Akvariet og OL-park i Atlanta

Forrige torsdags kveld, etter at Vegard var ferdig på jobb, satt vi oss i bilen og vendte snuten mot Atlanta, Georgia. Sist vi var det var det ikkje mykje turistting vi fekk gjort, så det var det som var på planen for denne langhelga. Eg var så lur å satt meg bak rattet og kjørte alle dei 4-5 timane det tar å kjøre nordover. Planen min er nemlig at Vegard då må kjøre heimover på mandags morgon 😎  Vi ankom leiligheten til Martin rundt 1 på natta, og då var det bare å hoppe i køya og gjere seg klar for morgondagen. 

SAMSUNG CSC

“Kun” 16 felt ja 😅

SAMSUNG CSC

Her er utsikten Martin har i fra balkongen sin. Det som slår meg er at Atlanta er ein enormt grønn by. Kor enn du snur deg så er det grønt og frodig.🤔

SAMSUNG CSC

Fredagen starta vi rolig med ein tur på den lokale Starbucksen før vi tok ein Uber ned til jobben til Martin. Her fekk vi sett kontoret hans og kor han bruker dagane sine, før vi gjekk ut på campus for å få i oss litt lunch.😊

SAMSUNG CSC

Etter lunchen tok eg og Vegard Uber ned til Georgia Aquarium, det største akvariumet på den vestlige halvkule. 😊

Akvariet var innendørs og ligg veldig sentralt i Atlanta by. 

Forran to enorme Groupera. Ane ikkje om det finnes eit norsk navn på den typen fisk ein gang. 😅 

Det var eit fantastisk bra delfinshow der og, så det kan virkelig anbefales! Følte dette showet var verdt billettprisen aleine.😊  Det var ikkje lov med filming eller bildetaking der inne.

Pingvinane var rimelig kule! Bada og kosa seg rundtom.

Piraya.. Fysh for nåken skapningar! Ser veldig uskyldige ut, men når dei angriper så ser det virkelig ikkje fint ut..😐

Albinoaligator.

Vi var inne i ein undervannstunell, lik som vi var i i Barcelona for nåken år siden. Her fekk vi sett alle fiskane som var inni den store akvarietanken/ bassenget. 

Dei holdt presentasjon mens dei mata fiskane. Her kjem det ei massiv rokke/ stingray forbi. Det er vel samme fisken eg fiska på stang i oktober, innlegger finn du HER. Denne var vel bare ein smule større, og heldigvis for det! 😅

Det mest spektakulere med heile akvariet må ha vært denne kvalhaien.Dei var så enormt store, det er kanskje ikkje så rart då det er verdens største fisk og hai! 😅  Dei er heldigvis ikkje farlige for oss mennesker, då dei kun ete plankton. Veldig fasinerande dyr i alle fall! 😊

Etter akvariet tok vi turen gjennom OL-parken som ligg her. Denne er bygd i forbindelse med sommer OL i Atlanta i 1996. 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Parkområdet.

SAMSUNG CSC

Rundt fontenen av ringar var det mange forskjellige flagg. Vi konkluderte med at det må ha vært dei landa som har arrangert sommer OL før 96? 🤔

SAMSUNG CSC

Lykkelig mann fekk seg endelig ein is! 😎

SAMSUNG CSC

Deretter for vi å møtte Martin for ein kjapp middagsbete før vi skulle ut på konsertar.  Etter ein liten time heime heiv vi oss igjen i ein Uber (Uber er gull i slike storbyar her borte.) og kjørte vidare til Lakewood Amphitheater. Her skulle vi på konsert, men det får komme i eit anna innlegg 😊 

#atlanta #usa #georgia #Train #akvarie #akvariet #dyr #dyrehagen #turister #reise #ferie #usareise #reisebloggen #reisemagasinet

Vi er i Atlanta

Vi har ein liten miniferie/langhelg hos Martin i Atlanta i helga! Vi kosar oss gløgg, tar dagane med ro og er skikkelige turistar. Har vært i akvariet, gått tur i parkar, vært på konsertar og festival og bare nytt dagane. Vi er veldig heldige som har Martin her i USA, og ikkje minst at han bur så nært som kun 4-5 timar unna oss. Er jo bare ein liten kjøretur det.😎

SAMSUNG CSC

At Atlanta er ein storby i forhold til Crestview/Destin, der vi bur i Florida, det er det i alle fall ikkje tvil om. Når vi kom inn til sentrum på torsdags kveld så var vi plutselig inne på ein 16-felts motorvei med bilar over alt. Heldigvis blei eg litt vane med motorveikjøring når vi budde i Phoenix, så panikken tok meg ikkje. Egentlig så er det ikkje så veldig vanskelig å kjøre på slike veiar, det er bare alle dei andre idiotane rundt deg du må være forsiktig med.. 😉 

SAMSUNG CSC

Martin bur supersentralt, i eit av bygga på bildet, så vi lider ingen nød! No skal vi ta turen ut for ein bedre mexicansk middag og deretter kanskje sjå kva utelivet i Atlanta har å by på. Fleire bilder i frå dagane våre kjem når eg får tida til å sette meg ned med bildene. 😊  Ha ein fin søndags morgon, enn så lenge!

SAMSUNG CSC

#atlanta #usa #reise #reisemagasinet #reiseblogg #reisebloggen #ferie #travel #iviusa

Få følgere på Facebooksida di

Sidan vi flytta til USA så har eg hatt ei Facebookside til bloggen. Det er så utrulig greit å kunne samle innlegga på ei side, slik at eg ikkje nødvendigvis bombarderer alle som ikkje ønsker å få oppdateringane i frå meg på min profil. Det er no 241 personar som følger med på denne sida, og det er plass til flerie.🌸 Trykk på bildet under for å komme inn på sida for å følge med, eller trykk ↪️  HER. ↩️

Har du ei facebookside til bloggen så vil eg veldig gjerne følge den og! Legg igjen ein link i kommentarfeltet så eg kan finne deg 😊 

#followers #follow #følgere #facebook #nettverk #sosial #medier #blogg

Bon Jovi konsert

Her kjem enda eit innlegg som burde komt ut for ein evighet siden. Men no trur eg faktisk eg er heilt ferdig med innlegg i fra Arizona, og vi kan vidare kun fokusere på Florida og den siste mnd vi har igjen her. Så over til Bon Jovi konserten vi var på.

_____________________________________________________________________________________________________________

Endelig skulle ein liten drøm bli oppfylt, eg skulle få gå på Bon Jovi konsert! Heilt i fra eg var lita så kan eg huske at pappa spelte CD´ane på full guffe, og då kom det jo ganske naturlig at tekstane blei printa i hovudet og musikken falt i smak. I seinare tider kan eg ikkje sei at eg har hørt nåke spesielt på dei nye platene som har komt ut, det er vel meir eller mindre dei gode gamle som sitt brent fast på minnet. Så når vi såg at Bon Jovi skulle ha konsert i Phoenix var det ikkje nåke tvil, billettane blei kjøpt minst 6 mnd i forveien! 😅 

Vi var fleire Nordmenn på konsert, men Eg, Vegard, Linda, Eirik og Dorthe satt sammen. Og sjølv om vi satt langt vekke, så vil eg sei vi satt rimelig bra plassert i forhold til å få sjå alt som skjedde på scenen. 😊

Og for ein stemning! Nei, det kan ikkje beskrivast, det må faktisk opplevast. Eg trur nesten eg hadde konstant frysning gjennom heile åpningsshowet og sang med på så og sei alle sangane fra start til slutt. Eg var så hås og ødelagt på søndagen, men GUD så verdt det! Eg hadde jo sjølvsagt hørt meg gjennom den nye plata deiras, så det var ikkje mange sangar som kom utenom meg den kvelden 😅

Enormt med folk! Og ein heilt fantastisk konsert i fra ende til annen! Stemningen i salen var heilt rå. Alle sang og var med heile konserten. Og det må ha vært heilt umulig å ikkje kose seg på ein sånn kveld😃  No hadde det vært kjekt å fått opplevd Bryan Adams og Bruce Springsteen av dei gode gamle og, så vi får ha det på ei lita liste 🙈

Etter konserten bestemte eg og Linda oss for at vi skulle ut på byen. Når vi først var i sentrum av Phoenix, koffor ikkje bare teste ut utelivet i samme slengen. Så mens Vegard, Eirik og Dorthe tok taxi heim, tok eg og Linda sykkeltaxi og ba han sykla oss til den beste uteplassen i byen. Den låg sjølvsagt inni eit smug😅 Det var ein typisk student-uteplass med heilt fjern musikk, men det hindra nå ikkje verken meg eller andre å danse. Og vi blei jo sjølvsagt til det stengte, så eg trur ikkje vi klarte å komme oss heim før i 3 tida den natta. Haha, godt vi har vært ute å reist før ja!😎

#bonjovi #consert #konsert #phoenix #musikk #usa #arizona #reise #ferie