Bare sjå ka eg fant på Mester Grønn idag! Eg skulle egentlig handle nåken blomar, men det fant eg ikkje. Istaden kom eg ut med denne RÅ lysestaken! Var den ikkje kul? Eg har lenge gått å lurt på om eg skal ta inn nåke i kobber heime, og Vegard sin meining var vel ganske klart “nei”.. Men, han merker den vel ikkje før om nåken veker alikevell 😉 Den kan og brukast uten lys i, då bare snur eg den opp ned 😀 Og det beste av alt er vel at den berre kosta 60 kr.!
Før vi reiste heim på ferie, så bestillte vi oss ny sofa. Vi gjekk rundt i heile Sørlandsparken i håp om å finna ein sofa vi kunne ta med oss heim på dagen. Det var jo selvfølgelig lettare sagt enn gjort, då vi (eg) hadde ein del krav til utsjåande. 🙂 Vi fekk bestillt sofa med 6-8 vekers leveringstid, noko som ville sei at vi måtte vente til i allefall 22 august, men heldige som vi er fekk vi den allerede etter 4 veker 😀 Den er så stor og deilig, og med veldig god plass! 🙂 Ps: bare sjå vekk i frå bordet og alt som samla seg under det, ønsker meg eit nytt eit som ikkje har plate under… Og øla, den er til dei flinke militærmannane som bærte sofa og vaskemaskin t meg 😀
Litt etter litt begynne vi å komma til ro. Idag har eg brukt søndagen til skikkelige søndagsyssler. Eg har fått malt vitrineskapet, vaska kle, rydda kjøkken og fiksa litt på soverommet. Eg fekk jo med meg ein Vita Eos fjærlampe heim fra jobb denne veka, og har endelig fått hengt den skikkelig opp. Det første Vegard spørte om, var kvifor han hadde ein stor q-tip i taket på soverommet..Mannfolk.. Eg er spent på kva han seier i kveld når han ser trollhasselen på veggen :p
Sengesett – KID / Lampe – VITA Eos / Pledd – KID / Trollhassel – Hagen på Bømlo
I ferien har vi egentlig ikkje vore så langt, vi har faktisk ikkje vore utanfor Kvinnherad utanom ein tur til Stord og Bømlo. Men det gjer jo absolutt ikkje noko når ein har så fin natur, overnattingsmuligheter og gode venner rundt seg. Eg, Vegard, Marte, Trond, Kjersti, Martin og Svein tok oss ein telttur til Myrdal, innerst i Rosendal 🙂 Vi padla over vatne med kano og slo opp telta ved ei strand. Der kosa vi oss med bål, grillmat og god drikke 🙂
Endelig tilbake til Kristiansand og kvardagen. Leiligheten ser ut som om den har blitt bomba.. Denne veka har vi brukt på å komma i orden og pakka ut av mange av eskene, men eg føler ikkje vi blir ferdige før vi får sofaen om 2-3 veker. Tante, onkel og ungane har vore på besøk i to dagar no, så i natt fekk eg og tante endelig opp gardinene. 🙂 Eg har hatt handyman´s på besøk, og har fått oppvaksemaksin i hus. No more håndvask.. Vegard måtte bera den opp fra kjelleren sjølv, siden eg klarte å skjera meg kraftig på ei mandolin. Og foråseidasånn så er eg ikkje i full funksjon.:p No skal eg mala eit gammalt furuskap som eg har fått i frå pappa, det blir ein heisen jobb!
Tidlig torsdags morgon, etter at vi kom heim fra Kristiansand, så blei eg drege med på fjelltur. Eller turen var jo i bunn og grunn frivillig, men eg klarte jo ikkje sei nei og eg visste heller ikkje ka eg gjekk med på. Vi starta på 10:30 ved sjukehuset på Valo og gjekk oppover mot Varhaugselet og Mjelkhaug. Når vi var komne til mjelkhaug var vi allerede på 1000moh, men det hjalp lite når vi må gå ned i ein dal for å komma opp på Ulvanåso. Turen i knall sol gjekk veldig fint, utenom at det ikkje var merka sti i frå Mjelkhaug og til Ulvanåso..:p Så vi gjekk egentlig bare på feelingen, og satsa på at vi ikkje skulle gå oss i skårfeste.:p Men etter ei god stund fant vi ein vei ned, om den var riktig er eg ikkje heilt sikker på for den var veldig bratt..
Når vi sku gå i frå Høgetind og bort på Geitedalstind så såg vi virkelig ikkje heilt for oss korleis det skulle gå til. Klate jo ikkje sjå for oss at vi skulle balansera på ryggen oppover (som viste på bildet under). Heldigvis skulle vi gå opp på sida, men vi måtte fortsatt krabbe på alle fire. Og nedover? Eit kapittel for seg sjølv.. Stein, stein og atter stein… Vi brukte rundt 10 timar på turen, og det var inklusiv all rotinga etter ein ok vei å gå ned :p
Ahh, endelig ein dag eg fekk sova ut. Bare sjå kor lykkelig eg var når eg innsåg at eg hadde sove til kl var 11:30! Det var nemlig ikkje vanlig tidlig flygning idag, noko som betydde rolig start på dagen. Vegard sa det hadde vært ein scramble kl 10:30, men kroppen min må ha vore i koma- for det har ikkje eg fått med meg :p
Vi har og pakka i bilen idag, huff det blei fult. Bare vinterdekka tar jo heile bagasjerommet, så det blir trangt. Får bare håpa vi ikkje treng å overnatta i bilen på vei nedøve. For nokon plan, det har vi ikkje! Etter vi hadde sett Frankrike – Tyskland spelte vi Frisbee-golf. Dette er visst nok som er veldig populært her i Bodø, det er jo i alle fall tre banar her i byen. Det var egentlig heilt greit, ikkje noko meir eller mindre. Egentlig eit drittspel når eg kasta frisbeèn i skogen… Det beste med det heile er vel at klokka nærma seg midnatt når desse bildene blei tatt. Midnattsola her er so fantastisk. Eg er heilt fasinert. No, klokka 01:30 er det like lyst som midt på dagen! Fantastisk fint!
Det er så mykje så skjer i sommerbyen Kristiansand! Kvar tirsdag er det gratiskonsert på Fiskebrygga med Pål Rake i spissen, Torsdagane er det Sommer på Torvet med konsertar også er det Palmesus, Odderøyafest og mykje meir. Kjipt at vi ikkje får gått på Palmesus i år, det er jo Skandinavias største (?) beachparty! Neida, vi skal få det så kjekt i biltur fra Bodø til Kristiansand…
Vel, i går var vi som nevnt på konsert på fiskebrygga. Eg, Mona og Harry. Eg som det tredje hjulet.. Jaja, skal bli godt å få militærmannen heim no! Det var så koselig å sitta nede på brygga og høyra på livemusikken. Skikkelig allsang og god sommarsteming! Håpar vi kan få med oss siste tirsdagen i august, dette vil eg at Vegard skal få vere med på og 🙂 Håpar på mange likedan kveldar heime 🙂