Vi har dykka med hai! 🐟

Altså, ein del av dåke har kanskje fått det med dåke, men til alle andre VI HAR VÆRT I HAIBUR! 😀  haha. Det må vel være lov å være litt i hundre då vel? Ein liten avkryssing på bucket listen  her i alle fall! Dette er jo og nåke Vegard har snakka om i minst 5 år no. 🙈 Det har liksom vært ein av dei store tinga han vil, i haibur med kvithai. No var det ikkje akkurat kvithai her vi dykka, men ein god oppvarming til eit eventuelt seinare dykk var det jo. 

SAMSUNG CSC

Siden haibur-turen vår blei avlyst på tirsdagen, så klarte vi å booke med eit anna selskap på fredagen. Været var visst likt som tidligare i veka, men dei skulle ta oss med ut. På vei ut så begynte bølgene, og sjøen med ein gang vi var utfor bukta. Egentlig ikkje nåke problem, sjølv om vi ikkje er sjøvante. Vi var 15 stk som skulle uti buret, og skulle gå uti i to forskjellige puljer. 

SAMSUNG CSC

Rimelig greit store bølger i området ja..

Gruppe nummer to, ikkje oss, var ein gjeng med 7 asiatiske ungdommar. Det virka absolutt ikkje som dei var vane med nåke som helst som heite sjø, og på båtturen ut til buret begynna dei å henge over kanten på båten…. 😅  Når dei til slutt kom uti buret, så var det få av dei som i heile tatt dukka under. Nåke eg syns var veldig rart. Så kunne han kule typen her, Mike, fortelle at den gjengen hang fast i buret og spydde ut dagens frokost. 😷  Altså, i haiburet! haha, stakkar folk…

SAMSUNG CSC

Klare til å hoppe uti! Det var jo litt skummelt å skulle hive seg uti eit bur midt i stillehavet, men det gjekk overraskande greit. Mulig det var fordi vi var så mange folk oppi buret på ein gang, eller fordi vi var mest opptatte med å sjå på alle haiane som svømte rundt oss. 😊

DCIM100GOPROGOPR0930.

Her er ein liten selfie med ein av haiane! Hehe.. Ikkje så veldig skummelt akkurat. Sjølv om eg var veldig forsiktig med kor eg plasserte føtter og hender, slik at dei ikkje kom utfor buret 😅  Eg fekk filma litt i fra turen og, så skal få lagt den ut om ikkje så alt for lenge 😊  Det var vel rundt 4-5 galapagos haiar på rundt 3-4 meter som svømte rundt oss. 🐟 Spennande!

Etter turen var vi rimelig stoka på adrenalin og glede. Altså, da var jo heilt surrealistisk at vi var rett ved siden av haiane då! Sjølv om haiane ikkje var sååå store, så var det fortsatt hai! Nei, no har vi varma opp til haibur med kvithai i Sør Afrika!  😅 

Her er buret vi var i. Det såg mykje større ut når det hang bakpå båten, enn når vi var 7 stykker oppi det i store bølger, foråseidetsånn! 😅

SAMSUNG CSC

Til tross for litt venting, avlysning tidligere i veka og litt fleire folk enn vi trudde på turen, så var det absolutt verdt turen! 😀

SAMSUNG CSC

#sharkdiving #haibur #hawaii #oahu #usa #reise #ferie #reisebloggen #wanderlust #iviusa #northshore #sharkadventures #sharkcage

Top Of Waikiki – Hawaii

Mens eg slite med gjennom hetebølga på 35 grader her i ørkenen, så får eg god tid til å sitte inne i airconditionen for å ta igjen litt “arbeid”. Ja, det går jo nesten an å kalle denne bloggen det til tider, for det er enormt masse tid som skal til for å lage innlegg med litt kvalitet, og ikkje minst lage videoar😅  All ære til bloggere som gjer det! Eg trur eg snart er ajour med alt vi har opplevd her borte på vestkysten av USA, slik at eg kan starte med “blanke ark” når vi kjem til Florida igjen.😊

___________________________________________________

Uansett tilbake til Hawaii! 🌺 Etter tre dagar med bil på Oahu, var det rimelig deilig å ta ein rolig dag på stranda. Vi hadde med oss dykkemaskene våre, og det er vi så glad for! Først var Vegard uti aleine og når han kom opp så kunne han fortelle om de største skilpadda ever. Eg blei sååå misunnelig, så vi måtte ta turen ut igjen for å sjå om vi fant den. Og det gjorde vi! Wii! Tenk at på den mest befolka stranda på Hawaii, der skulle vi få svømme med ei havskilpadde! 😃  Eg har film av den og, så det kjem når eg får tid 😊

SAMSUNG CSC

Eg fekk og gått meg ein liten runde på shopping og sett på litt kultur. Det skjer nåke over alt her! Her trur eg det er ein mann som dansar Luau, som er ein tradisjonell fest dans. Slik som ein ser for seg Hawai-dans er.🌺

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Top of Waikiki er ein restaurant som ligg i eit tårn med utsikt over Waikiki Beach. Den er litt finare, og den har derfor ein kleskode. Nåke som absolutt er heilt ok for ein slik restaurant vil eg sei. Det var kanskje litt dyrt i forhold til at resturanten er i USA, men ikkje dyrare enn at ein fint kan stå i det om ei har råd til å fly til Hawaii🙈

SAMSUNG CSC

Planen min var jo at eg ville sjå utsikten i frå denne resturanten, men siden sola går ned så ekstremt tidlig her, 18:30, så fant vi liksom ingen dag det passa oss. Pluss vi likar å ete litt seinare på kvelden for å få meir ut av dagen 😅  Men, etter ein del “travle” dagar med leigebil så var det godt med nåken avslappande dagar på stranda. Vi fant derfor tid til å være ferdig pynta kl 18 ein kveld! Og det er eg veldig glad for i ettertid, for det var veldig kult å ha vært der. 

SAMSUNG CSC

Resturanten snurrar faktisk 360 grader i timen! Med andre ord får du utsikt over heile byen på den tida du er der. Vi hadde bord kl 18:15 og kom perfekt bort til solnedgangen til klokka var 18:30. Det er bare å ringe å spør når sola går ned, det gjorde eg 😎

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fine mannen min 💕

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Nydelig himmel!

SAMSUNG CSC

Vi kosa oss sånn at når vi var ferdige med middagen, tok vi rulletrappa til etasjen under på ein skybar. Her kunne vi sitte ute under åpen himmel, nyte utsikten, live musikk og nåke godt i glasset. 🍹  Eg trur det var kleskode der og, og venteliste på bord. Men siden det var så masse ledig, så gjekk vi bare å satt oss ned i ein sofa 😅  Vært på tur før vi då!

SAMSUNG CSC

#waikiki #oahu #hawaii #reise #travel #ferie #blogg #reisebloggen #reiseblogg #iviusa #wanderlust #mat #opplevelse

Oppskrift: Heimelaga sursøt saus

Kvar gang eg har gått forbi sitrontrær og appelsintrær i nabolaget her har eg tenkt at “når dei er modne og klare, då skal eg banke på døra til folk å spør om eg kan få nåken”. Bare tenkt for ein luksus då? Appelsiner, sitron, grapefrukt og lignande, heilt ferskt på eit tre i hagen! I så fall, eg var på yoga ein dag, og då sto det ein pose med nyplukka sitron, og ein med nyplukka chili! Siden det var siste yogatime for dagen, og ingen andre ville ha, tok eg med meg resten heim. Eg fekk til og med delt litt med ei anna i gruppa her, Linda, siden eg og ho har snakka om desse ferske sitronene. Ho blei så glad 😊  Sitronene brukte eg oppskjært i vatn, mens chilien laga eg ein god sursøt saus av!   Innspirasjon/oppskrift til sausen fant eg her .

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 2 Raude chili
  • 3 fedd kvitløk
  • 0,5 dl eddik
  • 2,5 dl vatn
  • 1 ts salt
  • 100 gram sukker (Kan fint bruke mindre. Bare å prøve seg litt fram underveis.)
  • 1 ss maizena blanda ut i litt kaldt vatn

 

Slik gjer du:

  • Kutt opp chilien og fjern store deler av frøa. Kor masse frø du har i avhenger av kor sterk sausen blir. 
  • Ha alle ingrediensene utenom maizena i ein stavmikser og kjør til chilli og kvitløk er finhakka. Ha sausen over i ei panne, og la det småkoke i 10-15 min.
  • Mens sausen koker, hell forsiktig maizena blaninga i til du får ein passelig konsistens. Ikkje bruk for mykje, då sausen vil stivne enda meir når den kjølner.
  • Ps: eg juksa litt med fargen, då min saus blei heilt blank.. Brukte litt kondittorfarge eg då 🙈  Kanskje den blei blank pga typen chili? Ikkje veit eg.
  • Oppbevar sausen i eit tett glas eller boks i kjøleskapet, og server!

 

SAMSUNG CSC

#diy #oppskrift #saus #matprat #nrkmat #matblogg #matbloggen #tips #tipsogtriks #kreativ

VIDEO – Dobbins lookout Phoenix, Arizona

Her kjem ein liten video i frå toppen av Dobbins Lookout! Ein plass som absolutt er å anbefale, om ein er på tur til Phoenix. For å kjøre her til  googler ein bare “Dobbins Lookout at South Mountain” på gps´en😃  HER kan du sjå litt bilder i frå første turen opp.     Og HER kan du sjå bilder fra denne turen 😊

#usa #video #film #reise #travel #reisebloggen #iviusa #phoenix #arizona #ferie #wanderlust 

Storfint besøk i frå Norge!

Forrige onsdag kom det storfint besøk i frå Norge til oss! Søskenbarnet mitt Simen, og Camilla var så greie at dei kom ein tur øve dammen før vi flyttar til austsida av landet/ kontinentet. 😊  Sjølv om dei kun var i ei veke, så vil eg sei vi fekk gjort litt på den korte tida. Etter nåken dagar ved bassenget med total avslapping så fekk vi vist dei litt rundt i byen, gått på shopping, omvisning på jobben til Vegard og ein liten “fjelltur”. Eg skrive “fjelltur” i hermetegn, fordi vi kjørte heile veien opp..  Eg har vært der tidligare, men då gjekk eg opp. Det kan du lese HER.

SAMSUNG CSC

Det er veldig populært å gå på ridetur i South Mountain. Eg trur det blir arrangert 3-4 turar til dagen.😊

Gjengen på toppen med utsikt over byen i bakgrunnen! Sjølve “downtown” av Phoenix er den vetkle klustere med høge bygniknge til høgre i bildet. Ikkje mykje å skryte av i forhold til størrelsen på byen!

 

SAMSUNG CSC

Fine blomane som er komt til ørkenen! På grunn av “alt” regnet som har vært i vinter, så er det veldig frodigt og fint her no 😊

SAMSUNG CSC

Søndag og fint vær betyr mange turistar! Vi var heldige som fekk parkering på toppen 😊

SAMSUNG CSC

Etter turen til Dobbins kjørte vi i mot sentrum. Sentrum i Phoenix er ikkje spesielt mykje å skryte av, men vi gav det ein ny sjanse.

Det var faktisk litt meir liv her denne søndagen, enn det var sist vi var der. 😊

Vi fant oss ein restaurant som heite Arrogant Butcher, som ligg veldig sentralt i by´n. Kan absolutt anbefalast 😊 Tidligare har vi og ete på Hard Rock og Alice Cooper´s town, nåke som er litt meir bbq og saus på alle burgerane osv 🙈

I sentrum er det vel nesten kun kontorbygg, konsertarena og nåken resturantar. Lite som skjer utenom egentlig. Under her er arenaen som vi var å såg Bon Jovi i.

Vi gjekk og ein liten tur rundtom i byen i håp om å finne nåke anna enn kunn høge bygg, og fant denne parken. Civic Space park heiter den, og eg truuuuur det er ein del arrangement i den i helgene 😊 

Om ikkje anna så var i alle fall solnedgangen og himmelen i sentrum heilt fantastisk! 😍

#phoenix #usa #arizona #iviusa #travel #reise #reisebloggen #reiseblogg #wanderlust  #ferie

Blåmandag

Lokal tid: 17:35

Eller, egentlig ikkje.. Eg fekk nemlig tvinga Vegard til å gå på tidligvakt denne veka, slik at eg ikkje skulle sitte aleine på kveldane. Alle dei andre som bur i leilighetskomplekset som vi bur i har nemlig reist til Florida, og eg sitter igjen og må vente 2 veker til. 2 veker er ikkje all verden då, men 2 veker aleine er litt. Så no blir han i alle fall heime på kveldane (satse eg på.. Ingenting er jo sikkert egentlig 😅 ) 

Når han har tidligvakt må han stå opp kl 06, nåke som er litt for tidlig for meg. Men idag kom meg meg opp til kl 08! Trur nesten det må være ny rekord eller nåke…Eg kan ikkje sei vi er så veldig tidlig på den når Vegard er på seinvakt.. Så idag har eg fått mykje ut av dagen. Eg har satt sammen nåken filmar fra tidligare reiser og skreve jobbsøknad. Bah, sistnevnte e eit herk. Ikkje bare bare å få formulert seg godt når ein selger seg sjølv og kunnskapen sin. 🙈 

SAMSUNG CSC

I morgon er det siste lunch på basen og onsdag er det siste hobbykveld for min del.. Det har vært så gøy å være med i spouse klubben som er her! Dei er heilt enormt inkluderande og hyggelige, så det var i alle fall ingen problem å føle seg velkommen og med! Ellers så må eg vel begynne å pakke ned leiligheten snart.. Neste mandag kjem flyttebilen og skal hente flyttelasset vårt.. Huff, det er nå blitt ein del meir enn dei fire koffertane og to kassane vi hadde med oss over dammen 🙈  Sånn er det når ein ikkje har jobb og nåke å gjere! Då blir løysningen shopping eller soling då! 😅

 SAMSUNG CSC

Det skal bli godt å komme til Florida igjen. Ikkje bare er resten av gjengen der, men heile familien til Vegard kjeme på besøk i påsken! Vi gler oss sånn til å sjå dei igjen 😊  Dessuten får vi besøk av Marte og Kjell Kristian i mai!! 😃  Så vi rekke jo nesten ikkje å være aleine i Florida før vi vender snuten heimøve til Norge igjen🙈  Så spørs det bare på når vi har tenkt å bestille flybillett heim til Norge igjen då! Heim til haust og vinter…Eg kjenner eg gruar meg allerede.. 😐

#tanker #usa #reiseblogg #reise #ferie #travelblogg #iviusa #arizona #Florida

Mexican Rodeo 🐴

Woho, vi har endelig kome oss opp på hesteryggen her i Arizona! 🐴  

Ein av kollegaene til Vegard og Eirik her borte driv med rodeo. Og då ikkje av den vanlige amerikanske typen, men den skikkelige mexicanske typen. Vi var så heldige å bli invitert til å komme å sjå på ei helg. 😊 Linda og Eirik hadde vært på det før, og kunne “advare” oss litt om kva det var som venta oss. Det kunne egentlig være både og, men om ein er medlem av NOAH og slikt så bør ein kanskje ikkje ta turen. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

I denne konkurransen skal 4 ryttera og 5 hestar være utpå banen. Dei skal springe rundt i ring også skal ein av rytterane prøva å hoppa øve på den hesten som ikkje har nåken på seg. Dette var jo forsåvidt greit, og ikkje nåke problem å sjå på. På bildet under står dei klare til å sleppe hesten ut og starte løpet. 😊

Her er banen.

SAMSUNG CSC

Konkurransane holdt på heile dagen, så vi orka jo sjølvsagt ikkje å sitte i ro å sjå på heile tida, så vi fekk låne ein hest å ri litt rundt på området. Vegard påstår at han har ridd på hest før. Ein gang. På skuleplassen heime i dalen når han gjekk på barneskulen..😅

SAMSUNG CSC

Virka litt skeptisk først, men etter kvart så sku ein ikkje tru han hadde gjort nåke anna!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi var sjølvsagt i riktig antrekk til dagen, cowboyhatt og boots!

SAMSUNG CSC

Ekte mexicansk taco fekk vi og servert! Ein kan sei at det er ein rimelig stor forskjell i forhold til Norsk fredagstaco 🙈

SAMSUNG CSC

Når dei ikkje var aktive på banen, så stoppa dei innom baren for ein øl. På hesteryggen sjølvsagt.

SAMSUNG CSC

Altså, dei er så gjennomførte i stilen sin!!

SAMSUNG CSC

Korpset holdt god stemning heile dagen!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

I løpet av den eine “konkurransen”, så måtte eg bare tenke: “Dette er kultur, det er tradisjon, det er like “normalt” som at vi nordmenn går på ski..”. Egentlig prøve å overbevise meg sjølv litt. Her skulle dei ri etter ein stut kalv, prøve å ta tak i halen hans og dra han ned i bakken… Så får dei poeng då, om dei klarer det osv…🙄  Heldigvis så hadde ein del av kalvane skjønt opplegget, og bremsa slik at rytterane ikkje fekk tak i dei.  

SAMSUNG CSC

Her inne sto dei på rekke og rad, klare til å ri etter kalvane.

SAMSUNG CSC

Altså, missforstå meg rett, det var ein enormt kjekk dag altså! Sjølv om vi kanskje gjekk der i frå med litt blanda følelsar, som måtte diskuterast litt i bilen på vei heim.. Forutenom den siste konkurransen den dagen så var det absolutt verdt turen. 😊

SAMSUNG CSC

Slet´n cowboy etter ein lang dag i steik sol!

#usa #mexico #rodeo #mexicanskrodeo #iviusa #tradisjon #hest #reise #utlandet 

North Shore of Oahu – Hawaii 🍍 🍍

Tirsdagen, og tredje dagen med bil på Hawaii, skulle vi egentlig bade med hai i haibur. 😅 På grunn av kraftige mengder med vind, blei denne turen avlyst. Vegard var såå skuffa, då haibur virkelig er ein av dei store tinga på “bucketlisten” hans. Men som eg sa til han, naturens krefter kan vi faktisk ikkje gjere nåke med.. Til tross for avlyst haibur, så hadde vi jo bil. Og bilen måtte vi absolutt ta i bruk den dagen og! Som planlagt kjørte vi rett nordover på øya, i retning Haleiwa. På veien stoppa vi på nåke så sært som Dole sin ananas plantasje. 🍍 😅

Dole Plantasjen: 🍍

Vi valgte å vær skikkelige turistar, og hoppa på ananas toget, som skulle ta oss med på ein 20 min reise gjennom ananas-historie på Hawaii. 😅

Vi såg mange forskjellige planter, og korleis dei vokste.  At ananasen vokse øve bakken på ein busk er ikkje akkurat nåke eg har tenkt på tidligare, men no fekk vi sjå det og! 🙈

Slik vokser annanasplantene! Så vokse da ein og ein ananas opp i fra busken. 🍍🍍🍍 Kult?

Når vi nærma oss Haleiwa, byen nord på øya, så blei vi møtt av desse litt spesielle grantrea. Eg har ingen aning på kva dei heiter, så om nåken mot formodning veit det, kommenter gjerne! 😊

Haleiwa – Bysentrum nord på øya

Det er her dei store bølgene er, så vi såg mange flinke surfera i sjøen. Og spesielt den dagen vi egentlig skulle på haibur, men det blei avlyst.😣  Haleiwa er og “kjent” for Matsumotos shave ice. På første turen gjennom Haleiwa var vi innom ein resturant, og nåken butikkar, før vi kjørte vidare. 

SAMSUNG CSC

Uncle Bo´s Bar and Grill

Matsumotos shave ice

Den mest populære is-plassen på heile øya. Den har vært der heilt siden 1951, og er absolutt verdt eit besøk.  Første dagen vi kjørte forbi var det laaaang kø, så vi stoppa ikkje då. Andre dagen var køen fortsatt litt lang, men eg var blitt fortalt at køen ikkje skulle skremme oss, då det gjekk fort. Tips: Be om kondensert melk på toppen av isen, smaken kjem sååå masse bedre fram! 😀

Litt kø ja..

SAMSUNG CSC

Laniakea Beach:

Vestover i frå Haleiwa kjørte vi til enda ei strand. Ja, det er enormt med strender på denne øya, og vi var innom ein haug av dei og 😅  I alle fall, her hadde vi egentlig store forventningar til å få sjå skilpadde, då dei ofte bada og låg på stranda her.. I løpet av turen på øya, så var vi her to ganger og ingen av gangane fekk vi sett skilpadder.. Mens idag, 16.03, såg eg på Snapchat at det var rundt 6 skilpadder som var på denne stranda.. Så dei er heldigvis ikkje heilt skremt vekk av turistane! 😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Solnedgangen her var fin då!

SAMSUNG CSC

Waimea beach Park:

Sidan det var så himla masse bølger den dagen så kunne vi ikkje stoppe å bade på nåken av strendene på nordsida, utenom denne! Det er ein park som ligg litt inni ei bukt, slik at den er litt skjerma.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vi blei tatt av bølgene nåken ganger her ja. Men det er jo gøy så lenge ein har litt kontroll 😅

Nydelig strand! Her kunne eg gjerne hatt ein heil dag, men det var det verken tid eller vær til! Eg er egentlig litt glad for at vi bur her i varmen no, slik at vi ikkje trenge “stressa” med å få sol på kroppen, slik som vanlige nordmenn gjer (og vi har gjort) når dei er på ferie.😅 Håpe eg klare å slå det i frå meg i framtida!😊

SAMSUNG CSC

#hawaii #oahu #northshore #reise #travel #reisebloggen #usa #ferie #iviusa

Pearl Harbor – Dag tre på Hawaii

SAMSUNG CSC

Ein tur på Pearl Harbor var vel nåke av det viktigaste vi skulle når vi var på Oahu. Det er jo sjølvsagt nåke dei aller fleste turistar og vil ha med seg, så vi var ikkje aleine. Den eine attrksjonen der, USS Arizona, er gratis å gå på, då den blir rekna som ein gravplass. Ein må likevel ha billett for å komme seg ut der, då det er eit minnesmerke som er laga over skipet, der det framleis ligg i sjøen. Det er og kun eit begrensa antall billettar kvar dag som blir delt ut, og dei pleide å forsvinne fort! Linda og Eirik hadde vært der når det åpna, og likevel ikkje fått billettar, så vi var litt spente. 

SAMSUNG CSC

Vi kom der 07:15, og dei åpna kl 07. Det var allerede lang kø, men den gjekk rimelig fort. Eg kan innrømme at eg faktisk var litt nervøs for om vi skulle få billettar, for eg syns det var så mange folk framfor oss. Men, vi var sjølvsagt så heldige at vi fekk! Det er nok stor forskjell på å være der i ein ferie, enn utanfor sesong 😊

SAMSUNG CSC

USS Bowfin:

Medan vi venta på at det skulle bli vår tur til å ta båten ut på minnesmerket gjekk vi litt rundt på området og såg. Her låg blandt anna USS Bowfin, ein ubåt brukt under 2. verdenskrig og vidare. Den ligg no til kai, som eit museum på Pearl Harbor. Vi valgte å ikkje kjøpe billettar til den. 

SAMSUNG CSC

Desse støttene representerer ubåtane som vart brukt av USA under 2. verdenskrig. På kvar og ei støtte står det navnet til dei som omkom på vakt. 

SAMSUNG CSC

Ein liten torpedo som dei brukte på ubåtane. 

SAMSUNG CSC

Her er ankeret til USS Arizona, og ei minnestavle for dei som gjekk ned. Ein kan og skimte minnesmerket i sjøen til høgre på bildet. Det er ut dit vi tok båten kl 08:00.

SAMSUNG CSCSAMSUNG CSC

USS Arizona

Då var vi klare for turen ut til USS Arizona sitt minnesmerke. Skipet var det største som låg til havn under angrepet på Pearl Harbor. Når det vart truffe og senka, tok det med seg ikkje mindre enn 1177 personar. Dei ligg enda inni skipet, og difor er skipet og minnesmerket rekna som ein gravplass. Folk som og arbeida på skipet, men som ikkje omkom den dagen, har i seinare tid og fått blitt gravlagt her, ilag med sine kamerater.

SAMSUNG CSC

Det var skikkelig rart å komme ombord her. Stemningen var virkelig trykka og full av respekt for dei omkomne, og det amerikanske militæret generellt. 

SAMSUNG CSC

Ahh, enda ei turistfelle ja… Heldigvis for halvparten av folka på bildet på båten vi kom med, så det var litt bedre plass 😊

SAMSUNG CSC

På første bildet er det enda ein minnesmerke. Dette er bygd der alle skipa som vart bomba sto. Ein kan og sjå dei i bakgrunnen på bilde nummer to. På bilde nummer to ser vi pipa til skipet som stikk opp.  

På bilde nummer tre kan ein fortsatt sjå olje som renn ut i sjøen. Denne olja kjem faktisk i frå skipet! Det er 75 år sidan skipet sank, og det lekk fortsatt olje. 

 Her er eit overblikk på monumentet, og kva ein egentlig kan sjå.   Dette bildet stjelte eg i fra Linda.

SAMSUNG CSC

Litt mindre folk! Eg syns og ikkje minst at arkitekturen på bygget var heilt fantastisk! 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Innerst i monumentet er det laga til som ei stor “gravstøtte”, der navna til alle dei fallne står. Vinduet og måten lyset fell på veggen blir kalla  “Tree of life” – “Livets tree”. Nederst til høgre er det i ettertid lagt på navna til dei overlevande, som i seinare tid har gått bort. Dei er og gravlagt her.

SAMSUNG CSC

I båten på vei øve igjen😊  Fulle i inntrykk, og veldig glad for at vi fekk oppleve denne plassen. Det er jo eigentlig så fjernt for oss, i den verden vi lev i no, men dette er jo faktisk nåke som har skjedd…

USS Missouri

Etter turen til USS Arizona, tok vi ein shuttlebus over til Ford Island for å sjå på battleshipet USS Missouri. Dette skipet har tidligare vært aktivt, men står no som eit museum her på Pearl Harbor. Det var på dette skipet Japanarane signerte sin endelige overgivelse.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Mannen til venstre var admiral og sjef for den amerikanske Stillehavsflåten, og leda sjøkrigen mot Japan i frå Hawaii.  Figuren av dei to som kyssar er ein kopi av eit av dei mest kjente bilda som er tatt i 2. verdenskrig. Det symboliserer gleden folk følte på når dei høyrte at krigen var slutt.😊

Enorme kanoner! Bare sjå på menneska nede til venstre, dei er ikkje mykje store 😅

SAMSUNG CSC

Kanonene på USS Missouri står peika mot minnesmerket til USS Arizona. Dette symboliserer at skipet passar på USS Arizona og mannskapet, som framleis ligg i vraket. 

SAMSUNG CSC

Her ligg ein kopi av kontrakten Japanarane skreiv 2. sept 1945. Om eg ikkje husker heilt feil så var det vel akkurat her på dekk det gjekk for seg og. 

SAMSUNG CSC

Siden vi ikkje fekk gå opp til brua (?), der kapteinen er, så gjekk vi heller ein runde nede i skipet. Veldig fasinerande, og ikkje minst forvirrande. Det var faktisk reine labyrinten! Etter å ha trødd her nede litt for lenge, så måtte vi bare gå ut. Det blei faktisk litt ekkelt syns eg 😅  Og bare sjå kor trangt dei “vanlige” kadettane(?) hadde det. Offiserane budde sjølvsagt litt bedre, med eige rom. Eg kan ikkje sei at dei kunne klage på maten dei hadde ombord heller. Er vel nett som dei har det på sjøen no det 😎  

Vegard framfor kanonene bak på skipet. Litt av ein størrelse på dei!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Forbaskade renovering… Ødelegge jo heila bilde for meg 😅

SAMSUNG CSC

Paradise Cove:

Etter ein morgon med så mykje kultur og historie, så kjørte vi rett og slett vidare mot vest. Vi var begge enige om at det kunne bli godt med litt strand og bading i det fine været. Etter tips i fra ei veninne av meg som har budd på Oahu, så skulle vi kjøre vidare vestover mot Paradise Cove. Her er det fire forskjellige bukter på kartet, men det er den femte som visst skulle være interessant. Ho sa det skulle være 3-4 sjøskilpadder der, og heller ingen mennesker.😃  Med godt mot kjørte vi vest og fant parkeringen. (For spesielt interesserte er det ein svært liten offentlig parkeringsplass rett før innkjørselen til Marriot hotell.) Med godt mot sto vi i køi 20 min for å få parkering, og spankulerte langs strand og stein for å finne fram til denne “hemmelige” stranda.  😊

SAMSUNG CSC

Det er tydelig at det er nåken år siden kilden min budde på øya, for denne stranda var alt anna enn hemmelig lenger.. 😅  Den var sjølvsagt ikkje stappa full med folk, men slike som oss som hadde tatt oss bryet ved å klatre oss fram til ho. Ingen skilpadder var det heller… Litt skuffa, men fornøyd med å ha funne ei rolig og fin strand, la vi oss ned der i nåken timar.

SAMSUNG CSC

Fantastisk landskap opp vestkysten og! Altså, sjååå på dei fjella då!! 😍

SAMSUNG CSC

West Coast

Etter nok avslapping på stranda (det blir litt varmt i lengden) satt vi oss i bilen og kjørte enda meir nord-vest. Vi kjørte heilt til enden av veien, og stoppa på ei strand der oppe for å bade i bølgene. 

SAMSUNG CSC

Eg hadde lest at på vestkysten var det meir lokale, og at dei egentlig ikkje var så veldig vennlige mot turistar. eheee… Godt vi bare skulle på kjøretur 😅 Det var tydelig at det var fridag (president day), for strendene oppover var fulle av lokale familiar som grilla, festa, bada og kosa seg. På vei heim blei vi sjølvsagt ståande i ein laaaang kø, då alle skulle heim samtidig når sola var gått ned… Og når veisystemet er slik det er her borte (les: ubrukelig), så tar ting tid..

SAMSUNG CSC

Vi fekk ein nydelig solnedgang mens vi sto i bilkø då! Kan virkelig anbefale solbnedgangen her oppe. 😊

Siden historie sikkert er mitt svakaste fag, og eg ikkje gidde å leite etter fakta, så har eg bare lest kva Linda har skreve for å få ting riktig . Ho skriv og om livet i USA, og ting vi opplever her borte 😊

#hawaii #oahu #usa #reise #travel #iviusa #ferie #historie #kultur #syden #sol 

Ein kjøretur østover på Oahu- Hawaii

Dag nummer tre på Oahu leigde vi oss ein bil for tre dagar. Og når vi først skulle ha ein leigebil, så blei det sjølvsagt ein cabriolet.😎 Sjukt digg å kunne cruise langs kysten med håret blafrande i vinden. Det var nett som på film var det 😄

SAMSUNG CSC

Spitting Cave:

Første stopp på kjøreturen var Spitting Cave.  Dette området heilt sør/aust på Oahu var omtalt, av ei på Tripadvisor,som den finaste og mest oppsiktsvekkande plassen på heile øya. Vel… Greit nok det var klipper, langt ned til sjøen og store bølger. Men finaste plassen på øya? Er ikkje alt vi Nordmenn kan forstå. Vi er vel vane med litt dramatisk natur, så eg kan ikkje akkurat sei meg enig i den uttalelsen. 

SAMSUNG CSC

Det var jo ganske kult å sjå laga i fjellet, og korleis sjøen har “jobba” med fjellet i fleire år. Og at plassen heite “spitting cave”, vel vi såg ikkje nåke til det.. Mulig det var fjære? Fint område då! Og egentlig ein rolig plass å ligge å slikke sol på svaberget 😊

Vegard måtte jo kjøpe seg ei blodharry Hawaiiskjorte og. Det er vel obligatorisk når ein er på øya? 😅

SAMSUNG CSC

Hanauma Bay:

Vidare kjørte vi til Hanauma Bay, ei bukt som det er heilt enormt mykje naturlig rev i. Stranda er jo ganske populer for turistar, og har faktisk eit år hatt over 3 millionar besøkande! Det er jo galskap.. Så for å klare å bevare og ta vare på dyrelivet tar dei inngangspengar for å komme inn. Ein må og igjennom ein informajsonsfilm før ein får lov å gå ned til bukta. Det ikkje var så mykje folk når vi var der. “Heldigvis” var det delvis overskya og, slik at vi ikkje blei nåke solbrente der vi låg å duppa i sjøen i 2 timar med rumpa i været.😅

SAMSUNG CSC

Her kan ein sjå revet litt tydligare. Området var stort! Vi svømte ikkje så langt utøve då, klarte oss meir enn nok inne på grunna. Ingen grunn til å utfordre skjebnen, det er tross alt hai i stillehavet og 😅

SAMSUNG CSC

DCIM100GOPROGOPR0788.

Litt av dyrelivet 😀

Vi filma masse når vi var her, så eg skal sjå om eg klarer å sette sammen ein liten filmsnutt frå alle dei forskjellige fiskane vi såg 😊

SAMSUNG CSC

Halona cove og Halona Blow Hole:

Halona cove er ei lita privat strand ein kunne klatre ned til. Den var vel ikkje så veldig privat lenger, når så mange har funne fram til den. Det er dessverre slik det er på mange av dei “gjemte” strendene her. Dei er alle funne, delt på internett, og blitt nye turistatraksjonar.. Ikkje løye dei lokale ønsker å holde dei skikkelig hemmelige og gode plassene for seg sjølv! Halona Blow hole var vell ei hule som det skulle sprute vatn ut av, men eg kan ikkje sei det var mykje som kom. Den ligg ytterst til bilde til venstre, der du kan skimte nåken folk og. Utsikten utover her var forresten veldig fin. Er du heldig kan du sjå kval! 😀

Det mest fasinerande med heile øya må vel kanskje være naturen. Fjella var heilt utrulige. Så ekstremt dramatiske. Skulle ønske vi kunne tatt ein tur innover i fjella/regnskogen, men det blei med tanken. Trur ikkje det hadde vært så spennande å gått inn der aleine heller 😅  

SAMSUNG CSC

Lanaikai beach:

Dette må nok ha vært den finaste stranda på heile øya. Den ligge inni eit boligområde, så det er ikkje mykje til parkering her. Kan anbefale å parkere på Kailua beach park, og heller gå dei 5-10 minuttane bort til stranda. Kvit sand og turkisblått hav var absolutt fristande, men planen vår var kun ein liten stopp.😊

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Det blåste opp etterkvart, så eg er gla vi droppa å bade her. Generelt sett var ikkje været det beste på turen vår, sjølv om vi ikkje skal klage på 25 grader og delvis øveskya. Ja, eg veit, vi er blitt litt bortskjemte med fint vær etter å ha budd i Florida og Arizona det siste året😅  Så siden vi har så fint vær “heime”, så gjorde det oss ikkje nåke at vi ikkje hadde knall blå himmel og sol kvart dag. Vi får liksom nok av det heime 😊  

SAMSUNG CSC

Ein liten fin krabat 😍 

SAMSUNG CSC
 

#hawaii #oahu #usa #reise #reiser #travel #iviusa #reiseblogg #ferie #syden #dykke #dykking #snorkling #snorkle