Når skittentøyskurven ikkje fungerer 🙄

Det er vel sikkert ikkje bare heime hos oss dette her er eit problem? 🤔 At klær enten havnet på gulvet eller halvveis oppi skittentøyskurven? Nåke som igjen gjer at kurvane sige sammen og alt til slutt bare flyte over alt.. Dessuten er kurvane alt for store for oss to, og vi kunne trengt fleire sorteringsmuligheter.

Dette problemet er det no slutt på! På IKEA fekk eg kjøpt desse geniale kurvane. Dei er ikkje for store, har fleire rom og blir holdt oppe av metallbein! No kan jo ingenting gå gale vel? 🤔  Alt blir fryd og gammen på vaskerommet!

Einaste som kan bli eit problem her er vel at klæra fortsatt ikkje kjeme seg oppi kurven, men då får eg sende ein klage til Ikea for skittentøyskurver som ikkje fungerer kan vi ikkje ha nåke av…🙄 🤔

#ikea #kurv #shopping #klær #hverdag #kvardag #satire #ironi

Trondheimshelg

Då var helga, og mandagen over allerede. Helga føyk i alle fall av gårde for oss, for vi har vore på besøk hos Martin og Tara i Trondheim.😊  Vi kjørte via Orkanger til Trondheim, og brukte vel rett under 2 timar på turen, og det inkluderte ei stopp på Amfi-senteret i Orkanger. Ikkje så gale vil eg sei! 

Det var kulturnatt i Trondheim på fredagen, så etter eit vel gjennomført tacomåltid med heimelaga salsa (NAM😋) og diverse, gjekk vi nedover til sentrum. Gu så deilig det var å bu så sentralt til nåke, eg kjente eg kosa meg skikkelig med muligheten til å gå til bysentrumet. Vi fekk sjølvsagt turista oss litt, og fekk sett Nidarosdomen. 

Lørdagen starta eg og Tara dagen på IKEA. Altså, det må vel til når vi bur så langt vekke. Dessuten trur eg ikkje ein tur på IKEA er å unngå når ein har flytta i nytt hus.. Eller? 😅  Så etter at bilen var fylt opp med kommodar og diverse, så kjørte vi heim for å gå ned i sentrum igjen. Pride blei nemlig arrangert i Trondheim i helga, så det var mykje folk ute.🌈  Veldig kjekt å sjå så mange oppmøtte! Eg trur dei sa det var mellom 5000-8000 mennesker her den dagen. Det er bra 💛 💚 💙 ❤️

Lørdagens middag inntok vi på Sabrura, ein sushirestaurant som serverte det som buffet. G-e-n-i-a-l-t. Altså for 200 kr kunne ein ete så mykje, eller lite, sushi ein ville. Dei hadde og vårrullar og kyllingspyd. Dessuten så var maten veldig god og, så dette kan virkelig anbefales. Her kan eg gå fleire ganger ja! 😊

Alt i alt hadde vi ei super helg i Trondheim. Det er veldig godt å sjå at det ikkje er så alt for langt å reise for å komme til sivilisasjonen med bil.. Med båt bur vi jo kun 1 time unna by´n, men det er jo det å ha mulighet til å bruke det då.. Det var i alle fall godt å komme seg litt vekk i fra Ørlandet, og få litt påfyll av andre inntrykk. 😊  Trondheim var og ein veldig fin by, vi er heldige som har ei madrass å sove på der!

#trondheim #trondhjæm #reise #bytur #byliv #urban #ferie #travel #mat #sushi #tips

Fiks det sjæl søndag!

Puh, idag har eg virkelig stått på heile dagen. Etter at vi hadde sendt svigers av gårde med båten til Trondheim så satt eg i gang med dagens prosjekt; lage breiare vinduskarm! Altså, eg tipper det var nåke av det første eg irriterte meg over når eg flytta inn her.. Det er jo søren meg ikkje nåken plass til potter og lysestakar her? 🙈  #Ilandsproblem  Men i staden for å irritere meg over det så har eg idag laga breiare vinduskarmar. Bare sjå kor små dei var då, altså…🙄 🙄

Dessuten trengte vinduskarmane litt kjærlighet, så eg skal få dei kvite. Eg har kun fått grunna dei idag, siden eg måtte skjære til vinduskarmen og slikt. Men det blir så fint når alt blir kvitt! Då kjem dei nye fine gardinene mine så fint til sin rett og! Sjekk ein liten sneek peek på dei på bildet over 😏 Og veggen skal ikkje være kvit vidare nei, den skal bli mala når maleren kjeme på besøk 😊

Så ja, dette har søndagen min gått til. I fra 11 til 21 har eg styrt på. I morgon skal strøk nr 1 med maling komme på, før eg skal på cafedate med Zara, ei eg har blitt kjent med etter at eg flytta opp her 😃

Håpar søndagen dåkas har vært fin, og at dåke har fått nåke ut av den. Det har i alle fall eg, sjølv om eg ikkje har vært ute på tur i finværet 🙈

– Følg meg gjerne på Facebook HER   og Instagram HER –

#diy #oppussing #gjørdetselv #hus #hjem #hage #interiør #søndag #kreativ #kreativitet #gds 

Fra koffert til einebolig

Mykje har skjedd siden sist, og vi har gått i fra å være Amerikanera og Sørlendinga til å bli Trøndera! 😊  Vi har altså tatt flyttelasset med oss å flytta ein times tid utanfor Trondheim. Fredag 4.august kjørte vi i frå Vestandet og direkte opp til hit. Vi har flytta inn i ein einebolig på eit plan med 3 soverom, hage og alt som skal til. Per no er det sjølvsagt ikkje heilt i orden her oppe, men med god hjelp i frå mamma første veka, så kom vi oss godt på plass likevel. 

 Utsikt over Brekstad i fra Kopparen

Eg har jo og starta i ny jobb! Heldig som eg er fekk eg jobb før eg flytta opp her og har starta i ein butikk som heiter Fifty/50. Det er ein konseptbutikk med interiør og dameklær, og til hausten skal vi og starte med herreklær. Dette blir så spennande! Eg har og vært så heldig å fått vært med på motemessa og innkjøp i 5 dagar, og det kjem så mykje fint til våren! Då er det jo ekstra gøy å selge og 😃  Dessuten er kollegaene mine og heilt supre, så eg gler meg veldig 😊

Små forhold her oppe. På vei til grilling hos Helge og Susanne som bur sånn 500 m borti veien.

Leiligheten er som sagt ikkje heilt klar, men eg lovar at det kjem bilder! Eg skal blandt anna få nye fargar på veggene og litt slikt før vi er heilt fornøyde her. Det har jo tross alt vært bebodd her før, og det er eit gammalt hus, men vi gjer det beste ut av det så blir det bra 😊

Nydelig solnedgang i fra hagen vår.

Vi gler oss stort til å ta fatt på den nye kvardagen og det nye livet vårt her oppe i Trøndelag. Og vi er begge sikker på at her kjem vi til å trivast dei neste åra.

Soloppgang innover i Trondheimsfjorden.

 

#kvardag #hverdag #brekstad #ørland #ørlandet #flytte #reise #trønder #fosnafolket 

Birthdaygirl!

På onsdag blei eg heile 25 år! Bursdag er virkelig livet folkens! Eg trur nok og det blir kjekkare for kvart år som går. Dessuten har eg innført bursdagsveke, så heile veka blir ein stor fest 😅  

Og sjå kva eg fekk hos Vegard då! Eg har lenge drømt om bysykkel med korg, og kva andre plassar enn her på Brekstad passar det bedre med ein slik sykkel? No kan eg sykle til jobb og ha veske eller posar i kurven. Ein draum! Min mann er best ❤️

  

Ellers har eg visst blitt skikkelig voksen og fått meg kjøkkenmaskin hos mamsen! Eg har hatt ein sånn dårlig kjøkkenmaskin før, så å få eit skikkelig beist er heilt fantastisk. Eg gler meg sånn til å få bruke den. Det er til og med kjøttkvern med, så no kan Vegard bare komme seg på fiske så skal eg lage fiskekaker til den store gullmedaljen 😎

På kvelden tok Vegard med med på ein finare restaurant her på Brekstad. Hovde Gård ligg 200 m i frå huset vårt, så det var ikkje akkurat lange stykket å gå. Alt er liksom i nærheten om ein bur på Brekstad. 

Det var eit fantastisk fint område, med herskapelige bygg. Vi åt i restauranten som dei kalla Fjøset, og som namnet seier så var det tidligare fjøset på gården. Fantastisk fint lokale, og ikkje minst god mat. Her kan vi gå igjen 😊

Takka være denne mannen her, og mange andre fine folk, så hadde eg ein fantastisk fin bursdag her i Trøndelag! Tusen takk alle sammen ❤️

#birthday #bursdag #gave #voksen #mat #restaurant #hus  #presang

Fiskeferie på Kalve

Velkommen til paradis!

Altså, kor fint er det ikkje her då? Eg var så heldig å få muligheten til å besøke Kalve på Austevoll i sommar. Onkel og tante har hytte der ute, og når mamma og Harald allerede hadde kjørt ut med båten så var eg ikkje vond å be. Klokka 5 sto eg opp, og var klar på Sunde båtkai rundt klokka 06:00. Om eg var trøtt når eg kom fram til frokosten? Ja, men til denne utsikten så var det ikkje nåke problem å halde seg våken 😊

På Austevoll fiskar dei jo mykje, så det var absolutt obligatorisk når vi var der. Det var dårlig med fisk å få p stang, så vi satt eit garn så vi fekk fleire fine fiskar i. 😊

Wiii, sjå kor stor då! 😃

I djup konsentrasjon ved fileteringa..🐟

Vi fekk oss og ein liten tur ut til Skansen. Her fekk vi god utsikt mot Marstein fyr som ligg i havgapet. 😊

Denne dagen var det heldigvis fint vær, men til vanlig og når stormen står på som verst her så kan ein ikkje være her utpå. Då er det rett og slett livsfarlig for både store og små! 🌊 🌊 🌊

Eg og Simen tok oss og ein tur med kajakkane. Her padla vi i rundt 2 timar rundt og ut mot havet. 

Heit uti havet der ligg England! Vi padla ikkje så langt då 😅

Idylliske Kalve!

Takk for nåken fine dagar i paradis! 😊

#summer #sommer #ferie #reise #travel #reisebloggen #reisemagasinet #norge #bilder #natur #fisk #fiske #fisking #kalve #hordaland #utno #yrno #storm #tv2vaeret #tv2 #sol #kalve

Maria Mena i Baroniet 🌹

Den 13 juli var eg så heldig og fekk være med Kristin på min aller første konsert i Baroniet her i Rosendal.🌹  Det er mulig fleire av dåke har vært her før, då Baroniet er veldig kjent både i Norge og i utlandet. Det er med andre ord enormt mange turistar her gjennom alle sommarmånandane. Dei er flinke å arrangere konsertar her oppe, og kvart år kjem blandt anna Bjørn Eidsvåg og Sondre Lerche å holde konsertar.  Konserten eg fekk billett til var ingen andre enn den flinke dama Maria Mena! 

Tidligare på dagen hadde Maria lagt ut på Instagram at ho ikkje hadde hatt tid til å være heime etter ein ferietur, og lurte derfor på om ho måtte opptre i ein bikini på scenen. Dette fanga Kristin opp og inviterte Maria inn på butikken for å finne antrekk til kvelden. Dette tok ho på ordet og plutselig sto ho smilande på Instinkt Mote! 😃  Eg trur ikkje vi rakk å bli nåke starstruck heller, fordi ho var så utrulig jordnær og fin der ho gjekk rundt på leit etter antrekket sitt. 

Det var veldig gøy at butikken fekk donere ein kjole til ho den kvelden, og ikkje minst at ho gjekk for Norsk design! 😃  Kjole og øyredobbar er i frå den flinke designeren  Secrets By B 🌸

Ein nydelig konsert med ei nydelig dame! Har du muligheten til å gå på konsert med ho, så er det virkelig å anbefale. Dessuten vil eg anbefale dåke å følge ho på Instagram for å sjå storyen hennas der. Altså, den er bare til å bli glad av.😍

Ho spelte og  mange av dei gode gamle sangane sine, altså dei som eg har vokst opp med. Ho fortalte og litt i forkant av sangane, som kva dei handla om og kva som var årsaken til at ho hadde skreve dei. Dei siste åra har ho opplevd ein del ting på privaten, og dette snakka ho åpent om. Så søt! 😍

Dessuten klarte eg og Kristin å få til eit bilde med ho etter konserten. Måtte jo nesten ha det på grunn av kjolen 🙈

Mihi, ein veldig koselig dag og kveld med andre ord!  No gler eg meg bare stort til Vamp-konsert neste veke 😎

 

– Følg gjerne idarossland.blogg.no på Facebook her –  

 

#konsert #ferie #mariamena #design #norge #rosendal #baroniet #mote #sommerferie #sommer #travel #reise

Sjølvplukk <3

Gårsdagen var satt av til fjelltur for oss. Når vi våkna så var det skodde langt nedover dalen, men med godt mot gjekk vi allikevel oppover. Tåka letta ikkje, men det gjorde faktisk ingenting for i går var formen virkelig på minussida.. Det var faktisk meir enn nok med den turen vi hadde, og i alle fall i V sitt tempo.. eg blei rett og slett slitande litt bak 😅

Men opp på kanten skulle vi, og med nye sko, gnagsår og min manglande pust så sa vi oss fornøyde med det for øyeblikket… Nei, det er ikkje bare bare å komme heim i frå Usa visst.. alt går jo om ein bare bruker nok tid, men det er kjipt å kjenne at kroppen ikkje jobber med i motbakkar lenger..🙄

Det er nå fin utsikt om ikkje anna!

Etter turen for eg ein tur innom Instinkt mote før eg gjekk til pappa. Der oppdaga eg at ripsbuskane ikkje bare var blitt svære, men det var jo masse bær på dei og! Så eg gjekk i gang med litt innhausting. Det er jo reine luksusen å kunne plukke desserten rett i frå hagen! 👌

Nam nam!

No er eg på båten på vei til Austevoll for nåken dagar ferie! Det er jo idag og i morgon som skal være sommar her på vestlandet, så det gjeld å utnytte dagane godt! 😎

Endelig er dagen her!

Endelig er dagen her! Eg trur eg har venta på dette siden sist sesong kom ut. Idag er planen å sjå så mykje som mulig av sesong 5, så får eg sjå kor mykje som er igjen til i morgon😅  Eg har sett to episodar allerede, og satse på at resten av sesongen skal være like bra. 

Nåken andre som gleder seg til Orange Is The New Black og skal ha maraton denne helga? 😀

#orangeisthenewblack #oitnb #serie #tips

Få følgere på Facebooksida di

Sidan vi flytta til USA så har eg hatt ei Facebookside til bloggen. Det er så utrulig greit å kunne samle innlegga på ei side, slik at eg ikkje nødvendigvis bombarderer alle som ikkje ønsker å få oppdateringane i frå meg på min profil. Det er no 241 personar som følger med på denne sida, og det er plass til flerie.🌸 Trykk på bildet under for å komme inn på sida for å følge med, eller trykk ↪️  HER. ↩️

Har du ei facebookside til bloggen så vil eg veldig gjerne følge den og! Legg igjen ein link i kommentarfeltet så eg kan finne deg 😊 

#followers #follow #følgere #facebook #nettverk #sosial #medier #blogg