Plantekaos

Eg har i øve eit år gått og tenkt på at dei store plantene mine trenger ein ompotting. Dei har vokst nåke ekstremt dei siste åra, og er no på vei ut av pottene sine.. Eg kjøpte inn nye potter i fjor og var med godt mot, men så blei det aldri til at eg gjore nåke med plantene, før no…

Sjå kor store og fine! Tenk at desse var sånne små planter som ein kjøper på IKEA! Men som ein ser så er det litt for mange blad uten hull, så eg har delt opp plantene slik at det kun er ein stilk(?) i kvar potte no. Om eg har gjort ting rett eller ikkje, det veit eg ingenting om. Eg fant litt informasjon rundt monstera og ompotting på Plantemagasinet  og Vi i villa. Og nei, eg har nok ikkje brukt “riktig” jord til monstera, om ein skal følge alt som står på nett. Eg brukte krukkejord (har litt gjødsel i seg) blanda med den jorda som plantene allerede sto i og knuste lecakuler (for lufting). 

Så ein kveld Vegard var seint på jobb øyna eg sjansen, og dette var det han kom heim til:

Ja, for eg måtte jo gjere det inne! Ute hadde det blitt for kaldt på plantene (og for kjedelig for meg…). Og merk mine ord når eg seie at ompotting av 2-3 planter fort kan eskalere litt… Plutselig hadde eg kutta stiklingar, planta om ikkje bare 3, men 8 av plantene mine… Det var altså eit lite kaos her… Heldigvis er han godt vant med at eg plutselig har nåken prosjekt for meg, så etter at sjokket var lagt seg satt han seg bare fint ned i sofaen og såg på tv…😅

Eg hadde og ein veldig lang gullranke som eg ikkje heilt visste ka eg skulle gjere med. Så eg scrolla litt på Instagram og fant til slutt denne hos @Hvitelinjer. Eg satte i gang med godt mot, og ja.. Resultatet blei kanskje ikkje heilt som forventa 😅 Så er det nåken som har tips til å få ein litt fyldigare gullranke?

Halloen ja😅

Oisann.. No var det visst ein liten evighet siden eg har gitt livstegn i frå meg her inne.. Eg trur kanskje ikkje eg har hatt eit så langt opphold i fra bloggen tidligare?🙈

Det er stadig folk innom bloggen, og kanskje spesielt no før jul. Eg ser det går mykje i “lettstrikka pannebånd” og “knutepannebånd“, “babyteppe” og “putetrekk uten glidelås“. Med andre ord blir det nok mange fine heimelaga julegåver under trea i år!

Og ikkje minst takk til alle dåke som er innom. Eg prøver å svare på spørsmål som kjem inn fortløpande, men husk at eg ikkje er profesjonell på verken oppskriftskriving eller slikt, så det kan alltids forekomme feil.. Bloggen kun er ein liten hobby for meg. Send meg gjerne ein melding på enten Facebook eller Instagram om det tar for lang tid før eg svare her inne 😁

Eg håpar eg skal få tid til å dele litt juleinnlegg framøve med dåke, men no for tida står både eg og Vegard med rumpa i været og legg belegningsstein ute i innkjørselen vår. Og det tar tid, mykje tid.. Det er øve 110kvm2 med stein som vi skal legge sjølv. Det går overraskande fort og bra, så vi ser faktisk enden på målet. Snart.. Kanskje…
Som Pippi sa: “Det har vi aldri gjort før, så det klarer vi nok”.😅

Middag i det fri

Her i Trøndelag er det viktig å nyte dei godværsdagane som er om dagen! Så forrige veke tok Linda, Eirik, Vegard og eg middagen i det fri. Vi hadde med oss ved, pølser, pinnedeig og gode klær og gikk til Rusasetvatnet og fyrte opp i bålpanna. Det var gode 14 grader den dagen, og heller ikkje så mykje vind at det var unormalt. Rett og slett ein nydelig ettermiddag ute! Det er ikkje så mykje som skal til, litt lavterskel tur er bedre enn ingenting.😊

Området rundt Rusasetvatnet er så fint opparbeida. Det er lage fine grusstier, og fleire plasser med bålpanne, grill og sitteplasser ein kan slå seg ned på.

Luksus i det fri! Vi er heldige som kan nyte dette kun 10 minutt i frå huset vårt.

Men Ida, treng du 1000 knapper?

Svaret er vel ganske åpentlyst; JA! 😅

For alle som bruker knapper til strikketøy, syprosjekt eller lignande veit at å kjøpe ein og ein knapp på butikk dessverre er svindyrt..

Så eg har då gått til innkjøp av nåken forskjellige typar knappar på EBay. (Les: eg gjekk bananas). Men når det er 50 eller 100 knappar i kvar pose, så er det ikke så gale vil eg sei. Dessuten har eg jo eit lite lager no, så mine strikkeglade venner kan komme å plukke det dei treng til plagga dei lager 🙂  Alle knappane er i tre, eg syns det blir finast til ull.

PS: kjøp knappar no før dei nye tollreglane trer i kraft. Det betyr at du må ha mottatt knappane før 1.april 2020, ellers blir dei litt dyrare foråseidetsånn..


 

Dette er nok absolutt favorittane. Dei er så fine til alt av strikk! Kjøper i str 15mm, så passer dei perfekt til baby og barn. Du finn dei her.

Brown-2-holes-Round-Wooden-Buttons-sewing-Scrapbooking-Craft-15mm

 

Desse er superkule til voksenstrikk! Du finn dei her.

 

Brune kokos-knapper med diverse print på. Du finn dei her.

 

Delikate fargeknapper her:

 

 

Farga treknappar med to hull. Litt sterkare farge enn dei oppom her.

 

Søte Hjerter i tre. Til litt større prosjekt som jakker til barn fra 1 år og opp. Du finn dei her.

 

Små hjerter, perfekt til mindre prosjekt som babyklær. Dei finn du her.

100-pcs-Brown-Wood-Heart-Buttons-Lot-13x15MM-Craft-Kids-Sewing-Cards-Embellish

 

Veldig mørke brune knapper, nesten på grense til svart in real life. Perfekte til tøffe strikkaplagg som ikkje skal være så søte. Du finn dei her.

 

15 mm veldig fine treknapper finn du her.

 

Så då er det bare til å “go nuts”! Knappar treng ein alltid, også er det jo greit å ha eit bra utvalg 😉

Enlgafjell 1200 moh

Kvar sommarferie prøver eg å ha minst ein stortur til fjells. I år var ingen unntak, og eg fekk for meg at eg måtte på den siste toppen i Uskedalen som eg ikkje hadde vært på, nemlig Englafjell. Eg har alltid sett på den toppen som litt umulig å nå uten å måtte gå rett opp ei steinrøys, og det var nok mykje rett i den tanken..

Turen starta øverst på Eik, der vi gjekk innøve mot Flåtene og inn Eikedalen. Når du kjeme inn så tenke du at dette må være ein blindvei, men nei, du må bare klatre.😅

Når ein kjeme opp på toppen av Eikedalen, så går turen rett mot venstre. Går ein til høgre så kjem ein til Manen, eller ned mot Husnesfjella.

Det er vatn å hente heile veien opp til rundt 800-900 m. Etter det er det så og sei kun stein.

Ka då bratt? God vinkel? Veldig bratt. Godt eg ikkje var i kjelleren her då vertfall 😂

På toppen er det heilt flatt. Rett og slett ei stor steinrøys. Til høgre i bildet kan ein sjå Ulvanåso. Der var eg, Marte og Maren på sommartur i 2014.

På veg opp så var vi ikkje heilt sikre på om vi skulle gå ned igjen samme veien. Men når vi kom opp på toppen så var vi veldig sikre på at vi ville gå ned ein anna vei enn den vi gjekk opp😅

Turen gjekk heimøve ned mot Fet. Her var det egentlig til dels dårlig merka med raud T, men så lenge vi ikkje gjekk vidare i frå ein T før vi såg neste så gjekk det bra. Vi kom til dette rare fenomenet som ein kan sjå på bildet til høgre under her. Midt oppå fjellet ligg det store steinrøyser med kvit stein. Egentlig veldig fasinerande, og eg lurer så på kor den kjeme i frå. Kor har isen dradd den med seg i fra liksom. 🤔

Forstår ikkje heilt korleis det er mulig å gå verken opp eller ned her egentlig. 🤷

“En dag skal alt dette bli ditt”

Besto har alltid sagt at Englafjell er eit fjell eg ikkje trenge å gå på. “det kan ikkje være nødvendig”, seier ho, fordi det er så bratt. Og ja, bratt var det, men det ser faktisk 100% verre ut i fra nedsida. Det ser egentlig ikkje ut til at det er mulig å gå her, men det var jo det. Så Besto, dette gjekk heilt fint. At det var bratt på toppen var ingenting å bekymre seg for, det var verre for kroppen i dagane etterpå 😅

Staycation

eller, det kan kanskje ikkje kallast det når vi egentlig eg begynt på jobb igjen? 😁 Men været her i Trøndelag er så upåklagelig at det føles som ferie etter jobb uansett.

Vi er heldige å har besøk av familie denne veka. Heldig for dei, og oss, at Trøndelag viser seg i frå si beste side no. Det har faktisk nesten ikkje vært vind her heller dei siste dagane 🙈

Etter to veker på Vestlandet har eg ein del bilder eg har lyst å legge ut her og, men eg henger så langt bakpå med alt. Altså tur til Oslo i mars og mai, påske i Dublin og Frankrike i mai.. U’r up for a treat, når eg får rævo i gir 🙈😅

 

 

Sommerplanting

Vår, varme i været og 17.mai er litt synonymt med sommerplanting. 😁 I år klarte eg å drøye med å plante til 16.mai, og heldigvis for det då det var frost bare nokon dagar før. Det var ekstra kjekt å plante i år. Nytt hus, ny platting og nye blomsterkrukker! Eg har kjøpt alle mine på Jysk, men anbefaler ikkje dei store… Den eine har fått ein stygg mørk farge (ikkje på desse bida), så eg har ein sak pågåande med Jysk der. Sikkert bare ein feilproduksjon, men kjedelig når eg allerede har planta… Den største er jo fin, så kanskje eg anbefaler dei seinare, vifårsjå

Uansett! Eg kjøpte blomane på eit lokalt gartneri, samme som i fjor faktisk. Dei er veldig kunnskapsrike der, og om ein handlar på eit ugunstig tidspunkt (når ikkje alle andre er der) så får ein enormt med hjelp. Perfekt for ein med ikkje så grønne fingrar som meg. Eg vil jo bare at dei skal være fine og vare lenge! 😁

I år gjorde eg nåke nytt. Mulig det er eit velkjent triks for alle andre, men nytt for meg. Eg la “fiberduk” mellom lekakuler og jord slik at lekakulene ikkje skulle fyllast med jord og dreneringa bli ødelagt. Eg lyge litt når eg skrive fiberduk, for min type fiberduk er kaffifilter, som eg satsar på gjere samme nytten  🙈  Nei, så no kan bare sommaren (og alle andre gjester) bare komme 😁

Takk for ALT Forsvarsbygg

An era has come to an end!

Etter 5 år i tett forhold med Forsvarsbygg så har vi endelig sagt opp. Det har vært veldig behagelig å bu i Forsvarsbolig i alle disse åra, men h-e-r-r-e-g-u-d så deilig det var å avslutte det forholdet! Golvkaldt, gjennomtrekk, aldri oppvarma, gammalt and the list goes on… Vi gler oss stort til eit nytt kapittel sånn ca 200 m lengre bort i gata (ikkje så alt for store forhold her oppe nei…) 😁

Vi har kjøpt hus!

Ja, det er heilt sant.😁 Og det skjedde på ein måte så fort at vi nesten ikkje har fått summa oss enda.

Vi var på første visning 18. mars, la inn bud 25. mars og 27. mars hadde vi kjøpt bolig og 12.april overtok vi😅 Så her gjekk det virkelig fort i svingane kan ein sei.

Det er eit ende-rekkehus med seks enheter, der vi kjenner 3 av 5 av dei andre som bur her. Det var nok nesten hovedgrunnen til at vi valgte denne boligen. Hadde nok aldri kjøpt rekkehus om vi ikkje visste kven naboene var! 😊 Boligen er i frå 2015, så vi trenge jo absolutt ikkje gjere nåke som helst med den. Det er så deilig å ikkje flytte inn i eit oppussingsobjekt (sjølv om eg ein dag har veldig lyst til det og🙈).

Vi har vært så mykje på farten i det siste at vi ikkje har fått budd oss skikkelig inn enda. Ting er fortsatt litt kaos (i 2. etasje),men det skal vel ta litt tid? No gler vi oss bare til å nyte sommaren i det nye huset. Litt småprosjekt her og der kjem vi nok og til å holde på med, men vi har heldigvis god tid! No skal det nytes! 😊

Øyhopping

Eller det heiter vel ikkje det når eg bare tok båten i frå ei halvøy til ei øy, men eg reiste i alle fall utover mot øyane då!

Tidligare i veka var eg ein tur til Hitra for å besøke mediehuset Hitra Frøya. Spennande å få besøke andre og sjå korleis dei jobbar og tenker annerledes enn oss her på Fosen.  Eg har aldri vore på Hitra før, og eg trur øya viste seg i frå si aller beste side når eg var der. Skikkelig nydelig vintervær, blå himmel og så og sei vindstille!

Shameless selfie på bussholdeplassen

Bak treet og oppi der ligg sentrum av Hitra – Fillan

Nåken fine timar i øygapet før eg vendte nasen heimover til halvøya mi igjen. 🙂