Grønnkålchips

Dum som eg er så har eg inngått ein avtale, med Mats og pappa, om at me ikkje skal eta chips eller snop før vi reiser til Usa i slutten av februar… Så då må eg finne alternativ til helgekosen! Eg gar lenge tenkt på å steike grønkål i steikeovnen, men no kom eg meg altså til å gjennomføre det, og ja, det var godt!

Kutt eller riv grønkålblada i ønskelig størrelse. Ha dei i ein bolle og hell litt olje over. Strø over krydderet du vil ha på, ikkje ta for mykje salt! Eg brukte chili, paprika, og salt & parmesan krydder 🙂 Fordel blada på ei steikeplate og steik på 160-180 grader i ca 10-15 min. Følg med så blada ikkje blir svidd, men sprø. Oppbevar i romtemperatur!

Pepperkakebaking!

Etter ein lang dag på universistetet kom eg heim til ferdig lasagne på bordet, dei små gledene 🙂 Etter maten fant vi ut at vi sku lage pepperkaker, siden vi hadde deigen i hus 🙂 No luktar heile leiligheten nydelig pepperkakelukt, ahh snart jul 😀

Oppskrift: Havrekjeks

Idag vil eg ha nåke godt til Farmen. Og eg orka ikkje gå ut døra for å handle noko ingredienser. Denne oppskrifta er veldig enkel, og ingrediensene er noko dei fleste har i hus til vanlig 🙂

3 dl havregryn   1 dl mjelk   30 gram smelta smør   1ss smør   1ts bakepulver   1ss valgfritt mjøl (eg brukte havremjøl)   litt salt  kanel og kardemomme

Bland mjelk og havregryn saman, og la det trekke i ca 15 min. Bland inn alle tørrvarene og det smelta smøret, rør til du får ein jamn deig. Kjevle deigen ut på kjøkkenbenken og stikk former ut. Bruk gjerne litt mjøl under for at det ikkje skal henge seg fast. Eg kjevla deigen ca 5 mm tjukk. Steik på 200 grader midt i ovnen til dei får litt farge. Ca 10-15 min. Når dei er ferdige skal du ikkje ta dei ut av ovnen, men bare opne døra på steikeovnen og sleppe ut litt varme. La kjeksa stå i ettervarmen i ca 30 min, slik får du sprø havrekjeks!

 Oppskrifta finn du på Linda Stuhaug sin blogg 🙂

Oppskrift: Kremet tagliatelle

Idag har eg hatt seinvakt på jobb, så når eg kom heim trengte eg middag fortast mulig! Eg fekk litt cravings på krema pasta, så kom på ei ganske så enkel oppskrift.
Du treng:
– Pasta
– Kjøttpølse/ skinke eller bacon
– Snøfrisk
– asparges
– salt og pepper

Så er det egentlig bare å steike, koke, blande og nyta! 😀 Trur Vegard blei fornøyd, han sleika nestem gryto 😉

Vi kan viss vi vil!

Ja, for det er ikkje ofte vi ete fisk i dette huset.. Så no har vi inngått ein avtale, og det er å ha fiskemiddag minst ein gang i veka! Forrige veke hadde eg to, laks og fiskegrateng. 😉 Laksen var faktisk veldig god, eg laga heilt enkelt ein marinade av olje, sitron, chili, kvitløk, salt og pepper! Og dryssa løk og paprika på toppen! Enkelt og godt. Eg har skikkelig lyst på steikt lyr, men den blir aldri så bra som når mamma eller besto laget den. Så kanskje eg kan få mamsen til grytene neste gang ho kjem på besøk! 😀

Oppskrift: Mangogodteri!

No var det på tide med ei oppskrift igjen. Eg har tenkt lenge på å laga desse, men det har liksom aldri blitt tid til. I går følte eg at eg hadde all verdens med tid, sidan vi føler oss feridg med bacheloren. Einaste som gjenstår er at mamma skal lesa korrektur 🙂 I alle fall, her kjem oppskrifta på surt gelesnop!

Du treng: 1 moden mango  safta frå ein stor sitron  4 ss gelantinpulver  0,5 dl vatn  evt nåken dråpar med stevia (eg sløyfa dette då eg ville ha surast mulig godis)

♥ Kjør mangoen og sitronsafta til ein fin puré. eg brukte ein stavmikser. Eg sto litt ekstra lenge, sidan eg ville ha minst mulig mangokjøtt i godteriet. Deretter varma eg opp pureen med 0,5 dl vatn, og tilsette ei og ei skjei med gelantinpulver. Rør godt rundt slik at det ikkje blir klumpar av pulveret. Avkjøl blandinga før du tømmer den over i silikonformer. Det blir ei stor blanding så du må enten ha mange former, eller legge bakepapir i ei ildfastform så du kan skjere ut firkantar når den har stivna. 

Nyt!

Cake in a cup!

Eg har lenge hatt lyst å prøva denne mindre usunne kaka, og når eg fann den på helsekosten for ikkje så lenge sidan var det ikkje eit spørsmål! Den var og utrulig enkel å kjapp og laga i tillegg til at den faktisk smaka godt, bare pluss pluss altså! 🙂 Det blei faktisk litt for mykje med ein heil pose, så neste gang trur eg eg skal dele den i to 🙂

Veit det ser grisete ut, men nam så godt!

Middagstips: Speltlompe og cottage cheese lasagne!

Denne middagen var virkelig god, også så enkel å lage!

Eg brukte: 4 speltlomper, kjøttdeig, tomatpurè, løk, mais, 2 gulrøtter, 1 boks cottage cheese

♥ Sett steikeovnen på 200 grader og steik kjøttdeigen med løken. Tilsett tomatpure og passelig mengde med vatn, krydre godt.

♥ Nederst i den ildfaste forma la eg to speltlomper, så eit lag med halve kjøttdeigsausen, 1 gulrot og halve cottagecheesen. Så la eg eit lag til før eg toppa det heile med krydder og litt ost.

♥ Steik det heile i ca 10-15 min til osten er klar.

Det smakte veldig tomatpure, så nestegang trur eg eg skal bruke litt meir tid på sausen og kanskje lage ein ostesaus og. Alt i alt var det veldig godt, og eg kjem nok til å lage det igjen! 🙂 Har i allefall middagar for fleire dagar framøve no :p

Muffinsfredag

Idag har eg vore på jobb og kom inn dørene klokka 22, og då orker eg ikkje å begynne å lage noko mat til bare meg. Så eg blanda sammen ein muffinspakke eg hadde ståande, og vips, muffins til lkvelds! Men no har eg ete to stk og kjenner at suget ette nåke salt skrik.. Var kanskje ikkje den luraste kveldsen alikevell…? Pytt pytt.. Og siden eg ikkje har nåken tv kanalar og skal på jobb igjen i morgon tidlig, så seier eg god natt 🙂

Ytrefilet av svin

Nam nam nam.. På mandag hadde vi ein bedre middag siden Vegard skulle reise til Bodø idag. På menyen sto det søtpotetpure, smørdampa spinat, reddik og asparges og ytrefilet av svin surra i bacon. Dette å nok vere noko av det bedre eg har smakt på lenge *skryte meg sjølv opp i skyene* :p   

Ytrefileten sto i 170 grader i ca 35 min så tok eg den ut og pakka aluminiumsfolie rundt den så den fekk kvile i ca 15 min. Dei dampa grønsakene heiv eg bare oppi ei panne med smør i, og venta til spinaten hadde sege godt sammen. 🙂