Her kjem nåken gode tips til pizza bakt på pizzastein. Alternativt om du ikkje har pizzastein kan du faktisk bruke ei langpanne på samme måten. Ved å forvarme den osv. Ein kan jo til og med lage pizza på grillen på denne måten, mulig vi må gjere det i sommar? Om eg får Vegard med på det då 😉
Start med å sette pizzsteinenen inn i ovnen og sett ovnen på 250 grader. Dryss eit lett lag med maismjøl på steinen, slik at deigen ikkje skal feste seg. Steinen skal takast utav ovnen når du har kjevla deigen ut, og den er klart til etterheving på steinen.
Smuldre gjæren og rør den ut i det lunka vatnet. Tilsett deretter resten av veska, olje og kryder. Tilsett solsikkekjerner, lin og der grove mjølet og bland godt. Sikt deretter resten av mjølet inn i deigen, og elt det heile godt sammen. Deigen skal ikkje være fast, men heller ikkje veldig kleblig.
La deigen stå til heving til dobbel størrelse, ca 30 min på ein lun stad.
Mens deigen hevar på ein lun stad er det det tid for å lage sausen:
Saus:
1 boks hakka tomater
2 ts krydderblanding av oregano og timian.
2 ts hakka kvitløk
2 ss hakka frisk basilikum
Bland alle ingrediensene utenom basilikumen med ein stavmikser, slik at klumpane av tomater forsvinn. Ha blandinga deretter i ein liten kjele og la den småkoke til den tjuknar litt. Ha i frisk basilikum. Avkjøl før bruk.
Fyll:
2 pakkar mozzarellaost
4 ss hakka soltørka tomater i lake
Spekeskinke i ønska mengde
Vårløk
Ruccola til topping etter at pizzaen er steikt.
Slik gjer du vidare:
Kjevle deretter ut til ein fin pizza og la den etterheve i 20 minutt på den varme steinplata. Ps, ikkje kjevle deigen ut direkte på steinplata, men gjerd et på kjøkkendisken din. Dette fordi at deigen ikkje skal feste seg fast til steinen. (Learning by doing…)
Etter at deigen har forsteikt litt på steinplata skal du smøre eit tynt lag med saus på bunnen. Legg deretter resten av fyllet på pizzaen. Steik pizzaen på 225 grader i ca 25 minutt.
På slike varme dagar som det er fortida er det ikkje akkurat noko anna som fristar enn ein frisk smoothie i solveggen. Det er jo heller ikkje noko som er gale med at den er frisk og sunn i tillegg, eller ka? 🙂 Eg har laga smoothiar i mange forskjelliga variantar, og det er egentlig kun fantastien som setter ein stopper for kva du kan ha i den. Test deg fram! Her kjem i alle fall oppskrifta på denne med spinat og eple i:
Du treng:
3 håndfull spinatblad
1 grønt eple
Saft fra ei halv sitron
1dl eplejus
3 ss yoghurt eller kesam
Bland alle ingrediensane godt sammen i ein blender eller med stavmikser. Det blir ca 5 dl ferdig smoothie.
Konsistensen blir som finraspa eple. Smoothien blir altså ikkje heilt fløyelsmjuk, men med litt mat i.
Eit lite tips er å legge ei skive med sitron eller appelsin som lokk. På denne måten slepp ein at insekt kan komme nedi.
På forrige var vi som sagt på bakgårdsparty på butikken til Kristin, og i den forbindelse fekk eg i oppdrag å bake ein glutenfri foccacia. Eg har gjort det ein gang før, men den var ikkje heilt vellykka synst eg. Denne der i mot, den skal eg definitivt lage fleire ganger. Den var både saftig og god på smak, virkelig ein suksess! 🙂
Nam! Den blei heldigvis godt tatt i mot av alle 🙂
Du treng:
290 gram glutenfritt mjøl
3 dl lunka vatn
1 pose tørrgjær
1 ts sukker
2 ss olivenolje
Rosmarin, oliven, fetaost, soltørka tomater, olje og salt til topping.
Slik gjer du:
Bland saman det tørre.
Tilsett vatnet, det er viktig at det holder ca 37 grader.
Bland godt i kjøkkenmaskin.
La deigen heve i 30 minutt under plast. Eg hadde skrudd ovnen på 50 grader før eg starta å bake, og skrudde ovnen av før eg satte inn deigen for heving. Lunt og godt 🙂
Kle ei lita langpanne (24×30 cm) med bakepapir og smør det med olje. Hell deigen oppi og trykk de litt utover. Deigen vil ikkje dekke heile panna, men det gjer ikkje noko.
Lag “fingerhull” i deigen og hell over litt olivenolje og valgfri topping.
Steik ved 220 grader i 20-30 minutt.
Her har eg trykt deigen litt utover langpanna. Ein kan sjå at den ikkje dekker heile panna.
Er det ikkje nydelig? Sola steiker og terrassen vår er som ein varmeovn. Det blir faktisk til tider litt for varmt å sitte ute, så eg må ta noken pausar inn i stova. Det er absolutt ikkje lov å klage, så eg nyt det til det fulle! 🙂 Eg har hatt ein deilig frokost med ferskt heimelaga brød, ser det ikkje fristnde ut? 🙂
På søndag sto Vegard opp til lukta av nysteikt brød! Han kunne ikkje heilt forstå kvifor eg hadde funne ut at eg skulle bake brød, men det blei nå ein gang slik 🙂 Eg hadde jo fått meg ny brødform eg måtte teste, dessuten har eg jo ikkje bakt det heilt sjølv då….
Brødet var veldig saftig og mettande, men likevel ikkje for grovt. Som sagt har eg ikkje laga det heilt sjølv, eg har bare tilsatt litt olje, egg og vatn…
Hemmeligheten ligger nemlig i denne posen :
Men kva gjer vel det? Det blei like fult eit ferskt heimelaga brød til frokost! Og posen er absolutt å anbefale 🙂
Heihei! Forrige veke fekk eg så lyst på rødbetsalat på knekkebrød, men eg synes egentlig rødbetsalaten du får kjøpt i butikken smakar litt for mykje majones og fett. Eg fant derfor ut at eg ville prøve å lage ein sunnare og bedre variant sjølv. Etter litt googling fant eg ei grei oppskrift her, men eg har gjort nåken endringar tilpassa innholdet i kjøleskapet vårt 🙂
1 pakke ferske rødbeter. Ca 300-400 g ferdig skrelt.
1/2 gul løk. Du kan og bruke sjalottløk.
1 grønt eple
1 ss majones
1,5 dl creme fraiche
Litt salt og pepper
Ein dæsj sitron etter smak
Kok rødbetane møre, i ca 20 min. Dette avhenger av størrelsen på rødbeten. Bland finkutta eple og løk med majones og creme fraiche. Smak til med salt og pepper. Ha gjerne i litt sitronsaft for syrlighet, dette smaker du deg til sjølv.
Salaten var nydelig på eit knekkebrød aleine, eller som topping på kyllingskinke, leverpostei, kvitost osv. Ein kan og bruke den som tilbehør til feks kylling eller svin til middag.
Rødbete er rik på folsyre og inneholder massevis av antioksidanter, vitaminer og mineraler. Så her er det ingen grunn til å ikke teste oppskrifta!
Eg oppbevarer rødbetsalaten i ein tett boks i kjøleskapet, men er ikkje sikker på kor lenge den kjem til å holde seg 🙂
Tidligare i veka crava eg fiskegrateng så intenst at eg sto med ein ferdig frossenpakke i handa på Rema100. Eg kom heldigvis til fornuft og kjøpte heller med meg torskefiletar heim, slik at eg kunne lage ein skikkelig heimelagea ein. Det smakar jo bare så mykje bedre! Det fine med denne retten er at ein kan lage den kvelden i forveien, og sette den klar i kjøleskapet. Topp med havregryn og ost før den blir sett i ovenen i ca 15 min. Kjapp middag er jo det beste etter jobb!
Kok opp vatn og legg torskefiletane til trekking i ca 15 minutt. Tilsett litt salt. Når filetane er ferdig kokte deler du dei i mindre betar (eg reiv dei i fra kvarandre litt tilfeldig).
Kok makaroni. Her tok eg bare ein ca mengde (halv toroboks) og det passa fint til ei stor ildfast form og mengden med fisk.
Kok opp mjelk og krydder ilag. Rør 4 ts med maisenna ut i 3-4 ss kaldt vatn. Tilsett maisenablandinga forsiktig i mjelka mens den koker. Rør til du får ein tjukk og jevn saus. Sett sausen til sides slik at den ikke kokar, og ha i to eggeplommer. Rør godt.
Bland fisk og saus forsiktig saman, slik at fisken ikkje forsvinn. Ikke bland all sausen inn no, dette for å kunne tilpasse om du får for mykje saus etter eige ønske.
Bland makaroni, fisk, saus ilag i ildfast form. Tilsett gjerne litt grønsaker etter ønske. Eg blanda i litt gulrot og erter. Tilsett resten av sausen om du vil.
Strø litt knust havregeryn over blandinga og topp med litt ost.
Sett forma i ovnen på ca 180-200 grader i ca 15 – 20 min til osten er blitt gylden.
Server med litt grønt, evt potet og litt ketchup 😉
Ser at bildene ikkje blei av verdens beste kvalitet.. Note to self: husk å lade kameraet!
Blomkålsalat er egentlig eit nydelig alternativ til feks potetsalat både til grillmat og andre kjøttrettar. Eg hadde denne med meg på tapasaften i påsken, og vil sei den slo godt an 🙂 Det er ingen problem å tilpasse mengde majones og creme fraich, alt etter kor fuktig ein ønsker å ha salaten.
Du treng:
1 blomkål
0,5 stk rødløk (skjært i fine og tynne strimler)
2 ss majones
3 ss creme fraich
2 ss sukker
1 s eplecidereddik
Litt sitronsaft
Bladpersille
Slik gjer du:
Kutt blomkålen i små bukettar
Skjør rødløken i tynne strimler
Bland sammen majones, creme fraich, sukker ogeplecidereddik.
Bland deretter alt sammen, og la det stå i ca 15 min. Ha og i litt hakka bladpersille.
Smak til med sitron, og bland inn meir cremefraich og majones om du syns det blir for tørrt.
Dryss hakka persille på toppen før servering.
Litt av tapasrettane alle hadde med seg! Mykje god mat!
Denne snacksen er nydelig som ein appertiff, lite mellommåltid eller som ein tapasrett. Eg har tidligare lagt ut fleire tapasrettar på bloggen, det er bare å søke i søkefeltet til høgre på sida her. Denne retten her kjem og i frå Elinsk Matgleder sine tapasrettar. Nydelig, syrlig og salt på ein gang. Og det smakar heller ikkje typisk fisk av denne retten.
Du treng:
Ein pakke salte kjeks ( Eg har brukt Ritz)
1,5 dl creme fraich
0,5 finhakka rødløk
100 gram hakka påleggslaks eller ørret
Sitronsaft
Pepper
Slik gjer du:
Bland sammen creme fraich, finhakka rødløk og fisken og varm opp i ei panne.
Smak til med sitronsaft og pepper.
Kjøl blandinga ned før du legg dei på kjeksen
Strø gjerne litt hakka dill på toppen for syns skyld
Det gjer ikkje nåke om du ikkje følger oppskrifta til punkt og prikke, og du kan tilpasse mengde rødløk og fisk 🙂
Eg har endelig lært meg ein ny måte å “snurre” kanelbollar på. Før har eg alltid gjort det på den tradisjonelle måten, men om eg gjer det slik som dette ser bollane med eit mykje meir eksklusive ut! Eg synes egentlig dei blir saftigare og. 🙂
Kjevle deigen ut og smør på smør, sukker og kanel. Del deigen i emner på ca 2-3 cm bredde.
Brett delane på midten.
Tvinn delen nåken ganger rundt.
Legg eine delen over den andre, klar til å knyte.
Knyt den sammen.
Dander knuten slik at det ikkje er hull i bollen.
Resultatet: Store flotte kanelbollar som ein like gjerne kunne fått kjøpt på bakeriet 🙂
Kanskje dette er nåke å teste neste gang du skal baka? 🙂
Når eg var på butikken forrige lørdag, klarte eg ikkje å gå forbi dei store fine jordbæra som låg å frista meg ved kassen. Smågodt, is og chips er ingen problem, men når det kjem til frukt og grønt, så må eg ha det om eg først har bestemt meg.. Siden det var valentine på søndagen, så slo eg like godt til med sjokoladedekka jordvær til filmkosen. Det anbefales etter Tacomiddagen ! 🙂
Det er egentlig ikkje nåke vanskelig å lage dette, men det er viktig at du ikkje fåt vatn i sjokoladen! Då vil den bli heilt ødelagt, og du vil ende opp med å få ein kornete sjokolade som verken ser eller smakar nåke spesiellt godt.
♥ Smelt sjokoladen i vannbad.♥ Pass på å ikkje få vatn i sjokoladen.♥ Dypp jordbæra i den smelta sjokoladen, og legg dei på eit brett som er dekka med bakepapir.♥ Sett brettet i kjøleskapet til jordbæra skal serverast.♥