Murica bound – 1 år i USA

No kan eg tenke meg det er ein del spente sjeler heime som ventar på ei oppdatering i frå oss over dammen. Vi kan meddele at vi har det heilt fantastisk! Vi har på tre dagar klart å ordne oss telefonnummer, bankkonto, hente og kjøpt bil og fått bestilt nye bilskilt! Altså, dette er ting som vi forventa skulle ta langt over ei veke, så vi er rimelig happy. Vi har ikkje akkurat fått pakka ut alt av kle enda, siden vi ikkje har overtatt leiligheten vi skal bu i dei neste 3 mnd. Den får vi i morgon/idag (mandag). *jippi*. Då kan eg endelig begynne å få det litt heimekoselig, og ikkje gå rundt med følelsen av at vi er på ferie og bur i koffert 🙂 

SAMSUNG CSC

To fornøyde jenter på mellomlandingen i Atlanta! Vi fekk faktisk all bagasjen, det var meir enn vi hadde håpa på.. 🙂

DCIM100GOPROGOPR0020.

Vi har kjørt mykje rundt i leigebilen til Eirik og Linda dei siste dagane. Blitt kjent med område vi bur i, småbyane rundt og fått shoppa litt av kvart til leiligheten. 

DCIM100GOPROGOPR0016.

“Kjærlighetsbenken” ligg 20 meter fra balkongen vår 🙂

Her har vi akkurat tatt ut 1000 $ i cash for å betale tax til biltilsynet ved kjøp av bil. Etter at vi hadde signert alt og nesten var klare til å gå, så kom sjefen bort til oss og sa at det var riktig slik vi sa, at folk som tilhørte den gruppa vi gjorde ikkje skulle betale tax ved kjøp av bil. Så slik blei det då at vi fekk tilbake dei 1000$ vi hadde tatt ut 10 min før. Lykkelige gjekk vi ut av DMV (biltilsynet) med eit midlertidig bilskilt og 14000 kr meir enn vi trudde vi skulle ha! For ein lykkedag!

Her er bassenget vi har 10 meter fra balkongen vår. Altså, kan det bli bedre? I huset til høgre ligg treningsrom og spelerom, og bak det ligg det ein tennisbane som er åpen heile døgnet. 

DCIM100GOPROGOPR0013.

Eg trur absolutt vi skal få det fint her dei neste 3 månadane! 

#usa #florida #iviusa #camaro2ss #flytte #reise 

Pakkeliste for eit år

Mitt store I-landsproblem om dagen er kva og korleis eg skal klare å pakke for eit heilt år. Eg vil jo helst ha tilgang på alt eg har her heime, men det vil jo ikkje være mulig. Det skal gjerne bli litt heimekoselig “over there”, så derfor har eg valgt å ta med litt interiør og diverse. Av hobbyting har eg ikkje pakka nåke endo.. Dette fordi det var så vanskelig å velge kva eg skulle ta med. Mulig eg tar med nåken tusjar, heklenåler og strikkepinnar, men dette har eg ikkje bestemt meg for enda.

Her er i alle fall ei foreløbig liste. Så får eg ta pappa sin metode når eg er ferdig, å ta vekk halvparten fra kofferten… Bah, skal jo ha plass til å ta med meg ein del heim og reknar eg med 😉

Eg har garantert skreve opp for masse på desse listene, så godt mulig eg kastar vekk nåke, og legg kanskje til nåke anna.. Heldigvis har vi god plass på vei bort. 2 store kofferta kvar, pluss to svære zarges kasser, så vi får med oss alt vi vil 🙂

Er det nåken som har pakka ned livet sitt for eit heilt år før? Som kanskje har nåken tips å komme med? 

 

#flytte #usa #moving #pakke #shopping #liste 

 

Vi flytter til USA!

Ja, det er faktisk sant! I Juli sitte vi på flyet over Atlanteren på vei mot eit nytt eventyr i USA. Det er gjennom Vegard sin jobb vi skal reise, og vi gler oss sånn! Han skal jo sjølvsagt på jobb/utdanning i vekedagane der borte, men eg skal bare være militarywife og nyte dagane på beachen og på shopping. Neida.. joda..;)

Vi er heldigvis ikkje dei einaste som skal reise på dette, så eg får godt selskap i lag med andre damer i samme situasjon 🙂 Eg har jo vært på ferie både på vest og austkysten før, og synes begge deler av landet var like fantastisk. Sjølvsagt blir det jo nåke heilt anna å faktisk skulle bu der borte permanent, i eit år, men vi gler oss. Alt blir jo nytt og spennande!

SAMSUNG CSC

Vi skal bu 3 + 3 månadar heilt på vestkysten av Florida ved Eglin Air Force Bace. Eglin ligg mellom to byar som heiter Fort Walton Beach og Niceville. Her reknar eg med det blir mykje beachlife og seriøs tanning på gang. Vi blir i Florida frå juli til oktober og frå mars/april til vi reiser heim igjen i juni/juli. Deilig med sommarmånadane i ein slik stat!

Vi skal og bu 6 månadar i Phoenix, Arizona. Phoenix er den største byen, og hovedstaden, i delstaten Arizona. Det bur faktisk over 1.5 millionar mennesker der, så dette er ein stor by! Arizona er kjent for ørkenlandskap, varm sommar og milde vinter. Den verdenskjente Grand Canyon ligg blandt anna her, og det finnes og ein rekke andre skogar, nasjoalparkar og indianerreservat (!). Her blir vi i frå oktober-mars/april, så vi får oppleva haust, “vinter” og vår her. 

Har du nåken tips til ting vi bare  oppleve mens vi er der borte? Hiv gjerne inn ein kommentar eller send meg ein mail, så vi ikkje går glipp av nåke! Vi vil jo oppleve så mykje som mulig når vi først er der 🙂

#usa #usalife #flytte #utlandet #bloggutland #bloggusa #florida #arizona