Endelig har vi fått litt orden på badet. Det samlar seg så utrulig mykje ting og produkt etterkvart, at det rett og slett må være orden for at det skal være mulig å finne fram nåke. Under her kan du sjå kaoset som var… K-R-I-S-E
Denne benken/ kommoden er tilpassa i størrelsen, så den passar perfekt inn mellom vaskemaskinen og veggen. Korgene er fra IKEA, og du finn dei HER. Oppskrift på korleis ein kan lage denne kjem på bloggen snart 🙂
Dette brettet er og i fra IKEA. Når eg først fekk orden, ville eg ikkje lenger at det skulle stå så mykje framme og forstyrre. Alt av ting har eg lagt i korgene eller kasta. Duftpinnane er fra kremmerhuset, duftlyset er fra Voluspa, parfmen er fra Zara og håndklet og teppet er fra Missoni.
Eg er veldig fornøyd med resultatet! Den har ei litt ru overflate, så det kan være eg skal lakke den med matt lakk om ei stund. Slik som eg har gjort med DETTE bordet 🙂
Her er ein liten oppsummering frå Februar måned. Som alltid har vi hatt mykje på tapeten, og ser no fram til ein roligare mars måned med påskeferie og hyttekos. 🙂
Februar:
1.02 : Eg spelte ein veldig kjekk håndballkamp med bedriftslaget, og fekk til ein rå kontring i lag med keeper som i hadde øvd lenge på! Ein god mestringsfølelse.
2.02: Det er “Spis for 100” i byn, og denne tirsdagen var eg, Vegard, Linn og Anette ute å åt middag på Egon.
3.02: Eg og Mona benytta oss av tilbudet “Spis for 100” og gjekk på ein Burmesisk resturant for å teste nåke nytt. Det var nydelig mat, og er virkelig å anbefale. Resturanten heiter Mingalaba.
5.02: Etter jobb tok eg ein tur på cafe med Julia for etterlengta jenteprat, før eg møtte Vegard på Mother India for middag.
7.02: Fastelavn-søndag hos oss. Vi hadde besøk av Linn, Anette og Helge heile ettermiddagen. Når eg la meg, for Vegard til ein kollega for å sjå årets Superbowl!
12.02: Afterski på rooftoppen på jobb med grilling og kakao.
13. og 14. 02: Innhandling og bygging av ny benk til badet. Vi hadde og ein lang og koselig frokost med amerikanske pannekaker, sien det var valentine.
17.02: Var på Vipers- Larvik med gode venner fra jobb!Ingrid var så gla, og spørte om ho kunne få lov til å komma på bloggen 😉
18. – 21. 02: Benken var ferdig og plassert på badet. Vi hadde besøk av Gunn og Jan heile helga. Vegard reiste til Ørlandet for OJT på søndagen, så eg var ei heil veke aleine heime.
25.02: Surpriseparty for Ingrid på jobb. Ho er ferdig med sin trainee-periode, og skal vidare inn i fast jobb, og eg kjeme til å savna ho sånn!
26.02: Bursdagsfest for Eirik. Dette var tidenes Minionsparty! Alle hadde samla seg for spleising på eit “green card”. Dette er eit kort ein treng for å kunne spele golf på banane rundtom. HER kan du sjå oppskrifta på hua.
På fredag var vi på besøkt til ein minionsfrelst venn av oss. Når Eirik er så fan, så kunne eg ikkje unngå å gi har nåke minionsinspirert i gave! 🙂
Denne hua blei til litt etter litt. Eg har fulgt ei oppskrift eg fann på hekla hue på nettet, men prinsippet er det samme uansett kor du finn den. Du startar i toppen, og jobbar deg nedover. Hua blei litt stor, så eg har og fellt inn igjen 20 masker fordelt over fleire omgangar. Dette står beskreve lenger nede i oppskrifta. 🙂
Pinnnestørrelse: 4
Garn: TOVE fra Sandnes Garn
1. omgang – Hekle ein magisk ring med 8 fm.
2. omgang – Hekle 2 halvstavar. i kvar fastmaske rundt omgangen = 16 halvst.
3. omgang – Hekle *1 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav* gjenta fra *til* rundt omgangen = 24 halvst.
4. omgang – Hekle *2 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 32 halvst.
5. omgang – Hekle *3 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 40 halvst.
6. omgang – Hekle 1 halvstav, i hver halvstav rundt omgangen = 40 halvst.
7. omgang – Hekle *4 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 48 halvst.
8. omgang – Hekle *5 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 56 halvst.
9. omgang – Hekle *6 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav*. gjenta fra *til* rundt omgangen = 64 halvst.
10. omgang – Hekle *7 halvstav , 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til * rundt omgangen = 72 halvst.
11. omgang – Hekle 1 halvstav i hver halvstav rundt omgangen = 72 halvst.
12. omgang – Hekle *8 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav* gjenta fra *til* rundt omgangen = 80 halvst.
13. – 15. omgang – Hekle *9 halvstav, 2 halvstav i neste halvstav.* gjenta fra *til* rundt omgangen = 88 halvst.
16. – 18. omgang – Bytt til svart tråd. Her har eg fellt inn 5 masker fordelt over 3 omganger.
19. – 24. omgang – Bytt til gul tråd igjen. Her har eg fellt inn 5 masker fordelt på 6 omganger.
25: – 28. omgang – Bytt til blå tråd. Her har eg fellt inn 10 masker fordelt over 4 omganger.
29. omgang – Avslutt arbeidet med fastmasker rundt heile kanten. Du skal no ha 68 masker rundt.
Auger:
Svart:
1. omg: Begynn med ein magisk ring og hekle 12 fm i ringen. Stram til.
Brun:
2. omg: *2 halvstavar, 1 stav i neste* Gjenta heile omgangen.
Kvit:
3. omg: *3 stavar, 2 stavar i neste* Gjenta heile omgangen.
Grå:
4. omg: *1 fm, 2 fm i neste* Gjenta heile omgangen.
Hår: Hekle luftmasker til ønske lengde, og fest på toppen av hua.
Når eg var på butikken forrige lørdag, klarte eg ikkje å gå forbi dei store fine jordbæra som låg å frista meg ved kassen. Smågodt, is og chips er ingen problem, men når det kjem til frukt og grønt, så må eg ha det om eg først har bestemt meg.. Siden det var valentine på søndagen, så slo eg like godt til med sjokoladedekka jordvær til filmkosen. Det anbefales etter Tacomiddagen ! 🙂
Det er egentlig ikkje nåke vanskelig å lage dette, men det er viktig at du ikkje fåt vatn i sjokoladen! Då vil den bli heilt ødelagt, og du vil ende opp med å få ein kornete sjokolade som verken ser eller smakar nåke spesiellt godt.
Slik gjer du:
♥ Smelt sjokoladen i vannbad.♥ Pass på å ikkje få vatn i sjokoladen.♥ Dypp jordbæra i den smelta sjokoladen, og legg dei på eit brett som er dekka med bakepapir.♥ Sett brettet i kjøleskapet til jordbæra skal serverast.♥
Dette er rein luksus. Å kunne ta ut ekte sjølvplukka norske bær i fra frysen, og lage syltetøy til søndagsfrukosten. Eg har hatt ein del blåbær i frysen siden seinsommaren, og no er det siste del som måtte brukast.. Litt kjipt, men dei skal j brukast ein gang! Eg rørte sammen blåbærsyltetøy i ein fart. Eg har tidligare laga plommesyltetøy med kanel, oppskrifta kan du finne her
Du treng: ♥ Norske blåbær (evt andre typar bær) ♥ Maizenna ♥ Sukker/ sukrin ♥ Syltepulver ♥
Slik gjer du: ♥ Varm opp blåbæra i ei panne i lag med syltepulver og evt sukker ♥ Tilsett litt maizenna utblanda i kaldt vatn, dette for å få syltetøyet litt tjukkare. ♥ Avkjøl og hell på eit tett glass ♥
Her sitte eg, glad og fornøyd med plankar og verktøy rundt meg. 🙂 Eg har eit lite/stort prosjekt på gang på badet. Så akkurat no er eg i gang med eit møbel som skal plasserast der, slik at eg kan få litt orden.. Når til og med Vegard synes det var litt for rotete, så tenkte eg at det kunne være greit å ta eit tak 😉
Sjekk forresten denne Rolls Roysen eg fekk til jul av mamma og Harald då, altså for ein fryd det er å sage litt material no! Sjølv om pappa ikkje var heilt imponert øve at eg skulle styre med denne heilt aleine. Men ka var det Pippi sa: “Dette har eg ikkje gjort før, så det klarer eg heilt sikkert!” 😀 Den går som ei kula, og eg har enda ikkje fått nåken naboklager i boretslaget 😉 Ja, vi bur i leilighetskompleks. *ler*
Eg har prøvd meg litt fram og bakt rundstykker uten reint fint kveitemjøl. Kveitemjølet er erstatta med rugmjøl og speltmjøl, i håp om at magen jobbar med meg og ikkje mot meg. Dei ser og smakar i alle fall veldig godt! Akkurat som mamma sine rundtstykker, om eg skal få skryta litt 😉 Dei er kjappe og lage, men krever litt heving for best resultat.
Til frokost idag slo Vegard på stortromma og laga amerikanske pannekaker.Han brukte DENNE oppskrifta fra Tine. Eg heiv meg rundt og laga nyrørt blåbærsyltetøy, og vips så hadde vi ein nydelig søndagsfrokost på sjølvaste Valentine!
Og serviset, det elskar eg. Eg var til og med så heldig å komme øve 2 for 1 tilbud på Tilbords. Så no har eg seks koppar og seks frokosttallerkener.:)
Og sjølvsagt ein nydelig bukett med roser, heldige meg! 🙂