Eg var så lei av dei kvite kjedelige IKEA-pottene mine og hadde mest lyst å kjøpe nye. Men, nye potter koster jo litt og når eg skulle ha så mange så blei det ikkje aktuelt. Eg blei då veldig glad for at eg kom på at eg hadde ein haug med sprayboksar i skapet. Heldigvis hadde eg gullfargen eg ville ha og, så då var jobben enkel!
Eg spraya pottene ute på eit jevnt underlag, altså papp. Først opp ned, før eg snudde pottene og fekk spraya på toppen. Det er viktig å ikkje holde sprayboksen for nært pottene, og spraye med jevne bevegelsar. Ellers vil malinga renne og lage skjolder.
Dei store pottene har fått plass på soverommet og dei små skal etter planen brukast som dekorasjon til borddekking Så gjenbruk er tingen folkens! Ein sprayboks kostar vel fra 30-100 kr på jernvareforretningane så her er det mykje å spare. Mine er kjøpt på Walmart i USA, men eg tippar det er mulig å få tak i lignande gullfarge her heime og.
Her kjeme endelig nåken etterspurte bilder av dee oppussa gangen vår. Gangen er så liten at den nesten ikkje kan kallast ein gang, men meir eit vindfang. Vi har akkurat plass til ei lita skohylle der, og nåken knaggar som gir plass til jakkene. Når vi begge to står i gangen, så kan vi nesten ikkje passere kvarandre, så ja. Liten. No har vi og pynta litt til jul, så her er den nyoppussa julegangen vår med litt julestemning
Eg malte med samme gråfarge som eg har brukt på kjøkkenet. Egentlig litt usikker på kva den heite, men ein fin farge var det. Eg har og laga ei lita hylle på den smalaste sida av gangen. Den er bare laga av ein vanlig planke som eg har skrudd opp med vinkeloppheng under. Den tåler ikkje så mykje tyngde, men akkurat nok til å kunne sette litt pynt på, og til å legge nøklar i frå seg.
Her er knaggrekka. Det er egentlig bare mange knaggar tilfeldig plassert på veggen. Praktisk og kult!
Goood mandag! Eg syns det kunne være kjekt starte veka med ein liten og kjapp DIY, som passer denne årstida godt. Vi bur jo for tida i eit hus, og i hus blir det ein heil del kaldare om vinteren enn det var i leiligheten i Kristiansand. Dessuten er dette huset ein del generasjonar gammalt og, så ja, huset er kaldt og det trekker inn alle vinduene som er her. Vi var derfor veldig glad når vi fant ut at det var vedovn her, så no fyrer vi i eit sett og heile huset er godt og varmt heile dagen Einaste “problemet” med dette er jo at veden blir oppbevart i den berømte blå IKEA-posen.. Og vi er sikkert ikkje dei einaste som bruker den som vedoppbevaring, eller?
Vel posen måtte vekk. Eg hadde nåken restematerialer liggande, og på 1-2-vipps så var stativet ferdig. Så enkelt at alle kan gjere det så lenge dei har ei sag og ein skrumaskin.
Mitt vedstativ måler: 80 cm x 35 cm, inkludert hylleplata på ca 2 cm. Du lager sjølvsagt i den størrelsen du vil ha, men eg legg ved mine mål i oppskrifta. Dei står i parantes.
Du treng:
4 like lange lekter i høgden ( 78 cm)
4 like lange lekter til bredden ( 47,5 cm)
4 like lange lekter til dybden ( 25,5 cm)
Velger du å ha hylle oppå, så må du tilpasse ei plate ( 35,2 cm x 54,7 cm)
Slik gjer du:
Skru deretter lektene for høgden og dybden sammen, slik at du har to rammer.
Fest rammene sammen ved å bruke breiddelektene.
Skru så topplata på. Eg valgte å skru i fra undersida, slik at skruene ikkje skulle synast på toppen.
Og voila! Flunk ferdig og praktisk vedstativ. Og ja, eg er klar øve at det står ganske nært ovnen. Og der må det stå… Det blir faktisk overraskande lite varmt i forhold til kva eg såg for meg, sjølv om Vegard framleis er litt skeptisk… (HMS-ansvarlig i heimen…)
Blei det ikkje koselig? Mykje kjekkare enn ein blå IKEA-pose, sjølv om den faktisk hadde stått i stil til veggen vår
Dette har virkelig vært ei fantastisk fin og koselig helg. Vi hadde egentlig ingen planar, og då blir det jo alltid så bra om det skjer nåke likevell. Fredag satt vi heime og åt heimelaga pizza, då vi plutselig blei invitert ned på puben av ein kollega av Vegard. Der satt vi heile kvelden og snakka og kosa oss. Lørdag var eg først på jobb, før vi inviterte eit vennepar over til kvelds. Då serverte vi nydelig hjort i frå Kvinnherad med deilig tilbehør.
Og idag, idag har vi vært på julemarked på Austrått, vært innom Austråttborgen og eg har baka nåken konfekt og karamell som eg håper blir vellykka. No er det knappe 3 veker før jula ringes inn, og eg skal jobbe nesten kvar dag framover før vi reiser til Vestlandet. Det blir intenst, men det blir veldig verdt det med tanke på at eg får fri heile romjula
Ein av favorittane innen julekaker, garantert! På svensk kalles det “kola kaker”, som igjen betyr karamell. Så det er nok ein grunn til at dette er ein av favorittane, eg elskar jo alt med karamell! Kjappe å lage er dei og, så dette er bare vinn/vinn
1.desember! Og kva passar vel bedre då enn ein liten jule-DIY? Pynt klart julebordet enkelt og fint med bretta serviettar
Desse juletrea blei faktisk brukt på julafta i fjor, når vi satt å kosa oss i ørkenen i Arizona. Akkurat på julafta så begynte det faktisk å regne å blåse, det blei med andre ord skikkelig vestlandsjulevær der borte! Når julestemningen var sikra ute, så var vi i god gang med å sikre den inne og. V og mamma hadde ansvar for maten og eg tok meg av dekorasjonane. Det er jo kjekt å gjere litt ekstra ut av det på ein slik dag, så eg hadde faktisk kjøpt inn tøyserviettar for anledningen Det var ikkje så vanskelig å brette serviettane til eit juletre, det var bare å være nøye nok.. Eg tok nåken bilder underveis i prosessen, men har lagt ved ein video nederst i innlegget og