Er eg virkelig den einaste?

Idag har vi virkelig hatt storreingjering her heime. Kjøkkenet var strøkent og eg begynte på middagen vi skal ha i kveld. Eg åpna skapet og leita meg i hjel etter dei riktige kryddersmaker eg skulle ha… Det var vel då eg fann ikkje mindre enn 5(!) kvitløkskrydder og 4(!) kanelkrydder at eg innsåg at eg burde ta ein opprydding… Er eg virkelig den einaste som har det slik i krydderskapet..?😅🙈

Alt krydderet måtte ut på disken og sorterast.. Vel, det var ganske mange av kryddera eg hadde minst to av 🙄 Dessuten såg eg at ein del av kryddera hadde eg jo aldri brukt.. så eg brukte taktikken «kast alt som et utgått på dato». Og vipps så fekk eg orden på livet (krydderskapet) igjen 😃

Så eg lure jo då på om eg er den einaste som har det slik? Er du og litt «avhengig» av å handle krydder? 😅 Eg satser på at det er heilt normalt, og at skapet sikkert blir fylt opp igjen snart..😂

Lettstrikka pannebånd

Eg har aldri budd på ein plass med så mykje vind som her på Ørlandet.  Det blåser nesten konstant her oppe, og det merkes når ein er ute å går. Eg har funne ut at eg har meir enn nok av huer, men når eg går med håret i strikk har eg større behov for eit pannebånd som ikkje er i veien. Eg prøvde meg litt fram og kom fram til denne enkle oppskrifta her 😊  Mønsteret kan du jo variert sjølv, men eg har valgt dobbel og enkel perlestrikk her 😊  Lykke til!

 

Du treng:

  • Pinner str 5
  • Garn som passar til pinnestr. Eg brukte dobbel tråd av Sandnes Merinoull, ein tråd som egentlig skal strikkast på pinne 3,5

 

Dobbel perlestrikk:

Slik gjer du:

  • Legg opp 18 eller 20 masker
  • Strikk perlestrikk fram og tilbake til arbeidet måler 36-40 cm eller ønska lengde.
  • Fell av i perlestrikk og sy sammen endane med maskesting.

Dobbel perlestrikk strikkar du slik:

  • 1.pinne: strikk 2 rett, 2 vrang ut pinnen
  • 2.pinne: strikk rett over rett og vrang over vrang
  • 3.pinne: strikk vrang over rett og rett over vrang
  • 4.pinne: strikk likt som du gjorde på 3 pinne. 
  • Gjenta pinne 1-4 til du får ønska lengde.

 

Enkel perlestrikk:

Slik gjer du:

  • Legg opp 17 eller 19 masker. Då får du starte kvar omgang med ei rett maske.
  • Strikk perlestrikk fram og tilbake til arbeidet måler 36-40 cm eller ønska lengde.
  • Fell av i perlestrikk og sy sammen endane med maskesting.

Slik strikkar du enkel perlestrikk:

  • 1.pinne: strikk 1 rett, 1 vrang ut pinnen
  • 2.pinne: strikk rett over vrang og vrang over rett.
  • Gjenta pinne 1 og 2 til du får ønska lengde.

 

Voila, fiks ferdige kjappstrikka pannebånd klare til bruk 😊  Link gjerne til bloggen min om du velger p bruke oppskrifta mi 😊

#diy #byidarossland #kreativ #strikk #strikke #oppskrift #hjemmelaget #hobby #Gjørdetselv #gratis #kjappstrikk #panneband #pannebånd #luestrikk

Skitur til Olavsbu

Forrige to helger siden spurte Linda og Eirik om vi ville være med på ein liten skitur med pølsegrilling og kos. Vi hadde egentlig planlagt at vi sku på skitur uansett, så dette blei vi jo sjølvsagt med på. 😊 Været var heilt perfekt, med litt Fosen-vind og minusgrader på slutten av dagen. 😅

Vi kjørte til ein plass som heiter Litj-Gjølga og parkerte. Her spente vi på oss skia og gjekk innøve og oppøve i skogen. Det var absolutt ikkje nåke lang tur, og i så fine løyper og vær så var vi plutselig framme. Bålkos og godt selskap👌

Tenk at vi har slike områder kun ein liten halvtime unna her vi bur. Fantastisk! 💙

Godt med litt kvalitetstid igjen 💛

Ein nydelig dag, som blei avslutta med ein kjekk kveld og god middag heime hos Eirik og Linda 😊👌

Lørdagsstrikk og OL

Idag kjeme vi til å få mykje ut av dagen! Vi sto opp kl 8 til 15 km langrenn, og valgte då å ikkje gå å legge oss igjen etterpå. Lite søvn i natt, men det får heller gå 😊 Ikveld skal vi til eit vennepar på middag, men før det har vi ingen planar.

Tidligare i veka starta eg på denne buksa fra Klompelompe, og planen er at den skal bli ferdig i løpet av helga. Kven den er til anar eg ikkje, eg har bare så mykje garn eg må få brukt opp før eg kan kjøpe meg nytt 😅 Var den ikkje fin? Og ikkje minst veldig lettstrikka 🤗😊

#klompelompe #diy #strikk #babystrikk #kreativ #hobby #barn

Energirike peanut- og valnøttkjeks

Endelig kjem det ei lita kjapp oppskrift som er perfekt i tursekken no i det nydelige vinterværet. 😊 Kjeksa er eit godt alternativ til sunn snacks om du velger ingredienser etter oppskrifta, men det går og fint å lage ein søtare variant ved å bruke vanlig sukker og sirup. Gode og seige blir dei uansett, ein liten ny favoritt på kjøkkenet. Oppskrifta fann eg sjølvsagt hos flinke Linda Stuhaug . 😊

Du treng:

• 100 gr salte peanøtter

• 100 gr valnøtter

• 3 ss sukrin gold (eller anna søtning)

• 1 eggekvite

• 100 g fibersirup clear (eller lys sirup)

Slik gjer du:

1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

2. Mal nøttene i en kraftig blenar eller foodprosessor.

3. Vend inn resten av ingrediensane.

4. Bruk ei Ts til å forme gode klattar med ts på eit steikebrett med bakepapir. Trykk nåken nøtter for pynt på toppen.

5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.

Ein kan sjølvsagt bruke akkurat kva type nøtter ein vil, så lenge det blir 200 g totalt. Så her er det bare å prøve seg fram 😊 Lykke til og ha ein fin søndag vidare!

Årets første

Eg har hatt fri idag, og etter å ha sete inne heile dagen å sett på den blå himmelen ute sendte eg melding til V om han ville være med på skitur når han kom heim. 😊 Heldigvis ville han det og vi heiv oss i bilen og kjørte innover mot ein plass som heiter Litj-Gjølga. Ja, eg veit.. Navnet er veldig trøndersk og nesten umulig å uttale for ein som ikkje er fødd her oppe 😅

Det var nydelige forhold og ein veldig fin dag for første skitur. ❄ Det beste av alt var vel at vi nesten var aleine i løypa og det tok kun 20 min å kjøre heime i frå. Så her er det absolutt mulighet for å reise tilbake fleire ettermiddagar 😊

Og ja, nåken tok seg litt meir ut enn andre.. V gjekk vel 5 rundar på den tida eg gjekk 3. 😅 Men her er det viktigaste å ikkje bli lei og hate å ha skia på beina framøve 😎

Ha ein fortsatt fin mandagskveld!😁

Mariusgenser med rundfelling til voksen

Dette må eg vel kalle tidenes ufo-prosjekt.. Ein genser er starta på i Arizona i fjor jul, men som eg ikkje fekk gjort ferdig før no. 😅 Eller det er jo egentlig ikkje lang tid, men eg la jo genseren vekk når det var 10cm igjen på den.. Så egentlig kunne den vært ferdig før vi reiste heim fra Florida, men den gang ei. Den blei ferdig no i romjula og den passa overraskande bra 😄

Meget fornøyd med min første egostrikk med mønster! 👏

Tips:

Genseren er strikka i str Small herre med rundfelling.

Drops Karisma garn.

Strikka på pinne 3.

Halsåpningen felte eg ned til 100 masker før eg strikka hals. Då blei den tettare rundt halsen.

No står mannen sin genser for tur.. Eg begynte egentlig å strikke genser til han først, men den blei aaaaaalt for stor.. Så då mista eg motivasjonen, siden eg måtte rekke den opp igjen to ganger…😩 No går eg snart på med ny giv, så får kanskje mannen ny genser til neste jul 😎😄

#mariusgenser #strikk #marius #hobbygruppa #byidarossland #diy #kreativ #diymagasinet #hjemmelaget #gjørdetselv #heimelaga #hobby

Eit lite hei!

Hei og hå! 😄 Nytt år og nye muligheter, eller kva? Den siste veka etter at vi kom opp til Trøndelag igjen, så har vi ikkje gjort så mykje meir enn å pakka ut, rydda, kom tilbake til rutiner og blitt sjuk. Eller V har vært sjuk og eg har klart meg (bank i bordet!). 😅 Vi snøa inne i helga som var då uværet Cora var på besøk. Vi har derfor fått eit nydelig vinterlandskap her oppe, og det er så lyst og fint! Bare sjå her då! 😍

Eg har og fått levert tilbake lånetelefonen og kjøpt meg ein splitter ny IPhone X 😁 Eg var så fornøyd at smilet nesten gjekk rundt i går. Kameraet er heilt utrulig.. desse bildene her er tatt mens eg gjekk til jobb, fantastisk!✨

Ellers går dagane til jobb og kvardagsrutiner. Litt hobbyprosjekt har eg og sjølvsagt. Planen min er nemlig å slanke garnlageret mitt betraktelig dette året. Eg har kome ganske langt og skal vise dåke nåken ferdige prosjekt snart 😊

11 kjappe i juletida 🎄

Tenkte eg skulle kaste meg på desse kjappe spørsmåla som florerer på bloggane no i romjula. Det er bare 11 kjappe spørsmål med korte svar, kun for gøy! Del gjerne på din eigen blogg du og 😊

Pepperkaker eller kakemenn?
Hmm, helst sprø heimelaga pepperkaker! Men kakemenn er jo ikkje så verst det heller..

Sjokolade- eller pakkekalender?
Eg har faktisk aldri hatt ein sjokoladekalender, så her må eg sei eg er mest fan av pakkekalender. No blei det ikkje nåken pakkekalender i år då, men får komme sterkare tilbake til neste år 😊  Vi har hatt flaxkalender ein del år, og det er og veldig artig!

Marsipan eller Sjokolade?
Sjokolade! Eg klare virkelig ikkje marsipan..

Nøttesteik eller Vegisterkaker?
Veggiskaker kanskje? Har laga veggiskarbonader, og det var veldig godt. Er bare å ha masse forskjellig krydder i dei 😊

Gløgg eller kakao?
Heimelaga kvitvinsgløgg! Om det ikkje var ein av alternativa så må det bli ein kopp med kakao og krem.

Heime eller vekke på julaften?
Så lenge eg er med familie så er det egentlig eit fett kor eg er. I fjor var vi jo i Phoenix, men fekk besøk av familie og venn, så jula var like fin som heime det året. Ein kjekk opplevelse å få med seg!

Julesokk på julaften eller 1. juledag?
Eg er så heldig å ha to julafter, 24. og 25. desember. Så vi får julesokk litt her og litt der, men ikkje kvart år. Blir meir stas slik. 😊 

Plasttre eller ekte tre?
Før var eg veldig i mot plasttre, men har no sett det praktiske med det. Vi pynter jo treet vårt i begynnelsen av desember, men det er og kjekt å komme heim til mamma å pynte det ekte treet på lillejulaften. 

Gull- eller sølvpynt?
Sølv til jul! Og gull til kvardags. I alle fall for no. Godt mulig det endrar seg utover året igjen..

Mjuke eller harde pakkar?
Ja, takk begge deler? Eg er vel blitt så voksen at det ikkje er pakkane som er det viktigaste lenger. Sjølv om eg var heilt overvelda av kor mange fine pakkar eg og Vegard har fått i år. 

Kva julefilm? Elf eller Alene hjemme?
Alene Hjemme 1! Tidenes julefilm. 

 

 🎄 God romjulstid dåke! 🎄

✨ Hyttekos i romjula ✨

igår, 2.juledag var det duka for hyttekos ute på Vågslid. Det hadde snøa ein liten halv meter med puddersnø over natta, og ungane i hus kunne ikkje komme seg fort nok av gårde i bakken. Vi andre valgte å ta det med ro på hytta, og satt oss ute å måka snø og fylte i stampen til kvelden. 😊  Vi fyrte og i bålpanna og fekk grilla lunchen vår ute i ein liten lett snøstorm. Men, når vi er på hytta så skal det kosast ute, uansett om det er -10 grader eller full snøstorm. Typisk Nordmenn, eller? 😅

Loke kosar seg i snøen 😊

Vegard synst da gjekk litt for lang tid med fylling av stamp, så han tok saken i eigne hender ved å fylle 10 litersbøtter å hive opppi.. Tok litt tid då, men stampen blei full til slutt. Så om det var V sine ekstra turar med bøtta eller tida som gjorde det, det veit vi ikkje. 😅

Til seinare det blei utover kvelden, til meir blåste det opp til storm. Så når vi endelig kunne sette oss i ein varm stamp, så blåste det virkelig stiv kuling rundt oss. Litt koselig var det jo, og siden vi hadde fyrt opp i stampen så måtte vi jo sitte der ei god stund. Kjekt var det i alle fall! Idag er planen at vi skal kjøre heimover igjen, så lenge fjellet er åpent og kjørande øve. 😊

#hyttekos #haukeli #vågslid #utno #liveterbestute #natur #fjell #kos #hytte