2 år <3

Mandag 21.05 hadde vi vært gift i 2 år. Tenkt det, 2 år, det går fort! I fjor feira vi dagen i Florida, i år på Brekstad. Spent på kor vi er neste år 😊

Vi tok oss ein sykkeltur rund på Brekstad, og enda opp med å prøve fiskelykken på kaien. Først ute på piren, der vi la i frå oss ein sluk. Deretter inne på kaien der vi holdt på å legge i frå oss enda ein sluk 😅 Det er ikkje lett å ikkje være kjent i området altså! Vi fekk ikkje nåke fangst.. Eller Vegard fekk ein liten ein som vi heiv uti igjen. Vi får hente den når den er større 😎

Kveldsen tok vi på Hovde Gård! Vegard hadde lenge hatt lyst å prøve denne «fjøla» med forskjellige rettar på,og endelig fekk han sjansen til det! 😁

Flotte Hovde Gård!💛

17.mai!

Puh, her har det virkelig gått i eit i det siste. Vi har hatt besøk av foreldrene til Vegard fra 16.mai og ut pinsehelga, og har virkelig fått mykje ut av dagane. Været var strålande, nåke så gjorde ag vi fekk brukt dei nye hagemøblene kvar kveld! Dei skal eg snart vise dåke, men først eit lite bildedryss frå ein av dei kjekkaste dagane i året: 17.mai! 🇳

Meg og Zara! 🇳😁

Vi starta dagen med litt bobler og masse god mat. Etterkvart skulle vi til sentrum for å sjå på toget, men når vi kom utfor huset vårt så stod det masse finkledde folk langs veien. Det var tydeligvis her toget skulle gå forbi 😊

Vi feira 17.mai på Brekstad i år. Det var ein ganske stor kontrast sett opp mot fjorårets feiring i Florida! Bilder frå den feiringa kan du sjå HER 😊

Etter toget og ein tur ned i sentrum for å ete is (obligatorisk), så gjekk vi heim igjen for litt kake. Vegard hadde laga ein nydelig pavlova som vi smakte på både før og etter grillinga i hagen 😁

For ein herlig dag det var! Eg elskar å gå i bunaden min, og skulle gjerne ønske eg kunne brukt den oftare. 🇳🌿

Men… Neste år får eg håpe den kan være liiiit bedre plass i enn i år 😂 Det er vel eit problem dei fleste har, at bunaden krymper i skapet? Plis sei eg ikkje er aleine om den saken 😅

#17mai #bunad #feiring #reise #interior #hjem #kake

Oppdrag platting: ✔

På torsdag var det fridag, og eg hadde lagt store planar for dagen. Heldigvis var Vegard og med på den planen! Vi skulle fikse ferdig plattingen og ordne litt i hagen. Etter ein runde på Brekstad fekk vi tak i europaller og litt nye planter, så kunne arbeidet starte😊🌸

Viktig med pause i arbeidet!🍺

Her har vi vaska plattingen og fått vekk ein del av den gamle raude beisen som var der frå før.

Idag hadde plattingen tørka i nåken dagar og eg har fått beisa to strøk med fargen gråsvart. Plattingen blei ganske mykje større enn den var 😊 No mangler det bare litt hagemøbler, siden eg solgte dei vi allerede hadde.. Litt spontant 😅

Reisedag

No sitter eg på Værnes å venter på flyet mitt til Bergen. Det blei ein liten spontantur heim til Vestlandet idag, men eg skal tilbake til Trøndelag allerede på onsdag. Eg har hatt ei rolig helg med jobb både fredag og lørdag, før vi avslutta med litt hundepass lørdags kveld.

Korleis har helga di vært?😊

#reise #mote #klær #ootd

HappyKnitting

Eg har gjort det eg ikkje skulle, eg har bestilt meg meir garn til lageret mitt.. Eg hadde egentlig ikkje lov (har laga meg eit forbud), men sjå på det her då! Så fint og mjukt at eg ikkje kunne la være, dessuten var det på salg.😁 No har eg begynt på ein rosa deilig genser som eg håper blir perfekt til lange sommarkveldar. Håper bare eg ikkje blir lei av å strikke hullmønster med det første..

Har du nåken kreative prosjekt på gang?

Ein hyggelig helsing fra eigaren av HppyKnitting.no 😊

#garn #strikking #strikk #Hobby #diy #kreativ 

Er det håp for denne hagen?

Velkommen til verdens kjipaste hage! 😭 Det er vel ikkje langt i frå eller? Ikkje akkurat slik vi hadde gjort det om vi eigde huset då, men siden vi leiger så blir det vel slik.. Det bordet og dei to stolane sto faktisk igjen etter forrige eiger, og med god grunn.. Det er ikkje trygt å sitte i dei, så han var lur som bare lot dei stå… Plankane er forresten til eit prosjekt eg driv på med! Sjekk bilde under her av vår nye terrasse! 

Tada! Eller… hehe.. Det er ein rimelig enkel og grei løysning då, eller kva?  Ja, hagemøblane er krise. Planen var å få gjort nåke med det, men det er vel ikkje for seint enda vel? Og ikkje minst! SJÅ på jordbæra mine!! Eller det er kanskje ikkje så lett å sjå på dette bildet, men i baljen på pallebordet står det 6 fine grønne jordbærplanter som eg planta i haust. Dei veks litt og litt for kvar dag! Jippi, så gøy. Eg gler meg til egendyrka jordbær i sommar!😃

Her har eg laga meg til eit bedd. Grunnen til at det blei her er rett og slett fordi det er den plassen i heile hagen som er minst grønn.. Altså, eg ser ikkje nåke håp for at området her nåken gang kjem til å bli grønt heller.  Eg er og ganske sikker på at det har vært eit bedd langs veggen her før i gamle dager (ja, huset er nåken generasjonar gammalt vil eg sei…). Her skal eg då helst plante noko som er fargerikt, enkelt å holde ved like og som ikkje tiltrekke seg sneglar.. Nåken tips kva blomar eg kan plante her? 😅

#diy #hage #uteplass #kreativ #blomster #blomst #hus

Når mannen kjem heim fra jobbreise!

Vel, då har han bare med å ha med seg litt i kofferten, eller? 😅 Og i alle fall når han har bært nesten ei veke i USA! Han er god då, bare sjå kor flink han har vært 😁 Nye Birkenstock til sommeren, også i sølv då! SÅ kule! Nei, med dei og den nye parfymen til Escada så er det einaste eg mangle ein flybillett til varmare strøk 😅🙋

Han var så langt nord i USA at han tok seg ein tur til Canada i samme slengen. Misunnelig? Ja, veldig.. Men eg har jo fortsatt ærend, så vi får reise tilbake 😎 I skikkelig Canadisk ånd kjøpte han med maple (sirup) te til meg. Eg er veldig spent på å smake den, sånn siden eg ikkje er spesielt stor fan av søt te..😅

Er det kanskje nåken av lesarane mine som har vært i Canada? Nåken tips til kor vi evt bør legge turen når den til kjem? 😊🇨

Fjordpåske 2018!

Etter ei god langhelg på hytta reiste eg ned til lavlandet og fortsatte litt av påsken der. Eg fekk ikkje meir enn tre dagar, siden eg skulle tilbake på jobb på lørdagen,men det var virkelig verdt det. Kvinnherad er på sitt finaste no, med bare bakkar og snø på fjelltoppane! ❤

Eg fekk til god tid med familien, og ein tur å stia sauene med bessen! Nett som for 15 år sidan (om ikkje det er lengre). 😊

Det blei ikkje nåke topptur på ski då eg var heime, men det blei ein kjekk fisketur då! Vi var på sjøen nåken timar og fekk heldigvis fangst, ellers hadde det ikkje vert verd det 😅🐟

Sjølv om sola skein så var det fortsatt kaldt. Var godt å ha nåken store kjeledressar å varme seg i. Fine og fine, men varme var dei vertfall! 😊

Eg og mamma fekk kvar våre store lyr på stanga, og var veldig fornøyde når vi kjørte heimover!

Det var godt å få litt skikkelig vestlandspåfyll, sjølv om det bare var i lavlandet denne gang. No blir neste heimtur til sommaren, og det blir så godt. Eg gler meg til å sjå at bakkane og trea er blitt grønne og at snøen har smelta på toppane. 😊

Hundepassere

I helga har vi vært så heldige å få passe på to nydelig fine hundar. Eit vennepar av oss var på reis, og vi sa ja til å være hundeeigere. Nydelige hundar, lydige og fine, så det var heldigvis ingen problem å ha dei i hus.😊

Vi hadde ein liten plan om at dei ikkje skulle opp i sofaen, som dåke ser så gjekk ikkje det som planlagt. Det gjekk nøyaktig 4 minutt så var dei i sofaen. 😅 Jaja, koselig var det i alle fall. Var sikkert vanskelig å avvenne dei til den uvanen når dei kom heim 🙈

Så om vi fekk meir lyst på hund etter helga? Ja vi fekk jo det, men den friheten vi har til å reise kortid vi vil uten å måtte planlegge nåke som helst er veldig deilig 😊

#hund #hverdag #dyr #staff

Er eg virkelig den einaste?

Idag har vi virkelig hatt storreingjering her heime. Kjøkkenet var strøkent og eg begynte på middagen vi skal ha i kveld. Eg åpna skapet og leita meg i hjel etter dei riktige kryddersmaker eg skulle ha… Det var vel då eg fann ikkje mindre enn 5(!) kvitløkskrydder og 4(!) kanelkrydder at eg innsåg at eg burde ta ein opprydding… Er eg virkelig den einaste som har det slik i krydderskapet..?😅🙈

Alt krydderet måtte ut på disken og sorterast.. Vel, det var ganske mange av kryddera eg hadde minst to av 🙄 Dessuten såg eg at ein del av kryddera hadde eg jo aldri brukt.. så eg brukte taktikken «kast alt som et utgått på dato». Og vipps så fekk eg orden på livet (krydderskapet) igjen 😃

Så eg lure jo då på om eg er den einaste som har det slik? Er du og litt «avhengig» av å handle krydder? 😅 Eg satser på at det er heilt normalt, og at skapet sikkert blir fylt opp igjen snart..😂