Endelig er dei her!

Endelig kom bilen vi har venta på! Flyttekassane våre fra Norge kom endelig fram idag. Det var jul, påske, nyttår og bursdag på ein gang å åpne kassane for å sjå kva der var vi hadde pakka ned i begynnelsen av juli. Eg er egentlig litt usikker på om vi har sendt nåke vi virkelig har trengt, for vi har klart oss heilt fint med der vi har hatt tilgjengelig dei siste vekene. Men, eg skal ikkje nekte for at det er blitt litt meir heimekoselig her no med litt av tinga våre rundtom 🙂

Litt forskjellig som Norske flagg, puter, lys, kjøkkenting, stavmikser, pyntebrett, finkle, uniformar og musikkanlegg er nåke av det vi pakka ned. Det er allerede ein del småting vi angre på at vi ikkje pakka ned, men vi klarer oss nok uten det eit år 🙂

No skal eg fortsette med å sjå på serien Glee og bli frisk etter Orlando-helga. Eg tåler fortsatt ikkje aircondition øve lengre periodar eg…

Hurricane warning!

På mandag fekk Vegard mail frå basen om at det var venta sterk storm og mulighet for at vi måtte evakuere seinere i veka. Vi hadde jo tenkt oss ril Orlando i helga, så det sku jo bli spennande om denne stormen blei nåke av. Det er jo 11 år sidan siste store storm/ tropisk storm/ orkan/ tornado raserte store deler kysten her. Syklusen til slike stormar er 6-7 år, så det seier seg sjølv at vi er på overtid no.

Vel, på tirsdag og onsdag forverra alt dette seg og vi kunne forvente at ein tropisk storm skulle komme til helga. I går, onsdag kveld, såg vi på Weather channel og det såg bare verre og verre ut. Stormen ligge uti gulfen og kosar seg før den kjem inn mot land i stor fart. I enkelte området er det og venta at den skal slå inn som ein orkan og i verste fall tornado. Om dåke ser på bildet under her, så kan dåke sjå kor den er venta. Vi bur heilt til venstre, der det står Destin.

Det var lenge litt usikkert om vi skulle ta turen til Orlando i helga likevel, men når vi såg kor stormen sku gå bestemte vi oss for at det var like greit å være i Orlando som heime i leiligheten. Vi sitte no i bilen på vei, og har nett passert Tallahasse. Det er ikkje nåke storm her no, så besto du kam puste ut, vi er trygge! Kun litt rolig Vestlandsvær her no, då stormen ikkje treff land før i kveld. Då er vi trygt på plass på hotellrommet ved Universal Studio. 🙂

Når vi no kom inn i området som er merka raudt, på bildet over, så begynte mobilen min å hyle. Ikkje som alarmen når vekkerklokka ringer, men ein intens hyling som varslar at fare er på ferde. Der var “kun” ein beskjed frå myndighetene, men ein kunne nå fått hjerteinfarkt av mindre.. Forresten så er det veldig kult at dei har dette varslingssystemet. I Phoenix feks, får dei alarm om sandstorm. Tommel opp Usa!

Det er og slike informasjonsskilt langs motorveien.

Som sagt er vi halveis til Orlando no, og alt står bra til. Vi gler oss til ei helg i Universal, om det så blir med regnponcho eller solkrem! Vi er tross alt fire tøffe vikingar på tur 😉 (satsar vi på..)

Vi har tatt lappen!

Igår var endelig ventetida over, vi hadde oppkjøring på bil. Ikkje det at vi ikkje har kunna kjøre bil i USA på Norsk førerkort, for det kan vi. Men vi valgte å få Amerikansk førerkort både for bilforsikringen sin del, for å ha godkjent legitimasjon i Usa og fordi det er jo litt kult å ha Florida drivers license 😉

Vi kjørte til Niceville, ein liten by som ligg ca 20 min i fra oss. Etter litt papirarbeid på DMV (biltilsynet) var det tid for kjøredelen. Vegard først. Han var vekke i ca 15 min før han kom inn igjen. Veldig kort, men sikkert normalt tenkte eg. Samme prosedyre med meg. Eg tok på meg “oppkjøringsmaska” og skrudde tida tilbake for 6 år siden når eg hadde oppkjøring heime i Norge. Trur eg aldri har kjørt så riktig i heile mitt liv. Vegard lo til og med av meg for at eg brukte blinklys inne på parkeringsplassen. Better safe than sorry tenke eg 😉

Men eg kan ikkje sei eg er veldig imponert øve kva dei forvente ein skal kunne her borte.. Heile tida kjørte vi inni eit lite boligfelt utan andre bilar, og vi kjørte i maks 15 mph, som er ca 24 km/t. Vi tok ein 3 point turn på ein smal vei, hadde “bråstopp” i ca 30 km/t, stoppa på alle stoppskilta (som det er heilt enormt mange av) og parkerte mellom fire kjegler.. Altså, vi var aldri ute i trafikken å fekk vist oss. Med andre ord kunne vi like godt skreve etter lappen på nettet..Usa ass.. :p

Bildet er ikkje så mykje å skryte av, så det blir sensurert. Folk er så mykje lågare enn oss Skandinaviere her borte, så kamera er ikkje stilt inn til vår høgde. Froskeperspektiv er ein uheldig vinkel, foråseidetsånn….

Etter oppkjøringa tok vi turen på ein lokal restaurant som heiter AJ’s by the Bayou. Veldig koselig plass rett ved sjøen. Her skal vi definitivt tilbake ein seinare kveld når dei spelar live musikk.

Bare sjå kor idyllisk der var her! 🙂