Magi på boks

Igår var eg å henta posten, og der låg det sannelig ein liten pakke i fra mamma! Eg kunne egentlig ikkje heilt forstå kva det var, så eg var veldig spent. Spenningen varte ikkje lenge, då den fort gjekk øve til gledeshyl når eg innsåg kva som måtte være inni pakken! Sjekk den koselige innpakkingen og.

Er det makrell i tomat? Hmmm…

GLEDESHYL! Mammas heimelaga peppernøtter <3 Altså, sendt øve fjellet for at eg skal få julekos. Mor mi e best! 

#julebakst #hjemmelaga #diy #peppernøtter #kakaer #godtno #matprat #mamma #baking

Oppskrift: Smuldrepai med blåbær og eple

Denne smuldrepaien var virkelig ein slager! På søndag var vi hos Linn og Anette, og heile paien gjekk til. Det beste av alt er jo at ein kan lage den i mange forskjellige variantar, alt etter kva du har heime av frukt og bær 🙂 

 

Du treng:

  • 3 dl Mjøl
  • 1 dl Sukker
  • 1 ts Vaniljesukker
  • 100 gram mjukt smør
  • 5 stk epler
  • 3 dl Blåbær
  • 1 ss Sitronsaft

 

 Slik gjer du:

  • Bland kveitemjøl, havregryn, vaniljesukker og sukker, og smuldre smøret i mjølet til du får ein grovkorna masse. Sett deigen kald til du skal bruke den. Deigen kan gjerne ligge kaldt i kjøleskapet i eit døgn eller meir.
  • Skrell eplene, og del dei i båtar.
  • Smør ei paiform med smør, og legg i eplebåtane. 
  • Skvis litt sitron over eplene, og dryss dei tinte bæra over.
  • Dryss til slutt smyldredeigen over, og topp med hakka pekannøtter.
  • Steik ved 225 grader i ca 20-25 minutt. 
  • Server med vanilkesaus, vaniljekesam eller is. 

 

Oppskrifta fant eg her

 

 

#blåbærpai #oppskrift #dessert #matprat #vektklubb #vanilje #soteliv #sottoggodt 

Enkle middagstips!

Står du ofte forran kjøleskapet og aldri finn nåke å ha til middag? Da er du faktisk ikkje aleine.. Heldigvis så pleier vi å ha nåke enkelt kjøtt i frysen og nåken Toroposar i skapet. 

Skinkebiff:

Risotto, skinkebiff og det du har av grønt i kjøleskapet! Eg hadde sukkererter, løk, asparges og grønne epler. Bare steik grønsakene sammen med kjøttet og vips! hurtig middag. Feks kan ein og servere retten med ris i stadenfor risotto!

Pasta carbonara:

Pasta Carbonara med pølse. Pasta er vel nåke dei fleste har i kjøkkenskapa sine. Til denne enkle retten hadde eg bare pasta, pastasaus fra Toro og pepperoni! Ein kan og bruke kremost i stedenfor pastasausen, det er bare å ta det ein har! Vi toppa det heile med litt ruccola 🙂

Lefsepizza:

Som tidligare har eg tipsa om lefsepizza på bloggen. Dei fleste har nok tacolefse og ketchup i skapet. Har du det ikkje, er det absolutt eit must for travle dagar! Her kan du bare toppe lefsa med det du har i kjøleskapet, og voila! Ferdig i ovnen på 5 min. 

 

#middag #middagstips #matprat #godtno #student #studentmat #enkelmat #hverdag

Heimelaga Tacokrydder

Heimelaga tacokrydder er ikkje så vanskelig som ein skulle tru, godt er det og! I kjøpt tacokrydder er det mykje sukker og andre unødvendige e-stoff som kroppen ikkje treng. Krydderet lager du veldig enkelt sjølv, og oppbevarer det i ei tett krukke til det skal brukast. Du kan og bestemme styrken på krydderet ved å ta i mindre eller meir chili. Oppskrifta fant eg på Trines matblogg.

Du treng:

  • 3 ss chilipulver
  • 2,5 ts chiliflak (knuste)
  • 2,5 ts tørket oregano
  • 2 ss spisskummin
  • 2 ss paprikapulver
  • 2,5 ts hvitløkspulver
  • 1,5-2 ss havsalt
  • 2 ts sort pepper 

 

Bland alt krydderet godt sammen og fyll det på tette krukker. Desse søte krukkene på bildet er i fra Upstairs.

Tilsett ca 1 ss med krydder til ein pakke karbonadedeig og bland med 1 lite glass med vatn. Krydderet kan som sagt ha ulik styrke, så derfor er det lurt å prøve seg litt fram, spesielt om middagen skal serveres til barn. Smaken er jo selvfølgelig ikkje heilt lik som “vanlig” tacokrydder som du får kjøpt i butikken, men dette er bare ein vanesak 🙂 Test det ut til tacoen på fredag!

#taco #tacokrydder #diy #heimelaga #hjemmelaget #hjemmelaga #trinesmatblogg #matprat #godtno #nrkmat #tips

Tips: Enkel og kjapp middag

Om du er som oss, og aldri et opp ein pakke med tacolefser til ein middag, er dette eit genialt tips.  Det er alltid minst 3-4 stk igjen i ein pakke når vi er ferdige, så istedenfor å kaste resten av lefsene (ein kaster ikkje mat!), så kan du bruke dei som pizzabunn ein dag du har dårlig tid! Lefsene kan og frysast, slik at du alltid har klare pizzabunnar i frysen!

Alt du treng er:

  • Tacolefse
  • tomatpure, ketchup eller creme fraiche
  • grønnsaker du har i kjøleskapet
  • ost 
  • kjøtt, skinke, pepperoni, bacon eller salami
  • krydder

Hiv alt på tacolefsa, inn i ovnen på varmluft og 200 grader til osten er smelta!

Det er kun fantasien som setter grenser for kva du kan ha som topping!

#heimelaga #hjemmelaga #tips #godtno #matprat #middag #kjøkken #studentmat #enkelmat #kjappmat

Oppskrift: Heimelaga plommesaft

No har eg utnytta siste rest av kassen med plommer fra Eik. Eg googla meg litt fram og fant ut at saft ikkje var så dumt å prøve. Eg trudde egentlig det skulle være mykje meir avansert enn det var, så eg blei vel egentlig veldig positivt overraska då eg leste dei forskjellige oppskriftene. Dette var jo fort gjort!

 

Til  nesten 2 liter saft treng du:

  • 2,5 kg plommer med stein
  • 8 dl vatn
  • 400 gram sukker (meir eller mindre avhengig av kor søt du vil ha den)

 

Slik gjer du:

  • Kok opp vatn og plommer og la plommene bli møre.
  • Når plommene er møre kan du bruke ein potetstappemoser til å skvise dei godt. La dei småkoke litt til.
  • No treng du eit dørslag og eit reint kjøkkenhåndkle. Legg dørslaget over ei panne og legg så kjøkkenhåndklet over igjen.
  • Bruk ei ause til å helle litt og litt av dei ferdig kokte plommene øve. Dette tar tid, men la det stå å renne i fred. På mange av oppskriftene står det at du ikkje skal prøve å trykke safta gjennom kledet for at de skal gå fortare, men med min tolmodighet så gjorde eg det. Ingen skade skjedd trur eg!
  • Når all safta er gjennom  tilsetter du sukkeret og kok opp på nytt. 
  • Hell så blandinga over på tette og steriliserte flasker. Eg har brukt IKEA sine literflasker til 19 kr stk.

 

Blandeforholdet er ca 1/4, men det avhenger av kor sterk/svak du likar safta. 

 

Eg anar ikkje kor lenge ei flaske held seg i kjøleskapet, men eg har tenkt å drikke den fortløpande. Ein kan og fryse flaskene og ta dei opp til spesielle hendingar?

#heimelaga #hjemmelaga #plommesaft #godtno #matprat #diy #gjørdetselv 

#mytaste #aftemposten #kamille #kjøkken #oppskrift #deilig #høst #haust  #plommer 

Oppskrift: Steikt torsk med bacon

Dette smakte nydelig! Min bedre halvdel slukte det faktisk og. Når ein serverer kvit fisk med bacon, då kan det aldri slå feil!

Du treng til 2 personar:

  • 2 torskefiletar
  • 1 stor søtpotet
  • 1/2 brokkoli
  • 1 Vårløk
  • 1 pakke skogsbacon

Slik gjer du:

  • Skrell søtpotet og kutt den i bitar før du lar den koke mør. 
  • Strø litt havsalt på fisken og la det trekke i ca 10 min.
  • Steik bacon og vårløk i ei panne med litt smør
  • Bruk litt nøytral olje og legg fiske med skinnsida ned. La den ligge til du ser den blir fastare og steikt. Ta då litt smør i og snu fisken rundt. 
  • Lag stappe av søtpoteta. Tilsett gjerne litt melk, smør og krydder etter smak.
  • Hiv brokkolien i kokandes vatn i ca 1-2 min. 
  • Server!

 

 

 

 

 

Oppskrift: Heimelaga plommesyltetøy med kanel

Vi var så heldig å få ein stor kasse med deilige plommer i fra hagen Bessen og Besto. Vi kunne jo ikkje akkurat sette oss ned å ete alt sjølv, så eg fann ut at eg kunne prøve meg på heimelaga syltetøy. Eg googla litt rundt og kom fram til denne kombinasjonen eg har delt med dåke under. Eg fekk ganske mange glass ut av 3 kg med plommer, så om ein bare skal lage til frokostbordet sitt så vil eg kanskje anbefale å bruke 500 gram plommer i staden for.

Du treng:

  • 3 kg plommer (uten stein)
  • 2 sitroner
  • 6 dl sukker
  • 1 pose kanelstang
  • 2 ts kanel
  • 2 epler
  • 1 pose syltepulver
  • Maizena til ønska konsistens (Eg brukte 3 ss og 2 dl vatn)

Slik gjer du:

  • Ta steinen ut av plommene.
  • Skrell og del eplene, husk å fjerne kjernen og frøa. Bruk gjerne eit syrlig eple.
  • Tilsett safta av to sitroner.
  • Bland syltepulveret med sukkeret og hell det over blandinga.
  • Ha i kanelstengene.
  • Rør godt sammen og la det stå ei lita stund, til safta av plommene har begynt å sive ut.
  • Kok deretter blandingen opp og la det bare småkoke til det blir mørt.
  • Ta utav kanelstengene og kjør det heile til ein jevn masse med stavmikseren.
  • Tilsett deretter kanel til ønska smak.
  • Tilsett og maizena blanda ut i kaldt vatn. Her må du sjølv bestemme kor tjukt eller flytande du vil ha syltetøyet. Det er ikkje nødvendig å bruke maizena.
  • Ha syltetøyet på varme og tette glass. Sett glassa på hovudet når du har fylt dei med syltetøy, så ser du om dei er tette.
  • Gi deretter vekk eit glas og to til folk du er glad i! <3

Alle desse glasa pluss enda eit av dei med grått lokk kom det ut av 3 kg med plommer. Her må eg nok dele med naboane!

Eg ville gjere litt ut av glasa eg skulle gje vekk, så her har eg brukt kanelstengene som eg hadde i syltetøyet til dekorasjon. Bare vaska dei godt først, slik at dei ikkje var klissete. Så koselig å haustlig<3

Eg var inne til naboen vår på 80 år med dette glaset og ein pose med ferske plommer, han blei så glad!<3

Takk til mine snille besteforeldre som sende meg slik luksus, fra Vestlandet til Sørlandet!

#heimelaga #hjemmelaga #plommesyltetøy #kanel #godtno #matprat

#mytaste #aftemposten #kamille #kjøkken #oppskrift #deilig #høst #haust  #plommer 

Mattips: Steikt Torsk med bacon

Det er vel ingen hemmelighet at dei fleste heller velger laks framfor torsk til middag, det har vi i alle fall gjort i alle år her i huset. Det er ikkje det at eg ikkje likar det, men det er så mykje enklare å tilberede laks med tilbehør osv. Det er vel egentlig bare ein dum unnskyldning eg har lagt meg, så eg ikkje har trengt å kjøpe Torsk. No har vi mange torskefiletar i frysen, og på leit etter masse godt tilbehør! 

Denne vekas fiskemiddag besto av steikt torskefilet, bacon, løk, søtpotetpure og brokkoli. Så enkelt som det høyres ut til! Og ikkje minst godt. Altså, alt blir godt med bacon til.. Ser det ikkje fristande ut?

 

#matprat #godtno #fiskno #fisk #torsk #middag #dinner #grønsaker #sunnmat #fitnes #renmat

Oppskrift: Mexicansk tacograteng

Her er ein liten vri på fredagstacoen. Eller vri og vri, men ein får den mexicanske smaken som er obligatorisk i helga! Oppskrifta fann eg på Matprat. 

Du treng: (4 personar)

  • 1 pk karbonadedeig
  • 1 pose meksikansk gryte
  • 1 glass salsa à 340 g
  • 1 liten pose tortillachips
  • Kvitost til topping

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 200 grader.
  • Lag mexicansk gryte som anvist på pakken, minus 2 dl vatn. Denne skal koke i ca 20 min..
  • Steik karbonadedeig
  • Bland eit glas med salsa i den mexicanske gryta.
  • Leg tortillachips i bunnen av ei ildfast form.
  • Fordel den mexicanske gryta oppi den ildfaste forma.
  • Topp med ost og tortillachips
  • Gratiner til osten er gylden. 
  • Server med rømme ved siden av.

#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #mexico #taco #grateng #studentmat #mexico