For ei fin helg og søndagsmorgon! Fredag kveld kom eg heim og denne gangen var Vegard med meg og. Endelig skal han få vere heime i ein heil mnd før han må på nord igjen! Det er so godt å ha han heime 🙂 Eg har starta dagen min med oppgåveskriving og ein superfrokost, det gjer meg så motivert for trening så eg trur det blir ein tur ned på Elixia idag. Det er i alle fall planen om ikkje Vegard har ombestemt seg då.. I natt har vinteren meldt sin ankomst igjen.. Reknar ikkje med den har tenkt å vere lenge (?), for eg er så klar for vår og varme no!
Endelig på vei heim til Uskedalen og Rosendal! Det blir bare nåken dagar heime, siden eg må til Oslo på fredag:) Før eg reiste idag hadde eg ein liten eksamen, som eg rekner med gjekk heilt greit. Skal bli deilig med nåken fridagar no 🙂
Gud for ei fantastisk koselig helg eg har hatt i Bergen! Fredag var eg med pappa på Potetkjelleren og hadde ein nydelig 6-retters, og lørdag var det shopping og eiring av Ruth sin 22 års dag 🙂 Er så glad for at eg reiste til Bergen denne helga, er så kjekt å sjå alle jentene igjen 🙂
Vi har og feira mødrene våras i kveld, med ferske og gode skillingsbollar! <3
Kom over ein artikkel på nettet som er genial for oss studentar som slit med alt pensumet vi har. Eg sjølv er ikkje spesiellt god til å lese, og om eg les så kan du vere sikker på at eg ikkje huskar kva eg har lest 5 min etterpå..
Tomas Dalstrøm som er forfattar av boka “Best i text”, meiner at dagens multitaskingkultur er eit hinder når det gjeld å få informasjonen vi les “programmert” i minet. Vi gjer for mange ting på eing gang, og sjekker stadig sosiale medier, mail og sms, som igjen gjer at hjernen ikkje får nok ro til å fokusere på ei oppgåve. Dette kjenner eg meg veldig igjen i.. Tv’n står på og mobilen og ipaden ligg stadig ved sidan av meg.
1. Begynn tidelig, det er bedte med ein time om dagen enn ti timar ein dag.. Det tar tid for hjernen å sette samen ny informasjon til eit mønster og til forståelse. Før det kreves refleksjon med pausar innimellom. Denne kan eg vere med på.. Eg er svært god på å nilese, og ikkje få med meg noko.
2. Bruk mobilen for å repetere. Skriv ned det du ønsker å huske, sett på alarmen – forsøk å huske- og sjekk fasit. Gjer det feks på bussen eller andre stader du har tid til overs. Det å bruke mobil som eit element til repitisjon blir for meg bare fiasko. Tenk på alle andre mulighetene ein har med ein telefon? Facebook, Instagram, Snapchat og Candy Crush? Nei, mobilen må vekk for min del..
3. Stol på hjernen din. Den arbeider heile tida utan at du er oppmerksom på det. Den kobler det du repeteret til den informasjonen du allerede har i langtidsminnet, sorterer og skaper ein ny forståelse og kunnskap om det. Merkar sjølv at når eg er inne i ein eksamensperiode, og etter, at eg tar meg sjølv i å bruke teorien i faga i dagliglivet. Eg sammenligner og sett ting inn i teoriar. Ubevisst har eg altså lært noko, Jippi!
4. Les i 50 minutters intervallar i fred og ro. Slå av mobilen og unngå å sjekke sosialemedier på pc eller padde. Til og med musikk som du likar forstyrrer læringa. Ta ein kort pause og start på igjen. Vil og legge til at det mest sansynlig er best å ikkje lese heime. Oersonlig så finne eg alltid andre ting eg “skal bare” gjere først.. Så plutselig er klokka 18 og dagen er over.
Til julegaver i år laga eg litt heimalaga. Alle blei så glade, det varma 🙂 Putetrekka er laga med linstoff fra ikea, pynteband og bildemotiv fra stoff og stil 🙂
Denne hadde eg tenkt besto skulle ha strikkepinnar i, men ho meinte den passa perfekt til dessertskeiene i sølvtøyet hennar! Eg er egentlig enig i det 🙂
Her har snøstormen meld seg i natt og det har snøa siden i går kveld.. Som sagt skulle vi jo egentlig begynne på bacheloren idag, men å kjøre i fra Grimstad til Kristiansand i dette været er ikkje akkuratt så kjekt. E39 på ein snødag= kaos. Så vi bestemte oss heller for å ta det over pc og telefon 🙂
Så no sitte eg her med ein ganske ok+ frokost, og prøve å gjera starten på denne veka så bra som mulig. Skal på jobb seinare og eg gruer meg til å gå til bussen i dette været..
Det kom så utrulig mykje snø i helga eg var heime. På søndag reiste eg i fra grønne bakkar og blå himmel i Bergen, til høge brøytekantar og snøstorm i Kristiansand. Det er ganske koselig så lenge snøen får ligga ei stund og den ikkje regner vekk..
Idag hjalp egg, guacomole og pukkate litt på formen. Det er snøstorm ute og kaldt inne, eg lurer på kva som skal til for at leiligheten skal få ein ok temperatur..Det er så kaldt! Eg skulle ønska eg bare kunne sete i sofaen under teppe med ein kopp te i handa, men eg må på butikken.. Her er det tomt for mat, og det er ingen andre som handlar for meg (Vegard kom heim)!
Det er ganske fint med snø då, alt blir så lyst og deiligt! 🙂
Norge på Nytt er ein næringslivskonferanse i Kristiansand som vert arrangert av studentar ved BI Kristiansand og økonomistudentar ved UIA. I år skal den arrangerast den 18. februar på Kilden konserthus. Eg er så heldig å ha fått vervet som Markedsføringsansvarlig og har ansvar for sponsor, salg av billettar og pr. I år har vi valgt at årets tema skal omhandla det å gripa mulighetar, sikta høgt og væra ambisiøs. Vi har alle ein drøm, eller eit mål om å oppnå noko. Vi ønsker difor å motivera studentane til å ta den fyrste skrittet. Konferansen blir i hovedsak lagt opp for økonomi-, markedsføring- og ingeniørstudentar, sjølv om årets tema er aktuelt for alle studentar.
Formålet med konferansen er å skapa relasjonar mellom studentar og næringsliv i Agder. Konferansen vil vera ein fin møteplass for nettversbygging på tvers av bransjar og studier. Det vil og vera ein arena for utvekslinng av kunnskap, ideear og erfaringar.
Ein av foredragsholderane eg gledar meg mest til å høyre på må vere Max Gouchan. Han hoppa av skulebenken då han var 18 år for å starta opp “ClickLiftt”. Saman med fleire ingeniørar starta han firmaet som jobbar med å gjere kranløft mellom platform og båt sikrare og meir effektivt offshore. Han brenn for ledelse, innovasjon og markedsføring, og reiser stadig rundt for å halde foredrag, blant anna på TEDx i Bergen.
Dette blir så gøy! Er du student i Kristiansand så bør du sikra deg billett til dette arrangementet HER.
Dagen idag blei ikkje akkuratt som planlagt… I går kveld når eg var på jobb blei eg så dårlig, og når eg kom heim fra jobb orka eg eingang ikkje lage meg noko mat.. Det fortsatte idag tidlig når eg skulle stå opp, så eg såg ingen annan løysning enn å ta meg ein sjukedag. Det passa ikkje meg i det heile, med tanke på at eg skulle ha vært på workshop med Agder Energi og på jobb idag.. :/ Det einaste som frista idag var nysteikte scones og sofaen.
Håpar på bedre dag i morgon, då er det igang med bacheloren!