DIY: Serviettringer

Til borddekking på julebordet vi hadde i helga, så måtte eg bruke litt kreativitet. Det blei ikkje så alt for mykje, men det enkle kan ofte være det beste. 

Det som er så fint med denne type serviettringar er at alle klarar å lage dei, og variasjonane er uendelige! Her kan du bruke alt fra raudt silkeband, kvitt garn, maling, glitter, avispapir, perler og ja, you name it.. Du kan lage serviettringar som passar til alle type selskap 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng bare: toalettrull, tjukk tråd og saks

Gjer slik: Klipp toalettrullen i ønska størrelse og surr tråd rundt og rundt. Knyt på innsida når du er komt heilt rundt. Enkelt og billig!

 SAMSUNG CSC

Enkelt, elegant og røft!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

#DIY #dropsgarn #gjørdetselv #hjemmelaga #hjemmelaget #kreativitet #kreasiw #pynt #design

 #idarosslandjul #enkelt #rom123 #bloggklubben #aftenposten #spisebord #dekkepå #selskap 

Oppskrift: Havreflarn

Ka er vel bedre enn karameliserte kjeks? Dette er og blir ein favoritt hos meg, og hadde det ikkje vært for samvittigheten min så hadde eg lett trykt i meg heile ladningen på ein kveld. Enkle å lage er dei og, med ingredienser som dei fleste nok har i kjøkkenskapa sine. 

Du treng:

  • 75 gram smør
  • 1 egg
  • 100 gram sukker
  • 1 ts bakepulver

 

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 200 grader.
  • Smelt smøret i ei panne, og hell smøret over havregryna.
  • Pisk egg og sukker til luftig eggedosis.
  • Tilsett bakepulver i eggedosisen, og bland inn smøret og havregrynet. Blad godt.
  • Før du tar fordeler deigen på bakepapirkledd steikeplate så kan du godt la den stå litt, slik at deigen blir litt tjukkare.
  • Legg ca 9 deigklumpar på ei steikeplate. Bruk ei teskei, kjeksa kjem til å sige veldig utøve. 
  • Steik ica 6-7 minutt midt i ovnen. Ta kjeksa ut når dei begynner å bli gyldne i kantane. 
  • Avkjøl først på steikeplata, før du tar dei øve på ei rist der dei kan kjøle heilt. Flyttar du dei for tidlig så vil dei enten bli ødelagte eller krølle seg. 

Om du vil kan du og tilsette litt hakka sjokolade i deigen, då vil dei få ein deilig sjokoladesmak. 

#idarosslandjul #godtno #oppskrift #baking #heimelaga #hjemmelaga #tineno #matprat #syvsorter

Tips: Krokanbitar

Som nevnt tidligare så var eg litt uheldig med eine ladningen med brente mandlar. Det var litt for dumt å kaste 300 gram ferdig glaserte mandlar, så derfor hakka eg dei rett og slett bare opp i mindre bitar. Desse bitane er fine å ha på feks is eller kesam. Lurt eller ka?

Eg putta dei oppi fine cellofanposar i fra Søstrene Grene, og no er dei klare til å få seg ein ny eigar til jul 🙂

#tips #triks #oppskrift #krokan #is #dessert #hjemmelaga #redesign #gjenbruk

DIY: Julekort

SAMSUNG CSC

Blei ikkje disse korta søte? Også så enkle då! Akkurat slik eg likar dei.

SAMSUNG CSC

Alt du treng er :

  • Stempel som eg tipsa om HER
  • Stempelputer
  • Julestempel fra Panduro
  • Ark 305×305 mm, vekt 216 g. fra Panduro

 

Start med å klippe arket i to, slik at du kan brette korta sammen. Så er det bare fantasien som setter grenser!  Eg brukte gullstempel fra Søstrene Grene.

SAMSUNG CSC

Håpar det er nåken som blir glade for å få dei til jul 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#diy #julekort #jul #christmas #hjemmelaga #hjemmelaget #gjørdetselv

#aftenposten #rom123 #redesign #kreasiw #pandurohobby #sostrenegrene 

Sjakkruter

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 250 g mjøl 
  • 100 g melis
  • 180 g godt smør
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ss kakao

 

Slik gjer du:

  • Bland mjøl og melis. Bruk gjerne eit dørslag, slik at det ikkje kjem klumpar i deigen.
  • Smuldre over mjukt smør og kna deigen sammen.
  • Del deigen i to like store delar. Kna inn vaniljesukker i den ene delen og kakao i den andre.
  •  Trill ut to hvite og to mørke stenger. Legg lys stang ved siden av mørk stang i to lag, slik at du får sjakkmønster. Trykk lett sammen og la stå kaldt til deigen har stivnet noe (ca. 30 min).
  •  Skjer skiver på ca 1 cm og legg den på bakepapirkledd stekeplate. Eg trykte dei litt flate og.
  • SteiSjakkk kakene midt i ovnen ved 175°C i 10 minutter. Avkjøles på rist.

 

Oppskrifta er henta fra detsoteliv.blogg.no

SAMSUNG CSC

Om du vil kan du putte kakene på eit fint glas og pynt opp, vips så har du ein julepresang i boks 🙂

SAMSUNG CSC

 #idarosslandjul #oppskrift #baking #melange #oppskrift #diy #hjemmelaga #godtno #matprat

Holly Jolly Christmas

Kremmerhuset er ein butikk som vokse og vokse på meg. Bare sjå kor mykje fint dei har fått inn til jul i år då? Som sagt er rødt jul for meg. Eg kan ikkje bare ha kvitt, sølv og glitter for å komme i julestemning, eg treng raude nissar og julekuler! I adventskalenderen i fjor fekk eg den fine raude puta av Vegard, og i år har han slått til med dådyret under her.  Den bokstavrekka skulle eg og veldig gjerne hatt, så stilig! Skulle nesten ønske eg hadde litt gull i leiligheten no.. 🙂

Alle bildene er fra Kremmerhuset sin julekolleksjon.  

Nåke du likar her? 🙂

#idarosslandjul #Kremmerhuset #jul #christmas #tips #gaver #shopping #bloggklubben #collage #side2 #gavetips

Hjort er hjort!

Lurer du på ka du skal ha til middag i kveld, ja då kan du bare slutte å lure.. Sjekk det kjøttet her då!  *smeltar på tunga*

No gjere vi klart til eit heidundrande julebord i morgon. Vi har invitert ein haug av venner på pinnekjøtt, som Vegard skal stå for. Det blir så koselig! Ha ein god fredagskveld <3

Du treng:

  • Eit godt kjøttstykke
  • Løk
  • Bacon
  • Rosenkål 
  • Fløyte
  • Salt og Pepper

 

Slik gjer du: 

  • Forvarm steikeovnen til 180 grader.
  • Salte og pepre kjøttet og fres det på høg varme i ca 1 min på kvar side, til det får ei fin skorpe.
  • Legg kjøttet i ildfast form og sett midt i steikeovnen i ca 25-35 min. Ta det ut og sjekk fargen på det etter 25 min.
  • Steik løk og bacon godt. Tilsett litt fløyte før servering, og varm opp.
  • Hiv rosenkålen i fosskokande vatn rett før servering. La den koke i 1-2 min. 
  • La kjøttet kvile litt etter du har tatt det ut. Skjær opp i fine stykker.

Voila!

#middag #tips #godtno #hjort #matprat #middagstips

Tips: Bokstavstempel

Eg har leita etter bokstavstempel til ein forsvarlig pris ei stund no. Og endelig kom eg øve desse her fra Clas Ohlson til 139 kr. Dei har både store og små bokstavar, og du får med fire små fargeputer på kjøpet. Veldig forsvarlig pris med tanke på kor lite dei sikkert kjem til å bli brukt.

SAMSUNG CSC 

Eg kjøpte og nåken andre stempelputer i sølv og gull hos TGR. Desse stråler det virkelig party rundt! Fine til julekort er dei og. Kvaliteten og kor lenge dei varer veit eg ikkje, men trur begge to kosta 50 kr til sammen. 

SAMSUNG CSC

Enda meir hobbyting i hus, godt Vegard ikkje veit kor mykje eg har. Gruer meg til den dagen vi skal flytte igjen…  

Kjekt å ha, det får jeg helt sikkert brukt for en vakker dag…

 

#tips #hobby#kreasiw #pandurohobby #diy #gjørdetselv #stempel #triks 

Nails on fleek

Før julebordet, den 27 november, fant eg ut at eg skulle ha ein liten heilrenovering. Eg fiksa både øyenbryn, hår og negler til den store dagen. Eg har alltid slitt med negla. Eller ´, dei vokse bare ikkje. Og viss dei mot formodning skulle finne på å vokse litt, så knekk eller fliser dei seg til med ein gang. Derfor fant eg ut at eg måtte legge forlengelse. Bare sjå utgangspunktet:

Og sjekk ferdig resultat! Så fornøyd 🙂 Ein blir så mykje meir feminin med ein gang ein får stelte negler!

Korte fingar blir lange og feminine.

No etter 15 dagar ser negla slik ut. Dei heng fortsatt veldig godt på og eg har pussa dei langt ned sjølv. Dei tålte til og med ein håndballkamp! Kvalitet. Dei vil nok halde i vertfall 1-2 veker til, så er eg klar for nye negler til juleferien!

#klinikkmatis #Kristiansand #negler #nailsonfleek

Oppskrift: Brente mandler

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 300 g mandlar
  • 100 g sukker eller melis
  • 1 dl vatn
  • Bakepapir
  • Litt olje til å smøre bakepapiret med

Slik gjer du:

  • Pensle pakepapiret med olje
  • Bland vatn, sukker og mandlar sammen i ei panne på medium varme
  • Rør underveis og pass på heile tida. Vatnet skal fordampe.
  • Når vatnet er ferdig fordampa skrur du varmen opp litt og sukkeret begynne å sjå tørt ut. Rør godt slik at ingenting svir!
  • Rør til sukkeret nok ein gang har løyst seg opp og har blitt karamellisert.
  • Tøm mandlane ut på bakepapiret og fordel dei utover. Bruk to tresleiver til å fordele, då sukkeret fortsatt er veldig varmt.
  • La dei kjølne på bakepapiret mens du brekk dei i fra kvarandre.
  • Oppbevar tørt og i eit tett glas.

Tips: du kan og tilsette forskjellige smakar til blandinga, som feks; salt, kanel, chili, vaniljesukker, kakao osv. Bare fantasien setter ein stopper her.

 

 
 
Knyte eit lite hamptau og julekuler rundt eit glas fylt med brente mandlar. Nydelig som julegave til den som har alt 🙂
 
SAMSUNG CSC
 
SAMSUNG CSC
#oppskrift #diy #hjemmelaga #brentemandler #snacks #godtno #detsoteliv #sukker #søtt #gavetips #idarosslandjul