dag på stranda med Therese, ei eg studerte med. Vi var klare Bystranda med frokost og soling. Plutselig får eg ein melding fra Linn der det står : "E da du så ligga bak oss?". Og dermed blei to til fem, og vi kunne nyte sola til klokka blei 15 🙂

Når dei andre gjekk på jobb tok eg og Linn turen til byn. Eg har endelig fått bestilt nye kofferta til vi reiser, og gleder meg sånn til dei kjem! Er det mulig å glede seg over koffertkjøp? :-p *wii*

No er eg så solbrent og full av soleksem at eg ikkje trur eg skal bevege meg ut i sola dei neste dagane.. Huff, eg angre på at eg ikkje har fått bestilt med ein pakke med betakaroten. Det er no notert på "to do list" for denne veka!

Håpe dåke har hatt ein nydelig dag i sola 🙂

Sommer!

Igår skulle eg vær supersprek å jogga til Kjevik og vær der når Vegard skulle kjøra heim fra jobb. Etter eg hadde jogga i 10-15 min så finne eg ut at Vegard hadde glømt meg, og var kjørt heim. Baah.. Så då var eg ikkje lenger så supermotivert for å jogg heile veien til Kjevik, så eg jogga halvvegs, til Hamresanden! Så kom Vegard å henta meg og vi kjøpte is før det bar på grilling hos Helge 🙂

Grillings med Helge, Linda, Eirik, Linn, Anette, Vegard og meg 🙂 Sola steikte virkelig på terrassen, så vi rant vekk. Til slutt fant vi ut at vi skulle spele eit slag kubb! Vi jentene vant første spelet 😉

Ein nydelig sommardag med andre ord! No ligg eg ute å ventar på at Vegard skal komma heim på vi kan kjøra ned på Hamresanden for litt bading og soling med Linn og Anette 🙂

Siste dag

Tirsdag var ein nydelig dag! Det var steik sol fra eg sto opp til kvelden meldte sin ankomst. Dagen fylte eg ikkje med stort; soling, grilling, grasklypping, is og kos med mamma! 🙂

Her er blomsterkassen eg laga til mamma i fjor på denne tida. Oppskrift på den finn du under kategori "DIY: bygg" 🙂

No er eg, Linn og Anette på vei ned Setesdalen mot Kristiansand igjen. Været heime var virkelig ikkje noko å skryte av idag, så vi kjørte like gjerne tidlig av gårde for å få sola i Kristiansand 🙂

Eit nydelig bilde som viser kor fin solnedgang vi har heime hos mamma! <3