2 år <3

Mandag 21.05 hadde vi vært gift i 2 år. Tenkt det, 2 år, det går fort! I fjor feira vi dagen i Florida, i år på Brekstad. Spent på kor vi er neste år 😊

Vi tok oss ein sykkeltur rund på Brekstad, og enda opp med å prøve fiskelykken på kaien. Først ute på piren, der vi la i frå oss ein sluk. Deretter inne på kaien der vi holdt på å legge i frå oss enda ein sluk 😅 Det er ikkje lett å ikkje være kjent i området altså! Vi fekk ikkje nåke fangst.. Eller Vegard fekk ein liten ein som vi heiv uti igjen. Vi får hente den når den er større 😎

Kveldsen tok vi på Hovde Gård! Vegard hadde lenge hatt lyst å prøve denne «fjøla» med forskjellige rettar på,og endelig fekk han sjansen til det! 😁

Flotte Hovde Gård!💛

Oppdatering i heimen?

Reklame | Chilli.no

Åhh, no er det ikkje noko som frister meir enn å oppdatere litt på møbelfronten heime.. Eg har så lyst på både det eine og andre. Nytt stovebord, nye spisestolar, ny seng  osv osv.. Senga vi har no er faktisk så lite god at eg (bak V sin rygg) følger med på alle tilbud på senger som finnes 😅 Har eit lite håp!

Uansett så er det viktigaste nesten at senga går heilt ned til gulvet. Eg er så lei av å støvsuge under der, at det blir faktisk nesten ikkje gjort. Altså, om nåken lurer på kor dei savna sokkane blir av i vaskemaskinen, vel dei er under senga! 😅 Sånn utenom at senga må gå ned til gulvet så må den nok være grå.. Eg har liksom ikkje heilt landa på det heilt svarte enda, og trur nok eg holder meg til grått fortsatt. Dei har mange grå senger på Chilli no, bare sjå på den under her då! Rimelig sikker på at den er ein av favorittane hittil!

Kva seng har du? Kan du anbefale ei kanskje? 😊

#chilli #seng #nyseng #hjem #interiør #sammarbeid 

17.mai!

Puh, her har det virkelig gått i eit i det siste. Vi har hatt besøk av foreldrene til Vegard fra 16.mai og ut pinsehelga, og har virkelig fått mykje ut av dagane. Været var strålande, nåke så gjorde ag vi fekk brukt dei nye hagemøblene kvar kveld! Dei skal eg snart vise dåke, men først eit lite bildedryss frå ein av dei kjekkaste dagane i året: 17.mai! 🇳

Meg og Zara! 🇳😁

Vi starta dagen med litt bobler og masse god mat. Etterkvart skulle vi til sentrum for å sjå på toget, men når vi kom utfor huset vårt så stod det masse finkledde folk langs veien. Det var tydeligvis her toget skulle gå forbi 😊

Vi feira 17.mai på Brekstad i år. Det var ein ganske stor kontrast sett opp mot fjorårets feiring i Florida! Bilder frå den feiringa kan du sjå HER 😊

Etter toget og ein tur ned i sentrum for å ete is (obligatorisk), så gjekk vi heim igjen for litt kake. Vegard hadde laga ein nydelig pavlova som vi smakte på både før og etter grillinga i hagen 😁

For ein herlig dag det var! Eg elskar å gå i bunaden min, og skulle gjerne ønske eg kunne brukt den oftare. 🇳🌿

Men… Neste år får eg håpe den kan være liiiit bedre plass i enn i år 😂 Det er vel eit problem dei fleste har, at bunaden krymper i skapet? Plis sei eg ikkje er aleine om den saken 😅

#17mai #bunad #feiring #reise #interior #hjem #kake

Oppdrag platting: ✔

På torsdag var det fridag, og eg hadde lagt store planar for dagen. Heldigvis var Vegard og med på den planen! Vi skulle fikse ferdig plattingen og ordne litt i hagen. Etter ein runde på Brekstad fekk vi tak i europaller og litt nye planter, så kunne arbeidet starte😊🌸

Viktig med pause i arbeidet!🍺

Her har vi vaska plattingen og fått vekk ein del av den gamle raude beisen som var der frå før.

Idag hadde plattingen tørka i nåken dagar og eg har fått beisa to strøk med fargen gråsvart. Plattingen blei ganske mykje større enn den var 😊 No mangler det bare litt hagemøbler, siden eg solgte dei vi allerede hadde.. Litt spontant 😅

Reisedag

No sitter eg på Værnes å venter på flyet mitt til Bergen. Det blei ein liten spontantur heim til Vestlandet idag, men eg skal tilbake til Trøndelag allerede på onsdag. Eg har hatt ei rolig helg med jobb både fredag og lørdag, før vi avslutta med litt hundepass lørdags kveld.

Korleis har helga di vært?😊

#reise #mote #klær #ootd

I need this…

Ja, kanskje denne fire-arma lysestaken er veldig “mainstream” og at alle har den. Men no har eg sett på den i over 4 år, og har fortsatt lyst på den, så då trur eg at eg skal slå til å kjøpe den! Eg har riktig nok gått i fra å ønske meg kvit til svart, så kanskje det var like greit at eg venta så lenge som eg har gjort. 😊 Den er ein klassiker som eg kjeme til å ha glede av lenge. Eg er heller slik at eg kjøper få dyre design-pynteting, enn å kjøpe masse forskjellig til 200 kr som eg går lei av. Derfor venter eg og tenker meg godt om når det gjeld interiøret. No fant eg den på Royal Design og vurderer om eg bare skal bestille den.. Vasen vil eg og ha den e ny for året og heilt genial. Det er inndeling oppi, slik at ein kan sette ein og ein kvist og likevel få det til å stå fint! 😊

Vase  –  Kubus By Lassen 4 Kubus By Lassen 1 –  Kubus By Lassen 8  –

Har du nåke fra denne serien? 😊

#reklame #interiør #interior #design #skandinavia #hus #hjem #husoghjem 

Steikt laks med asparges og ostesaus

Altså, hallo sjekk denne middagen her då. Tenk at fisk kan etast så enkelt og digg! Eg har i den siste tida bare unngått å ete mat som er fulle i karbohydrater, og det hjelper så på mykje i kvardagen. Kroppen er lettare, søvnen er bedre og eg er nesten aldri dødssulten lenger. Fantastisk! Det beste med dette er at det finnes så utrulig mange kjekke oppskrifter der ute. Ein blir jo mykje meir bevisst og eg syns det er kjekkare å stå på kjøkkenet å lage mat når eg kan eksperementere med kjekke, men enkle, kvardagsoppskrifter. Denne oppskrifta fann eg hos Linn Therese Dagsland.  Middagen var klar på sånn 15 min, perfekt i ein travel kvardag!

Du treng til to personar:

  • 4 små laksebiter
  • 1-2 bunter med asparges
  • 2 ss smør
  • 1 ts johannesbrødkjernemel
  • 100 gram raspa ost
  • 3 dl fløyte
  • 1 dl vatn
  • 1 sitron
  • Krydder. Eg brukte salt, pepper og sitronpepper. 

 

Slik gjer du:

  • Steik aspargesen lett i ei steikepanne med smør. Legg dei så over på ein tallerken. 
  • Legg laksen i steikepanna, og steik den på medium varme under eit lokk. Ha på sitronpepper. 
  • Sausen: Smelt 2 ss smør i ein kjele. Visp inn johannesbrødkjernemjøl før du sper på med vatn og fløyte. Visp godt for å unngå klumper. Når sausen når kokepunktet tar du den vekk i frå varmen og tilsetter osten og sitronsaft. La osten smelte, snak til med salt og pepper og så er alt klart til å servere!

#lavkarbo #lchf #lowcarb #keto #ketogenic #kosthold #Mat #middag #fisk #fiskno

HappyKnitting

Eg har gjort det eg ikkje skulle, eg har bestilt meg meir garn til lageret mitt.. Eg hadde egentlig ikkje lov (har laga meg eit forbud), men sjå på det her då! Så fint og mjukt at eg ikkje kunne la være, dessuten var det på salg.😁 No har eg begynt på ein rosa deilig genser som eg håper blir perfekt til lange sommarkveldar. Håper bare eg ikkje blir lei av å strikke hullmønster med det første..

Har du nåken kreative prosjekt på gang?

Ein hyggelig helsing fra eigaren av HppyKnitting.no 😊

#garn #strikking #strikk #Hobby #diy #kreativ 

Litt ekstra luksus

Reklame | Trademax

Når vi først er inne på det med uteområde, så er det vel ikkje nåke som er meir fristande å ha i Norge enn eit lite basseng i hagen. Men siden basseng ofte er kalde, mykje vedlikehold med og ekstremt kostbare så kan jo ein badestamp være eit godt alternativ. Tenk for ein drøm, å bare kunne sitte å nyte eit varmt bad utendørs mens det er kaldt i været. For kaldt i været er det jo i Norge på kveldane uansett. Vi treng nok litt større plass før dette kan bli ein realitet, men det er vel lov å drømme?😎 

Trademax har ein del fine spabad på salg no. Så det er ikkje bare ein stamp, men eit spabad som gir god massasje mens du slapper av. Det varme vatnet utvider blodkara, auker blodgjennomstrømningen og føles som ein deilig og god massasje. Det som og er fint er at du kan kjøpe både i hardt tre, eller eit som er oppblåsbart. Åå, ja send gjerne eit av dei under til mi adresse, helst det til venstre, takk!😎 

Hadde det ikkje vært digg med eit slikt i hagen? Eg hadde i alle fall ikkje takka nei 😊

#trademax #sponset #reklame #ute #hage

Er det håp for denne hagen?

Velkommen til verdens kjipaste hage! 😭 Det er vel ikkje langt i frå eller? Ikkje akkurat slik vi hadde gjort det om vi eigde huset då, men siden vi leiger så blir det vel slik.. Det bordet og dei to stolane sto faktisk igjen etter forrige eiger, og med god grunn.. Det er ikkje trygt å sitte i dei, så han var lur som bare lot dei stå… Plankane er forresten til eit prosjekt eg driv på med! Sjekk bilde under her av vår nye terrasse! 

Tada! Eller… hehe.. Det er ein rimelig enkel og grei løysning då, eller kva?  Ja, hagemøblane er krise. Planen var å få gjort nåke med det, men det er vel ikkje for seint enda vel? Og ikkje minst! SJÅ på jordbæra mine!! Eller det er kanskje ikkje så lett å sjå på dette bildet, men i baljen på pallebordet står det 6 fine grønne jordbærplanter som eg planta i haust. Dei veks litt og litt for kvar dag! Jippi, så gøy. Eg gler meg til egendyrka jordbær i sommar!😃

Her har eg laga meg til eit bedd. Grunnen til at det blei her er rett og slett fordi det er den plassen i heile hagen som er minst grønn.. Altså, eg ser ikkje nåke håp for at området her nåken gang kjem til å bli grønt heller.  Eg er og ganske sikker på at det har vært eit bedd langs veggen her før i gamle dager (ja, huset er nåken generasjonar gammalt vil eg sei…). Her skal eg då helst plante noko som er fargerikt, enkelt å holde ved like og som ikkje tiltrekke seg sneglar.. Nåken tips kva blomar eg kan plante her? 😅

#diy #hage #uteplass #kreativ #blomster #blomst #hus