Bakehelg

Helg og storm ute har betydd innedag og baking.  Etter at eg hadde kjørt Mats og Marie til flyet for eg heim og bakte havreflarn og brente mandlar, sjakkrutene laga eg på fredag. Eine ladningen av brente mandlar blei rett og slett for brent, så eg hakka dei opp til krokanbitar til is. Eg var og ein tur i skogen. Istadenfor å betale 400 kr for eit lite juletre på Plantasjen, så var eg å henta meg ei lita furu som eg har sett i vase. No begynner det å bli klart til årets vennejulebord på lørdag!


 

Nåken som vil ha oppskrifter? 🙂

#idarosslandjul #baking #mat #godtno #matprat #heimelaga 

DIY: Hekla kjøkkenklut

God søndag 🙂 Litt nytt på DIY fronten har blitt laga denne veka. Eg har hekla ein haug med fine kjøkkenklutar, som er superfine som julegave til for eksempel besteforeldre, tanter og foreldre. Dei er veldig enkle og lage og ein bruker ikkje så mange timer på å hekle sammen ein klut. Det finnes nok utallige oppskrifter på slike klutar, men dette er i alle fall ein som gjekk fort!

Start med å legge opp 35 luftmasker. Legg opp to ekstra som du skal snu med i første omgang. Altså, skal du hekle første stav i maske nummer 3 fra pinnen.

Deretter er det bare å følge dei to neste punkta til kluten har fått ønska størrelse. Eg valgte å ha dei kvadratiske.

  • 1.omgang: hekle 1 stamaske i kvar av fastmaskene. Snu med ei fastmaske ekstra.
  • 2. omgang: hekle 1 fastmaske i kvar av stavmaskene. Snu med to fastmasker.

 

Eg har brukt Søstrene Grene sin bommulstråd. Denne kan vaskast på 60 grader og er slitesterk. Det er anbefalt å bruke heklepinne nummer 2,5- 3, men eg velger å bruke nr 4 då kluten ikkje skal være for fast, og det går fortare 🙂

Rundt kanten har eg først hekla ein omgang med fastmasker før eg laga ein kant. Så hekla eg ei fastmaske og tre luftmaske før eg festa, ned i annenkvar maske. Det finnes mange forskjellige fine kantar ein kan hekle.

Damp dei lett med strykejern før du gir dei vekk.

Kan du ikkje hekle eller treng du litt hjelp? Ingen problem. Internett er fullt med gode instruksjonsvideoer 🙂 Her er film til korleis du heklar stavmasker og Her er film til korleis du heklar fastmasker.

 

Vil du teste?

#håndarbeid #hekling #DIY #gjørdetselv #selvlaga #hjemmelaga #hjemmelaget #selvlaget #kjøkken #aftenposten #rom123 #kk

 

Rolig start

Idag våkna eg klokka 09 av at vinden og regnet slo mot vinduet. Det har virkelig blåst opp til storm her på Sørlandet i natt. Etter ein lang og deilig dusj tusla eg ut på kjøkkenet og sette i gang med å lage brente mandlar. Det er kanskje det beste eg veit i jula, men bare på grunn av karamellen som er rundt. Gi meg eit kilo og eg ete det opp med ein gang… 

No sitte eg å nyte ei bøtta med grøn te fra Brew Tea. Den er så god! På tv´n surrer ski og alt tilseier at det blir ein rolig dag idag til tross for at vi har fått besøk av Mats, bror min, og kjæresten hans.  Kanskje det blir ut å ete ein tur, kanskje bowling? Vi tar det som det kjem 🙂  Eg elskar slike dagar!

#kos #høst #vinter #brewtea #storm #kristiansan

DIY: Pimp opp vinflasken

Å gi vekk vin som vertinnegave, bursdagsgave osv er som oftest ein innertier. Det eineste som er er jo at flakene ofte kan være litt kjedelige, og kan føles som ein “i siste liten gave”. Så for å gjere litt meir ut av det kan du jo alltids pynte på vinflaska litt, gjerne tilpassa personen som skal få den. 

Alt du treng er ei vinflaske, limpistol og pynt. 🙂 Enkelt og fint!

#vin #vertinnegave #diy #enkelt #gjørdetselv #selvlaget #kreativt #gave

DIY: Stjerne av trekuler

Denne ideen kom eg sjølvsagt over på Pintrest! Pinterest er bare heilt fantastisk, og er eit mekka når det gjeld inspirasjon. Dette er kanskje ein av dei enklaste tinga eg har lage, og resultatet er jo riktig lekkert. Ein kan jo og variere uttrykket på stjernene ved å male kulene i akkurat dei fargane som måtte passe seg.
Du treng:
  •  25 trekuler med hull
  • Tråd
  • Nål
Start med å lage ein ring meg 10 perler.  Tre deretter trekula på tråden og fest i kule nummer to.  Fortsett slik rundt, og du vil få ei stjerne!
Du kan då velge om du vil bruke den til gryteunderlag, eller som pynt på veggen.

Eg valgte å bruke dei som pynt, då stjerna blei litt mindre enn forventa pga størrelsen på kulene. Eg kjøpte mine kuler på Ebay HER. Mykje billigare enn på hobbybutikk.

#DIY #trekuler #gjørdetselv #hjemmelaga #hjemmelaget #kreativitet #kreasiw #pynt #design #enkelt #rom123 #bloggklubben #aftenposten #bordskåner

Oppskrift: Laks i kremet pasta

Under kjem ein veldig enkel lakserett som eg tippar alle kjem til å like. Eg skal være ærlig å sei at eg tenkte ikkje at pasta og fisk høyrte nåke godt sammen, men dette her smakte himmelsk! Prøv det!

Du treng:

  • 1 kryddermix fra Raske Retter  (fås kjøpt på Meny og Coop Mega)
  • 2 Laksefiletar
  • 100 gram sjarlottløk
  • Brokkoli
  • Fløyte 
  • 200 gram pasta
  • 1 dl vatn
  • 2 ss olje

 

Slik gjer du:

  • Bland først KRYDDERMIKS 1 med 2 ss olje kaldt i en stekepanne.
  • Varm opp blandingen under omrøring til du kjenner den gode krydderlukta.
  • Tilsett så sjalottløk og stek den gylden.
  • Bland deretter inn matfløyte, vatn og KRYDDERMIKS 2.
  • Ha i laksebiter og la retten småkoke under lokk i 3-5 minutter. Rør forsiktig av og til.
  • Kokt pasta og grønsaker røres inn rett før servering. 

#middag #pasta #laks #kremet #studentmat #kjappmat #enkelmiddag #godtno #fiskno #matprat #raskeretter

DIY: Nissefigur

Her kjem eit lite tips til ein fin og personlig julegave du kan lage. Eg kjøpte mønsteret mitt på Stoff og stil, men det ser ut til at dei bare har det i butikk 🙂

  • Start med å tegn opp og klipp ut alle delane på eit matpapir. 
  • Legg matpapirdelane på stoffet, og klipp rundt. 
  • Sy delane sammen. Eg begynte med å sy sammen nase og bein. Det var litt vanskelig, sidan  dei var så små og eg måtte fylle dei med vatt. 
  • Sy beina på kroppen. Deretter sydde eg skjegg og nase på samme del.
  • Sy så på toppen/nissehua.
  • No kjem det som er litt vanskelig, bunnen. Her sleit eg litt med å få det beint og fint, men det gjekk til slutt. Bare husk å bruke nok nåler når du fester rundt.
  • Sy så frå tuppen av nissehua og nesten ned til skøyten til kroppen, og fra bunnen og nesten opp til skøyten igjen. Du må ha ein liten åpning her siden du skal vrenge heile nissen og fylle den med vatt. 
  • For at nissen skulle bli meir stabil så sydde eg ein “pung” med stein i. Den la eg på bunnen av nissen før eg fylte den med vatt.
  • Deretter sydde eg sammen hullet bak for hånd.

#diy #gjørdetselv #hjemmelaga #håndarbeid #handarbeid #stoffogstil #sydet #sydetselv #nisse #julepynt #aftenposten #rom123 #kreativitet 

DIY: Pyntebrett

Så fine, enkle og elegante! Her er dei tre variantane eg har laga til no. Beisa i Jotun kullsort og Tyrilin Valnøtt.  

Framgangsmåte finn du HER

Om du ikkje vil lage sjølv, så kan eg kan lage på bestilling, om det er ønskelig. Ta bare kontakt på [email protected] 🙂

#diy #pyntebrett #serveringsbrett #valnøtt #interiør #beis #interior #gjørdetselv #hjemmelaga #jotun #tyrilin #krsbloggers