Lørdagsstrikk og OL

Idag kjeme vi til å få mykje ut av dagen! Vi sto opp kl 8 til 15 km langrenn, og valgte då å ikkje gå å legge oss igjen etterpå. Lite søvn i natt, men det får heller gå 😊 Ikveld skal vi til eit vennepar på middag, men før det har vi ingen planar.

Tidligare i veka starta eg på denne buksa fra Klompelompe, og planen er at den skal bli ferdig i løpet av helga. Kven den er til anar eg ikkje, eg har bare så mykje garn eg må få brukt opp før eg kan kjøpe meg nytt 😅 Var den ikkje fin? Og ikkje minst veldig lettstrikka 🤗😊

#klompelompe #diy #strikk #babystrikk #kreativ #hobby #barn

Eit lite hei!

Hei og hå! 😄 Nytt år og nye muligheter, eller kva? Den siste veka etter at vi kom opp til Trøndelag igjen, så har vi ikkje gjort så mykje meir enn å pakka ut, rydda, kom tilbake til rutiner og blitt sjuk. Eller V har vært sjuk og eg har klart meg (bank i bordet!). 😅 Vi snøa inne i helga som var då uværet Cora var på besøk. Vi har derfor fått eit nydelig vinterlandskap her oppe, og det er så lyst og fint! Bare sjå her då! 😍

Eg har og fått levert tilbake lånetelefonen og kjøpt meg ein splitter ny IPhone X 😁 Eg var så fornøyd at smilet nesten gjekk rundt i går. Kameraet er heilt utrulig.. desse bildene her er tatt mens eg gjekk til jobb, fantastisk!✨

Ellers går dagane til jobb og kvardagsrutiner. Litt hobbyprosjekt har eg og sjølvsagt. Planen min er nemlig å slanke garnlageret mitt betraktelig dette året. Eg har kome ganske langt og skal vise dåke nåken ferdige prosjekt snart 😊

11 kjappe i juletida 🎄

Tenkte eg skulle kaste meg på desse kjappe spørsmåla som florerer på bloggane no i romjula. Det er bare 11 kjappe spørsmål med korte svar, kun for gøy! Del gjerne på din eigen blogg du og 😊

Pepperkaker eller kakemenn?
Hmm, helst sprø heimelaga pepperkaker! Men kakemenn er jo ikkje så verst det heller..

Sjokolade- eller pakkekalender?
Eg har faktisk aldri hatt ein sjokoladekalender, så her må eg sei eg er mest fan av pakkekalender. No blei det ikkje nåken pakkekalender i år då, men får komme sterkare tilbake til neste år 😊  Vi har hatt flaxkalender ein del år, og det er og veldig artig!

Marsipan eller Sjokolade?
Sjokolade! Eg klare virkelig ikkje marsipan..

Nøttesteik eller Vegisterkaker?
Veggiskaker kanskje? Har laga veggiskarbonader, og det var veldig godt. Er bare å ha masse forskjellig krydder i dei 😊

Gløgg eller kakao?
Heimelaga kvitvinsgløgg! Om det ikkje var ein av alternativa så må det bli ein kopp med kakao og krem.

Heime eller vekke på julaften?
Så lenge eg er med familie så er det egentlig eit fett kor eg er. I fjor var vi jo i Phoenix, men fekk besøk av familie og venn, så jula var like fin som heime det året. Ein kjekk opplevelse å få med seg!

Julesokk på julaften eller 1. juledag?
Eg er så heldig å ha to julafter, 24. og 25. desember. Så vi får julesokk litt her og litt der, men ikkje kvart år. Blir meir stas slik. 😊 

Plasttre eller ekte tre?
Før var eg veldig i mot plasttre, men har no sett det praktiske med det. Vi pynter jo treet vårt i begynnelsen av desember, men det er og kjekt å komme heim til mamma å pynte det ekte treet på lillejulaften. 

Gull- eller sølvpynt?
Sølv til jul! Og gull til kvardags. I alle fall for no. Godt mulig det endrar seg utover året igjen..

Mjuke eller harde pakkar?
Ja, takk begge deler? Eg er vel blitt så voksen at det ikkje er pakkane som er det viktigaste lenger. Sjølv om eg var heilt overvelda av kor mange fine pakkar eg og Vegard har fått i år. 

Kva julefilm? Elf eller Alene hjemme?
Alene Hjemme 1! Tidenes julefilm. 

 

 🎄 God romjulstid dåke! 🎄

Homecoming

Torsdag 21.12 reiste vi endelig heim til jul! 😄 Vi valgte å ta båten til Trondheim på torsdagen for å være heilt sikker på at vi skulle rekke flyet fredags morgon. Hadde vært krise om vi ikkje hadde nådd da flyet! Når vi først skulle overnatte i Trondheim ei natt så nytta vi sjansen med å gå på Star Wars! Endelig fekk V sjå den filmen, og julo var redda 😅

Litt bagasje på vei heim.. haha, grue meg til returen når vi skal ha med oss ski og 😅

Nydelig julestemning på Gardermoen fredags formiddag.😊

God jul ❤🎄

Giveaway!

Giveawayen er avsluttet 😊


No er det ikkje lenge til jul folkens! Og i den forbindelse så tenkte eg å prøve meg på nåke nytt her inne på bloggen. Eg vil veldig gjerne gi vekk ein liten julegave til ein av dåke. Denne lille engelen laga eg sjølv her ein kveld, og syns den blei ganske så søt! Så kven vil ha den? 😊

Det du må gjere er:

Følge Facebooksida mi  Idarossland.blogg.no HER

Kommentere under her når det er gjort. Husk å legg igjen mailen din så eg kan kontakte deg!  (Eposten vises ikkje om du legg den i epostfeltet )

 

#giveaway #konkurranse #tips #diy #interiør #engel #kreativ #hobbygruppa #hobbymagasinet

Ugly Christmas sweater day!

Idag, fredag 15. desember, er det den internasjonale dagen for “stygg julegenser” eller “ugly christmas sweater”. Denne genseren blinkar kvar gang eg beveger på meg, og sprer absolutt juleglede 🎅🏻   Har du gått med julegenser idag? 🎄 

#julegenser #diy #jul #outfit #ootd #genser

Trondheimstur

På mandag var eg og Vegard ein liten dagstur til Trondheim. Vi skulle ha bilen på service og då tok vi like gjerne det ein dag eg hadde fri så vi kunne reise begge to.😊  Det var eit snøkledd landskap som møtte oss når vi kjørte innøve fjorden, skikkelig julestemning. Nesten så vi følte at vi kjørte heim til jul her! Når vi kom inn til byn så plasserte vi bilen på verkstaden og tok turen ned på City Lade for å svi av litt pengar på juleshopping. 🙈

Etter at bilen var ferdig og henta så var det tid for middag. Eg overraska Vegard med å vise han veien til Tyholttårnet og Egon! Ein artig restaurant som vi måtte ta heisen opp 75 meter for å komme til. Her går også øverste etasje rundt i ring, 360 grader på ein time. Litt som på Top of Waikiki på Hawaii, bare at i Tyholttårnet blei eg faktisk litt svimmel.. 😅  Men utsikten var det virkelig ikkje nåke å sei på! Her ser ein heile Trondheim og meir som det. Så totalt verdt turen om ein er i Trondheim 😊

#trondheim #tyholttårnet #tyholt #mat #tur #reise #hverdag #kvardag #bil 

Søndag

Dette har virkelig vært ei fantastisk fin og koselig helg. 😊 Vi hadde egentlig ingen planar, og då blir det jo alltid så bra om det skjer nåke likevell. Fredag satt vi heime og åt heimelaga pizza, då vi plutselig blei invitert ned på puben av ein kollega av Vegard. Der satt vi heile kvelden og snakka og kosa oss. Lørdag var eg først på jobb, før vi inviterte eit vennepar over til kvelds. Då serverte vi nydelig hjort i frå Kvinnherad med deilig tilbehør.

Og idag, idag har vi vært på julemarked på Austrått, vært innom Austråttborgen og eg har baka nåken konfekt og karamell som eg håper blir vellykka. No er det knappe 3 veker før jula ringes inn, og eg skal jobbe nesten kvar dag framover før vi reiser til Vestlandet. Det blir intenst, men det blir veldig verdt det med tanke på at eg får fri heile romjula 🎅  🎄 

Håpar helga dåkas har vore minst like fin som mi! 

❄️ Winter wonderland❄️

Her er synet som møtte meg når eg gjekk ut døra idag tidlig. Endelig litt snø igjen! ❄️ Eg har jo ikkje sett snø på rundt 2 år, så det var litt ekstra stas idag ja. Som dåke ser så er det litt flatt her på Ørlandet.. Ikkje mykje fjell utpå denne halvøya nei. 

Her er huset vårt og. Ein ganske typisk bolig som det finnes maaange av her ute. Ser litt ut som institusjonsboligar der dei ligg på rekke og rad. Men greie er dei, og vi har eigen hage, så vi skal ikkje klage 😃

Veien til jobb er og flat. Ikkje mykje ende på horisonten her nei. Men idag var det ekstra fint å gå, alt var så lyst! Kan ein vestlending virkelig trivast her oppe? Uten fjell og okkupert landskap, ja jo, hittil har det gått greit i alle fall 😊  Det er jo så masse kjekke folk her som tar oss godt i mot! Det er virkelig gull verdt! 😊

#mittørland #ørland #brekstad #heim #hjemme #reise #norge #vinter #winter #snø #hus #hjem

Jordbærbonde! 🍓 🍓 🍓

Til bursdagen fekk eg meg seks fine små jordbærplanter.🍓 Kva i alle dagar skulle eg gjere med dei tenkte eg jo først, og såg sikkert litt ut som eit spørsmålstegn der eg stod.😅  Men etter nåken dagar med tenking og planlegging kjørte eg ned på Felleskjøpet å handla inn balje, jord og lekastein. Eg liker å bruke dei store baljane til Felleskjøpet (link) til å plante i, dei er billige og store.😀  Også er det bare til å bygge ein blomsterkasse i tre rundt dei, slik som eg tidligare har gjort HER.

Først borra eg 4-6 hull i bunnen av baljen, så la eg litt greiner/ved nedi bunnen, og deretter lekastein. Lekasteinen la eg oppi ei strømpebukse, slik at den skal være enkel å bruke om igjen om eg skal plante på nytt ved ein seinare anledning. Deretter fylte eg på med god plantejord. 

Så var det bare å plante ned jordbæra, og vente tålmodig til våren kjem. 🙄

No må eg bare huske å vatne dei, og passe på at dei ikkje fryse for gale gjennom vinteren. Eg er nå spent på om dei kjeme til å overleve, og om eg kan kalle med jordbærbonde til våren..😅

#diy #plante #jordbær #hage #mat #økologisk #hobby #kreativ #blomst #blomster #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv