DIY: Mariushue til voksen

Før jul begynte eg på Mariusgenser til meg sjølv og Vegard. Vegard sin genser var nesten ferdig strikka og klar til å sette armane innpå bolen, då eg innsåg at den blei alt for stor… Eg måtte derfor rekke opp heile……. Deretter starta eg med godt mot på ein til meg sjølv, og etter å ha rekt opp den første bolen på den og, så var eg no klar for å samle armar og bole og starte på mønster. Eg hadde stålsett meg, stått opp tidlig, og var klar for at genseren skulle bli ferdig den dagen. Etter at eg hadde strikka 5 cm på mønsteret så var eg tom for bunntråd. Og etter å ha leita i heile leiligheten, så måtte eg innsjå at eg faktisk ikkje hadde meir tråd igjen. DET kunne eg virkelig ikkje forstå, og blei skikkelig frustrert… No ligge genseren i ein krok og ventar på at eg skal få bestilt meir garn…

Så siden eg egentlig var så godt inni strikkinga no, så bestemte eg meg for å strikke nåken huer. Først strikka eg ei som eg følte var alt for stor, men den er egentlig bare “baggy”. Så strikka eg ei i ein mindre størrelse, litt damete. Eg er fortsatt ikkje heilt fornøyd med fellinga, men kanskje det blir bedre når eg får ein dusk i toppen. 

Størrelse: Dame (Herre)
Mønster: Deler av Mariusmønster. 
Garn : Drops Karisma
Pinne: 3 mm rundpinne.


 

Legg opp 108 (126) masker på rundpinne 3mm. Strikk vrangbord i ca 5 cm. 

Strikk to-tre rundar med bunnfarge før du begynner på mønsteret. Her kan du bruke kva enn mønster du finn i Marius, då dei alle går opp i 18. (Bare å google mønsteret) Eg har valgt å bruke deler av mønsteret, då eg ikkje ville ha ei hue som skreik Marius 😊

Strikk rettstrikk og mønster til hua er ca 20-21 cm lang. 

Fell slik:

  • *3 rett, strikk 2 sammen, 3rett*
  • Strikk 3 rundar rett.
  • *2 rett, strikk 2 sammen, 2 rett*
  • Strikk 3 rundar rett
  • * 1 rett, strikk 2 sammen, 1 rett*
  • Strikk 3 rundar rett
  • * strikk to og to sammen runden ut* 
  • Tre tråden gjennom maskene og snurp til. 

Fiks ferdig hue, klar for afterski! 😉

#homemade #heimelaga #hjemmelaget #diy #gjørdetselv #kreativitet #kreativ #strikking #byidarossland #marius #mariusmønster

 

Turistar i botanisk hage!🌵🌺

Forrige søndag tok vi ein skikkelig søndagstur i botanisk hage! Kanskje ikkje nåke som står heilt på topp av Vegard si ønskeliste, men uansett nåke som eg hadde lyst gjere. Og då blei det jo Botanisk hage då 🙈 

Eg hadde planlagt at vi skulle få med oss ein guida tur, der vi blei fortalt om dei ulike typane kaktusane og sukkulentane som var rundt i hagen.🌺 Vi bur jo midt i ein ørken, men det er fortsatt veldig grønt rundt oss.🌵 Planter, trær og kaktusane har gjennom åra klart å tilpasse seg rimelig bra til klimaet dei bur i. Så ørken er virkelig ikkje bare sanddyner, med nåken få høge kaktusar her og der. Nei, ørken kan tydligvis være så mangt. Bare sjå kor grønt og fint det er her!🌵🌺

Det finnes så utrulig mange forskjellige typar kaktusar, men den mest kjente kaktusen her i Arizona heiter Suguaro kaktus. Det er vel den som lignar mest på det som vi typisk ser på som ein kaktus.  Dei blir fra 10-20 meter høge, men det kan ta alt fra 75-100 år før dei får sin første arm(!!). Så den kaktusen på bildet under er allerede ganske gammal! Suguaro kaktusen er kjennetegnet på “The Sonoran Desert”, der vi bur no. Det er vanskelig å sei kor gamle dei er, siden det ikkje er gitt at dei skal få verken armar eller blomster. 🌺 Kaktusen er og freda, med ganske store bøter. Det er og ulovlig å skyte ein kaktus 😅🙈

Solur! Ganske stilig egentlig.

Hattifnatt kaktus! 😅


 

Mesteparten, eller alle, plantene i hagen er frakta der til av mennesker. Dei første plantene kom i fra Mexico, der dei frakta fulle lastebilar med planter over grensa og opp til Phoenix.

Her er Barrel cactus. Den er faktisk ein av dei farligaste kaktusane for mennesker. Eit stikk av denne kan gjere at du treng antibiotika.😮

Her er ein alovera plante i full blomst. Den blømer om sommaren, men siden vi bur i ein ørken er det gode “vanlige” sommartemperaturar no. 

Sjå kor svære kaktusane er! Guiden vår sa at ein sånn arm kan vega fleire tonn. Eg er nå fortsatt litt usikker på det då🤔, men dei er i alle fall dødlige om dei veltar over deg..

Siden det er så varmt her, så har trea og klart å tilpassa seg klimaet. Trea har enormt mange greiner, og svært små blad. Dette er fordi at dess mindre blada er, dess mindre overflate har dei på å bli “truffen” av sola på, og dei tørkar ikkje ut. Barken er og grøn, den hjelper og til på fotosyntesen og samle opp vatn i greinene uten at treet treng å ha store blad. Blir litt som at treet har valgt greien forran blad. EllerNåkeSånn.😅

Agave planten blir brukt til å lage Tequila av!

Vi såg kolibri og! Men vi fekk ikkje til å ta bilde av den.. Så eg stjele eit bilde i fra Linda, når ho og mammsen hennas va på tur i hagen 😀

#usa #phoenix #botaniskhage #turist #iviusa #arizona #reise

Can we go thrift shopping?

På fredag hadde eg egentlig planlagt å trena når Vegard for på jobb. Når eg venta på å gå, så satt eg å scrolla på facebook når eg kom øve eit arrangement eg va invitert til. 😊Nåken av jentene på basen skulle rundt på forskjellige ‘goodwill’ butikkar å handle. Goodwill-butikk er litt som Fretex heime. Eg fant ut at da egentlig hadde vært kjekt å bli med jentene på dette, så eg hoppa lett ut av treningsklea 🙈og gjore meg klar til å møte dei!

Siden eg kun har sett Fretex, så visste eg ikkje heilt ka eg skulle forvente. Men det var egentlig samme type butikk, bare i USA-skala 🙈 I tilegg så var det eit fargesystem, som gjore at ein kunne få 60-70-80 og 90% avslag på prisen! Så i tillegg til at det allerede var billlig så blei det jo nåken kupp!

Etter vi hadde vært innom to sjapper så var vi blitt så sultne at det var tid for ein matbit. Sjå på desse herlige damene då! 😍 Meir inkluderande vesen skal ein leite lenge etter!

Eg fekk og tak i det eg var på jakt etter. Ein heilt rund vase! Eg har ein plan med den, bare vent å sjå 😊

No skal eg gjere klart nåke mat til årets største happening her borte, nemøig Super Bowl!🏈

På hike til Lake Pleasant og eit blidt møte med eit villt esel!

Endelig var det tid for ny tur med gjengen. Det føltes som ein evighet siden sist, men det er nok kun pga det har vært jul og slik. Denne gangen skulle vi gå i eit område som heiter Lake Pleasant. Det er ein menneskelaga innsjø, som ligg nord for Phoenix by. Men området der var bare heilt fantastisk! Så grønt og fint, at vi nesten ikkje kunne tru at vi var i ørkenen.  😅

SAMSUNG CSC

Vi hadde egentlig tenkt å gå ei løype som heite Pipeline trail, men på grunn alt regnet som hadde vært den siste veka så fant vi ingen bru å gå over.  Brua skulle egentlig ligge i “elva” på bildet her, men den var nok oversvømt. Til vanlig er det heilt tørt her, og det er egentlig ikkje nødvendig med bru. Så vi snudde og gjekk tilbake til bilane våre for å kjøre til ein anna plass. 😊SAMSUNG CSC

På vei til den andre turstien så sprang det plutselig eit esel midt uti veien. Vi stoppa sjølvsagt i veikanten for å sjå på det. Og når vi stoppa så såg vi at det ikkje bare var eit esel, men tre stykker! Sjå kor søte! Esela er ville, og går rundt i nasjonalparken. Amerikanerane som var med oss sa at dei var forlatt av tidligare gruvearbeidara, og har etter kvart bare formeira seg og busett seg her i området. Det er heller ikkje lov å jakte på dei inni parkområdet, så her får dei være aleine.

SAMSUNG CSC

Siden den første stien vår var bomtur, så skulle vi prøve oss på ein sti som heiter Yavapai trailI. Samme topp, men eit anna utgangspunkt! Og siden vi hadde to ungar med oss på denne turen, så gjorde det absolutt ingenting at vi gjekk denne istadenfor. Den er nok litt kortare enn Pipeline. (Litt informasjon for spesielt interesserte som snart er på vei til Phoenix ) 😊

SAMSUNG CSC

Sjå kor fiiiiint! Eg fekk litt følelse av å vær på hytto på Haukeli eit lite øyeblikk her. Men det gjekk fort øve når eg kjente sola steika 😅

SAMSUNG CSC

Etter at vi hadde gått eit stykke så var vi så heldige å sjå eit esel på nært hold! Marianne viste fram villkvinnen i seg og begynte å rope til det, og det tydeligvis på “eselspråk”,  for eselet kom gåande rolig mot oss.

SAMSUNG CSC

Heilt til det var heilt oppi oss! Det var så nysgjerrig at det kom heilt opp til oss så vi kunne kose med det. Laila hadde til og med eit eple som det fikk, så det blei veldig fornøyd med oss ja!
SAMSUNG CSC

Altså eg er så glad for at det første ville dyret vi møtte her i Arizona var eit esel og ikkje ein puma eller ei gaupe.. Då trur eg ikkje det hadde hjelpt så veldig mykje med eit grønt eple nei..😅


Vi fikk til og med tatt selfies med eselet!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter ein lang pause med eselet så måtte vi gå vidare, men eselet ville aller helst være med oss. Så det fulgte oss eit lite stykke før det stakk av. Både Alva og Ninea snakka om eselet heile turen, og i mange dagar etterpå!

SAMSUNG CSC

Fekk ein liten film av eselet og 😊

Her er heile gjengen kome seg til toppen! 😀

SAMSUNG CSC

Nydelig utsikt over innsjøen.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Kanskje ikkje heilt slik ein ser for seg at ein kaktus ser ut, men det er altså dette som skjer med dei når dei vokse seg store og får så ujevnt med vatn. Dei samlar opp fleire tusen liter med vatn når det først regnar, slik at dei skal kunne overleve månadar, og faktisk nåken år og, uten regn.  Tilpassningsdyktige ja?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Naturen her sluttar ikkje å forbause meg i det heile! Så fantasrtisk fint. Dette området var spesielt grønt og. Det har og regna ein del i vinter (alt er relativt, det har ikkje regna mykje i frå ein vestlendings perspektiv), så alt er mykje grønnare her no enn det er til vanlig.

SAMSUNG CSC

Tusen takk for turen damer! Og igjen var vi eit godt overtak av Nordmenn på tur! 😀

#usa #iviusa #tur #hike #fjelltur #trimtur #trim #phoenix #arizona #natur