DIY: Blomsterkasse med hjul

Til mamma sin bursdag fekk eg for meg at eg skulle laga ein stor blomsterkasse på hjul. Terrassen dei har bygd er så stor og flott, så ein blomsterkasse til å kunne avdele litt er fint 🙂 Å skru sammen kassen var egentlig fort gjort når plankane var kutta opp.   Fleire nettaviser har skreve om denne, les artikkelen blandt anna HER. Om du bruker oppskrifta er det fint om du linker til min blogg 🙂

Du treng:

  • 10 plank på 50 cm
  • 10 plank på 82 cm
  • 2 plank på 56 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 2 plank på 84 cm kutta i 45 grader vinkel
  • 4 tjukkare plank/ tjukke lektere på 50 cm
  • Plastbalje 65 l fra Felleskjøpet 
  • Terrasseskruer
  • 4 vendbare hjul
  • Drill, sag og bor

 

Slik gjorde eg:

  1. Sag opp alle lengdene.
  2. Bruk dei fire “tjukkare plank/ tjukke lekterane” til å sette opp ei ramme.
  3. Skru på 50 cm plank på to av “lekterane”. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei tre andre plankane og få like mellomrom mellom dei.
  4. Gjer deretter det samme med langsidene på 82 cm. Slik at hele plastbaljen blir kledd inn.
  5. Siden plastbaljen bare er 37 cm høg og kassen 50 cm, så måtte eg bygge plastkassen inni. Der brukte eg bare litt resteplank og skrudde fast, slik at baljen kan stå på den.
  6. På toppen kledde eg rundt med to plank på 56 cm og to plank på 84 cm som er kutta i 45 grader i endane. 
  7. I botnen av plastbaljen har eg og bora hol slik at vatnet kan renna gjennom. 
  8. Til slutt skrudde eg på hjul, slik at den enkelt kan flyttast på. Den er ganske tung, og når det i tillegg kjem jord og stein i den så blir den heller ikkje lettare. 
  9. No er den klar til å beisast!

Her kjem ein liten bildeserie, så kanskje forklaringane blir lettare då 🙂

 #blomsterkasse #blomster #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2

11 kommentarer

Siste innlegg