På dei 5 mnd vi har budd i Phoenix, så har vi rukke å få oppleva ein del turar i området rundt.💪 Eg er så glad for den turgruppa vi har vært med i! Så mange fantastiske og flotte mennesker vi har møtt! Ikkje minst har det hjelpt oss å ha nåke “fast” å gå til, men vi har og fått jobba mykje med engelsken vår på desse turane. Vi har ikkje nødvendigvis gått så fort kvar tur, sjølv om heile dagen går til turen. Vi snakkar mykje og har alltid ein sosial lunch etterpå! Kjempe koselig 😊
Påsken er rett rundt hjørna, og for oss her borte betyr det besøk! Heile familien til Vegard kjeme på påskeferie til veka, og vil gler oss stort! Dei siste vekene har vore litt stressande, og eg har hatt mykje å gjere kvar dag. Det er mange å sei hadet til og mykje å få med seg dei siste dagane ein bur ein plass. Midt oppi dette kaoset har eg sjølvsagt klart å pressa inn ein del hobby og! Eg trur det er når eg har mest å gjere, kreativiteten bobler og er bare må finne meg tid til det og. Det var nok min måte å bare utsette kjedelige flytteplikter på 😅 Denne DIY er veldig kjapp å lage, og kan fint gjerast i lag med ungar om ein ønsker! 🐥
Tråd. Gjerne litt tjukk ulltråd, så kyllingen blir fluffy.
Saks
Nebb (Eg brukte ein bite filt. Kan og tegnast på)
Auger (Kan og tegnast på)
Ein liten pappbit
Slik gjer du:
Surr tråden rundt 4 fingrar for kroppen og 3 fingrar for hovudet.
Knyt ein tråd stramt rundt midten.
Klipp opp trådane, slik at du får ein ball.
Friser pompomane ned, slik at dei blir jevne og fyldige
Bruk eit godt lag med lim for å feste ballane på kvarandre. Lim og på ein liten pappbit/ på undersida. Påskekyllingen blir då meir stabil.
Klipp ut eit nebb av filt, og lim eller tegn på auger. Litt skeive auger er bare sjarmerande!
Eg syns dei egentlig blei veldig sjarmerande eg.🐥 Super enkle og billige å lage er dei og. Perfekt helgesyssel med ungar! Mulig dei er i litt enklaste laget for oss voksne å lage og å ha framme, men dei gjere jo absolutt nytten sin dei få dagane påsken er. Sjarmerande er dei! 😊
Endeliiiiiig!! ☀️ Tilbake til Florida, betyr kun ein ting. Vi er tilbake på stranda og sjøen. 😍 Etter 5 mnd i ørkenen, begynte eg virkelig å kjenne på savnet etter å bare sjå sjøen igjen. Igår, søndag, skulle vi egentlig få bilane tidlig på morgonen, men dei kom jo aldri. Så eg og Vegard blei med Linda og Eirik på stranda i staden for å vente på bilane. Det var så godt å komme tilbake til sanden! Det var ikkje sååå varmt som det var tidligare i høst, men gode temperaturar uansett. Merka og at det er spring break i usa no. Stranda var jo stappa med turistar!
Linda og Eirik hadde med seg eit spel og. Vi ane ikkje ka det heiter, men det går ut på å kaste to ballar med tau, og få dei til å henge på ein av stolpane. Litt underholdande var det nå! 😊
Raud er 3 poeng, gul er 2 poeng og blå er 1 poeng. ✌️
Etter nåken timar på stranda kjørte vi innom ein italiensk resturant på veien heim. Vegard fekk endelig kjøpt seg creme brulee, nåke som han har crava i 3 veker. 😂 Når vi kom oss heim, hadde bilane komt og det var bare å få bært inn alle tinga vi hadde i den. Eg har endo ikkje fått pakka ut alt, eller hengt opp klea, så det får eg vel gjere når Vegard er på jobb idag 😊
Idag er det ikkje fult sååå fint vær her borte. Det er meldt ekstrem torden og lyn, med fare for tornadoar. Foreløbig er det kun litt regn, lyn og torden her som vi bur, så ikkje nåke spesielt å bekymre seg for. Verre er det for ein stor gjeng som skal kjøre heim i fra New Orleans idag.. Det er meldt hagl på størrelse med golfballar, veiane er stengte pga oversvømmelse osv.. HER og HER kan dåke lese meir om stormen som er/ er venta. Vegard fekk akkurat beskjed om at han skulle komme på jobb som vanlig, men om det blei nåken endringar kunne han få fri idag.
Vi får satse på at vi slepp å oppleve så mykje ekstremvær dei siste mnd vi er her, sjølv om det er litt spennande då! 😅 Forhåpentligvis kan vi nyte flest soldagar framover 😊
Årest siste hike i Phoenix blei til North Mountains. Desse fjella ligg rett nord for downtown Phoenix, så dei er ganske godt besøkte av folk. Eg hadde jo pakka alt av sko i bilen, og sendt avgårde til Florida, men heldigvis var Camilla ein reddande engel, og eg fekk joggesko til denne turen og. Vi gjekk ein runde som heiter 44, ein runde som vi kanskje bruke rundt ein time på(?). Koselig var det i alle fall, og vi var alle enige i at det var godt med ein litt rolig tur no når temperaturen begynner å stige! 😊
Det begynte rimelig bratt, rett opp i fra parkeringsplassen.
Vi gjekk opp ein asfaltert vei, opp til nåken tv-tårn(?). Her i fra snudde dei fleste andre å gjekk ned igjen samme veien, men vi gjekk vidare inn på stien her.😊 Trur det er her den “44” runden begynner.
Flott panoramautsikt over heile byen på toppen.
For ein fin gjeng <3 Her er det to tre amerikanere, to nordmenn og ein australiener på tur 😊
Downtown er rett ned den lange gata ein kan sjå midt på bildet, så fjellområdet er veldig sentralt. 😊
På vei ned i fra toppen holdt vi oss på stien, og gjekk mot venstre når stien splitta seg. Satsa på det beste!
Vi var ikkje heilt sikker på kor vi kom til å ende opp, men heldigvis var det ikkje langt i frå bilen. Vi hadde parkert på “Yavapai” og vi kom ned på “Havasupai”. Sjå bildene under for på forstå det 😅
Nydelig 💛
Kolibri, verdens minste fugl. Så gøy at den satt å viste seg fram for oss 😊
Takk for nok ein koselig tur der eg har fått oppleva ein ny del av Phoenix, og ørkenlandskapet! 💛
Då har vi endelig ankommet leiligheten i Florida! Denne gangen bur vi dessverre ikkje nærmare stranda, sjølv om det var noko vi var lova..🙄 Vi har fått leiligheter nord for interstate-10 (som er ein motorvei som går i fra Orlando til Los Angeles. Rimelig trafikkert med andre ord.), i ein by som folk kaller for sør-Alabama. Alabama er kjent for å være litt “hillbillie” og “redneck”. Altså, alt vi har høyrt om plassen er kun negativt, mykje kriminalitet osv osv.. Men, vi får håpe det ikkje er opplevelsen av plassen vi får. Eg går i alle fall inn i dei siste mnd i USA med eit åpent sinn, og har bestemt meg for at eg skal kose meg uansett kor eg bur! 😄 Så får leilighetsområdet heller føles litt som eit åpent fengsel då 😅
Dagen idag starta rimelig seint. Etter reisen i fra Phoenix i går, for vi rett på Walmart med Eirik og Linda og fekk handla inn det viktigaste. Etterpå for vi heim til dei for pizza, vin og øl. Det kom litt fleire folk etterkvart, og for å gjere lang historie kort så var vi ikkje heime før kol 06:00…😅 Gøy var det då! Heldigvis hadde vi handla inn til skikkelig feriefrokost idag, så eg mekka sammen egg og baconfrokost til oss på det nye spisebordet vårt. 😊
Etter frokost var vi ein liten tur å gjekk rundt leilighetsområdet tidligare idag.😊 Fekk ordna med postboks, sett bassenget, treningsrommet og kor dei andre bur. Vi går jo å venter på at bilen skal komme i fra Phoenix no, så vi er fortida uten bil.. Mens vi gjekk rundt her, så fekk eg eit lite stikk av panikk. Uten bil når Vegard er på jobb, her midt i skogen, 15 min å kjøre til nærmaste butikk, ingen muligheter for å gå nåken plasser, “aleine” kvar kveld og så og sei uten internett.. 🙄 Det kan bli spennande! Så lenge vi får bedre internett så satsar eg på det går greit.
Her er utleigekontoret. Sjå kor fint det blomstrar overalt her i forhold til i Phoenix.😄 Her er alt grønt, litt som heime i Norge på denne tida. 😊
Nærmaste nabo er eit skog og sumpområde. Vegard har eit mål om å sjå slangar og bjørn mens vi er her.
Her er gjesterommet vårt. 😊 Vi har større rom, men samme seng på vårt soverom. Senga er knøttliten då.. Vi har jo sove som nåken gudar i senga vi hadde i Phoenix.. Merka godt at Vegard trudde senga var større enn den var i natt ja, liten plass til meg!! 😅
Stova var stor og fint. Vi har og balkong med utsikt ut i ein hageflekk. Superheldige som ikkje har balkong mot parkeringsplassen. Her kan vi i alle fall få litt privatliv, ha oppe persiennene og bruke balkongen. Sol har vi og, heile dagen 😄
Når bilane og flyttelasset kjeme, så får eg heldigvis gjort det litt meir personlig her! Gler meg allerede 😊
Kjøkken! Endelig har vi benkeplass, det var det einaste eg ønska meg etter mnd i Phoenix. 🙌
Stort, fint og lyst!! Får jo lyst å holde det reint her 😆
Og gjestebadet. Vi har sjølvsagt to bad her og, slik som dei andre leilighetane våre.😊
Jaja, sjølv om området rundt ikkje er nåke å skryte av endo, så er i alle fall leilighetene nåke anna enn tidligare. Vi er i alle fall fornøyde med dei, og gler oss til nåken mnd i Florida no! Så får vi heller bare kjøre dei 40 min det tar til stranda ein gang i blandt 😊
HER er bilder av leiligheten i Florida sist gang. HER er bilder av leiligheten i Phoenix.😊
Endelig kjem det eit nytt DIY-innlegg her! Eg hadde egentlig ikkje trudd at eg skulle rekke det, med tanke på flytting osv. Ikkje det at eg kan skryte på meg at kvardagen min er så utrulig stressande, men ting tar litt tid her borte 😜 Alt handlar vel om prioriteringar, og det er eg god på om eg gjer nåke eg likar! Uansett, over til det det eg har laga!
Eg har gått litt lei av interiøret eg har med meg til Usa, så litt forandring (av og til) er veldig nødvendig. Einaste er at eg ikkje vil bruke så mykje pengar på det, då vi har så mange fine ting heime i Norge! Eg likte veldig godt at rammene var i gull, då eg har forelska meg litt for gull og svart det siste året. Litt elegant!
Denne DIY kostar ikkje all verden, og i alle fall ikkje om du har nåken gamle rammer liggande å støve ned. Den er og superenkel, og du treng kun 2-3 ting for å lage lanternene. 😊
Du treng:
4 like store bilderammer
Limpistol
Evt ei plate eller lignande til å bruke som bunn.
Slik gjer du:
Fjern bakdelen av ramma og lim fast glaset.
Lim deretter rammene sammen. Start med to og to.
Bruk eit flatt underlag for å få det beint.
Lim deretter alle rammene sammen, slik at det blir ein kvadrat. Sjå på bildet under for korleis.
Ferdig! Bøy gjerne dei svarte “flikane” inn, slik at dei ikkje vises så godt.
Tadaaa!
På den minste lanternen limte eg fast ei vanlig kjøkkenflis eg fant på butikken. Den var akkurat riktig størrelse, slik at eg trygt kan sette kubbelys direkte nedi, uten å tenke på brannfaren eller bordet. 😊 Skulle gjerne funne nåke lignande til den store lanternen og, så eg får ha augene åpne!
Er dei ikkje fine?? Er heilt forelska! 😍 No ligge dei i flyttelasset vårt, på vei til Florida. Men så snart dei er framme der, skal dei få komme opp på bordet igjen 😊 Satsar bare på at vi har ein balkong som går an å bruke!
Denne DIY kan, men trenge ikkje, gå under kategorien gjenbruk. Har du fire like store bilderammer liggande, så kan du fint bruke dei. Spraymal dei gjerne i ein kul farge, før du limer glaset fast. 😊
For ei stund siden fekk eg dradd Vegard med meg på enda ein søndagstur her i ørkenen. Eg fortalte kor vi skulle, og han sa litt halvhjerta ja. Men, han veit eg blir så glad når han blir med, så av og til så bare slår han til.😄 Uansett, når vi hadde satt oss i bilen, og eg var på vei opp mot motorveien og kjørte mot byen, så fekk han litt halvhjerta panikk og begynte å spør kor i alle dagar dette var, og kor lang tid det ville ta å kjøre der til. Eg svarte så rolig som eg bare klarte, at det tok rundt 70-80 min å kjøre 😅 Han var ikkje så veeeeldig fornøyd med svaret, siden han trudde det var maks 20 min.. Men heldigvis var det eg som kjørte, så det å snu var absolutt ikkje eit alternativ, så tur blei det 😉
Når vi klarte å komme oss av hovedveien, heeeeeeilt på andre sida av byen (og litt til), så var det rett over på ein skikkelig møkkete grusvei… Ikkje nok med at den var grus/sand, den var og hullete, humpete og umulig å kjøre på med ein bil som vår. Hehe, kan ikkje akkurat sei at vi har kjøpt oss ein offroad bil nei! 😅 Så når vi endeli kom fram, og hadde brukt 20 min på å kjøre 5 km på sand, såg ikkje bilen så veeeeldig rein ut kan ein sei. Vegard var lite imponert øve meg, og valget av tur eg hadde dradd han, OG bilen med på..🙄 ps: vi er fortsatt gift 😜
Når vi endelig kom fram og hadde fått parkert kom vi til dette skiltet. Fjellet er fritt for alle, tenkte eg som er Nordmann, og gjekk fint forbi! 💪 Eg trur ikkje dette skiltet betyr nåke. Eller, ingen brydde seg om det i alle fall.
Etter å ha gått ca 200 m på denne flate grusveien kjem du til eit veiskille. Ikkje følg stien (og skilta!) , som enten går til høgre eller venstre, gå rett fram gjennom gjerdet! Eg og Vegard gjekk jo sjølvsagt etter stien til venstre, og fekk oss ein 20 min lengre tur pga det. Men hallo, det er ikkje akkurat merka med raude Turistforening T´ar her i Usa.. Og den veien der var rimelig godt skjult bak steinen vil nå eg sei. 🙄
Før stigningen begynte var det ein haug med kule kaktusar og! 🌵 På dette bildet er det 3 av dei mest kjente kaktusane som er her borte. Saguaro (den høge), Teddy Bear Cholla (den “hårete” i midten) og Prickly Pear (den flate til venstre som ser ut som Mikke mus øyrer).
Nei, eg er ikkje heilt ferdig med å dele kaktusbilder enda 😅 Eg trur eg elskar kaktusar! Skulle ønske vi kunne tatt med oss nåken store heim til Norge… Og ikkje minst palmer og, det er nok favorittane. Gi meg nåken dagar til så er eg i Florida, og skal dele bilder av palmer!
Nei, vi skulle ikkje på toppen av det fjellet 😅 Hula er til høgre i bildet.
Hula er under den store steinen midt på bildet her.
Og her er årsaken til at det blir kalla Wave Cave, eller Bølge grotte, på godt norsk. Legg godviljen til, og det ser ut som eg står på ei bølge 😜
Og her er då den berømte bølga sett utanfrå. 🌊
Hula den var inni var og rimelig stor, Vegard blei rimelig liten i forhold!
Fantastisk utsikt utover eit veldig grønt og frodig landskap! Ein kan og sjå den lange grusveien snegle seg oppover..😅
Så var det tid for turen ned. Vi gjekk sjølvsagt akkurat når ein haug med andre folk prøvde å kava seg nedover.. Heldigvis skjønte dei at dei gjekk for seint for oss, og slapp oss forbi 😊
Gliset brakte oss 5 km på grusvei nedover igjen og! Godbilen vår 😘 For å blidgjere Vegard på vei heim, så fekk eg lurt han med meg på middag på IKEA og i kiosken der for å kjøpe smågodt! Etter han hadde fått det, så var nesten alt det negative ang turen glømt 😜
Då har vi endelig sendt både bilar og pakkeesker avgårde, og forhåpentligvis er dei trygt på vei til andre sida av kontinentet no. Flyttebyrået kom å henta alle eskene våre mandag morgon, og bilane blei henta samme dag i 18 tida. Litt tomt blei det her uten nåken ting, men heldigvis kjem nok bilen til Florida enten fredag eller lørdag, så vi skal sleppe å være så lenge uten.😊 Flyttelasset derimot… For å sei det sånn, den andre gruppa har venta i 16 dagar.. 🙄
Litt skummelt å sende gliset aleine på reise, men satser på at han er like hei og fin når han komme fram!😎
Ahh, området vi bur i er så fint! Kjeme virkelig til å savne dette.. Meeen, i Florida finnes det strand! Så skal absolutt ikkie klage 😎
Idag, eller i morgon tidlig, er eg, Vegard og Morten på vei til Antelope Canyon. Ein fantastisk nydelig plass heilt nord i Arizona. Haha… Alt desse mannane må bli med på! Kun 4-5 timar kjøring ein vei, og dei ville ikkje overnatte! Men, eg er så klar for roadtrip, at det gjer ikkje meg nåke å kjøre/ sitte på så lenge. Happy Wife, Happy Life! 😎
Til ein av årets største happeninger her i USA, nemlig Super Bowl, så laga eg innbakte minicalzone til å ta med på festen. vi var ein liten gjeng som var samla hos Linda og Eirik for anledningen.😄 Denne oppskrifta blei veldig sånn ca.. Eg fant oppskrifta på ei amerikansk side og siden vi ikkje bruker samme måleenhet, kan det bli litt forskjell. Men eg har prøvd å oversette så godt eg kan. Legg du godviljen til kan du sjå at dei skal ligne på ein amerikansk fotball og!😉
Igår våkna eg til solsnappar i frå stort sett alle heime i Norge. Det såg nesten ut til at det har vært eit skikkelig påskevær i store deler av landet? Så herlig! Uansett, så ringte Camilla å vekka meg i 11 tida.. Ja, det var kanskje litt seint, men vi var oppe så lenge natta før å prøvde å pakka resten av flyttelasset. Men det virker som om det aldri blir tomt. 😅
Etter å ha fått kledd på mannen, møtte vi Morten og kjørte til White Tanks Regional park. Det møtte vi resten av turfølget og var klare for ein søndagstur i ørkenen! 😊 Først skulle vi gå “Waterfall trail”, sjølv om det ikkje er mykje foss/bekk her uten at det har regna godt dagane i forveien.
Dette var då “pytten” som møtte oss 😅 Eg kan heilt ærlig innrømme at eg var litt skuffa.. Eg trudde i det minste den skulle være litt større! Greit nok at det ikkje hadde regna og at det var ein liten “foss” der, men altså…Dette er jo nesten mindre enn eit badekar 😅
Når det har regna skal det renne masse vatn ned rett bak oss. Som ein foss i frå toppen.
Guttane på tur! 😊
Og jentene på tur!😊
Sjølv om det var lite med fossefall, så har det som sagt regna bra her i vinter. Dette gir godt utslag på plantelivet, så det blomstrar så fint her no!😍 Veldig glade for at vi får oppleve denne sida av ørkenen og. Ikkje kun tørke!
På vei ned i fra Waterfall trail så kom vi forbi ei stor øgle! Først så trudde eg den var falsk, og anklaga nermast Camilla for å tulla med meg.😅 Men så bevegde den faktisk på seg til slutt. Kul eller? Og ganske stor egentlig, sånn i forhold til alle dei små på 10 cm vi har sett langs stiane tidligare.
Han poserte fint og !
Etter vi hadde gått Waterfall trail, så bestemte vi oss for å ta ein ekstra runde rundt ein trail som heiter Black Rock Trail.
Her var det mange informasjonsskilt langs veien, der ein kunne lese om dyrelivet og om faunaen i området vi gjekk i. Ein liten motivasjonsbooster for ungane var det i alle fall! 😊
Heile turen var egentlig ganske så flat. Faktisk så kan ein kjøre rullestol eller barnevogn på denne turen her.😊
Sjølv om turen ikkje var så slitsom, så var det absolutt deilig å få brukt nåken timar ute i finværet før vi skulle heim å pakke ferdig flyttelasset. Eg var litt lur, så eg stakk på Skjønnheten og Udyret nesten med ein gang vi kom heim. Og når kinoen var ferdig fekk eg servert julemiddag! Ja, vi hadde pinnekjøtt til middag i går vi 😅 Sånn blir det når ein må ete ut av frysen!