Eller, egentlig ikkje.. Eg fekk nemlig tvinga Vegard til å gå på tidligvakt denne veka, slik at eg ikkje skulle sitte aleine på kveldane. Alle dei andre som bur i leilighetskomplekset som vi bur i har nemlig reist til Florida, og eg sitter igjen og må vente 2 veker til. 2 veker er ikkje all verden då, men 2 veker aleine er litt. Så no blir han i alle fall heime på kveldane (satse eg på.. Ingenting er jo sikkert egentlig 😅 )
Når han har tidligvakt må han stå opp kl 06, nåke som er litt for tidlig for meg. Men idag kom meg meg opp til kl 08! Trur nesten det må være ny rekord eller nåke…Eg kan ikkje sei vi er så veldig tidlig på den når Vegard er på seinvakt.. Så idag har eg fått mykje ut av dagen. Eg har satt sammen nåken filmar fra tidligare reiser og skreve jobbsøknad. Bah, sistnevnte e eit herk. Ikkje bare bare å få formulert seg godt når ein selger seg sjølv og kunnskapen sin. 🙈
I morgon er det siste lunch på basen og onsdag er det siste hobbykveld for min del.. Det har vært så gøy å være med i spouse klubben som er her! Dei er heilt enormt inkluderande og hyggelige, så det var i alle fall ingen problem å føle seg velkommen og med! Ellers så må eg vel begynne å pakke ned leiligheten snart.. Neste mandag kjem flyttebilen og skal hente flyttelasset vårt.. Huff, det er nå blitt ein del meir enn dei fire koffertane og to kassane vi hadde med oss over dammen 🙈 Sånn er det når ein ikkje har jobb og nåke å gjere! Då blir løysningen shopping eller soling då! 😅
Det skal bli godt å komme til Florida igjen. Ikkje bare er resten av gjengen der, men heile familien til Vegard kjeme på besøk i påsken! Vi gler oss sånn til å sjå dei igjen 😊 Dessuten får vi besøk av Marte og Kjell Kristian i mai!! 😃 Så vi rekke jo nesten ikkje å være aleine i Florida før vi vender snuten heimøve til Norge igjen🙈 Så spørs det bare på når vi har tenkt å bestille flybillett heim til Norge igjen då! Heim til haust og vinter…Eg kjenner eg gruar meg allerede.. 😐
Woho, vi har endelig kome oss opp på hesteryggen her i Arizona! 🐴
Ein av kollegaene til Vegard og Eirik her borte driv med rodeo. Og då ikkje av den vanlige amerikanske typen, men den skikkelige mexicanske typen. Vi var så heldige å bli invitert til å komme å sjå på ei helg. 😊 Linda og Eirik hadde vært på det før, og kunne “advare” oss litt om kva det var som venta oss. Det kunne egentlig være både og, men om ein er medlem av NOAH og slikt så bør ein kanskje ikkje ta turen.
I denne konkurransen skal 4 ryttera og 5 hestar være utpå banen. Dei skal springe rundt i ring også skal ein av rytterane prøva å hoppa øve på den hesten som ikkje har nåken på seg. Dette var jo forsåvidt greit, og ikkje nåke problem å sjå på. På bildet under står dei klare til å sleppe hesten ut og starte løpet. 😊
Her er banen.
Konkurransane holdt på heile dagen, så vi orka jo sjølvsagt ikkje å sitte i ro å sjå på heile tida, så vi fekk låne ein hest å ri litt rundt på området. Vegard påstår at han har ridd på hest før. Ein gang. På skuleplassen heime i dalen når han gjekk på barneskulen..😅
Virka litt skeptisk først, men etter kvart så sku ein ikkje tru han hadde gjort nåke anna!
Vi var sjølvsagt i riktig antrekk til dagen, cowboyhatt og boots!
Ekte mexicansk taco fekk vi og servert! Ein kan sei at det er ein rimelig stor forskjell i forhold til Norsk fredagstaco 🙈
Når dei ikkje var aktive på banen, så stoppa dei innom baren for ein øl. På hesteryggen sjølvsagt.
Altså, dei er så gjennomførte i stilen sin!!
Korpset holdt god stemning heile dagen!
I løpet av den eine “konkurransen”, så måtte eg bare tenke: “Dette er kultur, det er tradisjon, det er like “normalt” som at vi nordmenn går på ski..”. Egentlig prøve å overbevise meg sjølv litt. Her skulle dei ri etter ein stut kalv, prøve å ta tak i halen hans og dra han ned i bakken… Så får dei poeng då, om dei klarer det osv…🙄 Heldigvis så hadde ein del av kalvane skjønt opplegget, og bremsa slik at rytterane ikkje fekk tak i dei.
Her inne sto dei på rekke og rad, klare til å ri etter kalvane.
Altså, missforstå meg rett, det var ein enormt kjekk dag altså! Sjølv om vi kanskje gjekk der i frå med litt blanda følelsar, som måtte diskuterast litt i bilen på vei heim.. Forutenom den siste konkurransen den dagen så var det absolutt verdt turen. 😊
Tirsdagen, og tredje dagen med bil på Hawaii, skulle vi egentlig bade med hai i haibur. 😅 På grunn av kraftige mengder med vind, blei denne turen avlyst. Vegard var såå skuffa, då haibur virkelig er ein av dei store tinga på “bucketlisten” hans. Men som eg sa til han, naturens krefter kan vi faktisk ikkje gjere nåke med.. Til tross for avlyst haibur, så hadde vi jo bil. Og bilen måtte vi absolutt ta i bruk den dagen og! Som planlagt kjørte vi rett nordover på øya, i retning Haleiwa. På veien stoppa vi på nåke så sært som Dole sin ananas plantasje. 🍍 😅
Vi valgte å vær skikkelige turistar, og hoppa på ananas toget, som skulle ta oss med på ein 20 min reise gjennom ananas-historie på Hawaii. 😅
Vi såg mange forskjellige planter, og korleis dei vokste. At ananasen vokse øve bakken på ein busk er ikkje akkurat nåke eg har tenkt på tidligare, men no fekk vi sjå det og! 🙈
Slik vokser annanasplantene! Så vokse da ein og ein ananas opp i fra busken. 🍍🍍🍍 Kult?
Når vi nærma oss Haleiwa, byen nord på øya, så blei vi møtt av desse litt spesielle grantrea. Eg har ingen aning på kva dei heiter, så om nåken mot formodning veit det, kommenter gjerne! 😊
Haleiwa – Bysentrum nord på øya
Det er her dei store bølgene er, så vi såg mange flinke surfera i sjøen. Og spesielt den dagen vi egentlig skulle på haibur, men det blei avlyst.😣 Haleiwa er og “kjent” for Matsumotos shave ice. På første turen gjennom Haleiwa var vi innom ein resturant, og nåken butikkar, før vi kjørte vidare.
Uncle Bo´s Bar and Grill
Matsumotos shave ice
Den mest populære is-plassen på heile øya. Den har vært der heilt siden 1951, og er absolutt verdt eit besøk. Første dagen vi kjørte forbi var det laaaang kø, så vi stoppa ikkje då. Andre dagen var køen fortsatt litt lang, men eg var blitt fortalt at køen ikkje skulle skremme oss, då det gjekk fort. Tips: Be om kondensert melk på toppen av isen, smaken kjem sååå masse bedre fram! 😀
Litt kø ja..
Laniakea Beach:
Vestover i frå Haleiwa kjørte vi til enda ei strand. Ja, det er enormt med strender på denne øya, og vi var innom ein haug av dei og 😅 I alle fall, her hadde vi egentlig store forventningar til å få sjå skilpadde, då dei ofte bada og låg på stranda her.. I løpet av turen på øya, så var vi her to ganger og ingen av gangane fekk vi sett skilpadder.. Mens idag, 16.03, såg eg på Snapchat at det var rundt 6 skilpadder som var på denne stranda.. Så dei er heldigvis ikkje heilt skremt vekk av turistane! 😊
Solnedgangen her var fin då!
Waimea beach Park:
Sidan det var så himla masse bølger den dagen så kunne vi ikkje stoppe å bade på nåken av strendene på nordsida, utenom denne! Det er ein park som ligg litt inni ei bukt, slik at den er litt skjerma.
Vi blei tatt av bølgene nåken ganger her ja. Men det er jo gøy så lenge ein har litt kontroll 😅
Nydelig strand! Her kunne eg gjerne hatt ein heil dag, men det var det verken tid eller vær til! Eg er egentlig litt glad for at vi bur her i varmen no, slik at vi ikkje trenge “stressa” med å få sol på kroppen, slik som vanlige nordmenn gjer (og vi har gjort) når dei er på ferie.😅 Håpe eg klare å slå det i frå meg i framtida!😊
Ein tur på Pearl Harbor var vel nåke av det viktigaste vi skulle når vi var på Oahu. Det er jo sjølvsagt nåke dei aller fleste turistar og vil ha med seg, så vi var ikkje aleine. Den eine attrksjonen der, USS Arizona, er gratis å gå på, då den blir rekna som ein gravplass. Ein må likevel ha billett for å komme seg ut der, då det er eit minnesmerke som er laga over skipet, der det framleis ligg i sjøen. Det er og kun eit begrensa antall billettar kvar dag som blir delt ut, og dei pleide å forsvinne fort! Linda og Eirik hadde vært der når det åpna, og likevel ikkje fått billettar, så vi var litt spente.
Vi kom der 07:15, og dei åpna kl 07. Det var allerede lang kø, men den gjekk rimelig fort. Eg kan innrømme at eg faktisk var litt nervøs for om vi skulle få billettar, for eg syns det var så mange folk framfor oss. Men, vi var sjølvsagt så heldige at vi fekk! Det er nok stor forskjell på å være der i ein ferie, enn utanfor sesong 😊
USS Bowfin:
Medan vi venta på at det skulle bli vår tur til å ta båten ut på minnesmerket gjekk vi litt rundt på området og såg. Her låg blandt anna USS Bowfin, ein ubåt brukt under 2. verdenskrig og vidare. Den ligg no til kai, som eit museum på Pearl Harbor. Vi valgte å ikkje kjøpe billettar til den.
Desse støttene representerer ubåtane som vart brukt av USA under 2. verdenskrig. På kvar og ei støtte står det navnet til dei som omkom på vakt.
Ein liten torpedo som dei brukte på ubåtane.
Her er ankeret til USS Arizona, og ei minnestavle for dei som gjekk ned. Ein kan og skimte minnesmerket i sjøen til høgre på bildet. Det er ut dit vi tok båten kl 08:00.
USS Arizona
Då var vi klare for turen ut til USS Arizona sitt minnesmerke. Skipet var det største som låg til havn under angrepet på Pearl Harbor. Når det vart truffe og senka, tok det med seg ikkje mindre enn 1177 personar. Dei ligg enda inni skipet, og difor er skipet og minnesmerket rekna som ein gravplass. Folk som og arbeida på skipet, men som ikkje omkom den dagen, har i seinare tid og fått blitt gravlagt her, ilag med sine kamerater.
Det var skikkelig rart å komme ombord her. Stemningen var virkelig trykka og full av respekt for dei omkomne, og det amerikanske militæret generellt.
Ahh, enda ei turistfelle ja… Heldigvis for halvparten av folka på bildet på båten vi kom med, så det var litt bedre plass 😊
På første bildet er det enda ein minnesmerke. Dette er bygd der alle skipa som vart bomba sto. Ein kan og sjå dei i bakgrunnen på bilde nummer to. På bilde nummer to ser vi pipa til skipet som stikk opp.
På bilde nummer tre kan ein fortsatt sjå olje som renn ut i sjøen. Denne olja kjem faktisk i frå skipet! Det er 75 år sidan skipet sank, og det lekk fortsatt olje.
Her er eit overblikk på monumentet, og kva ein egentlig kan sjå. Dette bildet stjelte eg i fra Linda.
Litt mindre folk! Eg syns og ikkje minst at arkitekturen på bygget var heilt fantastisk!
Innerst i monumentet er det laga til som ei stor “gravstøtte”, der navna til alle dei fallne står. Vinduet og måten lyset fell på veggen blir kalla “Tree of life” – “Livets tree”. Nederst til høgre er det i ettertid lagt på navna til dei overlevande, som i seinare tid har gått bort. Dei er og gravlagt her.
I båten på vei øve igjen😊 Fulle i inntrykk, og veldig glad for at vi fekk oppleve denne plassen. Det er jo eigentlig så fjernt for oss, i den verden vi lev i no, men dette er jo faktisk nåke som har skjedd…
USS Missouri
Etter turen til USS Arizona, tok vi ein shuttlebus over til Ford Island for å sjå på battleshipet USS Missouri. Dette skipet har tidligare vært aktivt, men står no som eit museum her på Pearl Harbor. Det var på dette skipet Japanarane signerte sin endelige overgivelse.
Mannen til venstre var admiral og sjef for den amerikanske Stillehavsflåten, og leda sjøkrigen mot Japan i frå Hawaii. Figuren av dei to som kyssar er ein kopi av eit av dei mest kjente bilda som er tatt i 2. verdenskrig. Det symboliserer gleden folk følte på når dei høyrte at krigen var slutt.😊
Enorme kanoner! Bare sjå på menneska nede til venstre, dei er ikkje mykje store 😅
Kanonene på USS Missouri står peika mot minnesmerket til USS Arizona. Dette symboliserer at skipet passar på USS Arizona og mannskapet, som framleis ligg i vraket.
Her ligg ein kopi av kontrakten Japanarane skreiv 2. sept 1945. Om eg ikkje husker heilt feil så var det vel akkurat her på dekk det gjekk for seg og.
Siden vi ikkje fekk gå opp til brua (?), der kapteinen er, så gjekk vi heller ein runde nede i skipet. Veldig fasinerande, og ikkje minst forvirrande. Det var faktisk reine labyrinten! Etter å ha trødd her nede litt for lenge, så måtte vi bare gå ut. Det blei faktisk litt ekkelt syns eg 😅 Og bare sjå kor trangt dei “vanlige” kadettane(?) hadde det. Offiserane budde sjølvsagt litt bedre, med eige rom. Eg kan ikkje sei at dei kunne klage på maten dei hadde ombord heller. Er vel nett som dei har det på sjøen no det 😎
Vegard framfor kanonene bak på skipet. Litt av ein størrelse på dei!
Forbaskade renovering… Ødelegge jo heila bilde for meg 😅
Paradise Cove:
Etter ein morgon med så mykje kultur og historie, så kjørte vi rett og slett vidare mot vest. Vi var begge enige om at det kunne bli godt med litt strand og bading i det fine været. Etter tips i fra ei veninne av meg som har budd på Oahu, så skulle vi kjøre vidare vestover mot Paradise Cove. Her er det fire forskjellige bukter på kartet, men det er den femte som visst skulle være interessant. Ho sa det skulle være 3-4 sjøskilpadder der, og heller ingen mennesker.😃 Med godt mot kjørte vi vest og fant parkeringen. (For spesielt interesserte er det ein svært liten offentlig parkeringsplass rett før innkjørselen til Marriot hotell.) Med godt mot sto vi i køi 20 min for å få parkering, og spankulerte langs strand og stein for å finne fram til denne “hemmelige” stranda. 😊
Det er tydelig at det er nåken år siden kilden min budde på øya, for denne stranda var alt anna enn hemmelig lenger.. 😅 Den var sjølvsagt ikkje stappa full med folk, men slike som oss som hadde tatt oss bryet ved å klatre oss fram til ho. Ingen skilpadder var det heller… Litt skuffa, men fornøyd med å ha funne ei rolig og fin strand, la vi oss ned der i nåken timar.
Fantastisk landskap opp vestkysten og! Altså, sjååå på dei fjella då!! 😍
West Coast
Etter nok avslapping på stranda (det blir litt varmt i lengden) satt vi oss i bilen og kjørte enda meir nord-vest. Vi kjørte heilt til enden av veien, og stoppa på ei strand der oppe for å bade i bølgene.
Eg hadde lest at på vestkysten var det meir lokale, og at dei egentlig ikkje var så veldig vennlige mot turistar. eheee… Godt vi bare skulle på kjøretur 😅 Det var tydelig at det var fridag (president day), for strendene oppover var fulle av lokale familiar som grilla, festa, bada og kosa seg. På vei heim blei vi sjølvsagt ståande i ein laaaang kø, då alle skulle heim samtidig når sola var gått ned… Og når veisystemet er slik det er her borte (les: ubrukelig), så tar ting tid..
Vi fekk ein nydelig solnedgang mens vi sto i bilkø då! Kan virkelig anbefale solbnedgangen her oppe. 😊
Siden historie sikkert er mitt svakaste fag, og eg ikkje gidde å leite etter fakta, så har eg bare lest kvaLindahar skreve for å få ting riktig . Ho skriv og om livet i USA, og ting vi opplever her borte 😊
Dag nummer tre på Oahu leigde vi oss ein bil for tre dagar. Og når vi først skulle ha ein leigebil, så blei det sjølvsagt ein cabriolet.😎 Sjukt digg å kunne cruise langs kysten med håret blafrande i vinden. Det var nett som på film var det 😄
Spitting Cave:
Første stopp på kjøreturen var Spitting Cave. Dette området heilt sør/aust på Oahu var omtalt, av ei på Tripadvisor,som den finaste og mest oppsiktsvekkande plassen på heile øya. Vel… Greit nok det var klipper, langt ned til sjøen og store bølger. Men finaste plassen på øya? Er ikkje alt vi Nordmenn kan forstå. Vi er vel vane med litt dramatisk natur, så eg kan ikkje akkurat sei meg enig i den uttalelsen.
Det var jo ganske kult å sjå laga i fjellet, og korleis sjøen har “jobba” med fjellet i fleire år. Og at plassen heite “spitting cave”, vel vi såg ikkje nåke til det.. Mulig det var fjære? Fint område då! Og egentlig ein rolig plass å ligge å slikke sol på svaberget 😊
Vegard måtte jo kjøpe seg ei blodharry Hawaiiskjorte og. Det er vel obligatorisk når ein er på øya? 😅
Hanauma Bay:
Vidare kjørte vi til Hanauma Bay, ei bukt som det er heilt enormt mykje naturlig rev i. Stranda er jo ganske populer for turistar, og har faktisk eit år hatt over 3 millionar besøkande! Det er jo galskap.. Så for å klare å bevare og ta vare på dyrelivet tar dei inngangspengar for å komme inn. Ein må og igjennom ein informajsonsfilm før ein får lov å gå ned til bukta. Det ikkje var så mykje folk når vi var der. “Heldigvis” var det delvis overskya og, slik at vi ikkje blei nåke solbrente der vi låg å duppa i sjøen i 2 timar med rumpa i været.😅
Her kan ein sjå revet litt tydligare. Området var stort! Vi svømte ikkje så langt utøve då, klarte oss meir enn nok inne på grunna. Ingen grunn til å utfordre skjebnen, det er tross alt hai i stillehavet og 😅
Litt av dyrelivet 😀
Vi filma masse når vi var her, så eg skal sjå om eg klarer å sette sammen ein liten filmsnutt frå alle dei forskjellige fiskane vi såg 😊
Halona cove og Halona Blow Hole:
Halona cove er ei lita privat strand ein kunne klatre ned til. Den var vel ikkje så veldig privat lenger, når så mange har funne fram til den. Det er dessverre slik det er på mange av dei “gjemte” strendene her. Dei er alle funne, delt på internett, og blitt nye turistatraksjonar.. Ikkje løye dei lokale ønsker å holde dei skikkelig hemmelige og gode plassene for seg sjølv! Halona Blow hole var vell ei hule som det skulle sprute vatn ut av, men eg kan ikkje sei det var mykje som kom. Den ligg ytterst til bilde til venstre, der du kan skimte nåken folk og. Utsikten utover her var forresten veldig fin. Er du heldig kan du sjå kval! 😀
Det mest fasinerande med heile øya må vel kanskje være naturen. Fjella var heilt utrulige. Så ekstremt dramatiske. Skulle ønske vi kunne tatt ein tur innover i fjella/regnskogen, men det blei med tanken. Trur ikkje det hadde vært så spennande å gått inn der aleine heller 😅
Lanaikai beach:
Dette må nok ha vært den finaste stranda på heile øya. Den ligge inni eit boligområde, så det er ikkje mykje til parkering her. Kan anbefale å parkere på Kailua beach park, og heller gå dei 5-10 minuttane bort til stranda. Kvit sand og turkisblått hav var absolutt fristande, men planen vår var kun ein liten stopp.😊
Det blåste opp etterkvart, så eg er gla vi droppa å bade her. Generelt sett var ikkje været det beste på turen vår, sjølv om vi ikkje skal klage på 25 grader og delvis øveskya. Ja, eg veit, vi er blitt litt bortskjemte med fint vær etter å ha budd i Florida og Arizona det siste året😅 Så siden vi har så fint vær “heime”, så gjorde det oss ikkje nåke at vi ikkje hadde knall blå himmel og sol kvart dag. Vi får liksom nok av det heime 😊
Oki, midt mellom alle dei solfylte innlegga fra Hawaii så må eg bare komme med tidenes lifehack i fra kjøkkenet i Phoenix. Nåken som har prøvd å vispe krem eller lignande i ei skål før? Også spruter det krem ut over heile kjøkkenet? Spesielt om det er ein krem med sjokolade i, og du har kvitt kjøkken. 😅 Yey! Så når eg tilfeldigvis raida Pinterest her ein dag, så kom eg over dette geniale trikset.
Alt du treng er ein stor papptallerken og nåke til å stikke hull med. Voila! Aldri meir sjokoladeflekkar på kvit vegg! 🙌 🙌 🙌 Bare sjå rundt skåla og bort på morten i hjørnet, det var før eg festa tallerkenen på.. Etterpå for alt oppi tallerkenen! Snakkes altås..!
Idag/igår er/var det den store pannekakedagen i Norge. Så etter å ha våkna til utallige bilder og snaps av folk som trykte i seg pannekaker, var ikkje valget for frokost så vanskelig nei. Halleluja for IKEA-blåbærsyltetøy til pannekakene!😊
Så her borte reddar altså IKEA kvardagen min, i alle fall på ein måte. Her i Usa så har eg faktisk enda tilgode å finne eit blåbærsyltetøy som smakar någelunde godt. Syltetøya her er som oftast enten uten klumpar (la meg kjenne at det er bær i det!), fulle i sukker, fulle i stevia eller laga som gele. Blåbær har eg forsåvidt heller ikkje funne trur eg.. Eg har derfor innsett at eg kanskje bør minske krava på syltetøy, eller rett og slett lage sjølv.. Sistnevnte er tiltak, så eg gjekk for førstnevnte.🙈 Vi er og så heldige å ha IKEA kun 30-40 min unna, og dei har jo “skikkelig” blåbærsyltetøy! Altså, i den betydning så skikkelig som det kan bli her borte.. Gler meg til å komme heim til Nora! Til og med Eldorado og First Price kan gå då..🙈
Ellers våkna eg til pøsregn her i Phoenix idag. Eg valgte derfor å sova litt lenger, og våkna for andre gang, til strålande sol! Så no sitte eg fint ute på terrassen vår og nyte ein frokost i solsteiken. Håpar dåke ikkje blir for misunnelige på været vi har😜
Lørdag, dag 2 på Hawaii, var det delvis overskya på øya. Vi valgte derfor å ta ein liten tur til toppen av eit gammalt vulkankrater. Denne turen er veldig populær for turistar, fordi den er så nært Waikiki og den gir eit superfint overblikk over stranda og byen innover. 😊 Vi tok Uber inn til krateret, og betalte då ikkje for parkering, men kun 1$ for kvar av oss sjølve.
Turen var vel spådd til at skulle ta 1-2 timar (amerikanske turtimar 🙈) , vi gjekk på og brukte rundt 20 minuttar til toppen. Då var vi bra varme og då, men deilig å få litt ut av turen når ein først går!
På toppen! Med Waikiki Beach i bakgrunnen 😊
Det var mykje trapper, både opp og ned. Etter at ein har gått igjennom ein tunell inni fjellet, så kan ein velge om ein vil ta den harde veien opp trappene til høgre, eller den lettare varianten opp trappene til venstre. Vi tok dei til høgre opp, og dei til venstre ned 😊
Med krateret og parkeringsplassen i bakgrunnen. Med andre ord er det rimelig lenge siden dette var nåken vulkan. Her er og Vegard inne i den eine tunellen på vei opp til toppen. Det var heilt mørkt inni der.
Vel nede i krateret etter å ha gått meir eller mindre i kø heile veien ned. Fekk meg heldigvis ein shave ice då, nåke om dei selge øve alt på øya!
Heim igjen gjekk vi gjennom tunellen ut fra krateret og hoppa på den neste bussen som kom. 🙈 Vi satsa på at vi kom oss nærmare byen, og det gjorde vi og. Trur den kosta 1-2 $ ish. Her er tunellen ut av krateret.
Oki, må bare sei dette. Asiaterane er øve alt på denne øya. Eg har faktisk aldri sett så mange asiatiske turistar samla på ein plass før. Alt sto på asiatiske språk, dei hadde til og med eigne bussar som kun var for asiaterane. s.j.u.k.t
Då var vi endelig komt oss heim i frå ein 10 dagars nydelig tur til O´ahu, Hawaii.🌺 Eg skrive endelig fordi, borte bra med heime best, sjølv om heime nett no ikkje er i kalde Norge. Det var så rart, og gøy, å stå på flyplassen i Honolulu og sei “Tenk, om 8 timar er vi ikkje heime i kalde Norge fra denne varme gode ferien, vi er tilbake i den varme ørkenen vi bur i!”. Håpar vi ikkje tar det for gitt, for vi er heldige som sleppe heim til kulden heilt enda. 😊
Ferien har vært opplevelsesrik, avslappande og fantastisk på alle måtar. Vi har nytt kvar dag, ikkje stressa, fått gjort nesten alt vi (les: eg) ville og bare fått lada batteria til Vegard før siste innspurt her i Phoenix. Eg har så masse fine bilder, tips, opplevelsar og filmar eg har lyst å dele med dåke, men først må eg nok ta det litt rolig her. Det slår liksom aldri heilt feil. Eg + Aircondition = usant. Siste natta frøys eg nok litt pga ein blanding av solbrent, aircondition og at eg satt i våte kle etter vi var i haibur(!!) (meir om det seinare), så eg har altså klart å bli sjuk. Enda godt eg ikkje har nåke spesielt eg trenge vær frisk for, eg har jo bare reist i fra ein ferie til ein anna 😜
Her er eit bilde fra det fine hotellrommet vårt! Altså, eg er så glad for at eg valgte dette hotellet! Og ja, eg kan vel innrømme det at eg valgte hotellet for både beliggenhet og korleis rommet såg ut. Hotellet vi budde på heite Pacific Beach Hotell, og kan anbefalast på da sterkaste om nåken ønske hotellrom midt på Waikiki beach. 😄
Ja, det er heilt sant!🌴☀️️ Eg har overraska Vegard med ein ferietur til Oahu, hovedøya på Hawai’i.🙈 Fram til torsdag ettermiddag så trudde han at han skulle på jobb idag, fredag. Eg ville fortsatt ikkje sei nåke til han før vi kom på flyplassen på fredag. Han var skråsikker på at vi skulle til Seattle eller Houston, og at det kun var ei langhelg😅. Han hadde faktisk ingen aning om at vi skulle til Hawai’i, så det var veldig gøy å overraske han med det! 😀
No ligge vi på Hotellet som ligg midt på Waikiki beach, og det er bare heilt fantastisk! Rommet er nyoppussa, og sjølv om vi kun hadde bestilt med delvis sjøutsikt, så vil eg virkelig sei at vi fekk god utsikt fra balkongen vår. Vi ankom Oahu i 12-13 tida idag, etter ikkje mindre enn 7 timar direktefly frå fastlandet. Hawaii er virkelig midt ute i ingenmannsland altså!😅
Etter at vi hadde sjekka inn tok vi ein gåtur langs området her. Vi fant Cheese Cake Factory, ein populær kjederesturant som vi har planlagt å teste ut fleire ganger tidligare, men på grunn av konstant lang kø så har vi droppa det. Denne gangen var det ikkje kø, og det var eg virkelig glad for når vi såg menyen. Søren så mykje godt! Kan virkelig anbefales ja 😊
Og eit lite stykke med dei berømte ostekakene måtte vi ta med oss til hotellet og. Yum! Godt da ikkje er ferie kvar dag..🙈
Surfebrett over alt! Blir kjekt å sjå aktiviteten på dei andre strendene rundt her 🌴
Så no gler vi oss bare til dagane vidare her på Oahu, og satsar på å få opplevd litt forskjellig av det denne øya har å by på. Kom gjerne med tips, om du har nåken på lur! 💞