Oppskrift: Grove rundstykker med speltmjøl

Eg har prøvd meg litt fram og bakt rundstykker uten reint fint kveitemjøl. Kveitemjølet er erstatta med rugmjøl og speltmjøl, i håp om at magen jobbar med meg og ikkje mot meg. Dei ser og smakar i alle fall veldig godt! Akkurat som mamma sine rundtstykker, om eg skal få skryta litt 😉 Dei er kjappe og lage, men krever litt heving for best resultat. 

SAMSUNG CSC 

Du treng:

  • 50 gram fersk gjær
  • 5 dl lunka vatn
  • 1 ss olje
  • 1 ts salt
  • 2 dl femkornsblanding (evt bland sammen korntypar som linfrø osv)
  • 3,5 dl rugmjøl (fint)
  • 9 dl speltmjøl

Slik gjer du:

  • Rør ut gjæren i kroppstemperert vatn.
  • Tilsett salt, olje og femkornsblanding
  • Tilsett sikta speltmjøl, litt etter litt.
  • Elt deigen godt. Eg brukte henda, men er du heldig kan du bruke kjøkkenaskin.
  • Dekk til deigen og sett den på ein lun plass til heving. La den heve i ein time.
  • Når deigen er ferdig heva, ruller du den ut til ei pølse. Deretter deler du den i 16 emner, og rull til rundstykker.
  • Etterhev på ei bakeplate med eit tørkle over. La det stå på ein lun plass i ca 20 min.
  • Pensle med vatn eller egg, og strø på litt frø.
  • Steikast midt i ovnen på ca 200 grader, i 20-25 min. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Det er ca 200-220 kcal i kvart rundstykke. 

#rundstykker #grovbakst #oppskrift #godtno #baking #brødmat #glutenfri #laktosefri #frifor

Happy Valentine

SAMSUNG CSC

Til frokost idag slo Vegard på stortromma og laga amerikanske pannekaker.Han brukte DENNE oppskrifta fra Tine. Eg heiv meg rundt og laga nyrørt blåbærsyltetøy, og vips så hadde vi ein nydelig søndagsfrokost på sjølvaste Valentine! 

SAMSUNG CSC

Og serviset, det elskar eg. Eg var til og med så heldig å komme øve 2 for 1 tilbud på Tilbords. Så no har eg seks koppar og seks frokosttallerkener.:)

SAMSUNG CSC

Og sjølvsagt ein nydelig bukett med roser, heldige meg! 🙂

SAMSUNG CSC

#valentine #happy #blomster #pannekaker #godtno #tine #matprat #oppskrift #mat #frokost

Oppskrift: Boller for sarte mager

På søndag hadde vi fastelavenfest heime hos oss. Vegard baka nydelige lufttige bollar til gjestene, så laga eg meg nåken eigne bollar så eg skulle sleppe å få så vondt i magen. Dette var eit lite testprosjekt, bare for å sjå korleis magen reagerer forskjellig på speltmjøl og vanlig kvitt kveitemjøl. Desse bollane var ikke spesielt søte, men dei var absolutt gode. Og det beste av alt er at eg ikke låg på sofaen med magesmerter resten av kvelden.! Fra no av blir det pizzabunn med spelt!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 25 gram fersk gjær
  • 300 gram skyr naturell eller vanilje
  • 2 dl lunken eplejuice
  • 1 ts kardemomme
  • 1 knipe salt
  • 150 gram Fibramel
  • 150 gram siktet speltmel + litt ekstra til justering

 

Slik gjer du:

  • Smuldre gjæren i ein bolle, og varm opp eplejusen til kroppstemperatur.
  • Bland ut gjæren i eplejusen. Tilsett Skyr, kardemomme og salt. 
  • Bland inn mjølet litt og litt. Bruk gjerne eit dørslag, slik at mjølet blir silt fint. 
  • Elt deigen godt i  10 minutt. 
  • Dekk til bollen og sett til heving på ein lun stad i minst ein time.
  • Form deigen til bollar og sett til etterheving i ca 15 min. Eg måtte bruke ein del ekstra speltmjøl, for deigen var svært klissete.
  • Pensle med egg og steikast på 200 grader midt i ovnen, i ca 15 minutt. Avkjøl på rist.

 

 Tips: For å få bollane søtare og finare i konsistensen, så kan du bare bruke speltmjøl, og evt tilsette litt honning, sukker, sukrin, eller nåke søtt.

I oppskrifta står det at ein skal forme deigen til 6 bollar. Dette blir 6 svære bollar, så du kan trygt dele deigen i 10-12 bollar. Her er eit bilde av tre bollar på ein middagstallerken:

SAMSUNG CSC

Siden vi feira fastelaven hadde vi godt med krem i bollane, og bordet pynta med bjørkeris.

SAMSUNG CSC

For spesielt interesserte: Heile oppskrifta inneheld “bare” ca 1300 kcal. Altså, ikkje så veldig mykje om du deler oppskrifta opp i 10 bollar. 

Oppskrifta fann eg på Fitfocuse sin blogg. 

 

#oppskrift #godtno #boller #matprat #sunnmat #studentmat #rundstykker#fastelavn #fastelaven

#fastelavensboller #sukkerfri #bakeutensukker #diamat #boller #gjærbakst #supersunn #familiemat #sukkerfri#bakst

Husmorpoeng

Idag følte eg virkelig for å lage skikkelig husmannskost til middag. Eg kom i fra butikken med komler, steikt lyr og fiskegrateng i tankane, så fekk Vegard bestemme når han kom heim. Valget var visst ikkje så vanskelig, då ein av to var utan fisk 😉

SAMSUNG CSC

 Det blei komler med bacon, kålrabi og Sundepølse til middag idag! Ein meget imponert mann ligge no og sove middag ved siden av meg. Det er visst mange måter å ete komler på, med syltetøy, sirup, sukker og slik vi et det; med bacon, salt kjøtt og pølse. Ka et dåke ved siden  av komla/kompa/raspeballer? 😀

SAMSUNG CSC

#komle #kompe #raspeball #middag #matprat #godtno #middagstips 

Oppskrift: Biffwok med brokkoli

Denne retten hadde vi til middag forrige veke, og alt eg hørte under middagen var godlyd fra Vegard som nøyt kvar bit. Med andre ord; dette var suksess!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Ønska mengde rødt kjøtt (ca 400 gram)
  • Ønske mengde brokkoli (brukte nesten ein heil)
  • 1 stk Løk
  • 1 ts Pepper
  • 1 ts Salt
  • 1 fedd Hvitløk
  • 1 ts Revet, frisk ingefær
  • 4 ss Soyasaus
  • 0,5 ss Maisenna
    Blanda med 2 ss vann
  • 2 ts Sukker
  • 2 ss tørr kvitvin
  • 2 ss Matolje

Slik gjer du:

  1. Skjær kjøttet i strimler, skrell og finhakk løken og kutt brokkoli i små bukettar.
  2. Bland kjøttet med salt, pepper, ingefær og hvitløk, 1 ss av olja og halvparten av soyasausen. Bland godt og la det ligge i minst 1/2 time så smaken trenger inn i kjøttet.
  3. Varm olja i wokpanne eller gryte. Steik løken raskt i varm olje, i ca. 1 minutt – rør heile tida.
  4. Ha i kjøttet og rør rundt. Når du ser kjøttet begynner å få brunfarge så legg du i brokkolien og lar den få eit minutt i panna. 
  5. Bland inn sukker, resten av soyasausen og vinen sammen med maisenna og vatn. La koke opp, men husk at kjøttet ikkje må være for lenge i panna. Rør godt så sausen får blanda seg inn.

Server med ris

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fann eg på vektklubb.no

#oppskrift #middag #vektklubb #biff #brokkoli #matprat #godtno #matformons #heimelaga #hjemmelaga

Små gleder

Små gleder, men stor luksus er vel det vi kan kalle nysteikt varmt brød til kvelds? Eg trur kanskje eg har bakt brød aleine ein gang før, så dette er vel ikkje kvardagskost her i hus.!

SAMSUNG CSC

Brødet er ikkje heilt heimelaga då, men eg har i alle fall elta deigen, sett på den heve og steikt dei! Og bare det tok rimelig lang tid vil eg sei.. Uansett, no nyt vi varme skjever til kvelds mens Vegard ser på United-kamp og eg skal sjå Tid for Hjem.

 Kvardag altså! <3

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#heimelaga #nysteikt #brød #oppskrift #kvelds #matprat #godtno #brødmat #hjemmelaget

Oppskrift: Kyllingfilet med Aprikossaus

Dagens middag må eg dele med dåke med ein gang. Kylling med aprikossaus, nesten som på resturant her idag.Ja, det var like godt som du tenker! Den søte aprikosen mot den godt krydra kyllingen var ein deilig opplevelse. Enkelt og kjapt var det og! Bare å springe på butikken til i måro 🙂
SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Ønska mengde kyllingfilet (Vi tok 3 stk)
  • Estragon
  • Ein boks hermetiserte aprikoser
  • 0,5 buljongterning
  • Ein pose med ris
  • Olje til steiking
  • salt og pepper

 

Slik gjer du:

  • Sett risen på kok.
  • Dryss salt, pepper og estragon over kyllingfiletane og legg dei med krydderet ned i steikepanna. Ha på krydder på andre sida. Få ei lita “skorpe” rundt filetane, og skru deretter ned varmen på panna. La filetane ligge og kose seg til dei er gjennomsteikt. Snu gjerne på dei innimellom.
  • Sausen lager du ved å kjøre heile boksen med aprikoser og saft i ein blender. Bland inn buljongterning blanda ut i litt vatn, og evt krydder. Varm opp sausen før servering.

SAMSUNG CSC

#oppskrift#mat#middag #nklemat #studentmat #matprat #vektklubb

Kremet kyllinggryte

SAMSUNG CSC

Hei og hå! Eit lite middagstips på farten. Såg ikkje dette godt ut? Ikkje bare godt, men superenkelt. Alt du treng er 400-600 g steikt kyllingfilet, 6 dl vatn, 1,5 dl fløyte (mjelk) og denne posen fra Toro under!

SAMSUNG CSC

Eg tilsatte to gulerøtter og litt purre i tillegg, og serverte med flatrbrød. Og ikkje minst, gryta smakte heilt eksepsjonellt i Le Creuset gryta som eg og Vegard har fått til jul (ja eg måtte teste den ut…). Sjå kor fin den er!!

SAMSUNG CSC

#lecreuset #middag #tips #kylling #kyllinggryte #toro #godtno #matprat #studentmiddag #dinner #kos

Tips: Krokanbitar

Som nevnt tidligare så var eg litt uheldig med eine ladningen med brente mandlar. Det var litt for dumt å kaste 300 gram ferdig glaserte mandlar, så derfor hakka eg dei rett og slett bare opp i mindre bitar. Desse bitane er fine å ha på feks is eller kesam. Lurt eller ka?

Eg putta dei oppi fine cellofanposar i fra Søstrene Grene, og no er dei klare til å få seg ein ny eigar til jul 🙂

#tips #triks #oppskrift #krokan #is #dessert #hjemmelaga #redesign #gjenbruk

Oppskrift: Laks i kremet pasta

Under kjem ein veldig enkel lakserett som eg tippar alle kjem til å like. Eg skal være ærlig å sei at eg tenkte ikkje at pasta og fisk høyrte nåke godt sammen, men dette her smakte himmelsk! Prøv det!

Du treng:

  • 1 kryddermix fra Raske Retter  (fås kjøpt på Meny og Coop Mega)
  • 2 Laksefiletar
  • 100 gram sjarlottløk
  • Brokkoli
  • Fløyte 
  • 200 gram pasta
  • 1 dl vatn
  • 2 ss olje

 

Slik gjer du:

  • Bland først KRYDDERMIKS 1 med 2 ss olje kaldt i en stekepanne.
  • Varm opp blandingen under omrøring til du kjenner den gode krydderlukta.
  • Tilsett så sjalottløk og stek den gylden.
  • Bland deretter inn matfløyte, vatn og KRYDDERMIKS 2.
  • Ha i laksebiter og la retten småkoke under lokk i 3-5 minutter. Rør forsiktig av og til.
  • Kokt pasta og grønsaker røres inn rett før servering. 

#middag #pasta #laks #kremet #studentmat #kjappmat #enkelmiddag #godtno #fiskno #matprat #raskeretter