Jobbhelg!

Denne helga har eg jobbhelg, jobbar tidlig idag og i morgon. Men det hindrar ikkje meg i å klare å presse inn både ein bursdag og eit ball! Dette blir siste “kos” før eksamen og oppgaver er ferdige.. 🙂

Fint vær er det selvfølgelig og ute… Får trøste meg med at lønn og oppgåver er viktigare nett no:)

Pashion for fashion 2014

Rett før påske arrangerte vi moteshow i Kristiansand! Når eg skriv vi så meiner eg skulen og eit underteam som har sett dette sammen. Vi har hatt ein fantastisk leder som har samla sammen så mange flotte butikkar og modellar, slik at dette blei eit supert gjennomført arrangement! Nytt for i år var at vi hadde henta inn ein konfransier i fra Oslo, nemlig artisten Alexandra Joner! I tillegg til dette hadde vi undertøysmodellar i frå Change! For eit show! Det var motevisning i fra butikkar som Image, Retro, Høyer, Bianco, MQ og Change. Vi hadde og gratis champis og goodiebag til dei 100 første frammøtte, men dette forsvant på 4 minutt så det vart virkelig eit supert arrangement!

Meg og Alexandra Joner 🙂

#fashion #moteshow #kristiansand 

FERIE!!

Ahh, eg sitte endelig på Kjevik å vente på flyet mitt til Bergen. Da skal bli så godt å komma heim. Fulle kjøleskap, nyvaska kle og masse familie- og vennekos, da blir så bra! Håpe eg rekke båten heim, da blir på minuttet i så fall..

Reise i verdens beste skappelgenser og Katrin Uri skjerf. Deilig!

God påske!

Piknik i solveggen

I måro reiser Vegard til Bodø.. Så idag når han var ferdig med eksamen, som han fekk 100% på som vanlig(..), gjekk vi på Bystranda for å ha piknik! Det var så varmt, eg satt i bare t skjorta og nøyt varmen. Gledar meg til det blir enda litt varmare i været. Bare sjå kor fint det var!

Heldigvis er det ikkje lenge før vi skal heim til påske! Eg fekk bestillt meg billettar til Bergen idag, 10.april kan ikkje komma fort nok! 😀

Fagdag og havrafting

Igår var ein svart innholdsrik og kjekk dag på skulen. Vi klassekontaktane arrangerte fagdag med fokus på trening og ernæring. Dagen starta med foredrag og vi fekk servert ein fantastisk lunsj og at eg vann ikkje mindre enn to(!) vinflasker på vinlotteriet 😀 er tredje fredagen eg vinn no, så dei andre på ksulen synes ikkje det er kjekt lenger 😉


Vi hadde og ein bonus for dei 25 første påmeldte, nemlig havrafting i skjærgården! OG wow, for ein opplevelse det var! Det er virkelig godt å kjenna at ein lever, for å sei det slik. Når ein hopper på 4-5 meter høge bølger er det eit ganske heftig smell som kjem når du lander igjen. Sto med beina i 90grader i nesten 40 minutt i strekk, men overraskande nok så kjente eg det mest i rompa idag (blåmerke :p ) Vi blei suita opp i nåken fantastiske drakter

,

Her er eit bilde av meg før og etter turen. All sminken er vekke og ansikt og hår er fulle i saltvatn.. Fantastisk opplevelse, kjekt å ha prøvt!

19.03.2014

Puh, for ein lang dag! Våkna opp kl 07 til ein melding om at ei på jobben var sjuk, og om eg kunne jobbe kveldsvakta for ho. Det kunne eg jo forsåvidt, så etter ein lang dag med bachelorjobbing sto 6 timar med jobb på senteret for tur. Det må ha vore dei 6 lengte timane i mitt liv… Det har vore lite folk på senteret dei siste vekene, men idag tok det kaka..Heldigvis var Therese på jobb tvers over gangen, så eg hadde nåken å snakke med 🙂 Når eg endelig kom meg heim så låg Vegard slengt på sofaen med Unitedkampen på tv´n.. Idag er han glad, dei leder jo 3-0! Og gjett om han blei endo gladare når eg sa det blei tacolefsepizza med pepperoni til kvelds! *seier* 

No har husfreden senka seg og eg er klar for kveld og ein ny, og ganske lik, dag i morgon, god natt! 🙂

Kosekveld

Etter ein lang dag, som starta med trening på Elixia kl 07:00 *YES eg klarte å komma meg opp*, så er det endelig blitt kveld 🙂 No skal vi kosa oss med ost og kjeks og forhåpentligvis ein ny serie 🙂 Kanskje det er nåken som har serietips?:)

Fantastisk start på helga

For ein god start på helga! Først sto eg opp med Vegard og var på Elixia før kl 07:30. Der fekk eg sprunge litt intervallar og trent styrke. Etterpå tok eg turen opp på skulen jobba godt med eksamensoppgåve i internasjonal markedsføring fram til 15:00. Kl 12 kom eg plutselig på at eg tidligare i veka hadde kjøpt lodd til vinlotteriet vi har, og når eg i tilegg vant så var fredagen komplett! 😀 

I helga har vi og besøk av Gunn og Jan, foreldra til Vegard, så dette blir ei fin helg 🙂 No skal eg og Gunn på IKEA  *hurraa* 😀