Tilbake til kvardagen
Endelig tilbake til Kristiansand og kvardagen. Leiligheten ser ut som om den har blitt bomba.. Denne veka har vi brukt på å komma i orden og pakka ut av mange av eskene, men eg føler ikkje vi blir ferdige før vi får sofaen om 2-3 veker. Tante, onkel og ungane har vore på besøk i to dagar no, så i natt fekk eg og tante endelig opp gardinene. 🙂 Eg har hatt handyman´s på besøk, og har fått oppvaksemaksin i hus. No more håndvask.. Vegard måtte bera den opp fra kjelleren sjølv, siden eg klarte å skjera meg kraftig på ei mandolin. Og foråseidasånn så er eg ikkje i full funksjon.:p No skal eg mala eit gammalt furuskap som eg har fått i frå pappa, det blir ein heisen jobb!
Summerfeeling
Konsert på Fiskebrygga
Det er så mykje så skjer i sommerbyen Kristiansand! Kvar tirsdag er det gratiskonsert på Fiskebrygga med Pål Rake i spissen, Torsdagane er det Sommer på Torvet med konsertar også er det Palmesus, Odderøyafest og mykje meir. Kjipt at vi ikkje får gått på Palmesus i år, det er jo Skandinavias største (?) beachparty! Neida, vi skal få det så kjekt i biltur fra Bodø til Kristiansand…
Vel, i går var vi som nevnt på konsert på fiskebrygga. Eg, Mona og Harry. Eg som det tredje hjulet.. Jaja, skal bli godt å få militærmannen heim no! Det var så koselig å sitta nede på brygga og høyra på livemusikken. Skikkelig allsang og god sommarsteming! Håpar vi kan få med oss siste tirsdagen i august, dette vil eg at Vegard skal få vere med på og 🙂 Håpar på mange likedan kveldar heime 🙂
Den omvendte båt
Idag har eg og Mona vore på Kristiansands høgaste punkt, 233 moh. Som Vestlendingar så er vel det ikkje akkuratt noko å skryta øve, men no kan vi i allefall skrive under på at det ikkje er eit fjell.. Når eg var på butikken i går fekk eg nemlig beskjed om at dette var ein sjukt tung og slitsom tur, og at eg måtte være forberedt på å bli utslitt. Vel vel.. :p Men uansett så var det jo ein fin tur, ein ekte søndagstur! Gler meg bare til fjellturane heime i sommar 😀
Dyreparken
Forrige veke var eg så heldig å hadde fire dagar besøk av verdens beste tanteungar, Malin og Vilde! Og om vi har kosa oss her i sommerbyen? 😀 Vilde snakka mykje om dyreparken og at ho skulle sjå sebra. Når ho kom der blei nok ho, og vi andre, mest fasinert øve løvematingo. Det var kult det! Det er lenge sidan eg har vore i parken og bare gått rundt slik. Eg pg Trine konkluderte med at det må ha vore når lillebror vår, Mats, var sånn 4 år. Med andre ord, alt for lenge sidan. Det er jo så koselig 🙂
Tog var stas! Me kjørte ikkje bare ein gang..
<3
Årets nye attraksjon; Gepard
Dette var kanskje noko av det morsomaste. Dei to som kjørte trikken levde seg så ekstremt inn i rollen, det var heilt fantastisk. På eit tidspunkt sto det ein bil på skinnene, då vart dei heilt forskrekka og begynna å diskutera med kvarandre, mens dei fortsatt spelte rollene som trikkefører. Dei løyste det heile med ein sang!
Gaupe
Her bar dei gjort om Skomakergata til ein liten afrikansk by.
Eg og Kjetil fekk ta tømmerrenna!! 😀 Obligatorisk. Neste gang skal eg ta den maaange ganger. Eg kan forresten ikkje forstå at eg har turt å ta den før, for det var jo faktisk litt skummelt å stå på toppen av stupet. :p
10 days
Ny veka og mandag! Idag har eg vore på jobb og skal jobba dei neste 10 dagane, før eg tar ferie og reiser nordøve 🙂
I morgon skal vi gjera om på butikken, så vi har salg på mange varer. Så når endelig teppet eg ønska meg kom på 70%(!!), då måtte eg slå til. Oog, eg følte eg måtte kjøpa eit anna og. Det er jo så kult? Patchwork med lær, rått! Lurer bare på kor eg skal gjere av det.. Kan tenka meg Vegard ikkje syns noko om det, men han får læra seg å lika da 😉
Bacheloravsluttning
Endelig var det tid for å sjå alle i klassen igjen. Etter at dei fleste har lukka seg inne på eit grupperom dei tre siste vekene, var det godt å få snakka saman om noko anne enn skule og oppgaver! Eg har vore på skulen sidan kl 15 for å dekka bord og dekorert klart til festen. Gu sø gøy eg har hatt det aleine. Eg har jo blåst opp over 50 heliumsbalongar.. :p Sku ønska eg kunne vore lenger, men på grunn av blåturen i morgon så sitte eg på Kjevik no. Pytt pytt, eg fekk heve i meg noko tapas og kvelva nedpå nåken glas med raudt før eg sprang inn på flyubssen 🙂
Det er egentlig ganske vemodig at denne gjengen no skal gå eigne vegar. Samholdet og vennskapet alle vi på skulen ahr fått til kvarandre er heilt unikt. Måten vi kan ta kontakt med administrasjonen og forelesera er heilt fantastisk, vi blir alle som venner. Det er ingen andre BI-skular som har muligheten til å ha det slik som oss. Som BIS-lederen seier; BI-Kristiansand, den vetle skulen med det store hjerta 🙂
Avsluttning med klassekontaktane
Å for ein fin kveld vi har hatt i dag. Eit knippe av oss klassekontaktane på skulen var samla for litt kos før skuleåret er øve. Heldige som vi er fekk vi gå på ein av Kristiansands finaste resturantar, nemlig Bølgen og Moi. Ikkje fullt så heldige med været då, men kva gjer vel det i så godt selskap? Til hovedrett fekk eg dagens fangst fra Fiskebrygga, som var steinbit med rotgrønsaker, og tiil dessert blei det tidenes kaloribombe, sjokolademousé med brownies og kirsebær. Vi rulla nær ut på kaien etterpå. Det var mykje liv på fiskebrygga idag. Først kunne vi ikkje heilt forstå det, men når vi høyrte høg musikk i frå Odderøya forsto vi at det var i dag Alice Cooper og Aerosmith skulle ha konsert rett bak. Foråseidasånn, det var godt når folkemassen gjekk på konsert. Endelig rolig og ein hadde mulighet for å snakka 🙂 Vi hadde ei koslig avsluttning i lag. Og som klassekontaktar i år har vi vunnet pris for årets nyskaping, då vi arrangerte temadag med havrafting og foredrag. Gøy! Therese, fagansvarlig, har vore så flink 🙂 Kjem nok til å savna det å være engasjert elev på skulen no. Vi har det så kjekt i lag! 🙂
Ein gledens dag!!
Herregud for ein fantastisk dag! Bacheloren er levert inn og vi har vore på visning i den nye leiligheten vi får på Hånes! Wow, den var like stor som eg håpa på. Heile tre soverom, stor stove med kjøkken og svær terrasse. EG HAR TERRASSE!! 😀 Kva meir kan ein be på når ein bur på sørlandet? Einaste som er litt kjipt er at kjøkkenet og badet er veldig utdatert.. Men, kva kan ein forventa når ein skal betala eit par tusen i leiga..:)
Vi har og vore på Herlig Land å feira ferien og leiligheten. Sola steikte enda meir i dag enn i går. Idag var det virkelig trykkande sydenvarme. Glede meg allerede til ein deilig dag i sola i morgon. Og det beste av alt? Det er bare fredag idag!













































































