Eg er alltid på “jakt” etter nye blomkålsupper. Først var favoritten den originale laga på jevning og heile blomkålbitar, så stavmiksa eg heile suppa til ein jevn masse, og no har eg ein mellomting. Tidligare når eg har stavmiksa så har suppa fortsatt blitt så tynn, men no fant eg jo ut kvifor; for lite fløyte😁 Så her fant eg ei oppskrift på ei lchf-suppe, som blei heilt perfekt i konsistensen. Oppskrifta fant eg hos Fett&Forstand, men eg har erstatta feks løk, med vårløk, då eg prøver å begrense inntaket av det. Denne suppa er mettande, så skal du ha den til ein forrett så er ein veldig liten porsjon nok!
Endelig kan eg vise fram den første heildressen eg nåken gang har strikka. Dette er teststrikk, og oppskrifta kom ikkje før no, så derfor har eg ikkje lagt den ut før.
Vel som sagt, den første heildressen eg strikka, og då kasta eg meg ut i ein i str 1 år, på pinne 3 i perlestrikk. Så ja, egentlig eit stort og utfordrande prosjekt, som var overraskande enkelt å forstå når eg først leste oppskrifta. Underveis så angra eg på at eg ikkje strikka i merinoull, for det føltes som det tok veldig lang tid med det garnet eg brukte, men til gjengjeld så blei dressen veldig tynn og god. Ein deilig heimelaga dress som kan brukast heile året 😁
Oppskrifta går fra 3 mnd til heile 6 år, så her får ein mange oppskrifter. Dei største størrelsane har ikkje knappar heile veien ned.
Eg brukte og fleire knappar enn oppskrifta tilseier, rett og slett fordi det er finare når knappane er tettare og ikkje spriker når dressen begynner å bli trang 😁
Dressen er eit plagg i ein større serie med kyse, dress, bukse, genser osv. Sjekk ut dei andre oppskriftene til HandcraftCarina her.
Oki, desse bildene er egentlig liiitt for “old news” til å legge ut no 4 mnd etter , men ka gjer vel det? Eg vil jo publisere så då blir dei publisert 😁
I slutten av mars var møttes Marte, Ruth, Linn og eg i Oslo for litt etterlengta kvalitetstid! Vi budde hos Linn, og det var jo absolutt heilt perfekt. Forutenom ein tur på Latter så hadde vi ingen planar, og bare nøyt storbylivet og vårværet som var. 🌸
Vi måtte sjølvsagt ein tur på Delikatessen for ein real tapasrunde, og nam! Like godt som alltid 😎
Vi har lenge snakka om at vi må klare å møtast/ reisa ein plass utenom feriane heime. Så kanskje vi har klart å starte ein tradisjon no? Blir det ein tur neste år så kan vi vel kalle det tradisjon.😁 Gler meg til jentetur 2020 💃🏼
eller, det kan kanskje ikkje kallast det når vi egentlig eg begynt på jobb igjen? 😁 Men været her i Trøndelag er så upåklagelig at det føles som ferie etter jobb uansett.
Vi er heldige å har besøk av familie denne veka. Heldig for dei, og oss, at Trøndelag viser seg i frå si beste side no. Det har faktisk nesten ikkje vært vind her heller dei siste dagane 🙈
Etter to veker på Vestlandet har eg ein del bilder eg har lyst å legge ut her og, men eg henger så langt bakpå med alt. Altså tur til Oslo i mars og mai, påske i Dublin og Frankrike i mai.. U’r up for a treat, når eg får rævo i gir 🙈😅
Endelig kan eg sei meg heilt ferdig med denne Embladressen. Eg trur nok dette strikkeprosjektet er det mest innvikla prosjektet eg har strikka hittil. 3 trådar i mønster, klipping, belegg osv, men resultatet blei eg i alle fall veldig fornøyd med!
Dressen har eg strikka til lille babyen til Tone og Andreas som enda ikkje har meldt sin ankomst. Han komme nok til å bli sååå fin til høsten i denne dressen, sånn heilt objektivt sett sjølvsagt. 🙈
Jevnt mønsterstrikk er ikkje bare bare har eg funne ut, men øving er det som skal til. Det viktigaste for meg er å ikkje strikke for stramt, men heller litt overdrevent laust. Då blir det bra 😁
Har du strikka nåke i fra Embla-serien til Strikkezilla?
Eg har lenge brukt merkelapper på det eg gir bort av strikketøy. Det er så praktisk for mottaker å vite garntype, navn, størrelse og ikkje minst vaskeanvisning på plagget dei mottar. No har eg plutselig tatt det til “next level” og kjøpt meg stempel til lappane. Litt rart siden eg ikkje selger det eg strikker, men heilheten aukar jo så mange hakk, og bare sjå kor kult det blir!
Vår, varme i været og 17.mai er litt synonymt med sommerplanting. 😁 I år klarte eg å drøye med å plante til 16.mai, og heldigvis for det då det var frost bare nokon dagar før. Det var ekstra kjekt å plante i år. Nytt hus, ny platting og nye blomsterkrukker! Eg har kjøpt alle mine på Jysk, men anbefaler ikkje dei store… Den eine har fått ein stygg mørk farge (ikkje på desse bida), så eg har ein sak pågåande med Jysk der. Sikkert bare ein feilproduksjon, men kjedelig når eg allerede har planta… Den største er jo fin, så kanskje eg anbefaler dei seinare, vifårsjå…
Uansett! Eg kjøpte blomane på eit lokalt gartneri, samme som i fjor faktisk. Dei er veldig kunnskapsrike der, og om ein handlar på eit ugunstig tidspunkt (når ikkje alle andre er der) så får ein enormt med hjelp. Perfekt for ein med ikkje så grønne fingrar som meg. Eg vil jo bare at dei skal være fine og vare lenge! 😁
I år gjorde eg nåke nytt. Mulig det er eit velkjent triks for alle andre, men nytt for meg. Eg la “fiberduk” mellom lekakuler og jord slik at lekakulene ikkje skulle fyllast med jord og dreneringa bli ødelagt. Eg lyge litt når eg skrive fiberduk, for min type fiberduk er kaffifilter, som eg satsar på gjere samme nytten 🙈Nei, så no kan bare sommaren (og alle andre gjester) bare komme 😁
Etter 5 år i tett forhold med Forsvarsbygg så har vi endelig sagt opp. Det har vært veldig behagelig å bu i Forsvarsbolig i alle disse åra, men h-e-r-r-e-g-u-d så deilig det var å avslutte det forholdet! Golvkaldt, gjennomtrekk, aldri oppvarma, gammalt and the list goes on… Vi gler oss stort til eit nytt kapittel sånn ca 200 m lengre bort i gata (ikkje så alt for store forhold her oppe nei…) 😁
Ja, det er heilt sant.😁 Og det skjedde på ein måte så fort at vi nesten ikkje har fått summa oss enda.
Vi var på første visning 18. mars, la inn bud 25. mars og 27. mars hadde vi kjøpt bolig og 12.april overtok vi😅 Så her gjekk det virkelig fort i svingane kan ein sei.
Det er eit ende-rekkehus med seks enheter, der vi kjenner 3 av 5 av dei andre som bur her. Det var nok nesten hovedgrunnen til at vi valgte denne boligen. Hadde nok aldri kjøpt rekkehus om vi ikkje visste kven naboene var! 😊 Boligen er i frå 2015, så vi trenge jo absolutt ikkje gjere nåke som helst med den. Det er så deilig å ikkje flytte inn i eit oppussingsobjekt (sjølv om eg ein dag har veldig lyst til det og🙈).
Vi har vært så mykje på farten i det siste at vi ikkje har fått budd oss skikkelig inn enda. Ting er fortsatt litt kaos (i 2. etasje),men det skal vel ta litt tid? No gler vi oss bare til å nyte sommaren i det nye huset. Litt småprosjekt her og der kjem vi nok og til å holde på med, men vi har heldigvis god tid! No skal det nytes! 😊
Forrige lørdag var eg på babyshower til ei venninne, og det var faktisk akkurat så vi ikkje rakk det. For søndagen, dagen etter, kom gutten til verden! <3 Her er nåke eg har strikka den seinaste tida til han. Eg har forstått at det er rompere og jakker som er det store til babyer, så eg valgte å gå for det kontra genser og bukse 🙂