Vel, då har han bare med å ha med seg litt i kofferten, eller? 😅 Og i alle fall når han har bært nesten ei veke i USA! Han er god då, bare sjå kor flink han har vært 😁 Nye Birkenstock til sommeren, også i sølv då! SÅ kule! Nei, med dei og den nye parfymen til Escada så er det einaste eg mangle ein flybillett til varmare strøk 😅🙋
Han var så langt nord i USA at han tok seg ein tur til Canada i samme slengen. Misunnelig? Ja, veldig.. Men eg har jo fortsatt ærend, så vi får reise tilbake 😎 I skikkelig Canadisk ånd kjøpte han med maple (sirup) te til meg. Eg er veldig spent på å smake den, sånn siden eg ikkje er spesielt stor fan av søt te..😅
Er det kanskje nåken av lesarane mine som har vært i Canada? Nåken tips til kor vi evt bør legge turen når den til kjem? 😊🇨
Idag tok vi rett og slett frokosten ute i fjæra. 😊 Zara hadde invitert oss med til ein plass som heiter Jektvika(?), rett ved Austrått camping, for grilling og kos. Då eg og Vegard kom så var det allerede ein god gjeng der med både voksne, ungar og hundar. 💛
Vi grilla ostesmørbrød for første gang! Det gjekk jo absolutt veldig bra, og kan anbefalast om ein ikkje er keen på pølser på grillen 😊 Ja, også ein del marshmallows då.. Kjem jo ikkje utenom det😅
Han her tøffingen her er sønnen til Zara. Han er meg ein fin luring, og her skulle han vise meg sitt «hemmelige sted». Her hadde han alt i fra bad, sofa, kjøkken der han laga sjokolade pudding og ein cafe der han solgte puddingen. Ååå, tenkt så deilig å ha ein sånn fantasi då!😁
Vi var nåken timar her ved stranda idag. Det var jo faktisk vindstille på Ørland og, så det var ingen problem å være ute så lenge uten å fryse. Eg ser for meg at dette kan være ein fin plass å være til sommaren og. ☀ Sånn om det blir skikkelig sommar her oppe då? Etter denne lange vinteren har eg nesten vanskelig for å tru det 😂
Har du hatt ei fin helg? Fått brukt søndagen til nåke fornuftig eller? 😊
Etter ei god langhelg på hytta reiste eg ned til lavlandet og fortsatte litt av påsken der. Eg fekk ikkje meir enn tre dagar, siden eg skulle tilbake på jobb på lørdagen,men det var virkelig verdt det. Kvinnherad er på sitt finaste no, med bare bakkar og snø på fjelltoppane! ❤
Eg fekk til god tid med familien, og ein tur å stia sauene med bessen! Nett som for 15 år sidan (om ikkje det er lengre). 😊
Det blei ikkje nåke topptur på ski då eg var heime, men det blei ein kjekk fisketur då! Vi var på sjøen nåken timar og fekk heldigvis fangst, ellers hadde det ikkje vert verd det 😅🐟
Sjølv om sola skein så var det fortsatt kaldt. Var godt å ha nåken store kjeledressar å varme seg i. Fine og fine, men varme var dei vertfall! 😊
Eg og mamma fekk kvar våre store lyr på stanga, og var veldig fornøyde når vi kjørte heimover!
Det var godt å få litt skikkelig vestlandspåfyll, sjølv om det bare var i lavlandet denne gang. No blir neste heimtur til sommaren, og det blir så godt. Eg gler meg til å sjå at bakkane og trea er blitt grønne og at snøen har smelta på toppane. 😊
Forrige fredag, før påske, så reiste eg med fly til Oslo tidlig på morgonen. Der i frå heiv eg meg på bussen til Haukeli for å være klar på hytta når pappa og dei kom oppover. Han visste ikkje nåke om at eg skulle komme, og blei veldig overraska og glad 😊
Det er nåke spesielt med hyttelivet i påsken. Det er ekstremt avslappa og den deilige friske fjellufta gir ein spesiell ro i kroppen som ein ikkje får i lavlandet 😊
Litt påskestrikk blei det og. Friske gode fargar blei til to nye huer! Eg skal få lagt ut bilder av dei snart 😊
Fine Loke, som og skal tøffe seg litt for nabohunden. 😁
Vi var ein tur tok nåken turar i bakken ein dag og. Det blei ikkje så alt for mange, då det er ganske slitsomt å stå både på telemark og slalom når ein ikkje er vane med det.😅
Litt afterski i hytteveggen hadde vi og! Det er så nydelig og avslappande der oppe! Utsikten er det heller ikkje nåke å sei på🥂💛
Påskeharen hadde vært ute å lagt egg, så etter litt leiting blei det påske i år og! 🐣👌
Det første eg såg på når vi fekk tilsendt bilder av huset vi bur i no var gulvet. Altså, eg har vært innom mange forsvarsboliger, og gulvet er alltid det samme.. Det er alltid eit gul/oransje gulvbelegg i fra 1970 som regjerer.. Gleden var derfor stor då eg fekk bildene og gulvet var så moderande som dette! Eg gjekk i taket, og tenkte at det ikkje gjorde så mykje korleis veggane og resten av huset såg ut, då det alltid kan gjerast nåke med.
Tenk at nåken har orka å legge eit fint laminatgulv i heile stova og kjøkkenet, og det i ein bolig som dei bare har leigd for ein periode! Eg er i alle fall sjeleglad. Ikkje nok med det så merker eg at vi har det mykje lunare og varmare på gulvet enn fleire vennepar som kun har gulvbelegg. Så når vi ein gang kjøper oss bolig, ja då er det gulvet som må byttast først.. Ta gjerne turen innom Bygghjemme.no for mykje god inspirasjon til huset.
Og i tillegg så gjere det jo absolutt ikkje nåke at gulvet er fint å ta bilde av, eller kva?😃
Idag tenkte eg at eg skulle dele mine tre mest leste innlegg med dåke! Det er jo ganske tydelig å sjå kva innlegg som fenger mest, og at det var blomsterkassen som var på toppen var ikkje overraskande i det heile. Det er bare veldig kjekt at så mange fant veien inn til det innlegget, og nåken av dåke har jo og laga blomsterkassen sjølv! Her må det nok meir DIY-innlegg til ja, eg må bare få nokon ekstra timar i døgnet 😅 Klikk på bilda for å komme direkte til innlegga. 👌
KAY BOJESEN APE– Denne har eg fått fleire spørsmål på om eg kan hekle på bestilling, men eg har sagt nei. Det tok så lang tid, og eg knota så at det gidder eg nok ikkje gjere igjen. Hekling er ikkje “min ting”, men noko eg gjer når eg finner på det 😅
Så kunne du tenkt deg å prøve nåke av desse prosjekta? Gi meg gjerne ein lyd i kommentarfeltet om du gjer det, så eg kan sjå resultatet! Du kan og tagge meg på instagram @ida.rossland 👌
No er det ikkje mange mnd sidan eg tok opp strikking litt for alvor. Eg har hatt både eit og to strikkeprosjekt om gangen, og garnlageret minkar i rekordfart. Det er jo litt av grunnen til at eg har strikka så mykje og, eg har tydligvis “shopstop” på garn. Det har holdt sånn halveis. Men så lenge garnet ikkje ein gang er innom garnlageret før det blir brukt opp, så må det vel være greit. Eller ka? 😅🙈
Her kjem i alle fall nokon strikketips eg har notert meg. Har du nåken å tilføye blir eg veldig glad om du skrive dei i kommentarfeltet mitt 😊
✖️ Bruk Instagram! Det er her eg finner alt eg har lyst til å strikke. Det finnes så utrulig mange flinke stikkere der ute som viser fram, svare og hjelper på det du måtte lure på.
✖️ Bruk strikkekalkulator til å regne ut aukinger og fellinger. På pc så bruker egdenne sida, men på telefonen har eg no lasta ned ein app.
✖️ Strikk ferdig eit prosjekt, før du starter på eit nytt. Dette tipset er jo egentlig bare svada, for det fungerer aldri i praksis. Men i teorien så bør du altså ikkje ha så alt for mange prosjekt om gangen. Monter det gjerne og fest tråder før du legg det vekk.
✖️ Skriv opp kva pinne og garn du bruker til dei forskjellige prosjekta. Eg bruker bloggen til dette. Det er så mykje enklare å gå tilbake om ein lurer.
✖️ Bruk liten rundpinne (20 og 30 cm) på armar, vottar og sokkar. Det er litt knotete i begynnelsen, men så går det som ein leik.
✖️ Bruk Youtube eller google for hjelp. Garnstudio har og mange gode videoar som viser ulike teknikkar trinn for trinn.
✖️ Skriv opp det du har lyst å strikke, eller ta print screen på mobilen. Eg har ei eiga mappe til sptrikkeprosjekt på telefonen.
I helga har vi vært så heldige å få passe på to nydelig fine hundar. Eit vennepar av oss var på reis, og vi sa ja til å være hundeeigere. Nydelige hundar, lydige og fine, så det var heldigvis ingen problem å ha dei i hus.😊
Vi hadde ein liten plan om at dei ikkje skulle opp i sofaen, som dåke ser så gjekk ikkje det som planlagt. Det gjekk nøyaktig 4 minutt så var dei i sofaen. 😅 Jaja, koselig var det i alle fall. Var sikkert vanskelig å avvenne dei til den uvanen når dei kom heim 🙈
Så om vi fekk meir lyst på hund etter helga? Ja vi fekk jo det, men den friheten vi har til å reise kortid vi vil uten å måtte planlegge nåke som helst er veldig deilig 😊
No nærmar påsken seg med stormskritt, og det er vel mange som skal på hytta og slikke sol kan eg tenke meg. Sjølv veit eg enda ikkje kva eg skal i påsken, og det går egentlig heilt fint det og, får ta det litt som det kjem. 🐥 Påsken er i alle fall mykje fritid, så derfor kan det jo være kjekt å kunne være litt kreativ, eller ka? Her kjem i alle fall tre enkle oppskrifter på heimelaga påskepynt som du kan lage med familien, venner eller barna. Klikk på teksten for å komme inn på oppskrift på kvart prosjekt 😊
Før jul blei eg hekta på vottestrikk med Mariusmønster! 🇳 Eg hadde mykje garn som skulle brukast opp, og slik blei det til at det låg fleire par med vottar under juletrea rundtomkring😊
Eg har fortsatt nokon vottar som ligg å ventar på den rette eigaren. Idag fekk eg levert eit par til ein Amerikaner, og han blei superglad for dei. 👌 Her oppe i Trøndelag et det nemlig ikkje tegn til vår enda.. Snøen og isen ligg godt på veien og bakkane enda..❄
Alle desse vottane er strikka med forskjellig garn.
Eg likar best å bruke Drops Alaska når eg tovar, då blir ikkje produktet så hardt og stivt som med feks Cortina eller Fritidsgarn. 😊
Strikkar på pinne 5 og tovar fuktig i tørketrommel med eit handkle.