Kremet kyllinggryte

SAMSUNG CSC

Hei og hå! Eit lite middagstips på farten. Såg ikkje dette godt ut? Ikkje bare godt, men superenkelt. Alt du treng er 400-600 g steikt kyllingfilet, 6 dl vatn, 1,5 dl fløyte (mjelk) og denne posen fra Toro under!

SAMSUNG CSC

Eg tilsatte to gulerøtter og litt purre i tillegg, og serverte med flatrbrød. Og ikkje minst, gryta smakte heilt eksepsjonellt i Le Creuset gryta som eg og Vegard har fått til jul (ja eg måtte teste den ut…). Sjå kor fin den er!!

SAMSUNG CSC

#lecreuset #middag #tips #kylling #kyllinggryte #toro #godtno #matprat #studentmiddag #dinner #kos

Oppskrift: Serinerkaker

Fjerde søndag i advent og siste innspurt i julegaver! Kanskje du ikkje er ferdig og treng eit siste tips? Etande julegaver er veldig koselig å få til jul, og ikkje minst når dei er lagt på eit fint og pynta glas. Den siste oppskrifta med julekaker blir Serinerkaker. Dette er heller ikkje kaker eg er vane med å bake heime, men enkle kaker som gjekk rett ned!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 150 gram mjukt smør
  • 250 gram mjøl
  • 100 gram sukker
  • 1 egg
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • Perlesukker, hakka mandlar og eggekvite til pensling

 

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 200 grader og dekk ei steikeplate med bakepapir.
  • Smuldre smøret med mjøl, bakepulver og vaniljesukker. Pisk sukker og egg sammen, og tilsett det i deigen. Rør godt.
  • Trill deigen til ei lang pølse og skjær pølsa i like store stykker. Trill deretter kuler av stykkene og sett på bakepapiret. Eg fekk 25 kaker per plate.
  • Trykk forsiktig med ein gaffel på kakene, slik at dei blir flate og får riller.
  • Pensle på eggekvite og dryss perlesukker og mandlar på toppen. 
  • Steik kakene midt i ovnen i ca 10 -15 minutt, til dei er gyldne og fine. 
  • Avkjøl på rist og oppbevar tørt og tett i ein boks.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC
 

#idarosslandjul #baking #mat #godtno #matprat #heimelaga  #diy #serinerkjeks #jul #serinakake

Date

Igår hadde Vegard tatt juleferie og eg var på jobb. Det er ekstremt mykje å gjere på jobb no, så eg hadde litt dårlig samvittighet når eg måtte gå tidlig for ein legetime.. Etter legetimen blei eg sendt på røntgen i byen, og då fekk eg dradd med meg Vegard ut av leiligheten i samme slengen! Røntgen gjekk fint, og dei fant ingenting i rygg, ribbebein eller skulderblad, og der er jo positivt. Einaste som fortsatt er kjipt er at e har vondt etter håndballkampen for 12 dagar siden…

Etter røntgen gjekk vi ein tur i markens og fekk handla litt julegaver. Vi satt oss ned på Camillo Bastruo, som etter min meining kanskje har den beste frappen i byen (og eg har jobba på Waynes :p )

Torvet i Kristiansand er forvandla til eit julemarked med lyslenket og boder over alt. Det var nesten som ein fekk følelsen av å være i ein storby!

Idag står siste innspurt av julegavene som skal syast på planen.

God lørdag!

Tips: Pynt opp svibelen

 

Til jul er eg veldig glad i Sviblar rundt om i leiligheten. Eg elskar jo grøne blomar i utgangspunktet, så når dei i tillegg kjem med ein liten blom på slutten av levetida si så er dei heilskjønne! Sviblar er og veldig fint å bruke i dekorasjonar til jul. Eg brukte dei som dekorasjon rundt på bordet når vi hadde vennejulebordet vårt her heime. 

SAMSUNG CSC

Eg var opptatt av at dekorasjonen ikkje skulle koste så alt for mykje, så eg hadde ikkje så lyst å kjøpe nye potter bare for anledningen. Derfor blei eg sjeleglad når eg fant denne fine voksduken på Stoff og Stil på lørdag. Heilt perfekt var den!

Du treng:

  • Små sviblar
  • Tråd i valgfri farge
  • Voksduk i str 23×23 cm. Eg har denne fine i linlook med sølvtrådar

 

Når du bruker voksduk i staden for fek. gråpapir, så gjer det ikkje noko om du vatnar blomen. Voksduken tåler nemlig litt vatn, og det vil ikkje renne gjennom og skade bordet 🙂

SAMSUNG CSC

Blei dei ikkje søte? Også så fint dei kledde bordet då, eller ka? 🙂

SAMSUNG CSC

#tips #redesign #mestergrøn #padurohobby #upstairs #kristiansand #krsby #stoffogstil #diy #gjørdetselv

#idarosslandjul #hjemmelaga #hjemmelaget #sostrenegrene #bord #blomster #dekkebord #rom123 #kk

DIY: Serviettringer

Til borddekking på julebordet vi hadde i helga, så måtte eg bruke litt kreativitet. Det blei ikkje så alt for mykje, men det enkle kan ofte være det beste. 

Det som er så fint med denne type serviettringar er at alle klarar å lage dei, og variasjonane er uendelige! Her kan du bruke alt fra raudt silkeband, kvitt garn, maling, glitter, avispapir, perler og ja, you name it.. Du kan lage serviettringar som passar til alle type selskap 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng bare: toalettrull, tjukk tråd og saks

Gjer slik: Klipp toalettrullen i ønska størrelse og surr tråd rundt og rundt. Knyt på innsida når du er komt heilt rundt. Enkelt og billig!

 SAMSUNG CSC

Enkelt, elegant og røft!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

#DIY #dropsgarn #gjørdetselv #hjemmelaga #hjemmelaget #kreativitet #kreasiw #pynt #design

 #idarosslandjul #enkelt #rom123 #bloggklubben #aftenposten #spisebord #dekkepå #selskap 

Oppskrift: Havreflarn

Ka er vel bedre enn karameliserte kjeks? Dette er og blir ein favoritt hos meg, og hadde det ikkje vært for samvittigheten min så hadde eg lett trykt i meg heile ladningen på ein kveld. Enkle å lage er dei og, med ingredienser som dei fleste nok har i kjøkkenskapa sine. 

Du treng:

  • 75 gram smør
  • 1 egg
  • 100 gram sukker
  • 1 ts bakepulver

 

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 200 grader.
  • Smelt smøret i ei panne, og hell smøret over havregryna.
  • Pisk egg og sukker til luftig eggedosis.
  • Tilsett bakepulver i eggedosisen, og bland inn smøret og havregrynet. Blad godt.
  • Før du tar fordeler deigen på bakepapirkledd steikeplate så kan du godt la den stå litt, slik at deigen blir litt tjukkare.
  • Legg ca 9 deigklumpar på ei steikeplate. Bruk ei teskei, kjeksa kjem til å sige veldig utøve. 
  • Steik ica 6-7 minutt midt i ovnen. Ta kjeksa ut når dei begynner å bli gyldne i kantane. 
  • Avkjøl først på steikeplata, før du tar dei øve på ei rist der dei kan kjøle heilt. Flyttar du dei for tidlig så vil dei enten bli ødelagte eller krølle seg. 

Om du vil kan du og tilsette litt hakka sjokolade i deigen, då vil dei få ein deilig sjokoladesmak. 

#idarosslandjul #godtno #oppskrift #baking #heimelaga #hjemmelaga #tineno #matprat #syvsorter

Tips: Krokanbitar

Som nevnt tidligare så var eg litt uheldig med eine ladningen med brente mandlar. Det var litt for dumt å kaste 300 gram ferdig glaserte mandlar, så derfor hakka eg dei rett og slett bare opp i mindre bitar. Desse bitane er fine å ha på feks is eller kesam. Lurt eller ka?

Eg putta dei oppi fine cellofanposar i fra Søstrene Grene, og no er dei klare til å få seg ein ny eigar til jul 🙂

#tips #triks #oppskrift #krokan #is #dessert #hjemmelaga #redesign #gjenbruk

DIY: Julekort

SAMSUNG CSC

Blei ikkje disse korta søte? Også så enkle då! Akkurat slik eg likar dei.

SAMSUNG CSC

Alt du treng er :

  • Stempel som eg tipsa om HER
  • Stempelputer
  • Julestempel fra Panduro
  • Ark 305×305 mm, vekt 216 g. fra Panduro

 

Start med å klippe arket i to, slik at du kan brette korta sammen. Så er det bare fantasien som setter grenser!  Eg brukte gullstempel fra Søstrene Grene.

SAMSUNG CSC

Håpar det er nåken som blir glade for å få dei til jul 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#diy #julekort #jul #christmas #hjemmelaga #hjemmelaget #gjørdetselv

#aftenposten #rom123 #redesign #kreasiw #pandurohobby #sostrenegrene 

Sjakkruter

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 250 g mjøl 
  • 100 g melis
  • 180 g godt smør
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ss kakao

 

Slik gjer du:

  • Bland mjøl og melis. Bruk gjerne eit dørslag, slik at det ikkje kjem klumpar i deigen.
  • Smuldre over mjukt smør og kna deigen sammen.
  • Del deigen i to like store delar. Kna inn vaniljesukker i den ene delen og kakao i den andre.
  •  Trill ut to hvite og to mørke stenger. Legg lys stang ved siden av mørk stang i to lag, slik at du får sjakkmønster. Trykk lett sammen og la stå kaldt til deigen har stivnet noe (ca. 30 min).
  •  Skjer skiver på ca 1 cm og legg den på bakepapirkledd stekeplate. Eg trykte dei litt flate og.
  • SteiSjakkk kakene midt i ovnen ved 175°C i 10 minutter. Avkjøles på rist.

 

Oppskrifta er henta fra detsoteliv.blogg.no

SAMSUNG CSC

Om du vil kan du putte kakene på eit fint glas og pynt opp, vips så har du ein julepresang i boks 🙂

SAMSUNG CSC

 #idarosslandjul #oppskrift #baking #melange #oppskrift #diy #hjemmelaga #godtno #matprat

Holly Jolly Christmas

Kremmerhuset er ein butikk som vokse og vokse på meg. Bare sjå kor mykje fint dei har fått inn til jul i år då? Som sagt er rødt jul for meg. Eg kan ikkje bare ha kvitt, sølv og glitter for å komme i julestemning, eg treng raude nissar og julekuler! I adventskalenderen i fjor fekk eg den fine raude puta av Vegard, og i år har han slått til med dådyret under her.  Den bokstavrekka skulle eg og veldig gjerne hatt, så stilig! Skulle nesten ønske eg hadde litt gull i leiligheten no.. 🙂

Alle bildene er fra Kremmerhuset sin julekolleksjon.  

Nåke du likar her? 🙂

#idarosslandjul #Kremmerhuset #jul #christmas #tips #gaver #shopping #bloggklubben #collage #side2 #gavetips