På fredag var alle vi Norske damene som er samla her i Phoenix invitert til tapasaften heime hos ei. Alle skulle ta med ser ein liten rett kvar, så vi kunne plukke. Eg tenkte at det hadde jo vært veldig greit å tatt med eit fat med ferdig oppkutta grønsaker, men så har eg jo absolutt tid til å dille litt på kjøkkenet , så koffor ikkje? Valget falt på nåke så amerikansk som kyllingvinger og klubber. Ikkje med buffalosmak, men med ein søt smak. Og når eg først var i gang så lagde eg klart til Vegard og, så han hadde å kosa seg med på kvelden. Han fekk riktig nok buffalo og. 😊
Du treng:
- 10-12 kyllingvinger/klubber.
- 1/2 dl soyasaus
- 1/2 dl kinesisk bbq-saus
- 1/2 dl flytande honning
- 3 fedd kvitløk, revet eller finhakka
- 1 ss revet ingefær
- 1-2 ts maizena
- Sesamfrø
Slik gjer du:
- Bland soyasaus, bbq-saus, honning, kvitløk og ingefær i ein pose. Tilsett kyllinge og rist godt slik at alle blir dekka av marinaden. La dei ligge i kjøleskapet over natta. (1 time kan være nok og, men dei blir bedre til lenger dei ligg i marinaden).
- Ta 2/3 av sausen i ei lita panne og gjer den tjukkare ved hjelp av maizena. (Oppkok og utvatna maizena rørt ut).
- I ei ildfast form/steikebrett med folie, fordel kyllingen og sausen, steik på 200 °C i ca 30 minutter, eller til dei er ferdigsteikte. Snu på dei underveis, slik at dei blir jevnt steikt. (Eg måtte steike våre i ein evighet, siden det ikkje er over og undervarme på ovnen her i usa…)
- Når dei er ferdige, strø litt sesamfrøover og server!
Ja, det ser litt mindre delikat ut når kyllingen litt i pose til marinering, men såå godt det blei etterpå! Her er buffalo til venstre og klissete kyllingklubber til høgre.😊
Oppskrifta fant eg på NRK sine sider, men eg måtte gjere litt endringar då sausen blei alt for rennande.. Her er linken.
#oppskrift #tapas #tapastips #hjemmelaget #heimelaga #middag #snacks #kylling #nrkmat #matprat