Wææ, eg har klipt av det lange håret mitt! Eg hadde egentlig tenkt på det lenge, men ville absolutt ha langt hår til bryllupet så eg tok bare 5 cm i første omgang. Etter bryllupet fant eg ut at eg ville bli kort, og eg bare hoppa i det. Ein kjapp drop in time hos Karma Frisør, og eg har "nesten ikkje hår igjen". Det er så fantastisk deilig!
Einaste som er er at eg må "style" det litt meir enn med langt hår. Her må eg planlegge, slik at eg får tid til å stritte det.. Men det er så verdt det, med tanke på kor lett og luftig det er, og kjem til å bli i Usa med kort hår!
To bilder frå idag tidlig når eg var med friskt mot og klar for å reise heim med både fly og båt. Eg hadde til og med ein buffer på 3,5 timar på Flesland for å rekka båten. Flyet mitt til Flesland skulle egentlig gått kl 12:20, men eg er fortsatt på Kjevik…
Så no sitte eg her å venter på at flyet skal komma fra Bergen, og at vi skal få lov til å fly til Bergen igjen. Akkuratt no informerte dei om at flyet som kjeme ned har tatt av i fra Bergen, så no ser det lyst ut for båtturen min heim! 🙂
Bare sjå kor fint det er i Baneheia om ettermiddagen! Det var så koselig å komme opp til 3.Stampe (vatn) og sjå alt livet det var der. På alle strendene, flytebryggene og berga låg det folk å nøyt ettermiddagssola til det fulle. Eg og Vegard bada ikkje, men det var ikkje så galen temperatur i det oppvarma vatnet. Linda, Eirik og Helge var nok litt tøffare enn oss, og hoppa uti fleire ganger.
Etter badinga stakk vi ein liten spontantur ned på Fiskebrygga for å ete på Amigos, men det var ikkje akkurat nåken opptur.. Hadde samme opplevelsen som eg hadde sist eg var der, dessverre. Tam mat, uoppmerksomt personale, lang ventetid og dyr brus (50kr for 0,33)… Så eg trur nok ikkje vi går der igjen med det første.. Godt selskap hadde vi i alle fall då! 🙂
21.05.2016 gifta vi oss stille og rolig i kapellet på Kjevik. Etter drøye to månadar som forlova, så var det jo egentlig litt kjapt kan ein sei. Årsaken til at vi “måtte” gjer det kjapt og gale no er pga vi reiser til USA med jobben hans, og alle fordelane det vil medføre å være gift. Ikkje det at det ikkje er han eg skulle gifte meg med uansett, for det er det jo! Vi har jo akkurat hatt 8 års dag og er fortsatt lykkelige. Tenk å få være gift med sin aller beste venn då<3 Eg gler meg allerede til det “skikkelige” og litt større bryllupet vi skal ha med resten av familien og venner om nåken år. Yuhuu, eg får til og med gifta meg med Vegard fleire enn ein gang! 😀
I går var vi på Hamresanden og fekk foreviga rundt 700 bilder. Vi er så heldige som har snille Marthe som ville hjelpe oss med det!<3 Det kjem fleire bilder, men no skal eg nyte siste soldag før eg reiser heim til Vestlandet ei lita veke 🙂
I fjor var eg så lur å kjøpte meg isformer på ikea, så det kan vel være ein ide å ta dei i bruk no. Vegard elskar kokos, så eg tenkte eg skulle prøve å lage heimelaga kokosis. Dei blei nesten suksessfulle, men om ein ser svært nært på bildet så kan ein sjå at kokosmjelka har skilt seg. Så neste gang vil eg nok velge å ikkje bruke den tjukke delen av kokosen, og kun den tynne. Her kjem i alle fall oppskrifta:
4 ss sukker (her kan du ha i meir, eller mindre, om du ønsker det)
2 stk lime, revet skall + 0,5 dl presset saft
4 dl kokosmelk
Slik gjer du:
Kok opp vatn, kokosmasse og sukker til sukkeret smeltar. Avkjøl. Tilsett revet limeskall og pressa limejuice, og bland inn kokosmelka. Hell i ispinneformer og frys i eit par timar til isen er stivna.
Her kjem nåken gode tips til pizza bakt på pizzastein. Alternativt om du ikkje har pizzastein kan du faktisk bruke ei langpanne på samme måten. Ved å forvarme den osv. Ein kan jo til og med lage pizza på grillen på denne måten, mulig vi må gjere det i sommar? Om eg får Vegard med på det då 😉
Start med å sette pizzsteinenen inn i ovnen og sett ovnen på 250 grader. Dryss eit lett lag med maismjøl på steinen, slik at deigen ikkje skal feste seg. Steinen skal takast utav ovnen når du har kjevla deigen ut, og den er klart til etterheving på steinen.
Smuldre gjæren og rør den ut i det lunka vatnet. Tilsett deretter resten av veska, olje og kryder. Tilsett solsikkekjerner, lin og der grove mjølet og bland godt. Sikt deretter resten av mjølet inn i deigen, og elt det heile godt sammen. Deigen skal ikkje være fast, men heller ikkje veldig kleblig.
La deigen stå til heving til dobbel størrelse, ca 30 min på ein lun stad.
Mens deigen hevar på ein lun stad er det det tid for å lage sausen:
Saus:
1 boks hakka tomater
2 ts krydderblanding av oregano og timian.
2 ts hakka kvitløk
2 ss hakka frisk basilikum
Bland alle ingrediensene utenom basilikumen med ein stavmikser, slik at klumpane av tomater forsvinn. Ha blandinga deretter i ein liten kjele og la den småkoke til den tjuknar litt. Ha i frisk basilikum. Avkjøl før bruk.
Fyll:
2 pakkar mozzarellaost
4 ss hakka soltørka tomater i lake
Spekeskinke i ønska mengde
Vårløk
Ruccola til topping etter at pizzaen er steikt.
Slik gjer du vidare:
Kjevle deretter ut til ein fin pizza og la den etterheve i 20 minutt på den varme steinplata. Ps, ikkje kjevle deigen ut direkte på steinplata, men gjerd et på kjøkkendisken din. Dette fordi at deigen ikkje skal feste seg fast til steinen. (Learning by doing…)
Etter at deigen har forsteikt litt på steinplata skal du smøre eit tynt lag med saus på bunnen. Legg deretter resten av fyllet på pizzaen. Steik pizzaen på 225 grader i ca 25 minutt.
På slike varme dagar som det er fortida er det ikkje akkurat noko anna som fristar enn ein frisk smoothie i solveggen. Det er jo heller ikkje noko som er gale med at den er frisk og sunn i tillegg, eller ka? 🙂 Eg har laga smoothiar i mange forskjelliga variantar, og det er egentlig kun fantastien som setter ein stopper for kva du kan ha i den. Test deg fram! Her kjem i alle fall oppskrifta på denne med spinat og eple i:
På forrige var vi som sagt på bakgårdsparty på butikken til Kristin, og i den forbindelse fekk eg i oppdrag å bake ein glutenfri foccacia. Eg har gjort det ein gang før, men den var ikkje heilt vellykka synst eg. Denne der i mot, den skal eg definitivt lage fleire ganger. Den var både saftig og god på smak, virkelig ein suksess! 🙂
Nam! Den blei heldigvis godt tatt i mot av alle 🙂
Du treng:
290 gram glutenfritt mjøl
3 dl lunka vatn
1 pose tørrgjær
1 ts sukker
2 ss olivenolje
Rosmarin, oliven, fetaost, soltørka tomater, olje og salt til topping.
Tilsett vatnet, det er viktig at det holder ca 37 grader.
Bland godt i kjøkkenmaskin.
La deigen heve i 30 minutt under plast. Eg hadde skrudd ovnen på 50 grader før eg starta å bake, og skrudde ovnen av før eg satte inn deigen for heving. Lunt og godt 🙂
Kle ei lita langpanne (24×30 cm) med bakepapir og smør det med olje. Hell deigen oppi og trykk de litt utover. Deigen vil ikkje dekke heile panna, men det gjer ikkje noko.
Lag “fingerhull” i deigen og hell over litt olivenolje og valgfri topping.
Steik ved 220 grader i 20-30 minutt.
Her har eg trykt deigen litt utover langpanna. Ein kan sjå at den ikkje dekker heile panna.
Åhh, for ein strålande dag! Eg hadde vekkerklokka på halv 9 idag og gjorde meg klar til ein deilig dag på stranda med Therese, ei eg studerte med. Vi var klare Bystranda med frokost og soling. Plutselig får eg ein melding fra Linn der det står : "E da du så ligga bak oss?". Og dermed blei to til fem, og vi kunne nyte sola til klokka blei 15 🙂
Når dei andre gjekk på jobb tok eg og Linn turen til byn. Eg har endelig fått bestilt nye kofferta til vi reiser, og gleder meg sånn til dei kjem! Er det mulig å glede seg over koffertkjøp? :-p *wii*
No er eg så solbrent og full av soleksem at eg ikkje trur eg skal bevege meg ut i sola dei neste dagane.. Huff, eg angre på at eg ikkje har fått bestilt med ein pakke med betakaroten. Det er no notert på "to do list" for denne veka!
Igår skulle eg vær supersprek å jogga til Kjevik og vær der når Vegard skulle kjøra heim fra jobb. Etter eg hadde jogga i 10-15 min så finne eg ut at Vegard hadde glømt meg, og var kjørt heim. Baah.. Så då var eg ikkje lenger så supermotivert for å jogg heile veien til Kjevik, så eg jogga halvvegs, til Hamresanden! Så kom Vegard å henta meg og vi kjøpte is før det bar på grilling hos Helge 🙂
Grillings med Helge, Linda, Eirik, Linn, Anette, Vegard og meg 🙂 Sola steikte virkelig på terrassen, så vi rant vekk. Til slutt fant vi ut at vi skulle spele eit slag kubb! Vi jentene vant første spelet 😉
Ein nydelig sommardag med andre ord! No ligg eg ute å ventar på at Vegard skal komma heim på vi kan kjøra ned på Hamresanden for litt bading og soling med Linn og Anette 🙂