I år har virkelig påskeharen overgått seg sjølv! Eg fekk ikkje mindre enn to påskeegg idag + det eg fekk fra mamma tidligere i veka 😉 Det eine var til og med så stort at det måtte pakkast inn i ein pose 😀 Og sidan eg har vært godterifri sidan 1.januar, så fekk eg alternative egg 🙂
Vegrd kjenne meg godt, så han hadde blandt anna kjøpt boka Skappelstrikk til meg! Det kriblar i fingrane etter å begynne på nåke av dei fine plagga 🙂
Her sitte eg, glad og fornøyd med plankar og verktøy rundt meg. 🙂 Eg har eit lite/stort prosjekt på gang på badet. Så akkurat no er eg i gang med eit møbel som skal plasserast der, slik at eg kan få litt orden.. Når til og med Vegard synes det var litt for rotete, så tenkte eg at det kunne være greit å ta eit tak 😉
Sjekk forresten denne Rolls Roysen eg fekk til jul av mamma og Harald då, altså for ein fryd det er å sage litt material no! Sjølv om pappa ikkje var heilt imponert øve at eg skulle styre med denne heilt aleine. Men ka var det Pippi sa: “Dette har eg ikkje gjort før, så det klarer eg heilt sikkert!” 😀 Den går som ei kula, og eg har enda ikkje fått nåken naboklager i boretslaget 😉 Ja, vi bur i leilighetskompleks. *ler*
Gratulera med morsagen til verdens beste mamman min!<3 Du er den beste mamman eg kunne fått; så snill, god og omtenksom. Eg er glad du bare er mi, og at eg sleppe å dela deg med nåken!
Restefest og restefest, i alle fall fra i ettermiddag. Bollane eg laga til fastelavensfesten vi hadde, var like gode med pålegg på som med krem. No har eg akkurat ete meg ein bolle med god samvittighet, og er klar for senga. Bollane er nemlig ikke som vanlige bollar, dei er litt “sunnifiserte”. Oppskrifta kjem seinere i veka 🙂
Idag har eg spelt håndballkamp med jobben. Kampen gikk som alle andre kampar, vi vinn på godt humør og god stemning. 😉 Eg scora faktisk eit veldig fint mål idag, på tidenes kontring. Fekk ein lang pasning (kalles det pasning i håndball?), var heilt aleine med keeper og scora heldigvis. *klapp på skuldera*. Eg klarte og å få eit gult kort då, men siden eg ikkje heilt har forstått alle håndballreglane så forsto eg i alle fall ikkje kor det kortet kom i fra.. jaja 🙂
No har eg hatt meg eit langt bad, med ei stor skål med frukt og litt kesam. Eg kjenner beina er slitne og gler meg stort til å legge meg ned i senga, om ikkje så alt for lenge. I måro skal Linn, Anette, Vegard og eg ut å ete. Det er “Spis for 100” i byen, nåke som vil sei at mange resturantar selger ein til to rettar for kun 100 kr! Då gjeld det å slå til og utnytte tilbudet 🙂
Etter jobb på torsdag reiste eg til Oslo. Det er endelig januar, og tid for interiørmesse i Lillestrøm. Siden eg ikkje jobber i interiørbutikk no, så var eg egentlig ikkje forberedt på at eg skulle reise, men når sjangsen var der så måtte eg bare vere med!
Det å kunne gå rundt å sjå på årets trender, nye varer, høyre litt foredrag og bare ha ein dag fylt av gode inntrykk av interiør, kler og smykker er kjempe gøy! Det er ikkje akkurat for alle, det å gå å trø i fra kl 10 til 17.. Heller for oss spesiellt interesserte 😉
Årets trender er mykje det samme som i fjor, det skandinaviske, litt natur og rolige fargar. Fargar er viktig, no et det stopp på kvite veggar og sterilt (om vi skal følge ekspertane sine råd). Her er nåken bilder som viser litt av korleis årets trender/tendenser er:
Her er den nydelige standen til Secrets by B. For ei fantastisk hyggelig dame, og ikkje minst nydelige produkt. Årsaken til at vi snakka med ho var at det er nåken lokale damer heime i fra Rosendal som har styla og tatt bilder til katalogen hennes. Eg tok då nåken bilder for dei, slik at dei fekk sjå standen. Veldig flinke damer! 🙂 Sjekk ut @Dianaousdal og @hildringjorunlarsen på Instagram.
Litt (masse) mat må ein ha etter ein lang dag. Vi var på Delikatessen på Aker brygge, og nøyt ein nydelig tapas og god vin. Avsolutt å anbefale.
Lørdag møtte eg bror min,Truls, for lunch på Solliplass. Vi gjekk på ein thai inspirert resturant, der vi fek servert fem forskjellige smårettar som vi delte på. Utrulig mange gode smaker, virkelig å anbefale om dåke er i Oslo!
Ei fantastisk innholdsrik helg, men mange inntrykk og mykje god mat. Gler meg allerede til neste tur! :-*
Fredagen starta med ein liten togtur til Stavanger, der vi skulle ha årets nyttårsbord med jobben. For ein fantastisk gjeng eg er så heldig å ha til kolleger! På dagen hadde vi tidenes rebusløp i Stavanger sentrum, før vi hadde nyttårsbord med Casino Royal som tema. Det var nydelig mat, gambling, auksjon og dans til langt på natt.
Lørdag var det heim igjen i fra Stavanger og rett på senteretfor å finne antrekk for kvelden. Vi var nemlig på westernparty på Kjevik, med gode kolleger og venner. Her var det så absolutt topp stemning heile kvelden, både hos unge og mindre unge 😉
Eg kjenner det skal bli deilig å ha ei lity roligare helg no, sjølv om turen idag går til Oslo for Interiørmessa! Ein skikkelig jentetur, gler meg stort 🙂
Vi var oppe kl 06:00 idag, på ein lørdag.. Vi er litt usikre på om det er verdt det akuratt no, men om nåken timar er det nok god stemning! Vi er no på vei til Danmark!
Forrige lørdag brukte vi dagen like godt som vi skal idag. Vi hadde ein deilig mårning med ski på tv, før vi blei inspirert til å ta oss ein tur i Jegersberg sjølv! Det var veldig mykje folk i løypa, så det blei ikkje så lenge vi gikk.
På kvelden hadde eg “arrangert” date med ein hemmelighet på slutten! Og hemmeligheten var at vi var på Matoma-konsert i byen! Det var så god stemning 🙂 Vegard blei i alle fall veldig glad for overraskelsen!
Snøen er endelig komt til sørlandet! Det har snøa ei veke no, og det ser ikkje ut til at det skal gi seg heller. Brøytekantane er rimelig store, og mannskapet slit med å få brøyta vekk alt. Men ka gjer vel det? Snø gjer jo alt så mykje lysare og lettare!