Eller det snør ikkje på Ørlandet då, men i helga er vi på hyttetur ilag med Tone og Andreas 😊 Vi er på Oppdal, og var egentlig veldig spent på korleis føret skulle være oppover. Vi hadde skodd oss bra, så piggdekka var på 😎
Altså sjå på dette her då! Og i kveld har det bare snødd enda meir, så eg er veldig spent på kor mykje snø det er ute i måro. Egentlig er det veldig rart med snø i september, men heldigvis er det kun på fjellet 😎
Høsten er og litt synonymt med interiør for meg som jobbar i interiørbutikk. No om dagane bugner det av nye varer kvar einaste dag, og det er så gøy! Deilige mjuke pledd, puter, lysestakar, lykter og vaser, eg blir nesten heilt dårlig av alt det fine som finnes i butikkane om dagane.
Velour, skinn, ull og vevd stoff er nøkkelorda til interiøret denne hausten. Fargane er som alltid like deilige som tidligare; oker, rust, oransje, gull, mørk grønn og sjølvsagt blå. Det er jo ikkje nåke å tvile på at eg trekker heilt klart mest mot dei blåe tonane, men denne hausten er eg faktisk litt luren på om eg skal prøve å lure inn ei lita oker pute, bare sånn for å prøve.. Det kan jo være at eg likar det då!
Eg har i alle fall funne veldig mykje fint inne på Princessbutikken.no, og lurer på om eg skal klikke heim nåken av dei fine putetrekka dei har der inne. Det er forresten 3 for 2 på putetrekk og, og når du skal kjøpe putetrekk så går det jo ikkje an å bare kjøpe eit… Eg må alltid ha fleire, elskar puter!
Fargane på bildet under her synes eg er så fine, men eg veit eg ikkje hadde klart å ha dei heime hos meg sjølv. Likevel så lever eg litt i håpet om at ein vakker dag så kanskje eg klarer å nyte hausten med alle dei deilige varme fargane inne i stova mi og. 😊
PS: Princesshar og fri frakt på bestillingar ut denne månaden, så det er bare å shoppe!
Etter som at innlegget i fra Washington blei så godt tatt i mot, så tenkte eg å gjere det samme med innlegget i frå New York. Her var vi i fra 1-4 juli 2017, nåke som var heilt passelig med tanke på at vi visste vi skulle heim til Norge igjen. Det som var så greit med desse dagane i New York var at vi ikkje gjekk rundt å stressa. Vi tenkte at “det kan vi jo bare spare til neste gang”, så har vi ein unnskyldning til å reise tilbake ein gang til 😅 Ikkje det at vi ikkje fekk opplevd det meste vi hadde lyst til altså, men New York er New York, så ein kan godt ha nåken turar dit før ein er ferdig.
Klikk på linkane under for å komme til innlegg og bilder:
På fredag blei årets Jentebølge gjennomført av rundt 300 spreke damer i alle aldrar her på Ørlandet. 😊 Det var til og med tilreisande folk i frå nabokommunane rundt her med. Vi stilte eit lag i frå jobb, spreke og klare for å gå gjennom løypa. For anledningen hadde vi fått laga oss nåken arige t-skjorter med eit avisoppslag fra tidligare i år. Det passa egentlig veldig bra med tanke på at årets overskudd frå Jentebølgen gjekk nettopp til testikkel- og prostatakreft. 👏
Team Fosna-Folket klare for årets Jentebølge!
Langs løypa hadde Ørlendingane gjort litt ekstra! Hovde Gård delte ut smoothieshot, ein privatperson delte ut frukt, ein gjeng med menn hadde dradd hagemøblene ut i veien og serverte prosecco, også var det denne karen her då 😅
Etter eit vel gjennomført løp hadde vi bestilt bord på Kysthotellet for tapasbuffet. Det var så mykje deilig tapas som eg aldri har sett før, virkelig gjennomført. Eg gler meg allerede til neste år!
Oi, oi, oi….. Ka då seint ute med innlegga seier du? 😅 Vi var jo i New York før vi reiste heim i frå Usa, og her fant eg fram eit innlegg som ikkje har blitt publisert før.. Kvifor eg ikkje har publisert det før, nei det veit eg ikkje? Det må ha vært at eg ikkje følte innlegget var “klart” og godt nok, også gjekk det i gløymeboka… Idiotisk? Ja. Det er jo bare å publisere bildene eg tar om eg vil, det er jo min blogg og mi dagbok! Så her kjem innlegg og bilder i frå siste dag i USA.
4.juli, aller siste dag i USA for denne gang. Flyet vårt tok av på kvelden så vi fekk sjå masse fyrverkeri fra flyvinduet. Det er det Amerikanerane gjere den 4.juli, dei samles, har grillparty og ser på fyrverkeri. Litt anna enn vi er vane med på 17.mai. 😊 Vi brukte dei siste timane på å få med oss Central Park som dei turistane vi er. Tenk kor fint og fantastisk det er at dei kan ha ein slik grønn oase midt inni storbyen og kaoset som det medfølge.
Neste gang håpe eg at vi kan bruke litt lengre tid her, leige sykkel, leige båt og kanskje gå på piknik. Det er jo akkurat det denne turen til New York skulle være, vi skulle få oppleve litt av alt, slik at neste gang vi reiser tilbake så kan vi ta det meir med ro og ikkje måtte stresse med alle desse turisttinga ein må oppleve.. Eg gler meg! Neste gang vil eg oppleve New York i jula! 😊
Dette er vel her dei filma under Home Alone filmen?
Sjå kor idyllisk og fint! Eller.. Eg kunne kanskje ønska at det var litt mindre båtar der då, så kanskje ikkje fellesferien er tidspunktet å ta ein romantisk båttur for to i Central Park.
September kom litt brått på meg her i år. Etter ei veke innom St.Olavs etter fjerning av visdomstann (aldri igjen), og ei veka på sofaen så har eg allerede “mista” den første veka av hausten.. Den som eg skulle starte så bra… Eller eg starta jo august bra då. Vi begynte på trening igjen, eg har to fine jobbar som eg gler meg til å stå opp til om morgonen og ein fin mann å komme heim til, men så skjedde denne veka her. Og alt blei lagt på is. Når eg er ferdig med sjukemeldingen og ferien min så har eg ikkje vært på jobb på 4 veker, DET er lenge det… Kanskje eg kan klare å få til nokon gamle rutinar her inne på bloggen i det minste? Eg har jo ein haug med bilder på mobilen som eg ikkje har delt i frå sommaren og kvardagen, det er kanskje på tide? Litt kreative innlegg er vel og på sin plass snart. Det kjem med årstida det. Haust = kreativitet. Eg har allerede tre små prosjekt klare i hovudet mitt, må bare finne riktige dagane å gjennomføre dei på..
Er det nåke dåke savner her inne? Nåke dåke vil eg skal blogge om? 😊
På vei heim til sommerferie den 20.07 kjørte vi første etappe til Dombås. Her satt vi oss ned på ein resturant ish og fekk i oss dagens bursdagsmiddag til Vegard. Uff, stakkars mann som måtte tilbringe bursdagen sin i ein bil nedover dalane i Norge. I fra Dombås bestemte vi oss for å kjøre mot Lom, og håpte på at vi skulle finne oss ein plass å overnatte. Mykje var fult, men heldigvis hadde dei eit ledig rom på Lom Camping, ein super sentral plass med tanke på dagen etterpå. Lørdag 21.07 skulle vi nemlig gå på tur opp til Norges tak!
Veien opp til Juvasshytta var heilt fantastisk fasinerande. Hovedveien ligge på rundt 1000 moh, nåke som betyr at vi skulle kjøre 800 høgdemeter opp før vi får parkere. Sjå kor stilig landskapet er!
Del 1: Fra Juvasshytta og opp til starten av Styggebreen. Det er ein tidsfrist på å komme seg opp til del 2, men dette er ein rolig og slak etappe som dei aller fleste klarer.
Del 2: Over Styggebreen i taulag. Her strammar du på deg ein sele som du hektar på eit tau. Vi gjekk mellom 10-20 stk i eit taulag. Det er på eige ansvar å gå over her, men derfor er det fint at ein kan gå i organisert taulag.
Del 3: Fra breenden til toppen. Dette var den hardaste delen av turen, men det er bare å ta tida til hjelp.
Litt folk på toppen kan du sei!
Og sjølvsagt ein heilt fantastisk fin utsikt og. Vi var SÅ heldig med været denne dagen, og det gjorde liksom opp litt for at vi måtte gå i kø. Heller kø enn tåke foråseidetsånn!
Finaste <3
Litt info:
Det tok ca 40 min å kjøre i fra Lom Camping til Juvasshytta.
For å gå denne turen så må du bestille deg tur i taulaget her.
Kom litt tidlig så du får parkering ved hytta.
Vi var der oppe kl 09:00, og skulle begynne gå kl 10:00. Siste oppmøte kl 09:45.
Kle deg etter været, turen starter på 1800 moh!
Denne seier seg sjølv, men vi hadde sikkert tidenes finaste dag. Vi var heldige og kunne gå i shorts og tskjorte heile veien. På toppen tok eg på meg vindjakke, men det hadde gått fint uten og. Eg hadde uansett med meg både regnjakke, ull, hue, votter og tørre sokkar.
Du går i kø på slike fine dagar.
Det var vel rundt 600 stk som var på toppen denne dagen.
Gå tidlig i fra hytta, og kom deg fort opp.
Dei fylte bare opp brelaga etter kvart som folk kom, går du i eit tidlig brelag får du meir tid på toppen, og du kjeme ned før. (vi rakk akkurat ikkje lunchbuffeten på Juvasshytta fordi vi kom litt langt bak i køen…)
Denne turen vil eg sei passer for dei fleste, men ha gode sko og klesbytte med deg. Været kan snu fort!
Vi hadde ein heilt nydelig tur til Norges høgaste fjell. Det var ikkje akkurat ein tur som ein treng å trene seg opp til, så her kan alle gå! Men vi kjente det godt i beina likevell, fordi vi gjekk så lenge. Vi starta å gå kl 10 og var ikkje nede igjen før klokka nærma seg 16. Vi kunne sjølvsagt gått fortare, men på grunn av alle folka som var på tur den dagen så blei det ein del venting og dødtid.. Trass i dette så er turen så absolutt å anbefale! Også kan ein jo få krysse av Norges høgaste fjell på bucketlisten.
I helga tok vi oss ein liten velfortjent miniferie i Trondheim hos Tara og Martin! 😁 Dette var siste helga vi fekk muligheten til å reise på besøk før dei flyttar til sørøve til hausten..
Trondheim bada i sol, som så mange andre plassar i landet. Så det var deilig å bare gå rundt å sjå og oppleve byen. Det var så utrulig mange turistar og, at det nesten blei litt for mykje. Umulig å ta bilde ved Nidarosdomen vertfall. Men det problemet løyser vi med å ta bilde når vi gjekk heim fra byn 😅 Kl 3 er det jo rimelig lyst no, og uten turistar var det jo perfekt!
Trondheim by sett i fra Festningen!
Vi såg bronsefinalen i leiligheten, åt digg pizza på ØX bryggeri, dansa på Fire Fine (litt for høg partyfaktor på den uteplassen, men overlevde), åt sushibuffet på Sabrura og enda helga med ein tur på Festningen og såg VM finalen mellom Frankrike og Kroatia ⚽ Absolutt ei helg som vil gå i minneboka 😊
Sjå alle folka som hadde samla seg for å få med seg finalen!
Tidligare i mai var eg så heldig å fekk tilsendt nokon produkt frå Swiss Clinic. Eg fekk ei fuktighetsmaske, øyenvippeserum, tannbleiking og ei “nålerulle” til strekkmerker og arr i huden. Hittil har eg bare testa fuktighetsmaska og øyenvippeserumet. No har eg brukt serumet til øyenvipper i nesten to veker, og eg truuuur eg kan sei det funkar. Eller? 🤔 Om du vil teste sjølv så finn du det HER. Eg ser i alle fall at øyenbryna burde ha seg ein runde med fiksing.. haha..
Fuktighetsmaska hadde eg egentlig ikkje tru på, sånn siden den heiter “Dry mask”. Eg tok den på meg idag etter dusjen, og maserte den litt inn i huden. Etter ca 15 min tok eg den av og eg glinser fortsatt no, 2 timar seinare. Så den gav veldig god fuktighet vil eg sei 😊
Vil du teste desse eller andre produkt fra Swissclinic? Klikk HER <—- 😊