Oppskrift: Kylling i rød curry

Indisk er nåke vi begge to syns eg veldig godt, men nåke vi aldri kjem på å lage fra bunnen sjølv. Det er så enkelt og trygt å kjøpe ein Toropakke med Tandoori eller Tikkamasala og tilsette ein boks med creme fraich… Ikkje det at denne oppskrifte her er så veldig hokkus pokkus, men det er vel eit steg i riktig retning! Før eg veit ordet av det står eg å kokkelerer all slags indisk fra bunnen av 🙂 Denne oppskrifta fann eg på denne bloggen.

Du treng:

  • 3 kyllingfileer
  • 3 ts Raud curry paste (Står ved sushi- og thaimaten i butikkhyllene)
  • 1 gul løk
  • 1 kvitløk
  • 4 dl kokosmelk
  • Cashewnøtter
  • 2 ts Koriander (helst fersk, men eg har kjøpt på tube)
  • Ris

Slik gjer du: 

  • Kok risen.
  • Kutt opp løk og kvitløk og hiv det i ei steikepanne
  • Del kyllingfiletane i terningar eller strimler og steik i lag med løken. 
  • Tilsett currypaste og kokosmelk og rør godt. Smak til om du vil ha mindre eller meir paste. 
  • La dette putre i ca 5 min før du serverer med ris, nanbrød og litt cashewnøtter på toppen. 

#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #indisk #curry

Oppskrifter: Tapas kveld!

Treng du tips til tapaskvelden? Bare klikk på bildene for å komme direkte inn til oppskriftene! 🙂

Focaccia:

Urtebakte poteter:

Asparges med spekeskinke:

Chilimarinerte kyllingspyd:

Butterdeigrullar:

Dadlar med bacon og jordbær:

Lefserullar med laks og rødbetsalat:

Albondigas/ spanske kjøttboller og tomatsaus:

Spicy tomatsaus:

#godtno #matprat #hverdagsmat #tapas #fingermat #party #middag #snacks #kosemat #partymat #sftenposten 

Oppskrift: Heimelaga blomkålsuppe!

Du treng:

  • 2 Blomkål evt 1 stor
  • Buljong tilpassa smak
  • 1-2 dl Fløyte
  • Salt og Pepper
  • Bacon

Slik gjer du:

  • Del blomkålen og kok den mør. 
  • Ta utav nåken av blomkålbukttane og legg til side.
  • Tøm vatnet av den kokte blomkålen og spar på det.
  • Bruk stavmikseren og mos blomkålen.
  • Tilsett passelig med vatn, slik at det blir ei suppe.
  • Tilsett deretter fløyte, slik at den blir fyldigare.
  • Legg blomkålbetane tilbake i suppa.
  • Salte og peppre etter ønske.
  • Server med bacon til.

#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #kblomkålsuppe #blomkål

Oppskrift: Svigermors mexicanske suppe!

Plutselig ein dag fekk eg så lyst på ei suppe med mexicansk vri på. Mor til Vegard har servert denne suppa nåken ganger når familien har vore samla, og den er ein stor hitt kvar gang! Vegard elskar den. Så eg tenkte eg skulle gjere han ekstra glad og hive denne i samen. Vi har faktisk aldri hatt den før, så det blei ein stor slager er hos oss og 🙂 Den er veldig enkel, men treng litt koketid. Eg har valgt å gjere den litt mindre, då vi ikkje trenge suppe til 10 personar, men oppskrifta for 10 personar står i parantesane 🙂

Til 3-4 (10) personar treng du: 

  • 1,5 l vatn ( 4 l)
  • 1 ts chilipulver (3 ts)
  • 2 ss suppebuljong (4-5 ss)
  • 1 finhakka løk ( 2 store )
  • 2 finhakka stangseleri (3-4 stk)
  • 1 boks mais (2 store boksar)
  • 1 bx 295 gr hakka tomater (2-3 boksar)
  • 1 pk kjøttdeig/ karbonadedeig (2-3 pk)

 

Kok alt dette sammen i ca 2 timar.

Server med creme fraiche/ rømme, reven ost og nachoschips

#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #mexicansksuppe #tacosuppe #mexico

Oppskrift: Chiapudding

Så no har eg og slengt meg på og testa ut superfrøet chia! Chiafrø er ein veldig god kilde til protein, fiber, antioksidanter, sink, kalsium og omega-3 fettsyrer, så det må jo bare være supert! Det krever litt planlegging for å lage denne puddingen, då den må stå nåken timar, og då helst øve natta 🙂

Du treng:

  • 1 boks kokosmjelk (4 dl) Du kan og blande chiafrø inn i
  • 8 ts chiafrø
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 kopp med bær

 

Slik gjer du:

  • Mos bæra
  • Bland sammen alle ingrediensene 
  • La puddingen stå over natta.
  • Eg blanda i ein liten yoghurt og pasjosfrukt før eg åt puddingen. Då blei det litt meir smak på den 🙂

Tips:

  • Bland inn kesam, yoghurt, bær eller sjokolade for å få ein anna smak.
  • Chiapudding kan stå i kjøleskapet i fleire dagar, så derfor er det greit å lage av ein heil boks med kokosmjelk om gangen.

 

Oppskrifta fann eg på Kamille.

HER kan du lese meir om Chiafrø.

 

#godtno #chiapudding #chia #superfood #frø #frokost #frokosttips #shapeup #oppskrifter #tips #matglede #matprat #sukkerfri #sukkerfritt #bakeglede

Oppskrift: Sukkerfrie banankjeks med sjokolade

Vegard sitte i sofaen å spele playstation og ser bort på meg; “du Ida, veit du ka som hadde vore digg no? Nåke snacks, kaka eller nåke sjokoladegreie!” Eg var egentlig heilt enig med han, og googla meg fram til ei enkel oppskrift på banancookies med ein vri!  Oppskrifta fann eg her

Du treng:

  • 2 bananer 
  • 3 toppa spiseskeier med havremjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 plate sjokolade. Eg brukte sukkerfri
  • Sjokoladeproteinpulver (evt kakaopulver)

 

Slik gjer du: 

  • Mos bananene
  • Bland i havremjølet, bakepulver og vaniljesukker
  • Hakk opp sjokolade og tilsett i røra.
  • Tilsett deretter proteinpulver slik at røra blir seig, men ikkje for rennande
  • Fordel røra i små kjeks på et brett, og sett i ovnen på 200 grader i ca 10-15 min. Eg fekk 9 stk og alle er ete opp!

#godtno #cookies #banan #banankjeks #oppskrifter #tips #matglede #matprat #sukkerfri #sukkerfritt #bakeglede

Oppskrift: Sukkerfri gele

På mandag har eg vært godterifri i to veker! Det er klart suget etter nåke snop er der, men ikkje på samme måte som før. Så forrige helg fant eg ut at eg skulle lage noko godt, men sukkerfritt! Og det er faktisk nydelig godt, i alle fall for meg som elskar gele..Eg anbefaler å lage geleen ein dag før du skal ete den, så du er sikker på at den blir stiv 🙂 

Du treng:

  • 3 dl Funsaft (eller anna sukkerfri saft)
  • 7 dl kaldt vatn
  • 10 plater gelantin (1 pk)

 

Slik gjer du:

  • Legg platene med gelantin i kaldt vatn i ca 5  min, til dei blir mjuke. 
  • Varm opp 7 dl kaldt vatn og saft i ei panne. 
  • Når gelantinplatene er mjuke, press vatnet utav dei og rør dei inn i saftblandinga.
  • Hell geleen i skåler og la den avkjøle til den er stiv. 

Vil du ha den litt sterkare tar du bare meir saft og mindre vatn i 🙂

Enjoy!

 

#gele #oppskrift #sunnhet #matprat #godtno 

Gratinert hummer med kryddersmør

I helga som var laga eg ein bedre middag til Vegard, og til forrett hadde vi gratinert hummar. Det var så enkelt og godt å lage at eg tenkte å dele kva eg gjore med dåke.  Dette er noko alle kan klare, så lenge dei har ingrediensane i hus. Til hovedrett hadde vi heilsteikt indrefilet av hjort i fra Kvinnheradfjella!<3 

Du treng:

  • 1/2 hummer pr pers til forrett eller 1 hummer per pers til hovedrett
  • Kryddersmør
  • Ruccola eller anna salat
  • Sitron
  • Evt kvitløksbrød ved sidan

Til kryddersmøret treng du:

  • ca 100 gram romtemperert godt smør
  • 1/2 hakka rød chili
  • 1/2 hakka sjarlottløk
  • 1/2 ts paprikapulver
  • 1/2 ts pepper
  • 1/2 ts maldonsalt
  • 1/2 ts cajennepepper
  • 1/2 ts cumin
  • 1 ts basilikum eller frisk hakka basilikum

 

Tilbereding av hummer:

  • Legg hummeren på rygg og del på midten med ein god kniv.
  • Start fra midten og mot halen, deretter fra midten og mot hovudet. 
  • Fjern magesekk og tarmen so ligg langs ryggen, den er mørk tråd.
  • Fjern gjellene og det brun/ gråe greiene i hovet.
  • Om du vil kan du skjære av kloa og legge kjøttet i den oppi hummaren. Då knekke du kloa med ein nøtteknekker eller baksida på ein kniv. Pass på, det kan sprute.

 

  • Så er det bare å ta eit godt lag med kryddersmør på kvar del av hummaren. 
  • Gratiner i ovnen på ca 225 grader i ca 5-10 min, til dei er blitt gyldne. 
  • Server gjerne med litt ruccola og sitron ved sida av.

 

Om du vil så kan du lage denne forretten tidligare på dagen, så kan den stå i kjøleskapet med kryddersmør på. Hugs bare å ta plastflie og aluminiumsfolie øve den, til du skal bruke den


Inspirasjon til kryddersmør er henta her: http://edelsmatvin.blogspot.no/

Oppskrift: Kylling-mangochutney!

Denne oppskrifta har eg fått i fra ei venninne. Den er blitt ein stor hit her heime, og er i tillegg veldig enkel å hive sammen til både kvardag og “fest”. 🙂 

Til 3-4 personar treng du:

  • 3-4 kyllingfiletar
  • 1/2 glass Mangochutney
  • 1 beger Creme Fraiche
  • 2 løk
  • 1 ts karri
  • 4 fedd kvitløk
  • 1 cm revet fersk Ingefær
  • Litt chili
  • Hakka koriander

Slik gjer du:

  • Del kyllingfiletane i bitar og steik dei med salt og pepper
  • Steik løk og kvitløk gylden i ei panne.
  • Tilsett mangochutney, Creme Fraiche, revet ingefær, chili, karri og koriander i lag med løken. 
  • Rør sammen og la det få eit oppkok.
  • Bland kyllingfileten og sausen i ei ildfast form.
  • Steik på 200 grader i ca 20 min.
  • Strø fersk koriander oppå før servering.

Server gjerne med nanbrød og ris! 


#middag #matprat #godtno #enkelmiddag #kvardag #hverdag #oppskrift #oppsskrifter #kylling

 

Tapas: Asparges og båtpoteter

Asparges og urtebakte poteter er noko som kan serverast til eit kvar måltid. Om det er til eit deilig stykke kjøtt eller til tapasbordet. 

Asparges med spekeskinke:

Du treng:

  • Fersk asparges
  • Spekeskinke (eller anna skinke)
  • Olivenolje
  • Pepper

Slik gjer du:

  • Knekk nederste del av stilken av, det den knekk naturlig. 
  • Surr skinke rundt aspargesen og legg på eit bakepapir.
  • Ha over litt god olivenolje og kvern over litt pepper. 
  • Steik i 12 min ved 180 grader.

Urtebakte poteter:

Du treng:

  • Amadinepoteter (eller andre poteter som er fine å bake i ovnen)
  • Rapsolje
  • Timian, basilikum eller oregano. Alt etter kva du vil ha.
  • Salt og pepper 

Slik gjer du:

  • Del potetene i fire
  • Bland sammen alle ingrediensene og hell over potetene
  • Steik ved 220 grader i ca 25-35 min. (Avhengig av størrelsen p+å bitane, dei skal være gjennomsteikt)

#godtno #middag #tapas #matprat #poteter #asparges #fingermat #snacks