Topptur til Superstition mountain!

Oki, dett innlegget er ein evighet gammalt.. Men, siden eg fant det, og har lyst å dele alle fjellturane vi har vært på, så hiver eg det ut no. Dessuten så er det rimelig spektakulært i forhold til dei andre turane!

___________________________________________________________

Denne turen vi var på før jul er rekna som den tøffaste turen i Arizona. Sjølv er eg ikkje heilt sikker, då det er ganske masse fjell nord i staten. Men dette var orda skogvokteren gav oss, og fjellet var virkelig ein utfordring! Toppen midt på bildet var målet for dagen. Kan vel innrømme at vi ble litt motlause når vi sto der og skulle starte på turen 😅  Men med godt mot satte vi i gang!

Her er vi heile gjengen med godt mot før det verste startar!

Fjellet er på andre sida av byen, men i rushtrafikken og siden vi måtte gjennom byn, så måtte vi kjøre kl 07 og vi var ikkje framme ved parkeringa før klokka var 09. Ganske sjukt å tenke på. Kjørt i 2 timar og er fortsatt i Phoenix….😅

Fjellet kallar dei Superstition mountain. Dette er eit fjell som det er ganske mange eventyr om, og då spesielt ein legende om “The Lost Dutchman´s Gold Mine”. Altså ein tysk immigrant som oppdaga ei gullmine i fjella. Han viste ikkje gullmina til nåken, og kvart år er det fleire og fleire mennesker som går i fjellet for å leite etter mina. Fleire har faktisk dødd i forsøket og..  Det seies og at legenden om “the lost dutchman´s gold mine” er den mest kjente gullmina i Amerikansk historie. Kult?

 

I alle fall. Det var så absolutt ein tøff tur med mykje klatring, men eg vil sei det er tyngre å gå på Melderskin, opp Muradalen eller på Ulvanåso.😅  (Fjell heime i kommunen eg er i frå).

Toppen vi skulle på blir kalla Flat Iron Mountain, fordi den ser ut som undersida på eit strykejern. 

Vi var heldige med at det var skygge heile veien, men eg vil absolutt ikkje anbefale å gå her på sommarstid (mai-okt). Dette på grunn av luftfuktighet, og mangel på vatn!

SAMSUNG CSC

Når vi kom opp på toppen og kunne sjå utøve byen, så fekk eg skikkelig “Løvenes Konge” følelse. haha.. Fjellet minna litt om Preikestolen på toppen. Flatt og utfor kanten var det rett ned.

Tanya fant fram kniven (som ho alltid går med, uavhengig av om vi er på tur eller ikkje), og begynte å kutte litt kaktusfrukt til oss. Prickly pear heiter frukten. Kan minne litt om alovera i smak og konsistens. Fasinerande! Sist nåken av damene hadde vært på denne turen så møtte dei ein mann, uten sko. Han hadde då budd der oppe i 5 dagar, og overlevde kun på fuktigheten han fant i kaktusen.😅 Han var nok heller ikkje heilt med sine fulle fem etter alt dei fortalte..🙈

Her trur eg vi ser ned mot sør/øst delen av Phoenix. Eller Phoenix og Phoenix, dette blir vel ikkje kalla det..

Sjukt fasinerande steinformasjonar! Altså, korleis blir eit fjell slik??🤔

Rimelig glad og fornøyd med å ha nådd toppen!

Fornøyde med å ha nådd toppen!😊

Der oppe i midten var vi! Turen kan virkelig anbefalast! Men, ikkje gå der i sommarmånadane mars-sep, då er det rett og slett alt for varmt og faktisk farlig..

Eit godt stykke å gå i frå parkeringsplassen.

SAMSUNG CSC

Sjukt glad for at eg hadde mulighet til å være med på denne fine turen, og få lov til å oppleve dette! Men det hadde absolutt vært fasinerande å tatt dei med seg på ein fjelltur heime i Kvinnherad ja 😅

SAMSUNG CSC

#usa #phoenix #superstitionmountain #arizona #reise #fjelltur #redrock #iviusa #hike #wanderlust #ferie #usaferie

Makapuu Lighthouse Trail – Hawaii

SAMSUNG CSC

Hike nummer to vi fekk med oss på Oahu var Makapuu Lighthouse trail. Denne ligge heilt øst på øya, og ein kjem seg der til med buss eller leigebil. Denne turen skulle være veldig populær så vi forventa egentlig ein del folk, men ikkje så mange! På toppen krydde det av ungar som sprang rundt.. Det var egentlig ein veldig familievennlig tur, siden heile veien opp var eit asfaltert fortau..

SAMSUNG CSC

Det sto at ein brukte 2 timar på turen, nåke vi nekta å forstå.. Egentlig hadde vi litt dårlig tid, siden vi skulle levere tilbake bilen seinare på kvelden. Men siden vi nekta å tru at det tok 2 timar å gå opp, så fant vi ut at vi hadde tid til det! Litt har eg lært av amerikanera og tidsbruk på fjellturar her borte.. Dei legg som oftast til ein time eller to i forhold til det ein nordmann bruker 😆

SAMSUNG CSC

Parkeringsplassen og mot nord/aust sida av øya. 

SAMSUNG CSC

Toppen nådde vi etter ca 30-35 min kjapp gange. Så dei 2 timane det sto skreve at ein brukte opp og ned, kan eg ikkje forklare på nåke anna vis enn at dei går enormt sakte, og bruker lang tid på toppen.. 

SAMSUNG CSC

Her står vi heilt på toppen av Makapuu trail, og ser ned på lyshuset. Eg ville sjølvsagt ned dit, og då blei det nå slik at vi tok turen ned. Ikkje rett ned her på bildet, men ein litt mildare sti lengre nede. 😅  Det sto eit skilt om at ein ikkje skulle gå bort, lause steinar, og at dette var på eige ansvar. Så det er kanskje ikkje nødvendig å dra med seg ungar bort her.

SAMSUNG CSC

Sjølve lyshuset er gjæra inn. Dette er nok fordi det fortsatt er i bruk, og fordi turistar er gærne..😅

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Rett ned, altså ikkje nødvendig med ungar her! Det var nemlig ikkje alle plasser det var gjerde heller.

SAMSUNG CSC

Ganske stilig! Eg trur kanskje dette er det andre lyshuset/fyret eg har sett i mitt liv. 😊

SAMSUNG CSC

På gjerdet har fleire par hengt hengelåsar. Nåken av hengelåsane hang rimelig langt ute på gjerdet, og gjerdet går utfor eit stup rett ned.. 😦

Det er og mulig å sjå kval på vei opp til Lighthousen. Vi kan ikkje sei vi såg nåken, i alle fall ikkje klart. ✌️

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Solnedgangen rakk vi og på veien ned  😊

SAMSUNG CSC

Det var absolutt ein nydelig men rolig tur! Kan anbefales til både par, familie, barn og gamle 😊

SAMSUNG CSC

#hawaii #oahu #makapuu #lighthouse #hiking #tur #fjelltur #reise #travel #iviusa 

Gave i fra Presidenten!

Dagane fram mot flytting går fort, men eg klarer ikkje heilt å forstå det. Fram til idag har eg egentlig kun brukt dagane på å sole meg, gjere litt hobbyting og tatt livet med ro. 👌 Det har vært hetebølge her borte, med rundt 35 grader.. så det har vært deilig med aircondition! 😅

Idag er leiligheten eit totalt kaos…. 🙄 Vi har prøvd å pakke, men det er ikkje nødvendigvis så enkelt. Knusande ting, mat, kle osv osv… Flyttelasset blir henta på mandag, og vi vil gjerne bli ferdige idag! Det er vel bare å sette inn støtet, og kjøre på før kvelden kjem.😊 No har vi akkurat vært på butikken og handla inn tilbehør til pinnekjøttmiddag vi skal/må ha i morgon… ikkje bare bare å måtte ete ut av frysen nei😅 Jula varer til påske her ja!

Tirsdag var eg på 'te-party' på basem. Ein gang i mnd er det lunch med damene i spouse-klubben.😊 Kvar mnd er det eit nytt tema, og denne mnd var det 'high class tea party'. Der vi skulle kle oss i fine vårkjolar og ein hatt 👒 Det er veldig kjekt med slike lunchar, og så koselig å få møte alle andre damene og høyre deiras historiar og liv i millitæret. Nei, vi er heldige vi er i frå Norge ja! 😊

Ellers var eg på den siste hobbykvelden med jentene på basen på onsdag. Eg har vært med på ganske masse frivillig arbeid og engasjert meg ein del i spouseklubben her på Luke. Det er tydelig at dei har satt pris på det, for Chris, presidenten av klubben, kom med denne kule snømannen til meg! Altså, den er Arizona! 🌵 Eg blei så glad!! Gler meg allerede til desember når eg skal ta den fram igjen. 😊 Då kan vi tenke på dei fine mnd vi har hatt her i ørkenen, og kor mange fantastiske mennesker vi har vært heldige å bli kjent med 😊

#iviusa #reise #usa #ferie

🏈 Amerikansk Fotballkamp- NFL 🏈

Den 4.desember var siste heimekamp, og vår siste mulighet for å få med oss ein stor NFL kamp her i USA. Amerikansk fotball er liksom det virkelig STORE  av alle idrettane her borte, egentlig litt som ski heime, bare 1000 gangar større 🙈

Sesongen blei avslutta med New Orleans Saints mot Phoenix Cardinals! Denne kampen skulle egentlig mamma og Harald ha vært med på, men på grunn av evig lange forsinkelsar i London osv, så kom dei ikkje til Phoenix før mandagen. Uansett, så var eg, Vegard, Linda og Eirik (dei samme 4 som alltid er på tur ilag😅)  klare for å sjå kamp. Vi hadde til og med kjøpt oss like Cardinals drakter, i nummer 11. For min del passa jo det bra då mitt nummer på forballbanen når eg var på jentelaget var 11, men vi valgte det vel fordi det var den mest kjente spelaren, Fitzgerald.

Kvar søndag er det kampdag / gameday. 🏈 Då samlast det hundrevis av folk på parkeringsplassen og ein stor grasplen ved siden av stadionen, også har dei party. Dei kjeme der rundt 9 om morgonen og grillar, drikk, dansar og kosar seg til langt etter kampslutt. Det er ikkje alle som har billettar til kampen, men det gjer jo absolutt ikkje nåke når dei til og med tar med seg ein eige flatskjerm til denne festen. Heile dette opplegget kallar dei for “tailgating” her i usa. Eg trur det kjem av at dei lagar mat på lasteplanen på bilane før.

Alder var ingen hinder her. HEr var det alt i fra spedbarn med hørselsvern, ungar som sprang rundt å leika til gamle som gjekk rundt med stokk.. FOR EIT LIV 😃

Denne gjengen her stod for underholdningen både ute på plenen og inne på stadionen under pausen. Dei var råflinke!

Stor scene hadde dei og sjølvsagt..Med liveband som spelte musikk, i alle fall så lenge vi var der!

Åpningsshowet var stort, slik som alt anna er her. Vi satt nesten heilt øverst på tribunen og kunne kjenne varmen i fra flammekastarane godt!

Cheerleaderane hade kledd seg i nissedrakter og dansa til julesangar i pausen. Det er så fasinerande at dette er jobben deiras 🤔 😊

Og her, som på alle andre arrangement vi har vært på i USA, så starta folk å gå før kampen var ferdig. Greit nok at dei ikkje vant, men det går an å drøye an til 5 min før kampslutt. Det endar jo bare med at fleire og fleire folk går tidligare og tidligare.. Vi satt jo sjølvsagt igjen til slutt, då vi absolutt ikkje hadde nåke hastverk med å stå og gå i kø ut av stadionen 😏

Vi er veldig glade for at vi fekk med oss ein slik storkamp mens vi er her borte. Sjølv om alt av arrangement er kostbart, så er vi veldig glad vi tar oss råd til det. No manglar vi både basket og baseball før turen til Florida då, så det spørs om vi rekk det 😅

 

 

 

 

#gameday #footabll #arizona #cardinals #arizonacardinals #usa #utveksling #reise #travel #reisebloggen #sport #arrangement #iviusa

Vi har dykka med hai! 🐟

Altså, ein del av dåke har kanskje fått det med dåke, men til alle andre VI HAR VÆRT I HAIBUR! 😀  haha. Det må vel være lov å være litt i hundre då vel? Ein liten avkryssing på bucket listen  her i alle fall! Dette er jo og nåke Vegard har snakka om i minst 5 år no. 🙈 Det har liksom vært ein av dei store tinga han vil, i haibur med kvithai. No var det ikkje akkurat kvithai her vi dykka, men ein god oppvarming til eit eventuelt seinare dykk var det jo. 

SAMSUNG CSC

Siden haibur-turen vår blei avlyst på tirsdagen, så klarte vi å booke med eit anna selskap på fredagen. Været var visst likt som tidligare i veka, men dei skulle ta oss med ut. På vei ut så begynte bølgene, og sjøen med ein gang vi var utfor bukta. Egentlig ikkje nåke problem, sjølv om vi ikkje er sjøvante. Vi var 15 stk som skulle uti buret, og skulle gå uti i to forskjellige puljer. 

SAMSUNG CSC

Rimelig greit store bølger i området ja..

Gruppe nummer to, ikkje oss, var ein gjeng med 7 asiatiske ungdommar. Det virka absolutt ikkje som dei var vane med nåke som helst som heite sjø, og på båtturen ut til buret begynna dei å henge over kanten på båten…. 😅  Når dei til slutt kom uti buret, så var det få av dei som i heile tatt dukka under. Nåke eg syns var veldig rart. Så kunne han kule typen her, Mike, fortelle at den gjengen hang fast i buret og spydde ut dagens frokost. 😷  Altså, i haiburet! haha, stakkar folk…

SAMSUNG CSC

Klare til å hoppe uti! Det var jo litt skummelt å skulle hive seg uti eit bur midt i stillehavet, men det gjekk overraskande greit. Mulig det var fordi vi var så mange folk oppi buret på ein gang, eller fordi vi var mest opptatte med å sjå på alle haiane som svømte rundt oss. 😊

DCIM100GOPROGOPR0930.

Her er ein liten selfie med ein av haiane! Hehe.. Ikkje så veldig skummelt akkurat. Sjølv om eg var veldig forsiktig med kor eg plasserte føtter og hender, slik at dei ikkje kom utfor buret 😅  Eg fekk filma litt i fra turen og, så skal få lagt den ut om ikkje så alt for lenge 😊  Det var vel rundt 4-5 galapagos haiar på rundt 3-4 meter som svømte rundt oss. 🐟 Spennande!

Etter turen var vi rimelig stoka på adrenalin og glede. Altså, da var jo heilt surrealistisk at vi var rett ved siden av haiane då! Sjølv om haiane ikkje var sååå store, så var det fortsatt hai! Nei, no har vi varma opp til haibur med kvithai i Sør Afrika!  😅 

Her er buret vi var i. Det såg mykje større ut når det hang bakpå båten, enn når vi var 7 stykker oppi det i store bølger, foråseidetsånn! 😅

SAMSUNG CSC

Til tross for litt venting, avlysning tidligere i veka og litt fleire folk enn vi trudde på turen, så var det absolutt verdt turen! 😀

SAMSUNG CSC

#sharkdiving #haibur #hawaii #oahu #usa #reise #ferie #reisebloggen #wanderlust #iviusa #northshore #sharkadventures #sharkcage

Top Of Waikiki – Hawaii

Mens eg slite med gjennom hetebølga på 35 grader her i ørkenen, så får eg god tid til å sitte inne i airconditionen for å ta igjen litt “arbeid”. Ja, det går jo nesten an å kalle denne bloggen det til tider, for det er enormt masse tid som skal til for å lage innlegg med litt kvalitet, og ikkje minst lage videoar😅  All ære til bloggere som gjer det! Eg trur eg snart er ajour med alt vi har opplevd her borte på vestkysten av USA, slik at eg kan starte med “blanke ark” når vi kjem til Florida igjen.😊

___________________________________________________

Uansett tilbake til Hawaii! 🌺 Etter tre dagar med bil på Oahu, var det rimelig deilig å ta ein rolig dag på stranda. Vi hadde med oss dykkemaskene våre, og det er vi så glad for! Først var Vegard uti aleine og når han kom opp så kunne han fortelle om de største skilpadda ever. Eg blei sååå misunnelig, så vi måtte ta turen ut igjen for å sjå om vi fant den. Og det gjorde vi! Wii! Tenk at på den mest befolka stranda på Hawaii, der skulle vi få svømme med ei havskilpadde! 😃  Eg har film av den og, så det kjem når eg får tid 😊

SAMSUNG CSC

Eg fekk og gått meg ein liten runde på shopping og sett på litt kultur. Det skjer nåke over alt her! Her trur eg det er ein mann som dansar Luau, som er ein tradisjonell fest dans. Slik som ein ser for seg Hawai-dans er.🌺

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Top of Waikiki er ein restaurant som ligg i eit tårn med utsikt over Waikiki Beach. Den er litt finare, og den har derfor ein kleskode. Nåke som absolutt er heilt ok for ein slik restaurant vil eg sei. Det var kanskje litt dyrt i forhold til at resturanten er i USA, men ikkje dyrare enn at ein fint kan stå i det om ei har råd til å fly til Hawaii🙈

SAMSUNG CSC

Planen min var jo at eg ville sjå utsikten i frå denne resturanten, men siden sola går ned så ekstremt tidlig her, 18:30, så fant vi liksom ingen dag det passa oss. Pluss vi likar å ete litt seinare på kvelden for å få meir ut av dagen 😅  Men, etter ein del “travle” dagar med leigebil så var det godt med nåken avslappande dagar på stranda. Vi fant derfor tid til å være ferdig pynta kl 18 ein kveld! Og det er eg veldig glad for i ettertid, for det var veldig kult å ha vært der. 

SAMSUNG CSC

Resturanten snurrar faktisk 360 grader i timen! Med andre ord får du utsikt over heile byen på den tida du er der. Vi hadde bord kl 18:15 og kom perfekt bort til solnedgangen til klokka var 18:30. Det er bare å ringe å spør når sola går ned, det gjorde eg 😎

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fine mannen min 💕

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Nydelig himmel!

SAMSUNG CSC

Vi kosa oss sånn at når vi var ferdige med middagen, tok vi rulletrappa til etasjen under på ein skybar. Her kunne vi sitte ute under åpen himmel, nyte utsikten, live musikk og nåke godt i glasset. 🍹  Eg trur det var kleskode der og, og venteliste på bord. Men siden det var så masse ledig, så gjekk vi bare å satt oss ned i ein sofa 😅  Vært på tur før vi då!

SAMSUNG CSC

#waikiki #oahu #hawaii #reise #travel #ferie #blogg #reisebloggen #reiseblogg #iviusa #wanderlust #mat #opplevelse

Oppskrift: Heimelaga sursøt saus

Kvar gang eg har gått forbi sitrontrær og appelsintrær i nabolaget her har eg tenkt at “når dei er modne og klare, då skal eg banke på døra til folk å spør om eg kan få nåken”. Bare tenkt for ein luksus då? Appelsiner, sitron, grapefrukt og lignande, heilt ferskt på eit tre i hagen! I så fall, eg var på yoga ein dag, og då sto det ein pose med nyplukka sitron, og ein med nyplukka chili! Siden det var siste yogatime for dagen, og ingen andre ville ha, tok eg med meg resten heim. Eg fekk til og med delt litt med ei anna i gruppa her, Linda, siden eg og ho har snakka om desse ferske sitronene. Ho blei så glad 😊  Sitronene brukte eg oppskjært i vatn, mens chilien laga eg ein god sursøt saus av!   Innspirasjon/oppskrift til sausen fant eg her .

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 2 Raude chili
  • 3 fedd kvitløk
  • 0,5 dl eddik
  • 2,5 dl vatn
  • 1 ts salt
  • 100 gram sukker (Kan fint bruke mindre. Bare å prøve seg litt fram underveis.)
  • 1 ss maizena blanda ut i litt kaldt vatn

 

Slik gjer du:

  • Kutt opp chilien og fjern store deler av frøa. Kor masse frø du har i avhenger av kor sterk sausen blir. 
  • Ha alle ingrediensene utenom maizena i ein stavmikser og kjør til chilli og kvitløk er finhakka. Ha sausen over i ei panne, og la det småkoke i 10-15 min.
  • Mens sausen koker, hell forsiktig maizena blaninga i til du får ein passelig konsistens. Ikkje bruk for mykje, då sausen vil stivne enda meir når den kjølner.
  • Ps: eg juksa litt med fargen, då min saus blei heilt blank.. Brukte litt kondittorfarge eg då 🙈  Kanskje den blei blank pga typen chili? Ikkje veit eg.
  • Oppbevar sausen i eit tett glas eller boks i kjøleskapet, og server!

 

SAMSUNG CSC

#diy #oppskrift #saus #matprat #nrkmat #matblogg #matbloggen #tips #tipsogtriks #kreativ

VIDEO – Dobbins lookout Phoenix, Arizona

Her kjem ein liten video i frå toppen av Dobbins Lookout! Ein plass som absolutt er å anbefale, om ein er på tur til Phoenix. For å kjøre her til  googler ein bare “Dobbins Lookout at South Mountain” på gps´en😃  HER kan du sjå litt bilder i frå første turen opp.     Og HER kan du sjå bilder fra denne turen 😊

#usa #video #film #reise #travel #reisebloggen #iviusa #phoenix #arizona #ferie #wanderlust 

Storfint besøk i frå Norge!

Forrige onsdag kom det storfint besøk i frå Norge til oss! Søskenbarnet mitt Simen, og Camilla var så greie at dei kom ein tur øve dammen før vi flyttar til austsida av landet/ kontinentet. 😊  Sjølv om dei kun var i ei veke, så vil eg sei vi fekk gjort litt på den korte tida. Etter nåken dagar ved bassenget med total avslapping så fekk vi vist dei litt rundt i byen, gått på shopping, omvisning på jobben til Vegard og ein liten “fjelltur”. Eg skrive “fjelltur” i hermetegn, fordi vi kjørte heile veien opp..  Eg har vært der tidligare, men då gjekk eg opp. Det kan du lese HER.

SAMSUNG CSC

Det er veldig populært å gå på ridetur i South Mountain. Eg trur det blir arrangert 3-4 turar til dagen.😊

Gjengen på toppen med utsikt over byen i bakgrunnen! Sjølve “downtown” av Phoenix er den vetkle klustere med høge bygniknge til høgre i bildet. Ikkje mykje å skryte av i forhold til størrelsen på byen!

 

SAMSUNG CSC

Fine blomane som er komt til ørkenen! På grunn av “alt” regnet som har vært i vinter, så er det veldig frodigt og fint her no 😊

SAMSUNG CSC

Søndag og fint vær betyr mange turistar! Vi var heldige som fekk parkering på toppen 😊

SAMSUNG CSC

Etter turen til Dobbins kjørte vi i mot sentrum. Sentrum i Phoenix er ikkje spesielt mykje å skryte av, men vi gav det ein ny sjanse.

Det var faktisk litt meir liv her denne søndagen, enn det var sist vi var der. 😊

Vi fant oss ein restaurant som heite Arrogant Butcher, som ligg veldig sentralt i by´n. Kan absolutt anbefalast 😊 Tidligare har vi og ete på Hard Rock og Alice Cooper´s town, nåke som er litt meir bbq og saus på alle burgerane osv 🙈

I sentrum er det vel nesten kun kontorbygg, konsertarena og nåken resturantar. Lite som skjer utenom egentlig. Under her er arenaen som vi var å såg Bon Jovi i.

Vi gjekk og ein liten tur rundtom i byen i håp om å finne nåke anna enn kunn høge bygg, og fant denne parken. Civic Space park heiter den, og eg truuuuur det er ein del arrangement i den i helgene 😊 

Om ikkje anna så var i alle fall solnedgangen og himmelen i sentrum heilt fantastisk! 😍

#phoenix #usa #arizona #iviusa #travel #reise #reisebloggen #reiseblogg #wanderlust  #ferie