Årets første skitur!
Årets første skitur gjekk til Sandrip, ca 25 min med bil i fra Kristiansand. Det var så fint vær idag at me måtte på ski, og vi var visst ikkje dei einaste som hadde tenkt det.. Då me kom opp mot stadion så var det bilkaos over alt! Vi var heldige å finne parkering langs vegen, men då me sku ut igjen var det verre… Einvegskjørt vei, så me brukte over 30 min på å komme oss ut på hovudvegen. Konkluderte med at søndag kanskje ikkje er dagen for oss å reise her.. For mykje barnefamiliar og kø i løypa.. Men var deilig å komma seg ut å få prøvt skia!:)
Endelig!
Helg!
Endelig tok eg og helg. Var ferdig på jobb kl 19 idag, så var det rett heim til fiskane.. Vegard er fortsatt i Bodø, så blir ein rolig og tidlig lørdagskveld på meg. Men sjølv om eg er aleine så har eg fortsatt fått i meg helgetacoen! Både i går og idag 😀
Fekk meg eit nytt sidebord denne veka. Litt usikker på om eg skal ha det eller ikkje, ønska meg egentlig eit HAY “don’t leave me” bord, men det får gå for no. 🙂 eg tenne så mykje lys no, satse på det gir meg litt varme i leiligheten 🙂
Strikkeprosjekt!
Oi oi, ka er det eg har begynna på…? Vart akkuratt ferdig med den 4 Skappelengenseren min og hadde tråd igjen. Så då blei den eine julegaven i år, boka “Selbuvotten”, tatt i bruk.
Det er første gang eg strikkar etter oppskrift i frå bok, så der kan jo bli spennande. Til no har alt går bra, sjølv om eg skulle ønska mamma var her og kunne henta opp igjen maskene som dette av pinnane…*oppgitt*.. Men, det er vel no eg begynne å bli voksen då 😉
Vel, får sjå kor mange telefonar eg må ta til mamma før eg er ferdig med tommelhullet..:-p
1. adventsluke
Eg og Vegard har laga oss ein koselig tradisjon. I staden for å stresse med å kjøpe 24 småpakkar til kvarandre gjennom desember, har vi “bare” større pakkar på kvar søndag i advent! Dette synes vi egentlig er kjekkare begge to, fordi vi kan få nåke som er litt meir skikkelig enn mange småting liggandes rundt. I dag er jo første søndag i advent, og vi var begge spent! I går var vi på senteret og Vegard var på shopping aleine 😉 Han kjenner meg heldigvis godt, men alikevell blir eg alltid veldig overraska når søndagen kjem 🙂 Vi har og vore så heldige å få tilsendt adventskalender i frå mamma, pappa og Gunn, så vi skal ikkje akkuratt sei at vi har det vondt i førjulstida 🙂
Til meg fra Vegard:
Til Vegard fra meg:
#advent #kalender #adventkalender #pakker #førjul
Hallaien igjen ja
Oi.. Ein heil mnd har gått siden sist det var aktivitet her inne. Det er mykje som skjer om dagen med jobb og studier så eg har ikkje sett meg ned med pc før no. I august blei eg assisterande daglig leder for butikken eg jobbar i, og i tilegg til to eksamenar så er det overraskande mykje jobb. No i slutten av november skal vi åpne enda ein butikk i sentrum av Kristiansand, og dette skjer sjølvklart få dagar før min første eksamen.. Heldigvis er eg forberedt på eksamen, men får håpe min gode venn “skippertak” er med meg i oppspurten i år og..:) Det må bare gå, eg ser juleferien i det fjerne! 🙂
Her er nåken av dei siste bilda mine på Instagram. Eg har vore heime på besøk, i Bergen, ete god mat, dilla i leiligheten, studert og strikka meg ein ny skappelgenser! Oppskrift får komme seinare, men det er mykje samme oppskrifta på den som ligge under kategorien “DIY”.
Onsdag
Onsdag er studiedag.. Egentlig på skulen, men siden eg har fått nettstudier kan eg sitta heima! 🙂
Tenkte kanskje å gå meg ein tur ut i haustværet seinare. Det er så tett tåke at eg ikkje kan sjå Varoddbrua ein gang!
Ha ein fin dag 🙂
Hotellivet
Jobb fra 09:30 til 16:00, kjøretur fra Kristiansand til Tønsberg, jobb i butikken i Tønsberg fra 20:00 til 22:30, Peppes Pizza takeaway, hotellseng, Idol og søvn! Puh.. I morgon er det på an igjen kl 9 og heilt til kundekvelden er ferdig kl 22.. Det er lange dagar, men blir ekstra godtmed helg då! 🙂
God helgestart
I går fekk vi besøk av mamma og Harald. Vi tre fekk ein rolig og god start på dagen, mens Vegard stakkar sprang ut dørane i sju tida i dag tidlig. Vi har ete ein lengre frokost og no har eg satt dei i arbeid med benking av oppvaskemaskin og kjøleskap 😉 Idag trur eg vi skal på litt shopping, og eg har ein plan om å laga ei knaggrekka til gangen. 🙂
Her er akvariumet og fiskane eg fekk av Vegard til bursdagen min! Den blå kampfisken heter Tassen og den lysaste minifisken heiter Moët. Den andre jenta og guten har ikkje fått navn endo, nokon ide?


























