Er det mulig, denne fantastiske retten her har eg heilt gløymt å dele med dåke! Eg har tidligare ete pekingand på resturant og synes at det er nåke spesielt og spennande med det. Får eg muligheten, så bestiller eg det. Det virkar jo egentlig vanskelig å ordne sjølv, altså steike ei heil and og greier, men det er det absolutt ikkje. Denne versjonen her er jo sjølvsagt litt enklare enn på restaurant, men det har absolutt ingenting å sei når smaken eg så god. 🙂
Den heile anda har vi kjøpt i Sverige, men i det siste har vi og handla andebryst på den lokale Asia-butikken. 2 andebryst er perfekt mat til 2-3 personar. Framgangsmåten er den samme, eg la bare alt som skulle inni den heile anda oppå andebrysta når dei var i ovnen. Andebrystet steikte eg i ca 30-40 minutt vs heil and i ca 2,5 time.
Fem-krydder (kinesisk krydderblanding du får på asiabutikk)
1 appelsin
1 ts revet ingefær
2 cm ingefær i tjukke skiver
Salt
1 agurk
1 pakke vårløk
1 pakke pannekaker fra asiatisk butikk
1 glass med peking and saus. Du kan og lage din eigen plommesaus om du vil, men denne ferdigvarianten her er heilt nydelig!
Ferdig rubba med krydder før steiking – 2,5 timer i ovnen + 15 min grill
Slik gjer du:
Sett ovnen på 180 grader.
Gni anda godt inn med revet ingefær, femkrydder og salt.
Skær appelsina i båtar og ingefær i skiver, og legg dei innin anda. Sett anda på ei rist oppå ei bakeplate med kant, kanten er for å samle opp alt fettet som renn av anda.
La anda steike midt i ovnene i ca 2,5 timar til den er gjennomsteikt og crispy. Ønsker du den litt ekstra crispy kan du sette temperaturen opp til 200 grader og grille den i 10-15 minutt. Men pass på! Steik i ca 30-40 minutt om du bruker andebryst.
La anda kvile i 15 min før servering.
Pannekakene skal dampast varme, men eg la dei i eit kjøkkenhåndkle og inn i mikroen. Har du bambussteamer er det supert!
Server med agurk, vårløk, saus, and og pannekaker.
Ser det ikkje spennande ut? Har du smakt peking duck før? 🙂
Vi var heime på Vestlandet ein kjapp tur i helga. Det er alltid deilig å komme heim, men nåke av det beste må være maten mesterhobbykokken pappa serverer 😍 Altså sjå dette her då, ein kunne jo ikkje fått det bedre på restaurant. Vi fekk servert gratinert sjøkreps, lammecarré og sjokoladefondant. 😋
Ein blir jo etterkvart ganske bortskjemt når det gjeld mat når dette er standarden. Å ete ute på restaurant er ikkje det samme, og eg er veldig forsiktig med kva eg bestiller så eg ikkje skal bli skuffa 🙈 kan ikke alle bare steike kjøtt perfekt då..🙄
Altså, hallo sjekk denne middagen her då. Tenk at fisk kan etast så enkelt og digg! Eg har i den siste tida bare unngått å ete mat som er fulle i karbohydrater, og det hjelper så på mykje i kvardagen. Kroppen er lettare, søvnen er bedre og eg er nesten aldri dødssulten lenger. Fantastisk! Det beste med dette er at det finnes så utrulig mange kjekke oppskrifter der ute. Ein blir jo mykje meir bevisst og eg syns det er kjekkare å stå på kjøkkenet å lage mat når eg kan eksperementere med kjekke, men enkle, kvardagsoppskrifter. Denne oppskrifta fann eg hosLinn Therese Dagsland. Middagen var klar på sånn 15 min, perfekt i ein travel kvardag!
Steik aspargesen lett i ei steikepanne med smør. Legg dei så over på ein tallerken.
Legg laksen i steikepanna, og steik den på medium varme under eit lokk. Ha på sitronpepper.
Sausen: Smelt 2 ss smør i ein kjele. Visp inn johannesbrødkjernemjøl før du sper på med vatn og fløyte. Visp godt for å unngå klumper. Når sausen når kokepunktet tar du den vekk i frå varmen og tilsetter osten og sitronsaft. La osten smelte, snak til med salt og pepper og så er alt klart til å servere!
Eg har lenge tenkt på at eg sku ha laga ingefærshots til å ha i kjøleskapet. Det er jo så oppkvikkande, og ikkje minst bra for kroppen, med ein liten shot kvar morgon før jobb.😊 Også har det sjølvsagt går litt i glømmeboka, slikt som mykje gjer.. Men, forrige veke fekk hadde sjefen med seg heimebrygga ingefærte til oss, og då kom eg jo på kor godt det er med ingefær og måtte rett og slett komme meg på butikken å handle inn. Dessuten går vi jo hausten i møte, og vi har jo ikkje akkurat lyst å ligge sjuke 😏
Det eg har brukt er: 1 liter vatn , safta frå ei sitron og ei håndfull opphakka frisk ingefær.
Eg satte alt på kok, og lot det stå å trekke i vel 2 timar. Jo lengre det får stå å kose seg, jo meir smak vil ingefæren gi i frå seg. Eg måtte etterfylle med vatn etterkvart, sjølv om eg lot det trekke med lokk på panna. Deretter helte eg alt over på ei tom glasflaske, fylte opp med vatn og satte det kjølig. Drikken skal kunne stå i kjøleskapet i vel 1 mnd, men drikk den heller opp og lag ein ny. 😊
Det smakar sterkt og godt, og eg kan nesten kjenne at eg blir friskare av dette 😎 V var ikkje så veldig imponert over dette “heksebrygget” mitt, men eg klarte å få det i han to ganger før han satt seg på bakbeina… Men eg syns det er så godt at eg til og med har blanda det ut som saft og drukke det som tørstedrikk.😅 Neste gang trur eg at eg skal ha meir ingefær i og, kan vel aldri bli for mykje av det gode? 😄
Altså nam! Kven er det som ikkje liker ferske og varme rundstykker til frokostbordet? 😊 Det beste med desse rundstykka er at det tar totalt 30 min i fra start til du kan smøre pålegg på dei. Og ikkje minst er dei godt mettande, så du trenge bare 1-2 stk, så holde du langt utover dagen.
Bland alle ingrediensene godt sammen i ein bolle. Bruk litt kraft så cottage cheesen blir litt most.
Deigen du har no skal være litt klissete. Fordel 6 klattar rundt på eit steikebrett
Steik på 200grader i 20 minutt, avkjøl på rist.
Og rundstykka er klare til å nytast med favorittpålegget på. Du kan fint spe på med litt andre typar frø, eller mjøl, alt etter kva du har tilgjengelig. 😊
På torsdag kokkelerte eg lenge på kjøkkenet igjen. Eller lenge og lenge, men det føltes i alle fall lenge når alt skulle lagast fra bunnen av! Dette er faktisk første gang eg har prøvd meg på heimelaga nanbrød, og om eg skal få skryte så blei dei veldig gode! Oppskrifta fant eg på Trines Matblogg her. 😊
Til 8 store nanbrød treng du:
TRINN 1
15 g fersk gjær (eller 1/2 pakke tørrgjær)
4 ss lunken mjelk
2 ss sukker
TRINN 2
450 g mjøl
1/2 ss bakepulver
1/2 ts salt
1,5 dl mjelk
1,5 dl yoghurt naturell
1 egg, vispa
2 ss smelta smør
TIL PENSLING
Smelta smør
Frisk hakka koriander, eller anna krydder. Eg hadde kvitløkskrydder på.
Bland gjær, lunka mjelk og sukker og la blandinga stå lunt til den begynner å skumme. Dette tar nåken minutt.
Bland alt det tørre i bakebollen, tilsett gjærblandinga, mjelk, egg, smør og yoghurt. Blandt godt. Har du kjøkkenmaskin kan du bruke eltekroken i nåken minutt. La deigen heve i ca ein time, til dobbel størrelse.
Sett ovnen på 275 °C og sett steikebrettet inni slik at det blir oppvarma. Du kan og ha full varme
Smelt smør og bland inn med hakka krydder
Del deigen opp i 8 like store emner, og trill dei til bollar. Elt evt meir mjøl inn i deigen slik at den blir fast og enkel å jobbe med. Kjevle ut bollane til dei blir avlange flate brød, på ca 3-5 mm tjukkelse. Pensle brøda med koriandersmør og legg dei på den varme steikeplata.
Steik med ein gang midt i ovnen på 275 °C i ca 3-5 min . Oppskrifta seier maksimal temperatur eller grillfunksjon, men vi har ikkje så suuuper god ovn her borte så det har vi ikkje testa. Pass på så brøda ikkje blir svidd!
Avkjøl på rist og hold dei varme under eit kjøkkenhåndkle eller aluminiumsfolie til dei skal serverast.
Brøda er heilt klart best ferske, men det er ingen problem å fryse og tine når dei trengs. 😊
Nåken av brøda fekk eit eller to minutt for lenge inni ovnen, men var fortsatt gode. Eg hadde og kvitløkskrydder på dei til høgre. Neste gang kjem eg nok til å hakke opp kvitløk å smøre på med korianderen. Yum!
Så, er du frista til å prøve? For det var absolutt ikkje så hokkus pokkus som eg hadde innbilt meg! Dessuten har eg 6 heimelaga nanbrød liggande i frysen, så eg enkelt kan ta opp neste gang vi skal ha indisk middag ✌️ Og, det viktigaste av alt! Dei var bedre på smak enn dei ein kjøper på butikken
Er det nåke Mona kan, så er det indisk.😊 Eg har aldri sett nåken ha så masse forskjellig krydder i skapet, og i tillegg bruke det. Eg har alltid tenkt at indisk er så vanskelig å lage i fra bunnen av, men det er jo absolutt sant det ho seier, at om ein bare har krydderet så er det jo superenkelt å lage indisk! ✌️ Greit nok det tok litt tid, men til ein så god middag så var det verdt det. Neste gang eg skal lage, så skal eg hive sammen dobbel porsjon og fryse ned. Eg lagte og denne retten vegetar, men det er bare å tilsette kylling om ein ønsker det. Då treng ein ikkje sååå mykje kikerter i 😊
Ja, ingredienslista kan sjå litt skummel ut.. Men så verdt det!
3 dl kikerter (1 boks) Eg brukte to stk, siden eg ikkje tilsatte andre grønnsaker.
2 dl cashewnøtter
1 løk
2 cm ingefær
7 dl grønnsakskraft, eller vatn kokt opp med grønnsaksbuljong
2 ss olje til steiking
1 ts paprikapulver
1 ts korianderkrydder
1 ts garam masala
1 ts salt
Pepper
1 ss tomatpure
2 dl kokosmelk
1 lime
Frisk koriander
Andre grønnsaker etter ønske. Feks potet, blomkål, brokkoli. Ferdigkokt.
Slik gjer du:
Bløytlegg cashewnøttene i ca. 1 time.
(Ønsker du flere grønnsaker i retten, kutt de opp og sett på kok)
Skyll kikertene til skummet forsvinn.
Rens løk, kvitløk og ingefær, og kjør det deretter så jevnt du greier i en kjøkkenmaskin. Ha blandinga over i ei lita skål.
Kjør cashewnøttene med halvparten av grønnsakskrafta heilt jevnt i kjøkkenmaskinen. Dette tar nåken minutt, så vær tålmodig. Desto jevnere du får dette desto bedre konsistens får du på sausen.
Varm opp olje i ei gryte. Ha i løkblandinga og steik den i nåken minutt mens du vender på den.
Ha i paprikapulver, korianderkrydder, garam masala, salt og pepper. Rør det sammen og la det surre i nåken minutt.
Ha i resten av grønnsakskrafta, tomatpure og kokosmelk, og skvis i safta fra limen. La det koke opp.
Bland deretter i cashewpureen. La det småkoke i 10 min.
Tilsett kikertene (eventuelt de andre grønnsakene du ønsker) og la det koke i 10 min til, slik at kikertene blir gjennomvarme.
Server med ris og finhakket koriander. Ha gjerne nanbrød til
Eg fekk ein stor porsjon ut av dette, så er kunne fryse ned restane. Det blei faktisk veldig godt når eg varma det opp igjen og. 😊
Tipp kven som har stått på kjøkkenet i fleire timar å bakt skinkehorn både med og uten gluten då! 🙋♀️ Tante- og onkel-ungane våre komme på besøk i dag, og etter ein lang flyreise kan det være godt med litt skikkelig mat for dei små kroppane deiras. Om dei er etande er nå ein anna sak, eg kan ikkje sei eg er den flinkaste med glutenfri bakst, så eg juksa å brukte ein ferdig pizzabunnpakke. Vel, det blei virkelig ikkje slik eg hadde tenkt. But hey, da e vel tanken som telle e da ikkje? 😅
Etter eg hadde baka dei glutenfrie horna, satt eg i gang med den andre varianten. Denne oppskrifta fant eg på Matprat, men eg erstatta 50% av kveitemjølet med grovt mjøl. Litt meir for magen å jobbe med er jo bare bra! 😋
Bland alt det tørre i ein bolle. Smelt smør, ha i væske og varm det til 37 °C. Tilsett litt og litt mjøl, og rør sammen til ein deig. Har du kjøkkenmaskin kan du bruke den, om ikkje bruker du bare henda. Bruker du henda bør du holde igjen litt mjøl.
La deigen heve under eit kjøkkenhåndkle i ca 1 time.
Del deigen i tre emner, og kjevle ut tre runde pizzadeigar. Del dei i 8 like store pizastykker. Ha 1 ss tomatpure på kvar av stykkene og strø på litt anna fyll.
Rull kvar trekant sammen med den breiaste delen først.
Legg horma på eit steikebrett med bakepapir og la dei etterheve i ca 20 min.
Pensle horna med vispa egg og strø øve litt sesamfrø. Steik på 200 °C i 15-20 minutt, eller til dei er gyldne. Avkjøl på rist.
Du kan fint fryse ein del av desse horna, og ta dei opp når du ønsker. Hiv dei gjerne litt i steikeovnen, eller mikroen så dei får litt lunk i seg, dei er best då 😋 Eg har i alle fall stått å ete litt for mange horn etter kvar som dei har komt rykande ferske ut av ovnen 😅 Finnes det i heile tatt nåke bedre enn fersk gjærbakst?
Til ein av årets største happeninger her i USA, nemlig Super Bowl, så laga eg innbakte minicalzone til å ta med på festen. vi var ein liten gjeng som var samla hos Linda og Eirik for anledningen.😄 Denne oppskrifta blei veldig sånn ca.. Eg fant oppskrifta på ei amerikansk side og siden vi ikkje bruker samme måleenhet, kan det bli litt forskjell. Men eg har prøvd å oversette så godt eg kan. Legg du godviljen til kan du sjå at dei skal ligne på ein amerikansk fotball og!😉
Kvar gang eg har gått forbi sitrontrær og appelsintrær i nabolaget her har eg tenkt at “når dei er modne og klare, då skal eg banke på døra til folk å spør om eg kan få nåken”. Bare tenkt for ein luksus då? Appelsiner, sitron, grapefrukt og lignande, heilt ferskt på eit tre i hagen! I så fall, eg var på yoga ein dag, og då sto det ein pose med nyplukka sitron, og ein med nyplukka chili! Siden det var siste yogatime for dagen, og ingen andre ville ha, tok eg med meg resten heim. Eg fekk til og med delt litt med ei anna i gruppa her, Linda, siden eg og ho har snakka om desse ferske sitronene. Ho blei så glad 😊 Sitronene brukte eg oppskjært i vatn, mens chilien laga eg ein god sursøt saus av! Innspirasjon/oppskrift til sausen fant eg her .
100 gram sukker (Kan fint bruke mindre. Bare å prøve seg litt fram underveis.)
1 ss maizena blanda ut i litt kaldt vatn
Slik gjer du:
Kutt opp chilien og fjern store deler av frøa. Kor masse frø du har i avhenger av kor sterk sausen blir.
Ha alle ingrediensene utenom maizena i ein stavmikser og kjør til chilli og kvitløk er finhakka. Ha sausen over i ei panne, og la det småkoke i 10-15 min.
Mens sausen koker, hell forsiktig maizena blaninga i til du får ein passelig konsistens. Ikkje bruk for mykje, då sausen vil stivne enda meir når den kjølner.
Ps: eg juksa litt med fargen, då min saus blei heilt blank.. Brukte litt kondittorfarge eg då 🙈 Kanskje den blei blank pga typen chili? Ikkje veit eg.
Oppbevar sausen i eit tett glas eller boks i kjøleskapet, og server!