20 ligagull!

Her i huset feire me at United har tatt sitt 20ende ligagull! Og Vegard er litt trist for at Ferguson skal gi seg, så derfor lagte eg sjokolade- og blåbærmuffins! Huske ikkje oppskrifto heilt, men trur da blei sånn ca sånn: 2egg, 2 ss med mandelmjøl,1 ss vaniljekesam, 1ss sukrin, litt søtning, 1 ts bakepulver. Burde nok hatt litt olja i og, men glømte da.
Så tilsatte eg bare da eg ville ha som smak. 🙂 blei overraskande gode til at eg ikkje brukte nåke oppskrift.!:)

Heimelaga tacolefser

♥ 3 dl kveitemjøl (eg brukte grovt, men kan og bruka fint) 1 lita ts bakepulver ♥ 0,5 ts salt ♥ 1 ts olje ♥ 1 dl varmt vatn♥  

Bland sammen alt da tørra, deretter ha i olja og vatn. Kna det godt til det blir ein deig, tilsett meir mjøl om nødvendig. La det stå i 15 min før du deler deigen i fira deler og kjevler ut fira lefser. Steik dei i ei tørr steikepanna i ca 30-60 sekund. Husk at steikepanna må være tørr og uten noko olje!

Da gjekk overraskande bra å bretta dei sammen som tacolefse. Knakk litt nederst, men gjekk bra. Var egentlig ganske gode, sjøl om Vegard ikkje likte dei…(forventa)

Oppskrift: sunne sjokolademuffins

Me fekk lyst på nåke godt så eg såg litt rundt på forskjellige bloggar og fant denna oppskrifto på  www.anneliaaland.blogg.no/ . Oppskrifto gir 5-6 små muffins.

Du treng: 1egg ♥ 1/2 ts bakepulver ♥ 2 ss mandelmjøl ♥ 1 toppet ss fiberfin eller anna tørrvare ♥  3 – 5 ss melk, ♥ 2 ss søtning ♥  2 ss havregryn og smakstilsettning, eg brukte 1 ss kakao.


Bland alt sammen til ei jevn røra. Tilpass med meir mjelk. Steik midt i ovnen på, 200 grader i 15 min.

Til topping blanda eg Philadelphiaost, sukrin melis og stevia. Nyyyt! 🙂

Skumkaka

Prøvte meg på Kristine Weber si skumkaka. Smakte mykje det samma som kokkosbolle. Den var kjapp og laga, og ikkje minst litt sunn!

Du treng:

* 3 egg

* 5 ssk sukrin melis

* 5 Gelantinplater

* 3-4 dråpa vaniljestevia

* 0,5 dl kokt vatn 

 Start med å legga gelantinplatene i kaldt vatn. ♥ Skill ut tre eggekviter, og stivpisk dei.  Tilsett sukrinmelis og stevia litt etter litt. (massen skal vera søt, siden gelantinen stjele litt av sødmen)  Press vatnet ut av gelantinen og løys gelantin opp i da kokta vatnet.  Hell vatn og gelantin i massen og visp rundt.  Legg litt kokkosflak på eit fat og legg massen øve.  Hiv i kjøleskapet til den er kald! ♥ 

Pynt med sjokoladeglasur! Nam!

Pikekyss

Sidan det er kvinnedagen idag, så kan eg gjer nett det eg vil. Eg ville baka. Vegard var fornøyd, siden han då kunne spela ps3.. Eg prøvt meg på pikekyss eller marengs med sukrin!

Du treng:
3 eggekviter
75 gram sukrin
Fargepulver

* Stivpisk eggekvitene og tilsett litt og litt sukrin om gangen.
* Ha i fargepulver og ha massen øve i ein sprøytepåse.
* Sprøyt ut fine toppar på bakepapir.
* Steik på 100grader, midt i ovnen, i ca 15 min. Dei skal ikkje bli svidd!

Eg opna døra etter 15 min for å kjenna på pikekyssa. Når pikekyssa var blitt så harde at eg kunne letta dei i frå papiret skrude eg av varmen og lot pikekyssa tørka i ovnen med døra igjen i ca 30 min.

Egentlig så såg eg for meg at dei skulle bli supergode, men den gang ei.. Smakte alt for mykje ettersmak av sukrin (eg brukte 100 gram). Kaldt. Kanskje det hadde vært bedre med mindre sukrin. Note to self! Uansett så ete Vegard dei, så eg sleppe hiva dei i bosset:-) Og sidan det er kvinnedagen, så skal Vegard ta meg med på kino. Me skal sjå “The last stand” med Arnold Schwarzenegger:)

 

Knekkebrød a la Mami!

 

Sida det kan bli litt tungvint å måtta reisa heim til mamma kvar gang eg er tom for knekkebrød, så tok eg hintet då eg fekk oppskrifta til jul. No, to mnd etter, har eg endelig kjøpt inn alt eg treng.

Til to brett med knekkebrød treng du: 

  • 2dl havregryn
  • 2dl sammalt rug grov
  • 2dl solsikkefrø 
  • 2dl sesamfrø
  • 2dl havrekli
  • 2dl kruskakli
  • 1dl linfrø
  • 1 spk fiberhusk
  • 2ts salt
  • 7,5 dl vatn

1. Sett ovnen på 150 grader

2. Bland alle ingrediensane i ein bolle og la det stå å svelle i ca 10 min.

3. Fordel blandinga på to steikebrett med nytt bakepapir. Viktig at det blir ca lika tjukt overalt.
4. Sett eit brett nederst i ovnen på 10 min. 
5. Ta brettet ut og del opp i passelig store bitar.
6. Sett brettet inni igjen, og la det steika i 75 min. 

7. Slå av ovnen og sett døra på glytt i ca 10 min. (Knekkebrøda skal være harde) 
8.Ferdig!

Eg har og strødd litt havsalt over knekkebrøda før steiking.

Har du varmluftovn kan du ha begge bretta inni på ein gang.

Enjoy!

 

Banan “cookies”

Du trenger:

* 1 banan

* Havregryn

* Kanel 

Begynn med å mose banana. Den skal ikkje ha klumpar.

Tilsett deretter havregryn og rør rundt. Deigen skal bli passelig fast, slik at den skal være mulig å trykka ut på et papir.

Ta i kanel. Evt sukrin, hakka mandlar, rosiner, sjokolade. Rør godt sammen.

 Trykk ut passelig store rundingar på eit bakepapir. Dei bør væra ca lika tjukke med tanke på steikinga. 

 225 grader midt i ovnen i ca 15-20 min. 

 

Dei blir harde på kanten og seige i midten. Nam!