Til bursdagen fekk eg meg seks fine små jordbærplanter. Kva i alle dagar skulle eg gjere med dei tenkte eg jo først, og såg sikkert litt ut som eit spørsmålstegn der eg stod.
Men etter nåken dagar med tenking og planlegging kjørte eg ned på Felleskjøpet å handla inn balje, jord og lekastein. Eg liker å bruke dei store baljane til Felleskjøpet (link) til å plante i, dei er billige og store.
Også er det bare til å bygge ein blomsterkasse i tre rundt dei, slik som eg tidligare har gjort HER.
Først borra eg 4-6 hull i bunnen av baljen, så la eg litt greiner/ved nedi bunnen, og deretter lekastein. Lekasteinen la eg oppi ei strømpebukse, slik at den skal være enkel å bruke om igjen om eg skal plante på nytt ved ein seinare anledning. Deretter fylte eg på med god plantejord.
Så var det bare å plante ned jordbæra, og vente tålmodig til våren kjem.
No må eg bare huske å vatne dei, og passe på at dei ikkje fryse for gale gjennom vinteren. Eg er nå spent på om dei kjeme til å overleve, og om eg kan kalle med jordbærbonde til våren..
#diy #plante #jordbær #hage #mat #økologisk #hobby #kreativ #blomst #blomster #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv
fin gave det:)
Så utrolig moro!
Victoria Larsen: Jaa, satser på at det blir bra
livetmitt93: Veldig koselig ja
Så koselig gave:)
Charlotte: Veldig koselig