Kampen heile Sørlandet har snakka om i fleire veker, er endelig ferdigspelt. Stemningen varikkje heilt på topp heile tida, men når Start i det 82 minutt parkerte kampen med ein 3-1 scoring så var det avgjort. Det var ein fantastisk stemning på stadion idag. Kanskje ikkje så rart det, med tanke på at det var rundt 13.000 mennesker som hadde tatt turen! Gratulera til Start som klarte å beholde plassen sin i Tippeligaen i år!
Gjett om gleden var større enn fornuften når Vegard kom heim med ein pakke kakemenn i går då..! Alle hemninger og sjølvlaga reglar om å vente til 1.desember forsvant.. No har vi ein ny regel; ingen julebrus før 1. Søndag i advent (om vi klarer det då…)
No sitte eg godt planta i sofaen med pc´n framfor meg og eit fat med agurk, salatblad og Sharon. Eg elskar Sharon, eg blei så glad når eg fant den i butikken i går. Prøv den! Idag har eg levert inn lampen min og no slapper eg bare av. Lurer på å finne ein serie eller nåke å sjå, kanskje ta eit bad? Ah, det er deilige med rolige kveldar av og til 🙂
Idag har det vært ein rolig dag med mykje tid til meg sjølv. Eg har uheldigvis vært heime i fra jobb då kroppen ikkje har spelt på lag dei siste dagane.. Eg hadde nesten glømt korleis det var å være heime ein heil dag, alt er så rolig. Har heldigvis klart å gjere noko anna enn å bare ligge på sofaen idag då, så i måro blir det heldivis jobb igjen!
Akuratt no sitte eg å lese det nye nummeret av Rom123 og drikker eit glas heimelaga plommesaft, yum! Det var overraskande enkelt å lage, så oppskrifta kjem på bloggen om ikkje så alt for lenge 🙂
For ein deilig søndag! Utkvilt og fornøyd sto eg opp kl 11 og satt meg med symaskinen, og der satt eg vel til klokka var langt over 18! Idag har eg virkelig hatt storproduksjon og sydd julegaver, dåpsgaver og litt andre småting. Det er jo så gøy å komme i gang, det er jo faktisk bare knappa 3 mnd til jul, så det er godt med alt som er gjort 🙂 Oppskrift på nåken av småtinga eg har sydd idag kjem forhåpentligvis til veka. Som ein kan sjå så er det ikkje mykje ryddig når eg holder på.. Spisebordet flyt virkelig over!
No tenkte eg å dra Vegard med meg ut på restaurant. Tenker vi går for Indisk på Mother India idag. Vi har lenge tenkt på å teste den ut, men det har aldri blitt. Så idag er dagen!
Og det var det virkelig og… Klokka var vel 05:30 søndags morgon når dei siste gjekk heim..:p Vi er så utrulig heldige at så mange fine venner som ville være med å feire oss 🙂 Marte, Trond, Ruth og Kristin kom til og med langveis i frå, bare for oss! Og alle presangane? Vennene våre er galne. Vi fekk så mykje fint, og toppen av alt var at vi skal på SPA(!!). Det blir ein 80 minutters duo-spabehandling med saltskrubb og kroppsmassasje på Aquarama. Å, gud så vi gler oss 😀
Fredagskveld var gutane ein tur til byen, og då heiv vi jentene oss rundt. Eg skulle nemlig lage ei Manchester United kake til Vegard. Og eg trenge vel ikkje sei at han blei fornøyd? Eg har aldri sett han så overraska og glad på ein gang. I tillegg til det så vant jo Manchester 3-1 over Liverpool, så kvelden var nok meir enn komplett 🙂
Kvardagen har definitivt truffet meg og, hardt. Eg begynna i ny jobb forrige tirsdag. Det har vore ein stor omveltning å stå opp kl 06:30, og komma heim kl 16:30.. Det er ekstremt med opplæring og kurs å sette seg inn i, men det er så gøy! Eg skal absolutt ikkje klaga, eg er så glad eg har fått meg jobb og rutinar på ein så fantastisk arbeidsplass 🙂
Samholdet og det sosiale er det absolutt ingenting å sei på. Eg er visst allerede blitt med på eit stafettlag og har til og med begynna på håndball, ja det er faktisk sant. Eg, og dei andre, som tidligare bare har sparka ein fotball trenge nok eit lite teorikurs i korleis reglane fungerar, men det viktigaste er jo absolutt at vi har det gøy! 🙂
For ein nydelig dag! Bergen viste seg virkelig frå si beste sida, vel utenom nordsvinden då… Eg møtte Simen, søskenbarnet mitt, i byn rundt lønchtider og vi tok turen på Øl og Matfestivalen som var på Koengen. Det var ein real stor folkefest, og veldig kjekt å oppleva. Eg sette så pris på at SMB (små mellomstore bedrifter) blir fremma opp og fram!
Eg fekk og bytta veska eg fekk til bursdagen av pappa. Eg fekk den Malene Birger veska som alle har, så eg valgte å bytte den til ei meir nøytral Michael Kors veske eg har sett på ei stund. Eg synes den egentlig har ein super farge, og når ei tilfeldig dama kom bort til meg og sa at veska passa meg heilt ekstremt. Eg var solgt! 😉