Oppsummering Mai:

Mai:

2.05: Eg delte at vi skulle reise til USA i eit heilt år! Les meir om det HER. No er det bare tre veker til vi står klare til å reise! Iih! Eg har begynne å pakka då, men ka i alle dagar pakkar ein med seg for eit år??

11.05: Koselig tur i nabolaget, der vi fann ei perle av ei strand! No hadde sola og sommaren og begynt å komme for fullt til sørlandet.

12.05: Eg hadde eksamen i praktisk økonomi (som vi forsåvidt ikkje snakka om….), og eg reiste heim til Kvinnherad. Sushi på kvelden blei ein god trøst!

13.05: Surpriseparty for Anita, mamma si gode venninne og mi “bonusmor”. Fantastisk gøy kveld med voksne og oss ungar 😉

14.05: Tok eg turen på cowboyparty i Rosendal. Fantastisk stemning med gode folk som eg ser så sjelden! Ja, og det er vel ikkje noko cowboyparty utan ein fjording? :p

15.05: Pappa har endelig kjøpt seg båt! Så vi hadde første turen med den, på ein heilt fantastisk nydelig dag! Kaffiselskap i Naustviko med familien blei det og 🙂 Fleire bilder HER.

16.05: Eg tok båten til Bergen for å møte Vegard. Han hadde vært der heile helga på besøk hos Morten, bror sin. Vi tok ein tur på vorspill hos ein kompis av Simen, søskenbarnet mitt. Før det bar ut på byn kor vi spratt champisen når klokka passerte midnatt!

17.05: Eg hadde store planar om å stå opp til champagnefrokost kl 07:30, men sov godt gjennom alle alarmane til eg våkna klokka 10.. Då spratt eg inn i bunaden og tok ein taxi ned til ei veninne av Ruth Elisabeth og starta feiringa av nasjonaldagen der. Etter kvart gjekk vi til byen og Trond og Vegard kom for å ta ein matbit med meg og Marte 🙂

20-22.05: Vel, VI GIFTA OSS lørdag 21.05. :p Litt kjapt og gale, siden vi reiser til USA snart. Dagen og kvelden blei feira med foreldre, søsken og forlovera til seint på natt. For ein fantastisk fin dag! 🙂 Eg gler meg allerede til vi skal gjere det “for real” om nokre år!

26-28.05: Åpning av butikken til Kristin heime. Les meir om det HER.

30.05: Eg klypte meg kort! Wææ, eg har fått så mykje skryt at eg velge å være fornøyd med det 🙂 Det veks jo ut igjen. Dessuten har det vært heilt fantastisk å ha litt kortare hår no i denne varmen som har vært dei siste vekene. Sjekk resultatet HER

I heile mai har vi og hatt mange koselige sammenkomstar på terrassen vår med naboar. Grilling, speling og gode samtalar er gull verdt <3

 

3 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg